3 Programområde 03 Internasjonal bistand
Kap. 140 Utanriksdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Ansvaret for utvikling og drift av felles tilskotsportal vart flytta frå Norad til Utanriksdepartementet den 1. september 2022. Som følgje av endringa blir det gjort framlegg om at midlar til utvikling og drift av portalen som var løyvde på kap. 141 Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad), post 01 Driftsutgifter, blir flytta til kap. 140 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner.
Kap. 140 Utanriksdepartementet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Utanriksdepartementet har hatt lågare utgifter enn forventa til fleire av tiltaka på posten. Dette gjeld mellom anna høgnivåmøta for gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC) og toppmøtet om personar med nedsett funksjonsevne i Oslo i februar 2022, Global Disability Summit. I tillegg har utanriksstasjonane ikkje fått gjennomført alle tiltak som planlagt som følgje av mellom anna reiserestriksjonar. Kostnadane til sekretariatsarbeidet for Havpanelet vart òg lågere enn forventa. I tillegg er det ikkje eit like stort behov for midlar til forsking, og fleire planlagde utgreiingar har ikkje blitt gjennomførte i år. Det er òg lågare utgifter enn forventa til eksterne spesialrevisjonar i samband med misleg økonomisk framferd.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 20,4 mill. kroner.
Kap. 141 Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad)
Post 01 Driftsutgifter
Ansvaret for utvikling og drift av felles tilskotsportal vart flytta frå Norad til Utanriksdepartementet den 1. september 2022, jf. omtale under kap. 140, post 01 ovanfor.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2,6 mill. kroner.
Kap. 150 Humanitær bistand
Post 70 Naudhjelp og humanitær bistand, kan overførast
Noreg skal støtte eit prosjekt som skal dokumentere og etterforske krigsbrotsverk som følgje av Russland sin åtakskrig i Ukraina. Det blir gjort framlegg om å flytte 6,25 mill. kroner frå kap. 150 Humanitær bistand, post 70 Naudhjelp og humanitær bistand til kap. 159 Regionløyvingar, post 71 Europa og Sentral-Asia. Framlegget om å flytte midlane følgjer av at tiltaket er i tråd med måla for kap. 159, post 71.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 6,25 mill. kroner.
Kap. 151 Fred, tryggleik og globalt samarbeid
Post 73 FN og globale utfordringar, kan overførast
FN sine medlemsland vedtok i 2018 å skipe eit system med nye, uavhengige stadlege koordinatorar for å fremje betre samordning av FN på landnivå. Noreg var mellom dei fremste pådrivarane for reforma. Vedtaket innebar oppretting av nye stillingar. Det har ikkje vore mogeleg å få medlemslanda i FN til å bli samde om å finansiere desse stillingane over FN sitt regulære budsjett. Frivillige bidrag er difor heilt avgjerande. Det vil vere uheldig for gjennomføringa av reformene om ein no må redusere talet på tilsette.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 4,9 mill. kroner.
Post 74 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m., kan overførast
Det er enkelte mindre endringar i kontingentutgiftene for 2022, i hovudsak pga. endra valutakurs. Dette gjeld mellom anna utgifter for FN sine fredsbevarande operasjonar og FN sin miljøorganisasjon (UNEP).
Det er óg eit meirforbruk for Europarådet. Detta skuldast at Russland, som tidlegare var ein av dei største bidragsytarane til Europarådet, no utgår, og at dei andre medlemslanda i Europarådet må dekka bortfallet av innbetalingar frå Russland.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 5,2 mill. kroner.
Kap. 159 Regionløyvingar
Post 71 Europa og Sentral-Asia, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å flytte 6,25 mill. kroner frå kap. 150 Humanitær bistand, post 70 Naudhjelp og humanitær bistand til kap. 159 Regionløyvingar, post 71 Europa og Sentral-Asia, jf. omtale under kap. 150, post 70. Det er i tillegg eit mindreforbruk på posten på 1,5 mill. kroner som skuldast utfordringar med gjennomføring av eit prosjekt i Ukraina i regi av SSB.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 4,75 mill. kroner.
Kap. 160 Helse
Post 70 Helse, kan overførast
Noreg skal gje eit såkorntilskot i 2022 på 50 mill. kroner til Verdsbanken sitt fond for pandemiberedskap- og respons (World Bank Financial Intermediary Fund for Pandemic Prevention, Preparedness and Response). Framlegget om auke vil bli nytta til delvis dekning av dette tilskotet.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner.
Kap. 172 Multilaterale finansinstitusjonar og gjeldslette
Post 70 Verdsbanken, kan overførast
Noreg deltek i den femte kapitalaukinga i Den internasjonale bank for rekonstruksjon og utvikling (IBRD) med 47,6 mill. USD i perioden 2020–2023.
I 2022 er det løyvd 98,35 mill. kroner. På grunn av valutasvingningar og justering av fordelinga mellom dei to attverande innbetalingsåra (2022–2023), er behovet no rekna til 109 mill. kroner for 2022.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 10,65 mill. kroner.
Det visast også til romartalsvedtak XII, pkt. 2, og romartalsvedtak III pkt. 4 Fullmakt til overskriding i Prop. 1 S (2021–2022) for Utanriksdepartementet.
Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast
Det er ikkje behov for heile løyvinga på posten etter at alle utbetalingar for i år er gjennomførte. Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner.
Post 73 Gjeldslette, kan overførast
Det blir noko mindre utbetalingar i 2022 enn tidlegare budsjettert. Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner.
Kap. 179 Flyktningtiltak i Noreg
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Nye overslag frå Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Barne- og familiedepartementet tilseier at flyktningutgiftene i Noreg under desse departementa og som kan godkjennast som internasjonal bistand (ODA) blir 1 843 mill. kroner mindre i år enn tidlegare budsjettert. Det blir i denne samanhengen vist til nærmare omtale i dei respektive departementa sine budsjettproposisjonar.
På den andre sida er det auka utgifter under Helse- og omsorgsdepartementet i år for ekstraordinær sjukehusbehandling av pasientar evakuert frå Ukraina. Dette er rekna til 140 mill. kroner for 2022.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med til saman 1 702,9 mill. kroner.