6 Merknader til dei einskilde føresegnene i lovforslaget
Til endringane i kontantstøtteloven
Til § 2
Første ledd blir endra slik at alderskravet for rett til kontantstøtte omfattar barn mellom 12 og 20 månader. Rett til kontantstøtte føreligg med det frå og med månaden barnet er 12 månader, men støtta kjem til utbetaling først frå månaden etter, dvs. utbetaling frå om med månaden barnet fyller 13 månader. Vidare vil utbetalinga opphøyre frå månaden før barnet fyller 20 månader, dvs. utbetaling til om med månaden barnet fyller 19 månader. Endringa i føresegna må sjåast i samanheng med endringa i § 8, sjå nedanfor. Det blir vist til dei generelle merknadane i punkt 4.3.
Til § 8
Første ledd første punktum første del blir endra slik at kontantstøtte blir ytt frå og med kalendermånaden etter at retten til kontantstøtte inntrer. Endringa inneber at det ikkje blir ytt kontantstøtte før månaden etter at eit barn flyttar frå den eine forelderen til den andre, og heller ikkje før månaden etter at busettvilkåret vert vurdert som oppfylt. Det blir vist til dei generelle merknadane i punkt 4.2.
Første ledd første punktum andre del blir endra slik at utbetalinga av kontantstøtte opphøyrer frå og med kalendermånaden retten til kontantstøtte fell bort. Endringa inneber at det ikkje føreligg rett til kontantstøtte for same månad som barnet får full barnehageplass med offentleg driftstilskot, jf. kontantstøtteloven § 2 jf. § 7, eller for same månad ein støttemottakar flyttar til utlandet. Det blir vist til dei generelle merknadane i punkt 4.2.
Til føresegna om ikraftsetjing
Etter føresegna gjeld lova frå den tid Kongen bestemmer. Kongen kan setje i kraft dei einskilde føresegnene til forskjellig tid for det tilfelle at det blir behov for administrativ tilrettelegging før dei ulike delane av lova trer i kraft. Endringane skal gjelde for fødslar eller omsorgsovertakingar i samband med adopsjon 1. januar 2024 eller seinare. Departementet blir gitt heimel til å gi overgangsreglar. Det blir vist til dei generelle merknadane i punkt 4.4.