2 Bakgrunnen for lovforslaget
2.1 Innleiing
Utlendingsinternatet er ein lukka institusjon for gjennomføring av fridomsrøving etter utlendingsloven. Formålet med fridomsrøvinga er i hovudsak å sikre iverksetting av vedtak etter lova eller avklaring av identitet for å sikre at utlendingar utan lovleg opphald i riket kan returnerast. Målet med opphaldet er tilbakehald fram til den internerte skal returnerast til heimlandet eller eit anna opphaldsland.
Politiet si utlendingseining (PU) driv utlendingsinternatet. Internatet er for tida lagt til Trandum i Ullensaker kommune. Det har i tillegg ei eining for barnefamiliar på Haraldvangen i Hurdal kommune. Internatet og familieeininga blir brukte for å sikre gjennomføringa av tvangsreturar i saker der det er stor fare for rømming. Personar som ikkje samarbeider med norske styresmakter om å avklare identiteten sin, kan også bli internerte på Trandum.
Utlendingar som blir pågripne og internerte med grunnlag i utlendingsloven, skal som hovudregel plasserast i utlendingsinternatet, jf. utlendingsloven § 107. Utlendingsinternatforskriften og Hovedinstruks for Politiets utlendingsinternat gir nærare reglar om administrasjon og drift av utlendingsinternatet.
Nasjonale og internasjonale menneskerettsorgan og organisasjonar i sivilsamfunnet har i mange år retta kritikk mot forholda i utlendingsinternatet, under dette helsetilbodet.
Sivilombodet har til dømes uttrykt bekymring over dobbeltrolla leverandøren av legetenester har som behandlande helsepersonell og den som skal vurdere om internerte er i stand til å gjennomføre ei flyreise, såkalla fit-for-flight-vurderingar.
Røde Kors har uttrykt bekymring etter at dei har observert at langtidsinternerte gradvis blir psykisk dårlegare. Dette kjem mellom anna til uttrykk ved at internerte i aukande grad blir meir apatiske.
Menneskerettsutvalet til Psykologforeininga utarbeidde i 2015 ein rapport der dei gjekk gjennom helsetilbodet til dei internerte. Utvalet meinte at helsetenesta ved internatet burde vere uavhengig av Politiet si utlendingseining og at ein burde velje same løysning som for innsette i norske fengsel, slik at helsetenestene blir eit kommunalt ansvar og kjem inn under etablerte kontrollrutinar for kommunehelsetenesta.
Førebyggingseininga hos Sivilombodet (då Sivilombodsmannen) besøkte Trandum i 2015. I besøksrapporten peikte dei på at organiseringa av helsetenesta ved Trandum er uvanleg og var på prinsipielt grunnlag kritisk til ordninga. Dei stilte mellom anna spørsmål ved om det er mogeleg for helsepersonellet å vareta rolla si uavhengig av politiet, og viste til at ordninga kan undergrave pasientane sin tillit til helsetenesta og svekke vurderingane til helsetenesta. Førebyggingseininga peikte videre på at utfordringane blei ytterlegare forsterka ved at dei innleigde legane, i tillegg til å ha behandlingsansvar, tok på seg oppgåver som sakkunnige, ved å gi erklæringar om transportdyktigheit.
I 2018 fekk Noreg kritikk for forholda for internerte ved utlendingsinternatet på Trandum, frå Europarådet sin komité for førebygging av tortur (CPT). Fleire av merknadane og anbefalingane var knytte til helsetilbodet. Det blei mellom anna peikt på manglande psykisk helsehjelp.
Tilsynsrådet for politiet sitt utlendingsinternat tilrådde i 2019 at helsetilbodet blir lagd inn under det offentlege, og peikte mellom anna på behovet for eit meir markert skilje mellom politiet og helsetenesta.
Røde Kors laga i 2019 ein rapport om Trandum der dei peikte på den manglande ubundenskap til helsepersonellet. I 2020 kom ein ny rapport frå besøkstenesta til Røde Kors med kritikk mot organiseringa av helsetenesta. Besøkstenesta uttrykte særleg bekymring for dei langtidsinternerte.
Etter besøk på Trandum i desember 2019, konkluderte Advokatforeininga, Legeforeininga og Psykologforeininga med at helsetilbodet ikkje var godt nok og burde omorganiserast. Dei uttalte mellom anna:
«Helsetjenesten på Trandum bør organiseres under kommunehelsetjenesten, med nødvendige forsterkninger av tilbudet, og med etablerte kontrollmekanismer, og at det er en klar mangel at det ikke er tilgang til psykolog.»
Helsedirektoratet leverte i desember 2020, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, ei utgreiing om organisering av helsetilbodet på Trandum. Sjå nærare omtale i punkt 2.3.
