3 Plikt til å tilby intensiv opplæring
3.1 Bakgrunnen for forslaget
Tilpassa opplæring er eit overordna prinsipp for opplæring for alle elevar. Elevar som ikkje får tilfredsstillande utbytte av den ordinære tilpassa opplæringa, har rett til spesialundervisning. I den grad skolen maktar å tilpasse den ordinære opplæringa slik at elevane får tilfredsstillande utbytte innanfor ramma av kompetansemåla i læreplanverket, oppstår ikkje retten til spesialundervisning. I Meld. St. 18 (2010–2011) kjem det fram at det er store skilnader mellom kommunane i prosentdelen elevar som har vedtak om spesialundervisning, og korleis denne blir organisert. Dette kan tyde på at kommunane praktiserer grenseoppgangen mellom ordinær opplæring og spesialundervisning ulikt. I nokre kommunar er delen elevar med vedtak om spesialundervisning nesten 20 prosent, mens andre kommunar har særs få elevar som får spesialundervisning.
Tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) viser at prosentdelen elevar med vedtak om spesialundervisning aukar gjennom skoleløpet og er nærmare tre gonger så høg på dei øvste trinna i grunnskolen samanlikna med dei lågaste trinna. Dette kan tyde på at læringsutfordringar som oppstår tidleg, i for stor grad får utvikle og forsterke seg. Læring er ein sjølvforsterkande prosess der tidleg læring fostrar meir læring. Dersom det ikkje blir sett i verk tiltak tidleg i opplæringsløpet, blir skilnadene i læringsutbytte mellom elevane forsterka, og dei blir større utover i opplæringsløpet.
Internasjonale undersøkingar viser at norske elevar gjer det betre i lesing, matematikk og naturfag sidan innføringa av Kunnskapsløftet i 2006, særleg i starten av grunnskolen. TIMSS-undersøkinga viser at elevar på 5. trinn gjer det betre i matematikk enn jamaldrande elevar i dei andre nordiske landa, og at resultata er blant dei beste i Europa. Det har vore ein reduksjon i prosentdelen elevar på 4. trinn som skårar på dei lågaste trinna i matematikk. Samtidig går mellom 15 og 20 prosent av elevane ut av grunnskolen med så svake kompetansar og dugleikar at dei vil ha problem med å klare seg i vidare utdanning og arbeidsliv. Det svarer til om lag 10 000 elevar i kvart årskull. Departementet meiner derfor det er behov for å forsterke den tidlege innsatsen i skolane.
3.2 Gjeldande rett
Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld generelt for skoleverksemda og er kjenneteikna av variasjon i arbeidsoppgåver, lærestoff, arbeidsmåtar og læremiddel, i tillegg til variasjon i organiseringa av opplæringa. Nokre elevar har behov for særskilde tiltak, til dømes elevar med langvarig og/eller omfattande behov for individuell tilrettelegging og tilpassing. Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av ordinær opplæring, har rett til spesialundervisning. Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld både for ordinær opplæring og spesialundervisning.
Plikta skolane har til å tilpasse opplæringa, er regulert i opplæringslova § 1-3. Tilsvarande føresegn er teken inn i friskolelova § 3-4a. Første ledd i opplæringslova § 1-3 slår fast at opplæringa «skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten». Føresegna gjeld både for grunnskole og for vidaregåande opplæring. Etter ordlyden sin omfattar opplæringslova § 1-3 første ledd alle som får opplæring. Føresegna inneber ikkje ein individuell rett for den enkelte. Dette betyr blant anna at det ikkje ligg føre noko krav om individuell opplæringsplan, slik det gjer ved spesialundervisning, men at opplæringa blir tilpassa alle mest mogleg.
Andre ledd i opplæringslova § 1-3 om tilpassa opplæring lovfestar plikta skoleeigaren har knytt til tidleg innsats. Tilsvarande følgjer av andre ledd i § 3-4a i friskolelova. Tidleg innsats gjeld faga norsk, samisk og matematikk på 1. til 4. årstrinn. Tidleg innsats skal særleg rettast mot elevar som har svake dugleikar i lesing og rekning. Det skal blant anna leggjast vekt på å ha særleg høg lærartettleik. Formålet med dette kravet er å bidra til tidleg innsats på særleg prioriterte område som òg er viktige for anna læring, med det for auge at problema ikkje skal bli forsterka over tid.
