4 Særskilde transporttiltak
Kap. 1330 Særskilde transporttiltak
Post 70 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes
I 2021 er det løyvd 941,7 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1330, post 70 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes, med 173 mill. kr.
Samferdselsdepartementet reknar i 2021 med å betale til saman 768,6 mill. kr for kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes. Det er lagt til grunn utbetalingar på 726,6 mill. kr til Hurtigruten Cruise AS og 42 mill. kr til Havila Kystruten AS.
Ferdigstillinga av Havila Kystruten AS sine fire skip er forseinka, og reiarlaget har derfor berre fått utbetalt ein mindre del av det kontraktsfesta vederlaget i 2021. Reduksjonen i vederlaget til Havila Kystruten AS er delvis motverka av eit auka vederlag til Hurtigruten Cruise AS i første halvår 2021. Havila Kystruten AS ventar at reiarlaget sitt første skip, Havila Capella, startar å segle i kystrutedrift frå Bergen 1. desember 2021. Endeleg leveringstidspunkt for det neste skipet, Havila Castor, er ikkje avklart med verftet. Reiarlaget har derfor varsla at seglingsplanen for dette skipet kan bli noko utsett frå den planlagde datoen, 20. januar 2022. Departementet viser til Prop. 1 S (2021–2022) for Samferdselsdepartementet for nærmare omtale av kystruteverksemda i 2021.
Havila Kystruten AS er friteke frå å stille med erstatningsskip for dei to siste skipa, Havila Polaris og Havila Pollux, viss reiarlaget innan utgangen av 2021 klarer å sannsynleggjere at skipa blir seglingsklare innan 1. mai 2022. Om reiarlaget ikkje klarar dette i rimeleg tid, vil departementet vurdere å stille krav om erstatningsskip. Samferdselsdepartementet vil halde Stortinget orientert om Havila Kystruten AS sin situasjon framover.
Kap. 1332 Transport i byområde mv.
Post 63 Særskild tilskot til store kollektivprosjekt
I 2021 er det løyvd 2 630 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1332, post 63 Særskild tilskot til store kollektivprosjekt, med 1 400 mill. kr.
Mindreforbruket er knytt til lågare framdrift enn venta på Fornebubanen i Oslo og Viken, Bybanen i Bergen og Bussveien på Nord-Jæren. Mindreforbruket fordeler seg slik:
Fornebubanen: 300 mill. kr
Bybanen: 600 mill. kr
Bussveien: 500 mill. kr.
Post 66 Tilskot til byområde
I 2021 er det løyvd 2 811,9 mill. kr. Departementet foreslår å auke løyvinga med 212 mill. kr, ved å omdisponere frå kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, jf. omtale under kap. 1320, post 30. Midlane skal gå til lokale tiltak i byvekstavtalane.
Andre saker under særskilde transporttiltak
I 2021 er det løyvd til saman 3 636 mill. kr på kap. 572, post 64 Skjønnstilskudd, til å kompensere fylkeskommunane for inntektsbortfall i kollektivtransporten på grunn av koronapandemien. Løyvinga blei sist auka i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021, da det blei løyvd 1 531 mill. kr for å ta høgde for inntektsbortfall i kollektivtransporten ut oktober, jf. Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 og Innst. 600 S (2021–2022). Kompensasjonen for inntektsbortfall er no vidareført ut 2021 og blir dekt innanfor gjeldande løyving til formålet.