Prop. 29 L (2024–2025)

Endringar i kontantstøtteloven (retting av endringar med utilsikta konsekvensar)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Gjeldande løyving til kontantstøtte på kap. 844, post 70 for 2024 er 920 mill. kroner, jf. tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2024 i samband med revidert nasjonalbudsjett, sjå Prop. 104 S (2023-2024). Løyvinga tek ikkje høgde for dei utilsikta konsekvensane som følgje av endringane i kontantstøtteloven frå 1. august 2024. Arbeids- og velferdsdirektoratet har berekna at konsekvensane vil gi om lag 34 mill. kroner i meirutgifter inneverande år. Desse meirutgiftene er i all hovudsak knytt til utbetalingar av kontantstøtte for same månad som barnet byrjar i barnehage, men òg til dei andre utilsikta konsekvensane, til dømes tilfelle der barnet flyttar mellom foreldra og tilfelle der busettvilkåret er oppfylt. For meir om meirutgiftene i 2024, sjå punkt 2.2. Regjeringa vil på vanleg måte vurdere behov for å oppdatere anslaga for løyvinga til kontantstøtte i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2024.

Løyvinga til kontantstøtte på kap. 844, post 70 er i Prop. 1 S (2024–2025) Barne- og familiedepartementet føreslått til 719 mill. kroner i 2025. Utan departementet sine forslag til lovendringar, vil meirutgiftene vere 55 mill. kroner høgare årleg frå 2025. Om forslaga i denne lovproposisjonen blir vedteke, vil det ikkje vere meirutgifter i 2025.

Departementet føreslår at endringane i kontantstøtteloven vil gjelde for fødslar eller omsorgsovertakingar i samband med adopsjon 1. januar 2024 eller seinare. Den administrative iverksetjinga av lovendringane krev førebuing i Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2024. Regjeringa vil vurdere behov for eventuelle endringar i driftsløyva til NAV.

Det vil ikkje vere varige administrative meirutgifter knytt til forslaga til lovendringar. Orsaka er at NAV fekk løyvd midlar til å handtere dei administrative konsekvensane av opphøyr av retten til å få kontantstøtte for same månad som barnet byrjar i barnehage i 2022, sjå Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022), jf. Innst. 14 S (2021–2022).