5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget vil i prinsippet gjelde for alle kommunar der det ligg utlendingsinternat. I praksis vil det likevel i overskodeleg framtid berre vere aktuelt for Ullensaker og Hurdal kommunar. Ansvar for å ha tilbod om helse- og omsorgstenester til internerte utlendingar vil vere ei ny oppgåve for kommunar som har utlendingsinternat. Kommunane skal kompenserast fullt ut for nye oppgåver.
Helsedirektoratet og Politidirektoratet fekk i oppdrag å sikre nødvendige utgreiingar for ei varig overføring av ansvaret for helsetenestetilbodet til kommunane, under dette utgreiing av økonomiske og administrative konsekvensar. Utgreiinga viser at det er utfordrande å synleggjere og beskrive omfanget av helse- og omsorgstenester som blir gitt ved internatet samt å berekne kostnadene ved framtidige oppgåver for kommunane og dimensjoneringa av dei kommunale helse- og omsorgstenestene til internerte. Utgifter til mogeleg ombygging av bygningsmassen til meir føremålstenlege lokalar ved Politiet sitt utlendingsinternat er ikkje omhandla her.
Utfordringane gjeld spesielt spørsmål om bemanning, som er den største utgifta. Direktorata viser til at det er vanskeleg å vurdere rett bemanningsfaktor pga. variasjon både i talet på internerte, kor lenge opphalda varar, og tidspunktet på døgnet dei blir sett inn.
Ullensaker kommune har saman med Helsedirektoratet utarbeidd eit kostnadsoverslag på kr 10.500.000, utan «Fit for Flight»-vurderingar og bistand ved uttransportering. I tillegg til årlege kostnader vil det vere behov for ei eingongsinvestering til medisinsk utstyr, på ca. kr 241 000 finansiert av Politiet si utlendingseining. Utgifter til fylkeskommunale tannhelsetenester er stipulerte til 300 000 kroner per år. For å tilfredsstille krava til rom for helseundersøkingar, kontor, medisinrom med meir, er det behov for ombygging av eksisterande bygningsmasse. Det er foreslått løyvd 8 mill. kroner til ombyggingar i samband med overføringa av ansvaret i 2024, jf. Prop. 1 S (2023–2024).
Samla er kommunane og fylkeskommunane sine utgifter til helse- og omsorgstenester for internerte ved utlendingsinternat berekna til 10,8 mill. kroner. Overføring av ansvaret for helsetilbodet vil redusere politiet sine utgifter tilsvarande, jf. omtalen i Prop. 1 S (2023–2024).
Helse- og omsorgsdepartementet foreslår at tilskottet Helse- og omsorgstjenester og tannhelsetjenester til innsatte i fengsel (kap. 762, post 21) blir nytta for å bidra til at kommunar og fylkeskommunar yt nødvendige helse- og omsorgstenester til innsette og internerte. Ullensaker kommune mottek i dag midlar til helse- og omsorgstenester til innsette frå dette tilskottet. Denne finansieringsløysinga vil krevje ei justering av regelverket for tilskottsordninga. Økonomiske og administrative konsekvensar vil handterast i den ordinære budsjettprosessen. Utrekninga av storleiken på tilskotet må justerast dersom PU endrar den totale kapasiteten ved internatet. Kostnadar som er knytte til overføring av ansvaret vil bli dekte av midlane som blir overførte frå politiet. Eventuelle meirkostnadar vil bli dekte innanfor gjeldande budsjettrammer.
Ved overføringa av ansvaret for å ha tilbod om helse- og omsorgstenester til internerte til kommunane vil Ullensaker kommune få ansvaret for helse- og omsorgstenester ved utlendingsinternatet ved Trandum. Helseavdelinga i Romerike fengsel, avdeling Ullersmo er ein del av helsetenesta i Ullensaker kommune. Avdelinga gir nødvendig helsetilbod og deltar i rehabiliteringa av innsette ved fengselet. Romerike fengsel er eit av dei største fengsla i landet, og har lang erfaring med å gi helse- og omsorgstenester til innsette. Kompetanse og erfaring med helse- og omsorgstenester i fengsel har overføringsverdi dersom kommunen organiserer helse- og omsorgstenester med importmodellen ved utlendingsinternatet.
Hurdal kommune vil få ansvaret for helse- og omsorgstenester ved familieeininga på Haraldvangen. Kommunen har ikkje erfaring med å gi helse- og omsorgstenester til internerte ved familieeininga, men har signalisert at dei ønsker eit interkommunalt samarbeid med Ullensaker kommune.