Opplæringslova § 8-2 slår fast at elevane skal få opplæring i klassar eller basisgrupper som skal vareta behova deira for sosial tilhøyrsle, men at elevane for delar av opplæringa kan delast inn i andre grupper etter behov. Vidare går det fram av føresegna at «til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør». Tilsvarande følgjer av friskolelova § 3-4.
Ifølgje opplæringslova § 5-1 første ledd har elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, rett til spesialundervisning. Føresegna gjeld elevar i grunnskole og i vidaregåande opplæring. Rett til spesialundervisning gjeld òg elevar i godkjende friskolar, jf. friskolelova § 3-6. For å vurdere om ein elev har rett til spesialundervisning, er det nødvendig å vurdere, og eventuelt prøve ut, om eleven kan få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa gjennom betre tilrettelegging innanfor ramma av den ordinære opplæringa, jf. opplæringslova § 5-4 første ledd siste punktum. Om ein elev skal få spesialundervisning, er ifølgje Ot.prp. nr. 46 (1997–1998) avhengig av kva for organisatoriske og pedagogiske tiltak skolen har sett inn i den ordinære opplæringa. Før det kan gjerast vedtak om spesialundervisning etter opplæringslova § 5-1, må det liggje føre ei sakkunnig vurdering av behova til elevane, jf. opplæringslova § 5-3. Tilsvarande gjeld i friskolar.
Det følgjer av opplæringslova § 13-10 at skoleeigaren har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene blir oppfylte, og at skoleeigaren må stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava kan oppfyllast.
3.3 Høyringsforslaget
I høyringa foreslo departementet å ta inn ein ny § 1-4 i opplæringslova med krav om at skolen raskt skal sørgje for eigna intensiv opplæring til elevar på 1.–4. trinn som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning. Departementet foreslo at skolen skal få ei plikt til å gi intensiv opplæring, men at det ikkje skal vere ein individuell rett for elevane å få slik opplæring. Ei tilsvarande plikt blei òg foreslått teken inn i friskolelova i ein ny § 3-4b.
Intensiv opplæring skal vere kortvarig og målretta. I høyringa blei det vist til at formålet med tiltaket skal vere å setje eleven i stand til å følgje progresjonen i den ordinære opplæringa. Målet er at dei elevane som treng det, på eit tidleg tidspunkt får nødvendig støtte. Departementet presiserte at dersom ein elev har behov for avvik frå kompetansemåla eller for individuell oppfølging over lengre tid, vil det vere behov for oppfølging i tråd med lovreglane om spesialundervisning. Vidare blei det presisert at elevar og foreldre vil ha rett til å krevje utgreiing med sikte på spesialundervisning uavhengig av om eleven får eller har fått intensiv opplæring.
I høyringa påpeika departementet at intensiv opplæring skal vere ein del av det ordinære opplæringstilbodet. Som ei forlenging av dette blei det foreslått at skolane avgjer korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast. Departementet foreslo at det ikkje skal stillast særskilde saksbehandlingskrav, slik at det vil vere skolen sjølv som avgjer kva elevar som har behov for intensiv opplæring, og korleis denne skal organiserast og gjennomførast. Sjølv om det ikkje blei foreslått særskilde saksbehandlingskrav, påpeika departementet at det vil vere naturleg at føresette blir orienterte om korleis skolen har lagt til rette for læringa og utviklinga til eleven.
Det blei presisert at ei plikt til å gi intensiv opplæring ikkje inneber eit krav om undervisning i eigne grupper. Samtidig blei det foreslått at det skal vere mogleg å gi undervisning i små grupper eller som eineundervisning, dersom det blir rekna som nødvendig for læringa til eleven. I høyringa blei det likevel presisert at eineundervisning berre bør skje i avgrensa omfang.
Opplæringslova § 1-3 andre ledd slår i dag fast at kommunen skal sørgje for at den tilpassa opplæringa på 1.–4. trinn blant anna inneber særleg høg lærartettleik og er særleg retta mot elevar med svake dugleikar i lesing og rekning. For å setje eit tydelegare skilje mellom det som gjeld generelt gjennom grunnopplæringa, og det som er særmerkt for 1.–4. trinn, foreslo departementet derfor å flytte § 1-3 andre ledd, og at dette blir andre ledd i ein ny § 1-4 om tidleg innsats. Tilsvarande blei foreslått i ein ny § 3-4b i friskolelova.