2.2 Importmodellen
Den såkalla importmodellen blei gradvis innført i norske fengsel frå 1970- og 1980-tallet. Modellen inneber at kommunen og det regionale helseføretaket der fengselet ligg, har ansvaret for helse- og omsorgstenester til dei innsette. Dette følgjer av dei alminnelege ansvarsreglane, men er også presisert i helse- og omsorgstjenesteloven § 3-9. Målet var å gi helsetenestene den frie og uavhengige stillinga som blir føresett når helsehjelp skal ytast. Importmodellen er beskriven i St.meld. nr. 37 (2007–2008) Straff som virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn. Importmodellen blei her kalla forvaltningssamarbeidsmodellen. Denne omtalen står på side 33:
«Den etablerte prinsippet at det er de ordinære offentlige myndighetene som skal levere tjenester også til de innsatte i fengslene. Dette prinsippet er senere fulgt for prestetjeneste, bibliotektjeneste og primærhelsetjeneste. Importmodellen bidro fra starten både til å bedre undervisningstilbudene til de innsatte og til større åpenhet om fengselsvirksomheten. Den har også sikret at de som har ansvar for fengselsinnsatte, har den samme kompetanse og mulighet for å følge med på utviklingen på sitt fagfelt som de som arbeider med tjenesteyting i samfunnet ellers.»
Dette går vidare fram av Prop. 91 L (2010–2011):
«Helsetjenester for innsatte i kriminalomsorgen ble lovfestet i 1995. Lovfesting ble den gang ansett nødvendig for å fjerne tvil om rekkevidden av kommunenes rettslige ansvar, ved å slå fast at kommunen på vanlig måte har ansvar for å gi nødvendig helsehjelp til innsatte.
Helsetjenester for innsatte faller imidlertid inn under kommunens generelle sørge-for-ansvar for de personer som til enhver tid oppholder seg i kommunen, jf. lovforslaget § 3-1. Dette taler mot å videreføre dette som en særskilt lovpålagt oppgave overfor visse persongrupper. De kommunene som har fengsler (om lag 80 kommuner totalt) mottar øremerkede midler fra staten til dette formålet, og dette gjør det i mindre grad påkrevd med lovregulering. For å tydeliggjøre kommunens ansvar har imidlertid departementet likevel kommet til at denne tjenesten bør komme til uttrykk i en egen lovbestemmelse som viderefører gjeldende rett. Bestemmelsen foreslås inntatt som § 3-9.»
2.3 Utgreiinga frå Helsedirektoratet
Helsedirektoratet fekk i Tildelingsbrevet for 2021 i oppdrag å greie ut konsekvensar av å overføre ansvaret for helsetilbodet til internerte ved utlendingsinternat til kommunane etter importmodellen. Direktoratet blei også bede om å gi ei fagleg vurdering av ei slik organisering og av om overgang til importmodellen ville krevje regelverksendringar. Direktoratet blei vidare i tillegg til tildelingsbrev for 2022 bede om ei vurdering av økonomiske og administrative konsekvensar av ei eventuell innføring av importmodellen, og om å beskrive korleis endringa praktisk kunne gjennomførast.
Helsedirektoratet samarbeida med Politidirektoratet og Politiet si utlendingseining (PU) og hadde innspelsmøte med Sivilombodet, Tilsynsrådet for Trandum, Røde Kors og Pasient- og brukarombodet.
Ifølgje Helsedirektoratet tyder utfordringane med helsehjelpa til internerte, på at det er eit behov for auka kompetanse særleg innan psykisk helsehjelp, traumeforståing, traumebevisst omsorg og torturskader. Sjå oppsummeringa av utfordringane, som er beskrivne i fleire rapporter, i punkt 2.1. Helsepersonell treng kompetanse som møter behova til internerte som har fluktbakgrunn, fordi det i seg sjølv gir auka sårbarheit. Andre utfordringar kan vere manglande språkkompetanse, analfabetisme og manglande systemforståing.
Direktoratet anbefalte, i samråd med dei andre instansane som bidrog til utgreiinga, at dei som har ansvaret for å ha tilbod om helse- og omsorgstenester til resten av befolkninga også skulle ha ansvar for helsetilbodet til dei internerte, det vil seie kommunen der internatet ligg. Denne løysinga er mellom anna valt for fengsel og blir ofte omtalt som importmodellen. Helsedirektoratet anbefalte at det blei tatt inn ein ny paragraf i helse- og omsorgstjenesteloven og at denne skulle utformast etter mønster for særregelen om fengsel.
2.4 Gjeldande rett
2.4.1 Helselovgivinga
Kommunen skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen, får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1. For å oppfylle ansvaret skal kommunen mellom anna knytte til seg psykolog, jf. § 3-2 andre ledd i lova.
Dei regionale helseføretaka skal sørge for at personar med fast bustad eller opphaldsstad i helseregionen får tilbod om spesialisthelsetenester, jf. spesialisthelsetjenesteloven § 2-1 a.
Fylkeskommunen si plikt til å yte tannhelsetenester er regulert i tannhelsetjenesteloven.
Kongen kan, etter pasient- og brukerrettighetsloven § 1-2 første ledd, i forskrift gjere unntak frå retten til helse- og omsorgstenester for personar som ikkje er norske statsborgarar eller ikkje har fast opphald i riket. Det går fram av forskrift 16. desember 2011 om rett til helse- og omsorgstjenester til personer uten fast opphold i riket at rett til helsehjelp etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 2 berre gjeld fullt ut for personar som har lovleg opphald i riket. Dei må i tillegg anten ha fast opphald i riket, vere medlemmer av folketrygda med rett til stønad til helsetenester eller ha rett til helsehjelp etter avtale med ein annan stat. Fast opphald er etter forskrifta opphald som er meint å vare, eller har vart, i minst 12 månader. Dette går fram av forskrifta § 2.
