1 Innleiing og samandrag
Stortinget gjorde 17. juni 2022 følgjande oppmodingsvedtak Meld. St. 2 (2021–2022), Innst. 450 S (2021–2022), Vedtak 831:
«Stortinget ber regjeringen sikre at helsetjenesten på Politiets utlendingsinternat, Trandum, legges under den offentlige helsetjenesten og at beslutningen om dette tas i løpet av 2022 slik at overføringen kan gjennomføres senest 1. juli 2023»
I denne proposisjonen foreslår Helse- og omsorgsdepartementet ei permanent løysing der ansvaret for å ha tilbod om kommunale helse- og omsorgstenester for internerte i utlendingsinternat blir lagt til kommunen der internatet ligg. Forslaget inneber ei endring i helse- og omsorgstjenesteloven.
Justis- og beredskapsdepartementet har lagt opp til ei mellombels løysing der politiet har inngått avtale med privat leverandør for å ha tilbod om helse- og omsorgstenester for internerte frå tidspunktet då kontrakten med den nåverande leverandøren gjekk ut ved årsskiftet 2022/2023 og fram til den permanente løysinga kan ta til å gjelde.
Departementet foreslår ingen endringar i dei internerte sin rett til helse- og tannhelsehjelp. Forslaga får heller ingen konsekvensar for spesialisthelsetenesta.
Vurderingar av om personar er i stand til å gjennomføre ei flyreise, såkalla fit-for-flight-vurderingar, er ikkje helsehjelp, men eit sakkunnigoppdrag, og vil ikkje inngå i kommunane sitt ansvar. Bistand ved uttransportering er heller ikkje helsehjelp. Politiet må derfor framleis kjøpe slike tenester i marknaden.
Justis- og beredskapsdepartementet vil fastsette nødvendige endringar i utlendingsinternatforskriften slik at dei kan tre i kraft samtidig med lovendringa.