5 Programkategori 21.40 Særskilte transporttiltak
Kap. 1330 Særskilde transporttiltak
Post 61 Belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda
I 2019 er det løyvd 752 mill. kr på kap. 1330, post 61, og det blei overført 402 mill. kr frå 2018. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 585 mill. kr, der 95 mill. kr blir foreslått omdisponert til kap. 1330, post 64, for å dekkje behovet for midlar til reforhandla byvekstavtalar, jf. omtale under kap. 1330, post 64.
Løyvinga på post 61 går til statleg bidrag til belønningsmidlar i belønningsavtalar og nye/reforhandla byvekstavtalar. På grunn av forseinka framdrift i arbeidet med å reforhandle og inngå nye byvekstavtalar er behovet i 2019 redusert. For Bergensområdet og Nord-Jæren pågår det no reforhandlingar. Løyvinga på posten legg til rette for å auke det statlege bidraget til desse byområda i 2019 viss det blir inngått nye avtalar i løpet av året.
Post 63 Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt
I 2019 er det løyvd 1 532 mill. kr på kap. 1330, post 63, og det blei overført om lag 480 mill. kr frå 2018. Forseinka framdrift gjer at behovet for statlege bidrag i prosjekta Bussveien på Nord-Jæren og Fornebubanen i Oslo og Akershus er redusert i 2019. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 490 mill. kr.
Post 64 Belønningsmidlar til bymiljøavtalar og byvekstavtalar
I 2019 er det løyvd 771 mill. kr på kap. 1330, post 64. Løyvinga skal dekkje statleg bidrag til belønningsmidlar i bymiljøavtalar og byvekstavtalar. Det blei inngått ny byvekstavtale for Trondheimsområdet i juni 2019. Det er òg forhandla fram eit forslag til byvekstavtale for Oslo og Akershus, som er til lokalpolitisk behandling før saka skal behandlast i regjeringa. Samferdselsdepartementet foreslår å omdisponere 95 mill. kr frå kap. 1330, post 61, for å følgje opp dei statlege forpliktingane som er lagt til grunn i desse avtalane.