Alle som oppheld seg i riket har rett til vurdering, øyeblikkeleg hjelp og helsehjelp som er heilt nødvendig og ikkje kan vente utan fare for død i nær framtid, varig sterkt nedsett funksjonstilstand, alvorleg skade eller sterke smerter. Dersom personen er psykisk ustabil og utgjer ein nærliggande og alvorleg fare for eige eller andre sitt liv eller helse, har vedkommande uansett rett til psykisk helsevern. Alle har dessutan rett til nødvendig helsehjelp før og etter fødsel, svangerskapsavbrot etter reglane i abortloven og smittevernhjelp. Barn har i stor grad same rett til helsehjelp som personar med fast opphald.
Dette går fram av forskrifta §§ 1, 3, 4 og 5.
Pasienten skal ha den informasjonen som er nødvendig for å få innsikt i helsetilstanden sin og innhaldet i helsehjelpa og informerast om mogeleg risiko og biverknader, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 3-2. Informasjon til pasienten skal vere tilpassa dei individuelle føresetnadane hos mottakaren som alder, erfaring, kor moden personen er og kultur- og språkbakgrunn, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 3-5. Tolk skal nyttast ved behov.
Pasientar som meiner at det ligg føre brot på reglane kan klage til statsforvaltaren, jf. pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7.
Personar utan fast opphald i Noreg skal som hovudregel sjølv betale for helsehjelpa. Dei kan likevel ikkje nektast helsehjelp dei har rett til etter forskrifta, og det kan ikkje krevjast at dei skal dokumentere at dei har betalingsevne. Det kan heller ikkje krevjast førehandsbetaling av personar utan lovleg opphald. Dersom pasienten ikkje kan betale, må helseinstitusjonen, kommunen eller tenesteytaren dekke utgiftene. Dette er mellom anna presisert i rundskriv I-3/2017 frå Helse- og omsorgsdepartementet til dei regionale helseføretaka og helseføretaka.
Helsepersonell skal utføre arbeidet sitt i samsvar med dei krav til fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp som ein kan vente ut frå helsepersonellet sine kvalifikasjonar, karakteren av arbeidet og situasjonen elles, jf. helsepersonelloven § 4. Forsvarleg er i denne samanhengen ein fagleg, etisk og rettsleg norm for korleis den einskilde bør utøve arbeidet.
Verksemder som utfører helse- og omsorgstenester, skal organiserast slik at helsepersonellet blir i stand til å overhalde sine lovpålagte plikter, jf. helsepersonelloven § 16. I dette ligg det at verksemda må sørge for tilstrekkelege personalressursar med nødvendige kvalifikasjonar, tilstrekkeleg og adekvat utstyr, tydeleg fordeling av ansvar, oppgåver og mynde, nødvendige instruksar, rutinar og prosedyrar for dei ulike oppgåvene mv., dvs. organisatoriske element som legg til rette for at helsepersonell kan utføre oppgåvene sine fagleg forsvarleg og i tråd med lovpålagde plikter.
Statsforvaltaren skal føre tilsyn med helse- og omsorgstenesta og med alt helsepersonell og anna personell som utfører helse- og omsorgstenester. Statsforvaltaren skal i samband med tilsynet gi råd, rettleiing og opplysingar som medverkar til at befolkninga sine behov for helse- og omsorgstenester blir dekte. Dette går fram av helsetilsynsloven § 4.
Ein kvar som utfører helse- og omsorgstenester skal etablere eit internkontrollsystem for verksemda og sørge for at verksemda og tenester blir planlagde, utførde og vedlikehaldne i samsvar med krav fastsette i eller med grunnlag i lovar og forskrifter. Departementet har gitt nærare føresegner om internkontrollen i forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten.
Den som gir helsehjelp, skal skrive ned eller registrere relevante helseopplysingar i ein journal for den einskilde pasienten, jf. helsepersonelloven § 39.
Den offentlege tannhelsetenesta skal organisere førebyggjande tiltak for heile befolkninga. Den skal gi eit regelmessig og oppsøkande tilbod til:
barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år
personar med psykisk utviklingshemming
grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret
andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritere
Dette går fram av tannhelsetjenesteloven § 1-3.
2.4.2 Utlendingslovgivinga
Politiet si utlendingseining har ansvar for drifta av utlendingsinternatet. Internerte sin rett til helsetenester er regulert i utlendingsloven § 107 og forskrift 23. desember 2009 nr. 1890 om Politiets utlendingsinternat (utlendingsinternatforskriften) § 5. Politiet skal sørge for at internerte kan få helsehjelpa dei har rett til etter pasient- og brukerrettighetsloven og smittevernloven.
Politiet skal, etter ordlyden i forskrifta, vidare sørge for at internerte får helsehjelp ut over det vedkommande har ein lovfesta rett til dersom helsepersonellet som undersøker eller behandlar vedkommande, tilvisar behandlinga. Departementet legg til grunn at det som for andre pasientar, er tenesteytaren det blir tilvist til som avgjer om pasienten har rett til helsehjelp og at internerte dermed i praksis har dei same rettane til helsehjelp etter utlendingsinternatforskrifta som etter helselovgivinga. Det går vidare fram av ordlyden i forskrifta at internerte med påtrengande behov for tannlegehjelp skal få slik hjelp. Departementet legg til grunn at denne føresegna gjeld under føresetnad av at personen høyrer inn under ei av dei prioriterte gruppene i tannhelsetjenesteloven og at internerte dermed har same rett til tannhelsetenester som resten av befolkninga.