I høyringa blei det elles vist til at høyringsforslaget, i tråd med konsultasjonsordninga mellom regjeringa og KS, har blitt behandla som lovmedverknadssak med KS. Fråsegna til KS blei i sin heilskap teken inn i høyringsnotatet, slik at alle høyringsinstansane kunne gjere seg kjende med ho. Av denne fråsegna går det fram at KS meiner lovforslaget er unødvendig. Den nærmare grunngivinga for dette er i hovudsak i samsvar med den ordinære høyringsfråsegna til KS, som er omtalt nedanfor i punkt 3.4.
3.4 Høyringsfråsegner
Det er 98 høyringsinstansar som har gitt høyringssvar. 31 høyringsinstansar uttaler at dei støttar forslaget, og 18 uttaler at dei støttar forslaget med atterhald. 18 av høyringsinstansane er imot forslaget, mens 14 har komme med fråsegn utan å ta direkte stilling til om dei støttar forslaget eller ikkje. 17 høyringsinstansar har ikkje merknader til forslaget.
17 av dei 31 kommunane som har uttalt seg om saka, støttar forslaget om innføring av ei plikt for skolen til å gi intensiv opplæring.
KS støttar ikkje forslaget og seier at sjølv om intensiv opplæring er viktig for læringa til elevane, gjeld det krav om tidleg innsats òg i dag. Det er derfor tvilsamt at ytterlegare lovregulering er eit formålstenleg styringsverkemiddel. Utvikling av kompetanse og profesjonsfellesskap er eit meir målretta verkemiddel enn lovfesting for å påverke praksis i kommunane og skolane. Dersom det blir innført ei ny plikt, må ho i så fall vere retta mot skoleeigar og ikkje, som i forslaget, mot skolane. Vidare seier dei:
«Problemer og vansker med å lære kan oppstå gjennom hele utdanningsløpet. Det er viktig at lærerne som er tett på elevene, skoleledere og skoleeiere har kompetanse, handlingsvilje og støtte til både å oppdage og agere på hver sine nivåer. Hva som defineres som ‘hengende etter’ og hvordan innsats overfor elever skal iverksettes, vil, slik også departementet legger til grunn, i stor grad måtte knyttes til faglige vurderinger. Tidlig innsats krever godt profesjonelt skjønn, samtidig som man ikke kommer unna de juridiske sidene i skjæringspunktet mellom ordinær undervisning og spesialundervisning. Det bør primært satses på utvikle det profesjonelle skjønnet både i lærerutdanningene og i den kontinuerlige kompetanseutviklingen for lærere og på skolene. Dersom målsettingen er å endre skolenes og kommunenes praksis og en eventuell vente- og se- kultur, synes troen på hva man kan lovregulere seg til å være overdrevet. […]
Behovet for lovregulering bør også ses i sammenheng med profesjonaliseringen av lærere og skoleledere. Det er vanskelig å se at økt detaljstyring bidrar til denne profesjonaliseringen. KS har i samarbeid med Kunnskapsdepartementet tidligere gjennomført et FoU-prosjekt om dokumentasjons- og rapporteringskrav i skolen. Hovedmålsettingen både for departementet og KS for dette prosjektet var å redusere det totale omfanget av dokumentasjons- og rapporteringskrav i skole-Norge. Vi kan ikke se at dette lovforslaget bidrar til en slik reduksjon.
Det fremgår av veilederen ‘Statlig styring av kommuner og fylkeskommuner’ at det ikke bør innføres pålegg om bestemte måter å løse en oppgave på.»
Dei kommunane som ikkje støttar forslaget, Fredrikstad, Skiptvedt, Nedre Eiker, Skien, Kristiansand, Sandnes, Randaberg og Trondheim, viser på same måte som KS til at forslaget er unødvendig fordi tidleg innsats òg er ei forplikting som gjeld i dag, og at forslaget heller ikkje fører til meir klarleik. Det er dessutan uro for at forslaget kan føre til fleire dokumentasjonskrav og meir byråkrati.
