2 Programområde 02 Utanriksforvaltning
Kap. 103 Regjeringas representasjon
Post 01 Driftsutgifter
Utanriksdepartementet har i 2022 hatt fleire besøk og arrangement enn det var budsjettert for. Fleire arrangement som måtte utsetjast på grunn av pandemien har og gjort at utgiftene blir høgare enn forventa. Dette gjeld mellom anna det nordiske statsministertoppmøtet som fyrst blei planlagd i Arendal, men så utsett og flytta til Oslo, og markeringa av prinsesse Ingrid Alexandra sin myndigalder.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 104 Kongefamiliens offisielle reiser til utlandet
Post 01 Driftsutgifter
Den offisielle reiseaktiviteten har vore lågare enn forventa i år. Dette skuldast mellom anna pandemien og at eit kongeleg besøk til Storbritannia vart avlyst grunna dronning Elizabeth sin bortgang. Sjølv om det blir gjennomført tre større offisielle besøk for Kongehuset i haust går det mot eit mindreforbruk på posten.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 117 EØS-finansieringsordningane
Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast
Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast
Dei siste utbetalingane til mottakarlanda for 2022 blei utførte i oktober. Som følgje av svekka norsk krone mot euro er utbetalingane blitt noko høgare enn det som er budsjettert på postane. Noko skuldast også ein marginal auke i utbetalingsbehova frå mottakarlanda som Utanriksdepartementet fekk i september.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med til saman 147 mill. kroner, fordelt med 70 mill. kroner på post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021 og 77 mill. kroner på post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021.
Kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70, 71, 72 og 73
Utanriksdepartementet rammeoverførte 3 mill. kroner til Justis- og beredskapsdepartementet for 2022 til gjennomføring av øvinga Barents Rescue (saman med Finland, Sverige og Russland). Øvinga vart kansellert som følgje av Russlands åtakskrig i Ukraina, og midlane blir difor foreslått tilbakeførte til Utanriksdepartementet.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Kap. 3100 Utanriksdepartementet
Post 02 Gebyr for utlendingssaker ved utanriksstasjonane
Talet på søknader om Schengen-visum har auka raskare enn det ein såg for seg i Revidert nasjonalbudsjett for 2022. Dei fleste landa har letta betydeleg på innreiserestriksjonane grunna covid-19-pandemien, noko som har gjort det enklare for folk å reise. Endringane medfører auka visuminntekter.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 48,1 mill. kroner.