Politiet skal legge til rette for at pasienten kan få helsehjelpa av den offentlege helse- og omsorgstenesta eller sørge for at helsehjelp blir gitt på annan forsvarleg måte. Dersom den internerte ber om det, eller dersom noko tyder på at personen er sjuk, skal politiet formidle kontakt med helsepersonell.
Under opphaldet har den internerte rett til å ta kontakt med helsepersonell for nødvendig helsehjelp. Internerte skal kunne kommunisere direkte og ukontrollert med helsepersonellet, med mindre han eller ho samtykker til at andre er til stades eller kontrollerer kommunikasjonen.
Tidspunktet for konsultasjon med helsepersonell skal dokumenterast i internatet sitt register. Det same gjeld eventuelle tiltak som er anviste av helsepersonellet og som politiet vil ha ansvar for å gjennomføre eller følge opp. Den internerte skal verken få reseptpliktige eller andre legemiddel utan at det er tilvist av helsepersonell.
I tillegg til sjølve fridomsrøvinga, kan internerte også utelukkast frå fellesskapet eller plasserast i særleg sikra avdeling (sikkerheitsavdeling) eller i sikkerheitscelle når det er strengt nødvendig av omsyn til ro, orden eller sikkerheit, eller for å sikre iverksetting av vedtak etter utlendingsloven når:
den internerte kan vere til fare for sin eigen eller andre sin tryggleik,
det er fare for rømming frå internatet,
det er fare for skade på eigedom,
det er grunn til å tru at den internerte er smittefarleg eller er diagnostisert med smittsam sjukdom, eller
den internerte sjølv ønsker det av sikkerheitsmessige grunnar som blir vurderte som tilstrekkelege.
Utelukking frå fellesskap kan også brukast for å hindre at den internerte påverkar miljøet på internatet på en særleg negativ måte.
Sakkunnig uttale frå lege skal så sant det er mogeleg innhentast og tas med i vurderinga av om utelukkinga skal setjast i verk og oppretthaldast.
Det skal førast tilsyn med helsetilstanden til den internerte. Ved behov skal lege straks tilkallast. Internerte som er sjuke eller påverka av alkohol eller andre rusmiddel, skal inspiserast kvar halvtime, med mindre omstenda tilseier hyppigare tilsyn. Det skal tas tilbørleg omsyn til nattesøvnen til den internerte. Tidspunktet for inspeksjonane og resultatet av desse skal førast inn i ein journal. Den ansvarlege for internatet tar konkret stilling til kva som skal inspiserast. Den som utfører inspeksjonen, skal mellom anna vurdere om den internerte treng legehjelp eller er i ein situasjon der vedkommande lett kan skade seg sjølv. Dette går fram av utlendingsinternatforskriften § 15.
Sjefen for Politiet si utlendingseining og Politidirektoratet skal sjå til at internatet har ei tilfredsstillande ordning for helseteneste, under dette omfang, metode og journalføring, jf. forskrifta § 16.
Justis- og beredskapsdepartementet oppnemnar eit eksternt tilsynsråd som skal føre tilsyn med at dei internerte blir behandla i samsvar med lovgivinga. Tilsyn skal gjennomførast minst to gonger i året. Tilsynsrådet kan ta opp saker som internerte tar opp eller på eige initiativ. Det skal førast ein tilsynsprotokoll. Reglane i forvaltningsloven om teieplikt gjeld for verksemda til tilsynsrådet.
2.5 Situasjonen i dag
2.5.1 Drifta
Den totale kapasiteten i bygningsmassen ved utlendingsinternatet på Trandum er inntil 220 plassar. I dag er kapasiteten 54 plassar, og auke i talet på internerte utover dette vil krevje fleire tilsette.
Familieeininga blir brukt til å internere barnefamiliar og eventuelt einslege mindreårige i påvente av transport ut av landet. Eininga kan til ei kvar tid ha to barnefamiliar og maksimalt ti personar samtidig. Eininga er lukka, men har eit sivilt preg. Dei tilsette brukar til dømes ikkje uniform.
Internatet har tilsette sjukepleiarar som er tilgjengelege på dagtid, kveldstid og i helgene. Politiet kjøper i tillegg legetenester frå eit privat selskap. Legane er til stades tre timer på kvardagar og tilgjengelege på telefon heile døgnet, alle dagar i året. Ved akutte hendingar eller tilstandar blir den lokale legevakta eller Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) kontakta. Internerte får i tillegg helsehjelp som ikkje kan vente frå spesialisthelsetenesta.
Det finst ikkje sikre tal på kva for helseproblem dei internerte mottek helsehjelp for.
Helsepersonell skal, etter rutinane frå Politiet si utlendingseining, sjå til internerte som er plasserte i sikkerheitscelle minst éin gong i døgnet.
Plassering i sikkerheitsavdeling frå 2017 til 10. oktober 2023:
2017: 445 personar
2018: 187 personar
2019: 114 personar
2020: 40 personar
2021: 30 personar
2022: 93 personar
2023: 72 personar (pr. 10.10.)