Dei kommunane som støttar forslaget, Oslo, Asker, Bærum, Ullensaker, Rælingen, Oppegård, Røyken, Rygge, Tønsberg, Kvinherad, Arendal, Evje og Hornes, Hå, Time, Stavanger, Bergen og Tromsø, er delte når det gjeld kva for føresetnader som er nødvendige for å lykkast på dette området. Nokre kommunar problematiserer ikkje forslaget og meiner at dei i dag driv i tråd med det som er foreslått. Andre stiller opp ulike føresetnader blant anna knytte til klargjering og behov for rettleiing, behov for ressursar, at forslaget ikkje må føre til meir byråkratisering, og at den lokale handlefridommen må takast vare på.
Akershus fylkeskommune støttar ikkje forslaget og er jamt over samde med innvendingane til KS. Sogn og Fjordane fylkeskommune og fylkesmennene i Finnmark og Oppland støttar forslaget.
Fylkesmannen i Hedmark støttar ikkje forslaget, men meiner det er unødvendig og at det kan føre til meir byråkratisering.
Utdanningsforbundet støttar ikkje forslaget. Forbundet viser blant anna til at endringa er unødvendig på grunn av dagens regulering av tidleg innsats og i tillegg at forslaget er uklart. Dei viser til det uheldige i å innføre nye omgrep som gir stort rom for tolking. Dei peikar dessutan på farane for meir byråkratisering og ei uheldig ressursforskyving frå andre trinn. Utfordringane kan best løysast med nasjonal norm for lærartettleik på skolenivå. Vidare seier dei:
«Utdanningsforbundet finn det vanskeleg å ta stilling til dei økonomiske og administrative konsekvensane av det tiltaket som departementet gjer framlegg om, då grensedraginga er uklar mellom det eksisterande kravet om tidleg innsats og særleg høg lærartettleik i dagens § 1-3 i opplæringslova og dette nye kravet om intensiv opplæring i utkast til ny § 1-4.
Utdanningsforbundet vil peike på at det er lite som tyder på at kommunane i dag faktisk har særleg høg lærartettleik på 1. – 4. årssteg for å sikre tidleg innsats, trass i øyremerkte lærarstillingar til dette formålet. Utdanningsforbundet meiner det er ein risiko for at innføring av eit ytterlegare krav om intensiv opplæring, i tillegg til det eksisterande kravet om tidleg innsats, samla sett kan føre til svekking av elevane sin tilgang til lærarressursar.»
Skolenes landsforbund seier i høyringsfråsegna si:
«Skolenes landsforbund vil uttrykke tilfredshet med at det innføres en plikt for skolen til å gi tilbud om intensiv opplæring til elever på 1.-4. trinn som står i fare for å bli hengende etter i lesing, skriving eller regning. Skolenes landsforbund er derimot ikke tilfredse med at plikten ikke medfører tilgang på ekstra lærerressurser. Vi frykter at dette vil medføre at det tas ressurser fra 5.-7. trinn for å gjennomføre tiltakene. Det henvises i høringen til at ‘Forskning finner store effekter av smågruppeundervisning for elever med svake faglige ferdigheter. Dette gjelder særlig dersom undervisningen er basert på strukturerte programmer i lesing og regning’. Det er derfor viktig at det tilføres skolene nok ressurser til at det er mulig å gjennomføre fleksible ordninger for et intensivt opplæringstilbud, gjerne på tvers klassetrinn. Dette bør gjøres ved at ressursene øremerkes til skolenivå og ved at det settes en bemanningsnorm på skolenivå.»
Skolelederforbundet støttar ikkje forslaget og seier blant anna:
«Vi mener det er uheldig å innføre et nytt begrep, intensiv opplæring (på 1.- 4. trinn,) da vi mener tilpasset opplæring og tidlig innsats er dekkende og ivaretar elevenes behov. Vi mener dessuten at et nytt begrep bare vil virke forvirrende. Vi mener også at enda en plikt for skolen vil kunne føre til mer byråkrati og papirarbeid. Mye tid og krefter vil bli brukt for å sikre dokumentasjon av at pliktene overholdes […]
Skolelederforbundet er også usikker på om en eventuell lovendring vil bli fullfinansiert. Vi mener absolutt at det er behov for mer ressurser i skolen, og tidlig innsats og økt ressursinnsats på de laveste trinnene er positivt og helt nødvendig. Men all den tid det er skoleeier, (kommuner og fylkeskommuner,) som finansierer og er ansvarlig for driften av skolene, er alle slike statlige lovpålagte tiltak med på å innskrenke handlefriheten kommuner og skoler har til selv å sette inn innsatsen der man selv mener den trengs mest. Ressursforskyvning kan føre til at andre av skolens og kommunens tilbud forringes. Opplæringsloven regulerer i dag lærertettheten i enkelte fag på 1.- 4. trinn. Vi mener dette er tilstrekkelig.»
