4 Programkategori 21.30 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 01 Driftsutgifter
I 2019 er det løyvd 4 625,4 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 01 Driftsutgifter, med til saman 190 mill. kr, der 160 mill. kr er ei omdisponering frå kap. 1320, post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar, og 30 mill. kr kjem av auka inntekter på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m.
Som følgje av ny poststruktur på kap. 1320 Statens vegvesen i 2019 er det uvisse knytt til fordelinga av midlar på dei nye postane. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2019 blei det omdisponert 250 mill. kr frå post 22 til post 01 som ei justering av fordelinga mellom dei nye postane, jf. Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 og Innst. 391 (2018–2019). Departementet foreslår å omdisponere ytterlegare 160 mill. kr frå post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar for å dekkje utgifter til byggherreoppfølging, administrasjon og omstilling i samband med omorganiseringa av Statens vegvesen.
Post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar
I 2019 er det løyvd 6 275,3 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 160 mill. kr mot ein auke på kap. 1320, post 01, jf. omtale under kap. 1320, post 01 Driftsutgifter.
Kontraktar for drift av riksvegnettet med oppstart i 2019 har auka kraftig i pris samanlikna med venta utvikling. I tillegg er det inngått fleire kortvarige kontraktar som eit ledd i overføringa av fylkesvegadministrasjonen til fylkeskommunane. Dette gir auka utgifter i ein overgangsperiode. Utgiftene til drift av riksvegnettet er venta til å bli om lag 100 mill. kr høgare enn føresett i Prop. 1 S (2018–2019). Utgiftene blir dekte innanfor løyvinga på posten gjennom noko redusert vedlikehaldsaktivitet.
Post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn
I 2019 er det løyvd 2 069,5 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 50 mill. kr. Dette gjeld auka anslag for inntekter på kap. 4320, fordelt med 30 mill. kr på post 01 Salsinntekter m.m. og 20 mill. kr på post 02 Diverse gebyr.
Post 30 Riksveginvesteringar
Kostnadsramme for E39 Kristianborg–Bergen sentrum (Sykkelstamveien) i Hordaland
Prosjektet inngår i Bypakke Bergen og Miljøløftet, jf. Prop. 11 S (2017–2018) Finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland og Innst. 90 S (2017–2018). Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2019–2020), side 108.
Prosjektet er ein del av ei utbygging av samanhengande gang- og sykkelvegruter langs dei viktigaste hovudvegane inn til Bergen sentrum. Prosjektet omfattar bygging av ein høgstandard gang- og sykkelveg på ei 3,9 km lang strekning langs E39 mellom Kristianborg og Bergen sentrum. Gang- og sykkelvegen blir bygd med eigne felt for gåande og syklande. Prosjektet blir bygd parallelt med utbygginga av Bybanen byggjetrinn 4 til Fyllingsdalen. Anleggsarbeida starta opp sommaren 2019, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2022.
Det blei gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet som ein del av kvalitetssikringa av Bybanen byggjetrinn 4. I Prop. 11 S (2017–2018) blei det gjort greie for forslag til samla kostnadsramme, men det blei ikkje vedteke ei eiga kostnadsramme for gang- og sykkelvegen, som blir finansiert på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar. Gang- og sykkelvegen sin del av den kvalitetssikra styrings- og kostnadsramma utgjer høvesvis 843 mill. 2017-kr og 955 mill. 2017-kr. Rekna om til 2019-prisar er styringsramma 900 mill. kr og kostnadsramma 1 020 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 1 020 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 31 Skredsikring riksvegar
Endra kostnadsramme for E10 Solbjørnneset–Hamnøy i Nordland
Prosjektet er sist omtalt for Stortinget i Prop. 1 S (2014–2015), side 116, og det opna for trafikk i desember 2014.
Statens vegvesen har vore i tvist med entreprenøren om oppgjeret for prosjektet. Det ligg føre dom frå tingretten som inneber at Statens vegvesen må betale 103 mill. kr til entreprenøren, men saka er anka inn for lagmannsretten. Statens vegvesen vil inngå ein avtale om forlik ved å utbetale 123 mill. kr til entreprenøren. Forslaget til forlik gir om lag same utfall som om tingrettsdommen blir oppretthalden, med tillegg for renter, men vil spare staten for prosessrisiko og sakskostnader. Utgiftene blir dekte innanfor budsjettramma til Statens vegvesen.
Kostnadsramma for prosjektet er på 1 014 mill. kr i 2019-prisar. Det er så langt løyvd 950 mill. kr til prosjektet, og forslaget til forliksavtale inneber at totalkostnaden for prosjektet vil bli høgare enn kostnadsramma. Samferdselsdepartementet foreslår ei ny kostnadsramme på 1 080 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 64 Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport
I 2019 er det løyvd 25 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2,5 mill. kr.
Tilskot blir utbetalte når prosjekta er ferdige. Statens vegvesen sin prognose per oktober viser eit mindreforbruk på posten. Mindreforbruket er m.a. knytt til forseinking i prosjektet fv. 700 Resa bru i Trøndelag. Utbetaling til dette prosjektet vil bli dekt av løyvinga for 2020.
Kap. 4320 Statens vegvesen
Post 01 Salsinntekter m.m.
I 2019 er det løyvd 220 mill. kr på posten.
Statens vegvesen sin prognose for desse inntektene i 2019 er 280 mill. kr, som er om lag 60 mill. kr meir enn løyvinga. Meirinntekter inneber òg auka utgifter. Meirinntektene er i hovudsak knytt til samarbeidsprosjekt med eksterne, sal av personlege bilskilt og fast eigedom.
Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., med 60 mill. kr, mot ein tilsvarande auke på kap. 1320, fordelt med 30 mill. kr på post 01 Driftsutgifter, og 30 mill. kr på post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn.
Post 02 Diverse gebyr
I 2019 er det løyvd 500 mill. kr på posten.
Omfanget av gebyrinntekter blir høgare enn det som var lagt til grunn i Prop. 1 S (2018–2019). Dette gjeld inntekter knytt til teoriprøver, praktiske førarpøver, fellesskapslisensar og -tillatingar. Meirinntekter inneber òg auka utgifter.
Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, med 20 mill. kr, mot ein tilsvarende auke på kap. 1320, post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn.
Kap. 4322 Svinesundsforbindelsen AS
Post 90 Avdrag på lån
Det er i 2019 budsjettert med 80 mill. kr i avdrag på lånet til Svinesundsforbindelsen AS, men det er innbetalt meir bompengar enn budsjettert. Selskapet legg derfor opp til å betale til saman 150 mill. kr i avdrag i 2019, jf. Prop. 1 S (2019–2020) side 89. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4322, post 90 Avdrag på lån, med 70 mill. kr.
Det er venta at lånet blir nedbetalt i 2020, og at bompengeinnkrevinga på Svinesund blir avslutta.