I perioden september 2016 til og med juni 2020 kom det 13 klager på vedtak om innsetting på sikkerheitsavdeling. Det går ikkje fram av tala kva det blei klaga på.
2.5.2 Opphaldstid
Dei fleste opphald ved utlendingsinternatet varar i mindre enn 72 timar. Dersom politiet finn det nødvendig å halde på den internerte i meir enn tre døgn, må dei på eit tidlegast mogeleg tidspunkt, og seinast tre dagar etter pågripinga, framstille utlendingen for retten. Retten kan i ordskurd avgjere at utlendingen skal internerast. Avgjerd om internering gjeld som hovudregel i inntil fire veker om gongen. Eit betydeleg tal på internerte oppheld seg på internatet i meir enn 21 døgn.
Tabell 2.1 Talet på langtidsinternerte frå 2017 til 2020
Opphaldstid | Innsettingsår | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 (pr. 10.10.) | |
180–365 døgn | 36 | 18 | 23 | 8 | 3 | 3 | 1 |
365–547 døgn | 6 | 7 | 3 | 2 | 0 | 0 | 0 |
Over 547 døgn | 4 | 0 | 1 | 0 | 0 | 0 | 0 |
Totalt | 46 | 25 | 27 | 10 | 3 | 3 | 1 |
Tabell 2.2 Butid frå 2021–2023
Butid | Innsettingsår | ||
---|---|---|---|
2021 | 2022 | 2023 (10.10) | |
0–3 døgn | 617 | 766 | 478 |
3–7 døgn | 176 | 176 | 103 |
7–14 døgn | 68 | 91 | 44 |
14–21 døgn | 36 | 73 | 53 |
21–30 døgn | 44 | 84 | 71 |
31–90 døgn | 43 | 59 | 51 |
91–180 døgn | 7 | 8 | 9 |
180–365 døgn | 3 | 3 | 1 |
Over 365 døgn | 0 | 0 | 0 |
Tabell 2.3 Tidspunkt for innsetting ved Politiet sitt utlendingsinternat i tidsperioden 2017–2023
morgon (0:00–08:00) | dag (08:00–16:00) | kveld (16:00–24:00) | Totalsum | |
---|---|---|---|---|
2017 | 335 | 1152 | 1657 | 3144 |
2018 | 338 | 1086 | 1602 | 3027 |
2019 | 283 | 827 | 1491 | 2603 |
2021 | 561 | 90 | 343 | 994 |
2022 | 134 | 445 | 681 | 1260 |
2023 (pr. 10.10.) | 70 | 291 | 449 | 810 |
Totalsum | 1721 | 3891 | 6223 | 11838 |
Tal for 2020 manglar, men dette året var prega av pandemien.
Tabell 2.4 Tidspunkt for innsetting 2021–2023: Antall og prosent
Tidspunkt | 2021 | 2022 | 2023 (pr. 10.10.) | |||
---|---|---|---|---|---|---|
Kor mange | Prosent | Kor mange | Prosent | Kor mange | Prosent | |
Morgon (0:00–08:00) | 561 | 56 % | 134 | 11 % | 70 | 9 % |
Dag (08:00–16:00) | 90 | 9 % | 445 | 35 % | 291 | 36 % |
Kveld (16.00–0:00) | 343 | 35 % | 681 | 54 % | 449 | 55 % |
2.5.3 Finansiering
I dag blir helsetenestene til internerte finansierte over politiet sitt budsjettkapittel 0440 Politiet post 25 Variable utgifter ved innkomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning. Politidirektoratet fordeler budsjettmidlar til Politiet si utlendingseining (PU) som har ansvar for drifta av utlendingsinternatet.
2.6 Høyringa
Eit høyringsnotat med forslag til endringar i helse- og omsorgstjenesteloven og utlendingsinternatforskriften blei sendt på alminneleg høyring 20. juni 2023 med svarfrist 20. september 2023. Det blei foreslått at ansvaret for helse- og omsorgstenester ved utlendingsinternata skulle overførast frå politiet til kommunen der internatet ligg. Ansvaret skulle regulerast i ein ny § 3-9 a i lova. Det blei tatt sikte på at lovendringa skulle gjelde frå 1. juli 2024.