Elevorganisasjonen støttar forslaget og seier blant anna:
«Elevorganisasjonen stiller seg positive til lovforslagene til Kunnskapsdepartementet i høringsnotatet. Det er en glede at tidlig innsats i skolen jobbes aktivt med for å øke motivasjon og mestring hos elevene. De første årene i opplæringen er viktige for å skape gode forutsetninger for alle elever.
Svikt tidlig i opplæringsløpet har ringvirkninger for elever gjennom hele skolegangen. Som diskutert i høringsnotatet viser det seg at vedtak om spesialundervisning tredobles i de siste trinnene i grunnskolen. Å fange opp de som trenger det tidlig vil ha positive effekt for elevene som trenger det gjennom opplæringsløpet.
Elevorganisasjonen mener at kortvarig, intensiv opplæring, med formål om å gjøre elevene egnet til å følge det ordinære løpet, er et godt tiltak. Vi håper at tiltaket sikrer at flere elever får ta den plassen de trenger og får den oppfølgingen de har krav på, slik at flest mulig kan nå felles kompetansemål.»
Elevorganisasjonen peikar likevel på behovet for å få ein meir handfast definisjon av kva som er meint med å «henge etter» i lovforslaget, og ønskjer dessutan å framheve kor viktig det er med elevmedverknad i samband med intensivopplæring. Det er likevel positivt at det ikkje blir stilt opp særskilde saksbehandlingskrav, som til dømes krav om samtykke frå foreldra, slik at prosessen blir effektivisert.
Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) støttar forslaget og seier blant anna:
«FUG mener den foreslåtte endringen i opplæringsloven forsterker og tydeliggjør skolens plikt til tidlig innsats for denne elevgruppen. FUG mener at departementets merknader til det enkelte lovforslag er gode, og at utfordringer med å gi lovens ordlyd et konkret innhold ikke er mer utfordrende her enn på andre områder, slik KS ifølge høringsnotatet antyder. Hva som skal defineres som «hengende etter» og hvordan innsats overfor elever skal iverksettes vil, slik også departementet legger til grunn, i stor grad knyttes til faglige vurderinger. Dette bør i alle fall ikke brukes som argument for at regulering ikke gis.»
FUG understrekar elles at det er viktig at tiltaka som blir gjennomførte, må skje innanfor ramma av klassen. Dersom eineundervisning er tenkt som eit mogleg tiltak, må det hentast inn samtykke frå foreldra før eineundervisning blir sett i verk. FUG understrekar kor viktig foreldreinvolvering generelt er for å få til eit godt resultat. Òg elevane må bli høyrde, jf. barnekonvensjonen.
Sametinget støttar forslaget og seier blant anna:
«Per dags dato er situasjonen slik at andelen elever med spesialundervisning øker utover i opplæringsløpet i stedet for å minke, slik målet er. Man må se på hva som fremmer elevenes læring, og hva som hemmer den. I den forbindelse viser vi til den samme forskningen som det henvises til i høringsnotatet, om at tidlig innsats reduserer risikoen for at elevene skal utvikle stadig økende forskjell i læringsutbytte. I ung alder er barn mer mottakelige for læring, samtidig som grunnlaget for videre læring dannes. Det er behov for å innføre tidlig innsats som systematisk metodikk og et lovkrav om intensiv opplæring kan medvirke til dette.
Når det gjelder saksbehandlingskrav vil fravær av dette etter Sametingets syn kunne bidra til rask iverksetting av tiltak straks behovet oppstår, noe som er riktig og nødvendig i tilfeller som dette. Involvering av foreldre og foreldres rett til å kreve utredning med sikte på spesialundervisning vil etter Sametingets syn være tilstrekkelig for å ivareta elevenes rettssikkerhet.
Når det gjelder innvendingene fra KS om at nye lovbestemmelser ikke anses som nødvendige, kan ikke Sametinget stille seg bak disse, på bakgrunn av ovennevnte situasjon i dagens skole i Norge. Når man ikke når de målene man har satt seg, til tross for eksempelvis nasjonale satsinger mv., må man se på alternative metoder. Den eksisterende plikten til tidlig innsats bør konkretiseres ytterligere slik lovforslaget legger til rette for.»
