2 Luftfartsformål
Kap. 1310 Flytransport
Post 70 Kjøp av innanlandske flyruter
I 2021 er det løyvd 2 000 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, med 805 mill. kr.
Løyvinga gjeld kjøp av ordinære FOT-ruter (forpliktingar til offentleg tenesteyting), ei ordning for meirkompensasjon til FOT-ruteoperatørane og mellombels flyrutekjøp som følgje av koronapandemien. For 2021 anslår departementet at det vil bli utbetalt om lag 683 mill. kr til ordinære FOT-ruter, 303 mill. kr til meirkompensasjon til FOT-ruteoperatørane og 204 mill. kr til mellombelse flyrutekjøp.
Ansvaret for kjøp av FOT-ruter er no ført tilbake til staten frå fylkeskommunane. Departementet legg opp til å halde av 5 mill. kr til å dekkje dokumenterte utgifter som fylkeskommunane har hatt i samband med kjøp av FOT-ruter.
Sidan starten av koronapandemien i mars 2020 har Samferdselsdepartementet betalt meirkompensasjon til operatørane på FOT-rutene. Dette kjem i tillegg til det ordinære kjøpet og andre reforhandlingssaker. Meirkompensasjonen til operatørane har frå starten av gitt full inndekning av differansen mellom reduserte inntekter og reduserte kostnader, jf. oppmodingsvedtak nr. 412 frå sesjonen 2019–2020, som blei vedteke ved handsaminga av Innst. 197 S (2019–2020). Samstundes bad Stortinget om at tilskota skulle utbetalast forskotsvis.
Regjeringa legg no til grunn at ordninga med meirkompensasjon blir vidareført uendra ut 2021. Vidareføringa blir dekt innanfor løyvinga på kap. 1310, post 70. Frå 1. januar 2022 blir ordninga med meirkompensasjon avvikla, slik som for togoperatørane og fylkeskommunal kollektivtransport. Samferdselsdepartementet legg òg opp til å avvikle ordninga med forskotsvise utbetalingar av tilskot ved årsskiftet.
Kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar
Post 72 Tilskot til dekking av tap
I 2021 er det løyvd 242,5 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 82,3 mill. kr.
Løyvinga skal dekkje tap for driftsselskapa ved Sandefjord lufthamn, Torp, og Haugesund lufthamn, Karmøy, i samband med koronapandemien. I 2021 er det betalt 160,2 mill. kr i støtte til dei to lufthamnene. I samsvar med kriteria i støtteordninga som er godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, kan dei to lufthamnselskapa få dekt høvesvis 70 og 90 pst. av underskotet i støtteperioden. For heile støtteperioden januar–desember 2021 er det utbetalt til saman 130,2 mill. kr, og begge lufthamnene har fått utbetalt det dei har rett på etter den godkjende støtteordninga.
Det kan vere grunn til å bruke eit anna statsstøtterettsleg grunnlag enn det noverande ordning er godkjent etter. Dette kan innebere at Sandefjord lufthamn kan bli gitt ytterlegare støtte for tapt omsetning. Viss ESA godkjenner endra heimel for støtte til Sandefjord lufthamn som gjer det mogeleg å auke tilskotet for 2021, vil regjeringa komme tilbake til Stortinget om dette.
Kap. 4313 Luftfartstilsynet
Post 01 Gebyrinntekter
I 2021 er det løyvd 158,1 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 34,8 mill. kr.
Aktiviteten i luftfartsmarknaden er redusert i 2021 på grunn av koronapandemien og påverkar òg grunnlaget for Luftfartstilsynets gebyrinntekter. Tilsynet har m.a. fått færre søknader om bakgrunnssjekk og sertifikat, og det har vore ein generell nedgang i andre godkjenningar. Den reduserte aktiviteten har òg resultert i færre ekstraordinære tilsyn. I framlegget om reduserte gebyrinntekter inngår òg eit tapsført krav mot Norwegian på 4,7 mill. kr.
Kap. 1315 Tilskot til Avinor AS
Post 71 Tilskot til pålagde oppgåver
Det er løyvd 85 mill. kr til planlegging av ny Lufthamn ved Mo i Rana i 2021. Planlegginga av lufthamna har hatt lågare framdrift enn budsjettert. Utgiftene til planlegging for 2021 vil utgjere 20 mill. kr. Avinor har fram til og med 2020 òg hatt utgifter på 34 mill. kr til å planleggje den nye lufthamna. Samferdselsdepartementet legg opp til at desse utgiftene inngår i kostnadsramma og blir dekte innanfor løyvinga i 2021.
Ordninga for finansiering av planlegging og bygging av lufthamna skal òg godkjennast av EFTA sitt overvakingsorgan, ESA. Denne godkjenninga kjem ikkje på plass i 2021, og Samferdselsdepartementet foreslår derfor å føye til stikkordet «kan overførast» på kap. 1315, post 71 Tilskot til pålagde oppgåver.
Vidare foreslår Samferdselsdepartementet å redusere løyvinga på kap. 1315, post 70 Tilskot til pålagde oppgåver, med 31 mill. kr.