Høyringsnotatet blei sendt til følgjande instansar:
Departementa
Arbeid- og velferdsdirektoratet
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Bioteknologirådet
Datatilsynet
Dei regionale komiteane for medisinsk og helsefageig forskingsetikk (REK)
Dei regionale kompetansesentera for rusmiddelspørsmål
Dei regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging
Den nasjonale forskingsetiske komité for medisin og helsefag (NEM)
Den rettsmedisinske kommisjon
Digitaliseringsdirektoratet
Direktoratet for e-helse
Diskrimineringsnemnda
Folkehelseinstituttet
Forbrukartilsynet
Forbrukarrådet
Helsedirektoratet
Helsepersonellnemnda
Helseøkonomiforvaltninga (HELFO)
Høgskular med helsefagleg utdanning
Institutt for helse og samfunn HELSAM
Kreftregistret
Kriminalomsorga
Kriminalomsorgsdirektoratet
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage)
Noregs forskingsråd
Norsk pasientskadeerstatning (NPE)
NUPI – Norsk utanrikspolitisk institutt
Pasient- og brukaromboda
Personvernnemnda
Politidirektoratet
Politiet si utlendingseining
Regelrådet
Regionsentera for den psykiske helsa til barn og unge
Regjeringsadvokaten
Rådet for eit aldersvennleg Noreg
Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo
Senter for omsorgsforsking
Statens helsetilsyn
Statens legemiddelverk
Statens råd for likestilling av funksjonshemma
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Statsforvaltarane
Sysselmeisteren på Svalbard
Universiteta
Velferdsforskingsinstituttet NOVA
Noregs institusjon for menneskerettar (NIM)
Riksrevisjonen
Sametinget
Sivilombodet
Dei fylkeskommunale eldreråda
Fylkeskommunane
Fylkesråda for funksjonshemma
Helse- og sosialombudet i Oslo
Kommunane
Dei regionale helseføretaka
Helseføretaka
Kommunalbanken AS
Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse
Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser
Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming – NAKU
Nasjonalt kompetansesenter for migrasjons- og minoritetshelse – NAKMI
Nasjonalt kompetansesenter for prehospital akuttmedisin – NAKOS
Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid – NAPHA
Nasjonalt råd for spesialistutdanning av leger og legefordeling
Nasjonalt senter for e-helseforskning
Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse
Norsk helsenett SF
Actis
ACOS AS
ADHD Norge
Akademikerne
A-larm bruker- og pårørendeorganisasjon for åpenhet om rus og behandling
Aleris Helse AS
Alliance Healthcare Norge Apotekdrift AS
Alliance Healthcare Norge AS
Allmennlegeforeningen
Amnesty International Norge
Anonyme alkoholikere
Apotek 1 Gruppen AS
Apotekforeningen
Apotekgruppen
Arbeiderbevegelsens rus- og sosialpolitiske forbund
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Aurora – støtteforening for mennesker med psykiske helseproblemer
Autismeforeningen i Norge
Barn av rusmisbrukere – BAR
Barnekreftforeningen
BarnsBeste
Bedriftsforbundet
Bikuben – regionalt brukerstyrt senter
Bipolarforeningen
Blå Kors Norge
Borgestadklinikken
Buddhistforbundet
CGM (Compugroup Medical Norway AS)
Dedicare
Delta
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Den Norske Jordmorforening
Den norske legeforening
Den norske tannlegeforening
Det Hjelper
Diabetesforbundet
DIPS ASA
DNT – edru livsstil
Erfaringssentrum
Europharma AS
Fagforbundet
Fagrådet innen rusfeltet i Norge
Familieklubbene i Norge
Fana medisinske senter
Farma Holding
Fellesorganisasjonen (FO)
Finans Norge
FMR Felleskap – Menneskeverd – Rusfrihet
Foreningen for blødere i Norge
Foreningen for hjertesyke barn
Foreningen for human narkotikapolitikk
Foreningen for Muskelsyke
Foreningen for kroniske smertepasienter
Foreningen Norges Døvblinde (FNDB)
Foreningen tryggere ruspolitikk
Foreningen vi som har et barn for lite
Forskerforbundet
Forskningsstiftelsen FAFO
Frambu
Frelsesarmeen
Frivillighet Norge
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
Fürst medisinske laboratorium AS
Gatejuristen
Helseutvalget
HIV-Norge
Hjernerådet
Hvite Ørn – interesse- og brukerorganisasjon for psykisk helse
Hørselshemmedes Landsforbund
IKT Norge
Infodoc
Informasjonssenteret Hieronimus
Institutt for aktiv psykoterapi (IAP)
Institutt for barne- og ungdomspsykoterapi
Institutt for gruppeanalyse og gruppepsykoterapi
Institutt for mentalisering
Institutt for psykoterapi
Institutt for samfunnsforskning
IOGT Norge
IRIS
Ja, det nytter
Junior- og barneorganisasjonen JUBA
JURK – Juridisk rådgivning for kvinner
Juss-Buss
Jussformidlingen
Jusshjelpa
Juvente
Kirkens bymisjon
Kliniske ernæringsfysiologiske forening
Kommunal landspensjonskasse
Kompetansesenter for brukererfaring og tjenesteutvikling (KBT)
Kreftforeningen
KS – Kommunesektorens organisasjon
Landsforbundet for utviklingshemmede og pårørende (LUPE)
Ivareta – Pårørende berørt av rus
Landsforeningen 1001 dager – mental helse under graviditet og etter fødsel
Landsforeningen Alopecia Areata
Landsforeningen for etterlatte ved selvmord – LEVE
Landsforeningen for Huntingtons sykdom
Landsforeningen for Nyrepasienter og Transplanterte
Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse
Landsforeningen for slagrammede
Landsforeningen mot fordøyelsessykdommer
Landsforeningen we shall overcome
