3 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 01 Driftsutgifter
I 2021 er det løyvd 3 874,6 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 01 Driftsutgifter, med til saman 5 mill. kr. Endringa gjeld ein reduksjon på 50 mill. kr i utgifter til omstilling i etaten, og auka utgifter på 45 mill. kr som gjeld sal av tenester til fylkeskommunar og eksterne, jf. omtale under kap. 4320, post 01.
Post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn
I 2021 er det løyvd 2 115,3 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn, med 70 mill. kr.
Koronapandemien har medverka til lågare aktivitet enn planlagt m.a. i utekontrollen, og redusert reiseverksemd og mindre overtid enn budsjettert. Det er òg eit etterslep i rekrutteringa av nye medarbeidarar og lågare husleige- og eigedomsutgifter.
Post 29 OPS-prosjekt
I 2021 er det løyvd 756 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 29 OPS-prosjekt, med 48 mill. kr. Endringa kjem av manglande avklaringar og dermed uklart tidspunkt for oppstart og gjennomføring av nokre tunneltryggingstiltak på OPS-strekninga Klett–Bårdshaug på E39 i Trøndelag.
Post 30 Riksveginvesteringar
I 2021 er det løyvd 12 155 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med 212 mill. kr mot ein tilsvarande auke på kap. 1332, post 66 Tilskot til byområde.
Ved Stortinget si handsaming av Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 og Innst. 600 S (2020–2021), blei det løyvd 212 mill. kr på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar. Løyvinga skulle gå til lokale tiltak i byvekstavtalane for Bergens-området og Trondheims-området. Midlane skal dekkje fylkeskommunale eller kommunale kostnader og bør derfor løyvast på kap. 1332, post 66 Tilskot til byområda.
Status for tunnelutbetringsprogrammet
I Prop. 1 S (2021–2022) for Samferdselsdepartementet går det fram at det med budsjettforslaget i 2022 vil vere sett i gang utbetring eller førebuande arbeid i dei tunnelane på TEN-T-vegnettet som skal utbetrast, med unntak av E16/E39 Fløyfjelltunnelen i Bergen. Framdrifta i E39 Eidsvågtunnelen må òg sjåast i samanheng med løysingane for Fløyfjelltunnelen. Sidan arbeida i desse tunnelane igjen må sjåast i samanheng med planar for ny bybane til Åsane i Bergen, vil heller ikkje arbeidet med Eidsvågtunnelen starte opp i 2022.
Vidare vil utbetringa av E39 Lotetunnelen i Vestland truleg bli utsett fordi det er avdekt behov for meir omfattande tiltak enn opphavleg rekna med.
Post 63 Tilskot til gang- og sykkelvegar
Tilskotsordninga til gang- og sykkelvegar på fylkesvegar og kommunale vegar blei innlemma i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar i 2020, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Samferdselsdepartementet og Innst. 13 S (2019–2020). Gjennom overføring av unytta midlar frå 2019 og 2020 er det i 2021 om lag 61 mill. kr på posten til å avslutte igangsette prosjekt.
Samferdselsdepartementet ga i 2018 tilsegn om 21,9 mill. kr til Rogaland fylkeskommune for bygging av ny gang- og sykkelveg langs fv. 523 mellom Solbakk og Grønnevold, som det er lagt opp til å dekkje over denne posten. Tilsegnet blei gitt for å unngå eit rekkefølgjekrav frå Strand kommune som ville ha forseinka opninga av Ryfast. Men det er uvisst om dette tilskotet vil kunne bli utbetalt i 2021.
Posten hadde stikkordet «kan overførast». Overføring av ubrukte løyvingar kan berre skje i dei to neste budsjettåra. Stortinget løyvde sist midlar på posten i 2019. For å kunne betale ut tilskotet til Rogaland fylkeskommune, foreslår Samferdselsdepartementet ei fullmakt til å overføre inntil 21,9 mill. kr på kap. 1320, post 63 Tilskot til gang- og sykkelvegar, frå 2021 til 2022, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 65 Tilskot til fylkesvegar
I 2021 er det løyvd 100 mill. kr. Innanfor den delen av tilskotsordninga som rettar seg mot viktige transportårar for fiske- og havbruksnæringa, er det medrekna overførte løyvingar disponibelt 178 mill. kr. Av dette er det ikkje gitt tilsegn for 88 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1320, post 65 Tilskot til fylkesvegar, med 88 mill. kr.
Post 72 Kjøp av riksvegferjetenester
I 2021 er det løyvd 1 735,8 mill. kr, og det er overført 132,1 mill. kr frå 2020 til 2021. Prognosen for 2021 er 1 698 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1320, post 72 Kjøp av riksvegferjetenester, med 160 mill. kr.
