1 Samandrag
Under programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 150 mill. kroner. Auken har i hovudsak samanheng med høgare utgifter under EØS-finansieringsordningane (kap. 117) i år.
Gebyrinntektene for Schengen-visum, jf. kap. 3100 aukar i år etter at mange land har letta på innreiserestriksjonane.
Under programområde 03 Internasjonal bistand blir det gjort framlegg om endringar. Dette omfattar mellom anna justeringar i kontingentane for Noregs pliktige bidrag til internasjonale organisasjonar. Det blir og gjort framlegg om å omdisponere midlar til FNs system med nye, uavhengige stadlege koordinatorar for å fremje betre samordning av FN på landnivå. Vidare blir det gjort framlegg om å gje eit mindre tilskot til Verdsbankens fond for pandemiberedskap- og respons. Vidare blir flyktningutgiftene i Noreg som kan godkjennast som internasjonal bistand (ODA) foreslått redusert med 1 702,9 mill. kroner.