Landsgruppen av psykiatriske sykepleiere
Landsgruppen av helsesøstre, NSF
Landslaget for rusfri oppvekst
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Legeforeningens forskningsinstitutt
Legemiddelgrossistforeningen
Legemiddelindustrien
Legemiddelparallellimportørforeningen
Legestudentenes rusopplysning
LFSS – Landsforeningen for forebygging av selvskading og selvmord
LHL
LHL Hjerneslag og Afasi
Likestillingssenteret
LISA-gruppene
MA – Rusfri Trafikk
Marborg
Matmerk
Mental Helse Norge
Mental Helse Ungdom
MiRA- Ressurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn
Moreno-instituttet – Norsk psykodramainstitutt
Munn- og halskreftforeningen
MS–forbundet
NA – Anonyme Narkomane
Nasjonalforeningen for folkehelsen
NORCE Norwegian Research Center AS
Norges Astma- og Allergiforbund
Norges Blindeforbund
Norges Døveforbund
Norges Farmaceutiske Forening
Norges Fibromyalgi Forbund
Norges Handikapforbund
Norges kristelige legeforening
Norges ingeniør og teknologiorganisasjon/Bioingeniørfaglig institutt (NITO/BFI)
Norges Juristforbund
Norges kommunerevisorforbund
Norges kvinne- og familieforbund
Norges Parkinsonforbund
Norges Tannteknikerforbund
Norlandia
Normal Norge
Norsk barne- og ungdomspsykiatrisk forening
Norsk Biotekforum
Norsk Cøliakiforening
Norsk Epilepsiforbund
Norsk Ergoterapeutforbund
Norsk Farmasøytisk Selskap
Norsk Forbund for Osteopatisk Medisin
Norsk Forbund for psykoterapi
Norsk Forbund for Svaksynte
Norsk Forbund for Utviklingshemmede
Norsk Forening for barn og unges psykiske helse (N-BUP)
Norsk Forening for cystisk fibrose
Norsk Forening for Ernæringsfysiologer
Norsk forening for infeksjonsmedisin
Norsk forening for kognitiv terapi
Norsk Forening for nevrofibromatose
Norsk forening for palliativ medisin
Norsk Forening for Psykisk Helsearbeid
Norsk forening for rus- og avhengighetsmedisin (NFRAM)
Norsk forening for slagrammede
Norsk Forening for Tuberøs Sklerose
Norsk Forum for terapeutiske samfunn
Norsk Fysioterapeutforbund
Norsk Førstehjelpsråd
Norsk Gestaltterapeut forening
Norsk gynekologisk forening
Norsk Helsesekretærforbund
Norsk Immunsviktforening
Norsk Intravenøs Forening
Norsk karakteranalytisk institutt
Norsk Kiropraktorforening
Norsk legemiddelhåndbok
Norsk Logopedlag
Norsk Manuellterapeutforening
Norsk Medisinaldepot AS
Norsk OCD forening, ANANKE
Norsk Ortopedisk Forening
Norsk Osteopatforbund
Norsk Osteoporoseforening
Norsk Pasientforening
Norsk Presseforbund
Norsk Psoriasis Forbund
Norsk Psykiatrisk Forening
Norsk Psykoanalytisk Forening
Norsk Psykologforening
Norsk Radiografforbund
Norsk Revmatikerforbund
Norsk selskap for ernæring
Norsk senter for stamcelleforskning
Norsk sykehus- og helsetjenesteforening (NSH)
Norsk sykepleierforbund
Norsk Tannhelsesekretærers Forbund
Norsk Tannpleierforening
Norsk Tjenestemannslag (NTL)
Norsk Tourette Forening
Norske Fotterapeuters Forbund
Norske Homeopaters Landsforbund
Norske Kvinners Sanitetsforening
Norske Ortoptister forening
Norske Sykehusfarmasøyters Forening
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Organisasjonen Voksne for Barn
Oslo amatørbryggerlaug
Omsorgsjuss
Parat Helse
Pensjonistforbundet
Personskadeforbundet
Private sykehus
Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund
Prima Omsorg
Program for helseøkonomi i Bergen
proLAR
Psykiatrialliansen BIL
Pårørendealliansen
Pårørendesenteret
Rettspolitisk forening
ROM – Råd og muligheter
ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser
Rusmisbrukernes interesseorganisasjon (RIO)
Ryggforeningen i Norge
Ryggmargsbrokk- og Hydrocephalusforeningen
Røde Kors
Rådet for psykisk helse
Sagatun brukerstyrt senter
Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
Selvhjelpsstiftelsen
Senior Norge
Seniorstøtten
Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE)
Senter for psykoterapi og psykososial rehabilitering ved psykoser (SEPREP)
Senter for seniorpolitikk
SINTEF Helse
Sintef Unimed, Helsetjenesteforskning i Trondheim
Skeiv ungdom
Spillavhengighet Norge
Spiseforstyrrelsesforeningen
Stabburshella bruker- og pårørendeforum og værested
Statstjenestemannsforbundet
Stiftelsen Albatrossen ettervernsenter
Stiftelsen Angstringen Norge (ARN)
Stiftelsen Det er mitt valg
Stiftelsen Fransiskushjelpen
Stiftelsen Golden Colombia
Stiftelsen Institutt for spiseforstyrrelser
Stiftelsen iOmsorg
Stiftelsen Kraft
Stiftelsen Menneskerettighetshuset
Stiftelsen Norsk Luftambulanse
Stiftelsen Organdonasjon
Stiftelsen Phoenix Haga
Stiftelsen Pinsevennenes evangeliesentre
Stiftelsen Psykiatrisk Opplysning
Stiftelsen Pårørendesenteret
Stiftelsen Verdighetssenteret – omsorg for gamle
Stoffskifteforbundet
Tannleger i privat sektor TiPS
Tekna
Teknologirådet
Trust Arktikugol
Turner Syndrom foreningen i Norge
Tyrili Utvikling og prosjekt – stiftelse
Ungdom mot narkotika – UMN
Ung i Trafikk
Unio
Universitets- og høyskolerådet
Utdanningsforbundet
Utviklingssentrene for sykehjem og hjemmetjenester
Vestlandske Blindeforbund
Virke
Visma
Volvat Medisinske Senter AS
Vårres regionalt brukerstyrt senter Midt-Norge
Yngre legers forening
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)
29 instansar har kome med høyringssvar.