Behovet for midlar til kjøp av riksvegferjetenester er endra både på kostnads- og inntektssida, samanlikna med føresetnaden i Prop. 1 S (2020–2021). Takstreduksjonen på 25 pst. i andre halvår 2021 har ført til auka behov for midlar. I tillegg er inntektsoverslaga reduserte uavhengig av takstreduksjonen. Kostnadene er samstundes reduserte. Kostnadsindeksane som blei brukte til å fastsetje kompensasjonen til reiarlaga, har hatt ei svakare utvikling enn det som var lagt til grunn for kontraktpliktene i Prop. 1 S (2020–2021). Kompensasjon knytt til å oppfylle krav i regelverk for kloakk blir heller ikkje utbetalt i 2021. Samla gir dette ein prognose for utbetalingar i 2021 på 1 698 mill. kr.
Prognosane for forbruket i 2021 er usikre. Det er derfor lagt inn ein buffer for å ta høgde for denne uvissa. Forslaget om å redusere løyvinga vil ikkje påverke ferjetilbodet.
Kap. 4320 Statens vegvesen
Post 01 Salsinntekter m.m.
I 2021 er det løyvd 208,1 mill. kr. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., med til saman 60 mill. kr.
Sal av tenester til fylkeskommunar og eksterne er rekna å bli 45 mill. kr høgare enn budsjettert. Statens vegvesen samarbeider med fylkeskommunane for å sikre at avviklinga av sams vegadministrasjon blir gjennomført på ein god måte. I samband med dette sel Statens vegvesen tenester til fylkeskommunane m.a. innan byggherrefunksjon, laboratorietenester, grunnboring og IKT. Auken er motsvart av tilsvarande auka utgifter, jf. omtale under kap. 1320, post 01. Det er òg venta om lag 15 mill. kr i auka inntekter frå m.a. sal av eigedom og kommunikasjon i tunnelar, utan motsvarande meirutgifter.
Post 02 Ymse gebyr
I 2021 er det løyvd 526,7 mill. kr. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 02 Ymse gebyr, med 20 mill. kr.
I 2021 har det vore større aktivitet og høgare volum for dei gebyrbelagde tenestene enn lagt til grunn i Prop. 1 S (2020–2021). Dette gjeld særleg førarprøver og teoriprøver. Inntektene er no venta å utgjere om lag 547 mill. kr for 2021. Auken er ikkje motsvart av tilsvarande utgifter på kap. 1320, post 28.
Kap. 5624 Renter av Svinesundsforbindelsen AS
Post 80 Renter
I statsbudsjettet for 2021 er det løyvd 0,4 mill. kr i renter på det statlege lånet til Svinesundsforbindelsen AS. Lånet blei tidlegare i år nedbetalt. Ved rekninga av renta for 2021 blei det lagt til grunn flytande rente på 1,65 pst. Renta for 2021 blei 0,48 pst. Innbetalte renter i 2021 blir derfor om lag 0,1 mill. kr.
Andre vegsaker
Rv. 555 Damsgård- og Nygårdstunnelane – forslag om kostnadsramme
Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) for Samferdselsdepartementet, side 124, der departementet varsla ein mogleg kostnadsauke i prosjektet.
Prosjektet som ligg i Bergen kommune, gjeld fleire tiltak for å ivareta krav i forskriftene om tunneltryggleik og elektroanlegg. Anleggsarbeida er planlagt starta opp i 2022, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2025. Kostnaden for prosjektet var tidlegare rekna til om lag 410 mill. kr. For prosjekt under 500 mill. kr blir det ikkje lagt fram forslag om kostnadsramme for Stortinget. Det er derfor ikkje tidlegare foreslått kostnadsramme for prosjektet.
Kostnadsauken kjem i hovudsak av at ulempene for entreprenøren med at tunnelen skal vere open for trafikk på dagtid blei undervurdert. Desse ulempene fører m.a. til at anleggsperioden aukar frå to til tre år, noko som òg aukar kostnadene. I tillegg har Bergen kommune sett krav til reins av tunnelvaskevatn. Det fører til at det no må byggjast eit anlegg for sedimentering av vatnet.
Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 781 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
E16 Arnanipa-, Sætre- og Bjørkhaugtunnelane – forslag om kostnadsramme
Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) for Samferdselsdepartementet, side 130, der departementet varsla om ein mogleg kostnadsauke i prosjektet.
