3 Gjeldande rett
Kontantstøtteordninga er regulert i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre (kontantstøtteloven). Føremålet med lova følgjer av kontantstøtteloven § 1. Lova skal bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorg for eigne barn, at familiane blir gitt reell valfridom når det kjem til kva for form omsorg barn skal ha og at det blir meir likskap i overføringane den einskilde familie mottek frå staten, uavhengig av på kva måte tilsynet blir ordna.
Det følgjer av kontantstøtteloven § 1 a at kontantstøtte er ei familieyting etter trygdeforordninga, og føresegnene i kontantstøtteloven skal fråvikast i den grad det er naudsynt av omsyn til relevante føresegner i EØS-avtalen sin hovuddel, trygdeforordninga, gjennomføringsforordninga og bi- og multilaterale trygdeavtaler, sjå lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven) § 1-3 a og § 1-3 b.
Hovudregelen og grunnvilkåra for rett til kontantstøtte følgjer av kontantstøtteloven § 2 første ledd. Kontantstøtte blir ytt for barn i alderen mellom 13 og 19 månader som er busett i riket, og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot for. Med riket meinast Noreg unntatt Svalbard, Jan Mayen og norske biland. Det blir stadfesta i føresegna som grunnvilkår for rett til kontantstøtte at det ikkje blir nytta full barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot for. Kva som blir definert som full barnehageplass for rett til kontantstøtte, følgjer av kontantstøtteloven § 7 fjerde ledd, sjå nedanfor.
Eit barn reknast som busett i riket når det har opphaldt seg eller skal opphalde seg i riket i meir enn 12 månader, jf. kontantstøtteloven § 2 andre ledd første punktum. Eit mellombels utanlandsopphald på opptil tre månader avbryt ikkje eit bustadforhald, jf. kontantstøtteloven § 2 andre ledd andre punktum. Etter føresegna tredje ledd følgjer det at lova gjeld for barn som oppheld seg på Svalbard og som er medlem i folketrygda etter folketrygdloven § 2-3.
Det følgjer av kontantstøtteloven § 3 første punktum at kontantstøtte blir ytt til den barnet bur fast saman med. Støttemottakaren må vere busett i riket, og ha vore medlem i folketrygda i minst fem år, jf. andre punktum. Dersom barnet bur saman med begge foreldra, må begge foreldra ha vore medlem i folketrygda i minst fem år, jf. tredje punktum. Regelen i kontantstøtteloven § 2 andre og tredje ledd gjeld tilsvarande, jf. siste punktum.
Kontantstøtteloven § 7 har nærmare reglar om størrelsen på kontantstøtta. Størrelsen på kontantstøtta blir fastsett av Stortinget gjennom dei årlege budsjettvedtaka, og ytast med dei beløp som er fastsett av Stortinget, jf. kontantstøtteloven § 7 første ledd. Det er eit vilkår for full kontantstøtte at barnet ikkje gjer bruk av barnehageplass med offentleg driftstilskot, jf. andre ledd. Dette følgjer av at kontantstøtte er eit alternativ til barnehage, og foreldre som disponerer full barnehageplass har difor ikkje rett til kontantstøtte. Det blir ikkje ytt kontantstøtte om det er avtalt opphaldstid i barnehage på 33 timar eller meir per veke, jf. fjerde ledd.
Dersom barnet gjer bruk av barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot for, og det er skriftleg avtalt redusert opphaldstid, blir det ytt delvis kontantstøtte etter det avtalte timetalet per veke, jf. kontantstøtteloven § 7 tredje ledd. Delvis kontantstøtte blir ytt som 80 prosent av full yting ved avtalt opphaldstid til og med 8 timar per veke, 60 prosent ved avtalt opphaldstid frå og med 9 timar til og med 16 timar per veke, 40 prosent ved avtalt opphaldstid frå og med 17 timar til og med 24 timar per veke eller 20 prosent ved avtalt opphaldstid frå og med 25 timar til og med 32 timar per veke.
Kontantstøtteloven § 8 regulerer støtteperioden. Første ledd første punktum angir verknadstidspunktet for når støtta kjem til utbetaling og når utbetalinga opphøyrer. Kontantstøtte blir ytt frå og med kalendermånaden retten til kontantstøtte inntrer, til og med kalendermånaden retten til kontantstøtte fell bort. Det er ein føresetnad at grunnvilkåra i lova § 2 er oppfylte. Vilkåra for rett til kontantstøtte er oppfylte frå og med den månaden barnet fyller 13 månader og det ikkje blir gjort bruk av barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot for, jf. kontantstøtteloven § 2 jf. § 7. Utbetalinga av kontantstøtte opphøyrer frå og med månaden etter at retten til kontantstøtte fell bort, dvs. frå månaden etter at barnet byrjar i barnehage som det blir ytt offentleg driftstilskot for, eller frå månaden etter at barnet fyller 19 månader, jf. òg kontantstøtteloven § 8 første ledd andre punktum.
Kontantstøtteloven § 11 regulerer tilbakekrevjing etter feilaktig utbetaling. Feilutbetalingar etter kontantstøtteloven blir handsama på tilsvarande måte som slike saker blir handsama etter folketrygdloven § 22-15. Tilbakekrevjing av kontantstøtte vil kunne skje når ein støttemottakar har motteke kontantstøtte i strid med «redelighet og god tro», jf. kontantstøtteloven § 11 første ledd første punktum. Tilbakekrevjing vil òg kunne skje om mottakaren aktlaust har gitt mangelfulle eller misvisande opplysningar, jf. første ledd andre punktum. Tilfelle der mottakar burde ha forstått at han eller ho ga feil opplysningar, eller har late vere å gi naudsynte opplysningar, blir òg ramma. Kontantstøtte kan òg krevjast tilbake dersom utbetalinga skyldast feil frå NAV og støttemottakaren burde ha forstått dette, jf. første ledd tredje punktum. I andre tilfelle kan for mye utbetalt kontantstøtte krevjast tilbake dersom «særlige grunner» gjer det rimeleg, jf. kontantstøtteloven § 11 andre ledd. Det kan mellom anna leggjast vekt på kor lang tid det har gått sidan feilutbetalinga, og om vedkommande har innretta seg i tillit til utbetalinga. Krav om tilbakekrevjing er i desse tilfella begrensa til det beløp som er i behald når vedkommande blir kjent med at utbetalinga var feil.
Etter kontantstøtteloven § 12 plikter støttemottakaren straks, og innan 14 dagar, å underrette NAV om alle endringar som kan ha betydning for retten til kontantstøtte og størrelsen på denne. Ein søknad kan avslås og ein løpande kontantstøtte kan stansast dersom det ikkje blir gitt opplysningar som kravd, eller det blir gitt uriktige opplysningar eller forteia opplysningar av betydning, eller mottakar ikkje rettar seg etter pålegg som er heimla i lova, jf. kontantstøtteloven § 13.