Den rettsmedisinske kommisjon ønskte ikkje å uttale seg.
Følgjande instansar hadde ingen merknadar:
Forsvarsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Forskingsrådet v/ Avdeling for helse
Helse Midt-Noreg
Helse Sør-Øst RHF
Noregs forskingsråd
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Vestre Viken HF
Norsk Tannpleierforening
Pilar – Kompetansetjenesten for psykisk helse og barnevern
Følgjande instansar hadde realitetsmerknadar:
Folkehelseinstituttet
Helsedirektoratet
Kriminalomsorgsdirektoratet
Pasient- og brukeromboda
Politidirektoratet
Statens helsetilsyn
Tilsynsrådet for tvangsreturar og utlendingsinternat
Noregs institusjon for menneskerettar
Sivilombodet
Ullensaker kommune
Den Norske Advokatforening
HivNorge
KS – Kommunesektorens organisasjon
Den norske legeforening
Norsk Organisasjon for Asylsøkere
Norsk psykiatrisk forening
Norsk sykepleierforbund
Røde Kors
Alle høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, støttar forslaget om å overføre ansvaret for helsetilbodet ved utlendingsinternat til kommunane der utlendingsinternata ligg. Mange av instansane har synspunkt på internerte sin rett til helsehjelp, korleis helsetenestene til internerte bør organiserast og til innhaldet i helsetenestene. Høyringsinstansane har også innspel til dei økonomiske konsekvensane av forslaga og synspunkt på når endringane bør tre i kraft.
Høyringsinstansane sine uttaler til lovforslaget er nærare omtalt i punkt 3.
Fleire av høyringsinstansane peiker på at det er viktig at helsetenesta får tilførd nok ressursar til å handtere oppgåvene.
Ullensaker kommune skriv at dei er klare til å overta ansvaret for helsetenestene ved utlendingseininga på Trandum under føresetnad av nødvendige endringar i lov, forskrift og tilstrekkeleg finansiering. Dei skriv mellom anna:
«Vi ber om at det etableres dimensjonerings- og evalueringsmekanismer som automatisk kobler kommunens plikt til å yte helsetjenester til eventuelle endringer som skjer i politiets oppdrag og organisering av sine tjenester.»
Sivilombodet minner til dømes om at ombodet fleire gongar har peikt på at helsetilbodet ved utlendingsinternatet verkar underdimensjonert og viser til at dette er erfaringar som også er beskrivne og dokumenterte av mellom anna Røde Kors og Tilsynsrådet for tvangsreturer og utlendingsinternat.
Statens helsetilsyn skriv:
«Forslaget vil gi kommunene både økonomiske, organisatoriske og personellmessige utfordringer som må ivaretas. Som Helsedirektoratet peker på i sin utredning, må helsepersonellet som tilbyr helsehjelp ha kompetanse innen psykisk helsehjelp, traumeforståelse, traumebevisst omsorg og torturskader. Videre må kommunen ha tilstrekkelig akuttkapasitet.»
Folkehelseinstituttet skriv:
«FHI understreker behovet for nødvendig kompetanse hos helsepersonell som arbeider med denne gruppen. Vi anbefaler tilstrekkelig finansiering og tilgang til riktig kompetanse for å sikre et forsvarlig helsetilbud (…) Kommunene skal kompenseres for sine nye oppgaver, og FHI støtter en tilskuddsmodell. Jevnlige evalueringer av tilskuddets størrelse og fordelingskriterier er viktig for å sikre riktig ressursallokering.»
Kommunesektorens organisasjon skriv:
«KS forutsetter at det er god dialog med og aksept fra berørte kommuner. Det må etableres et nært samarbeid mellom kommunene og politiet for å kunne tilrettelegge tilbudet ved økt antall beboere. Kommunene må ha økonomisk forutsigbarhet som sikrer fullfinansiering av tjenesten.»
Politidirektoratet understrekar at tilleggstenestene som politiet etter forslaget må kjøpe eksternt, vil medføre kostnader. Behovet for ombygging av fasilitetane på internatet må avklarast og kostnadsbereknast.
Legeforeningen skriv:
«De internerte har ofte ikke personnummer eller D-nummer. For noen er identiteten uavklart. Det vanskeliggjør bruke av elektronisk kommunikasjon som henvisning og e-resept, dette må helsetjenesten kompenseres for.»
Advokatforeningen skriv:
«Internering er ikke et ledd i en straffegjennomføring og mange av de særlig lengeværende internerte er ikke straffedømt for noe forhold. Deres helseutfordringer kan således i større grad være knyttet til interneringen som sådan og generelt arte seg annerledes enn for fengselsbefolkningen for øvrig og ressurser og kompetanse må tilpasses deretter.»
Høyringsinnspel som berre knyter seg til endringane i utlendingsinternatforskriften, vil bli vurderte i samband med Justis- og beredskapsdepartementets arbeid med å fastsette endringsforskrifta.