Prosjektet som ligg i Bergen kommune, omfattar ei rekkje tiltak for å ivareta krav i forskriftene om tunneltryggleik og elektroanlegg. Anleggsarbeida starta opp i 2019, og utbetringa er venta ferdig i 2022. Da prosjektet blei starta opp, var kostnadsoverslaget på om lag 400 mill. kr. Det er derfor ikkje tidlegare foreslått kostnadsramme for prosjektet.
Kostnadsauken kjem i hovudsak av auka behov for vatn- og frostsikring og for bruk av sikringsboltar fordi fjellet bak platekvelvet var langt dårlegare enn opphavleg rekna med. Dette blei først avdekt i anleggsfasen.
Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 867 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
E16 Dalevåg-, Dalseid-, Trollkone-, Hernes- og Hyvingstunnelane – forslag om kostnadsramme
Prosjektet er sist omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) for Samferdselsdepartementet, side 129, der departementet varsla om ein mogleg kostnadsauke i prosjektet.
Prosjektet som ligg i kommunane Vaksdal og Voss, omfattar fleire tiltak for å ivareta krav i forskriftene om tunneltryggleik og elektroanlegg. Anleggsarbeida er planlagt starta opp i 2022, og utbetringa er venta ferdig i 2025. Kostnaden for prosjektet er tidlegare rekna til om lag 410 mill. kr. Det er derfor ikkje tidlegare foreslått kostnadsramme for prosjektet.
Kostnadsauken kjem i hovudsak av at tilstanden på eksisterande anlegg i tunnelen er dårlegare enn føresett. Det er m.a. behov for å skifte ut ein langt større del av systemet for å handtere overvatn og brannfarlege væsker, og det eksisterande ventilasjonssystemet. Sistnemnde gjer at det må byggjast fleire nye tekniske rom.
Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 953 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
Rv. 13 Ryfast – endra kostnadsramme
Samferdselsdepartementet varsla i Prop. 1 S (2021–2022) om auka kostnader i prosjektet, jf. sidene 127–128. Departementet opplyste at det ville komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av kostnadsauken. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet er 8 676 mill. kr.
Ryfylketunnelen opna for trafikk i 2019 og Hundvågtunnelen i 2020.
Kostnadsauken kjem m.a. av auka arbeidsomfang på grunn av dårleg fjell i austenden av Ryfylketunnelen. I tillegg har det vore nødvendig med ei meir omfattande løysing med sprøytebetong i tunnelane enn opphavleg føresett. Delar av kostnadsauken kjem av oppgradering av Hølleslitunnelen, som ikkje var ein del av prosjektet da Stortinget vedtok kostnadsramma. Det er òg uvisse på grunn av ein tvist mellom entreprenør og Statens vegvesen om sluttoppgjeret.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke kostnadsramma til 8 776 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
E39 Eiganestunnelen – endra kostnadsramme
Samferdselsdepartementet varsla i Prop. 1 S (2021–2022) om auka kostnader i prosjektet, jf. side 122. Departementet opplyste at det ville komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av kostnadsauken. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet er 3 772 mill. kr.
Prosjektet opna for trafikk i 2020.
Kostnadsauken kjem i hovudsak av standardheving på grunn av nye normalar og forskrifter, auka behov for masseutskifting og søppelfjerning i daganlegg, behov for massedeponi, oppstått behov for mellomlagring av masse og auka omfang av murar og konstruksjonar. Delar av kostnadsauken kjem av oppgradering av Byhaugtunnelen, som ikkje var ein del av prosjektet da Stortinget vedtok kostnadsramma. I tillegg er det uvisse på grunn av ein tvistesak mellom entreprenør og Statens vegvesen.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke kostnadsramma til 3 888 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
E16 Gudvanga- og Flenjatunnelane – endra kostnadsramme
Samferdselsdepartementet varsla i Prop. 1 S (2021–2022) om ein mogleg kostnadsauke i prosjektet, jf. side 129.
Prosjektet omfattar fleire tiltak i Gudvanga- og Flenjatunnelane i Vestland for å ivareta krav i forskrifta om tunnelsikkerheit. Anleggsarbeida starta i 2016, og prosjektet er venta opna for trafikk hausten 2021. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet er 797 mill. kr.
Kostnadsauken kjem i hovudsak av arbeida har blitt meir omfattande enn føresett. Det gjeld m.a. auka omfang av sprøytebetong, behov for fleire tekniske rom og behov for manuell brannvakt i anleggsfasen fordi eksisterande sikkerheitsutstyr i tunnelane var i for dårleg stand. Ein lengre anleggsperiode har bidratt til høgare utgifter m.a. til rigg og drift, byggherre og trafikkavvikling. Dette er forhold som har blitt avdekt undervegs i anleggsarbeida.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke kostnadsramma til 987 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.