Sametinget meiner elles at forslaget vil krevje fleire samiske lærarar, og meiner det er behov for auka løyvingar til rekruttering av samiske lærarar.
Barneombodet støttar forslaget om å lovfeste plikta til intensiv opplæring, sjølv om dette i hovudsak berre presiserer gjeldande rett. Det blir likevel påpeika at forholdet til barnekonvensjonen ikkje er teke opp. Elles seier dei i oppsummeringa dette:
«Føresegna er utforma for skjønnsmessig. Dette stiller for store krav til at skolen har utvikla eit tolkingsfellesskap, og at personalet har god regelverksforståing.
Lovfestinga må vere enda tydelegare på innhaldet i plikta til skolen, og kva intensiv opplæring er. Det er uklart når plikta til skolen trer inn, kor lenge ho varar og kor mykje opplæring eleven skal få.
Den intensive opplæringa bør og omfatte munnleg dugleik.
Undervisningspersonalet som har ansvar for den intensive opplæringa må ha høg kompetanse om korleis dei skal jobbe med elevar som slit med lesing, skriving, og rekning og å uttrykke seg munnleg.
Om skolen skal kunne organisere den intensive opplæringa som eineundervisning, må departementet regulere dette eksplisitt i ny § 1-4. Det må og lovfestast at det er eit vilkår for eineundervisning at denne organiseringa er til eleven sitt beste.
Departementet bør gi utfyllande rettleiing om grenseflata mellom intensiv opplæring og spesialundervisning, slik at eleven får rett hjelp til rett tid. Vi er bekymra for at elevar med rett til spesialundervisning ikkje vil få denne retten oppfylt, fordi dei ikkje får den naudsynte kartlegginga av sine vanskar, og at skolen prøver for lenge med intensiv opplæring.»
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) støttar forslaget og seier at ei plikt til å gi intensiv opplæring når elevane blir hengande etter fagleg, vil sikre at eleven får betre og tidlegare oppfølging enn i dag. Bufdir er opptekne av at det er behov for «oppdagarkompetanse» og gode rutinar.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) støttar forslaget, men er opptekne av at foreldra får god informasjon som sikrar samarbeid. I samband med dette vil det av og til vere behov for tolk. Forslaget må sjåast i samanheng med kva praksis for vurderingsarbeid skolen allereie har.
Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (Nafo) støttar ikkje forslaget og meiner ytterlegare regulering er unødvendig. Senteret støttar ellers innvendingane til KS. Nafo fryktar at forslaget kan føre til at minoritetselevar ikkje får den opplæringa dei har krav på, og reiser spørsmålet om korleis forslaget skal forståast i samband med eksisterande regulering av særskild språkopplæring for språklege minoritetar.
Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking (Skrivesenteret) ved NTNU støttar lovforslaget. Senteret seier at dersom lovendringa blir vedteken, må det føre til eit utviklingsarbeid der det blir utvikla normer for kva lærarar kan forvente av elevar på ulike årstrinn. Slike normer må liggje til grunn for utvikling av kartleggingsverktøy som lærarar kan bruke for å oppdage elevar som heng etter i skriving.
Høgskolen i Sørøst-Noreg v/Nasjonalt senter for optikk, syn og augehelse støttar forslaget og meiner det vil kunne bidra til at bustad/kommune ikkje blir avgjerande for tilbodet eleven får. Dei påpeikar derimot at synsfeil kan gi plager som kan minne om lese- og konsentrasjonsvanskar, noko det er viktig å vere bevisst gjennom heile skoleløpet. Behandling av synsfeil med briller viser seg å forbetre skoleprestasjonane til barna.
NLA Høgskolen støttar ikkje forslaget og meiner blant anna at lovendringa kan gi assosiasjonar til at det finst ei form for opplæring som ligg mellom ordinær opplæring og spesialundervisning, noko som vil kunne svekkje forståinga av tilpassa opplæring som eit overordna prinsipp for all opplæring. Dei viser dessutan til innvendingane frå KS.
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) støttar forslaget med atterhald. Dei viser til gode erfaringar med den såkalla «Dovremodellen». Det er likevel negativt at det ikkje blir stilt krav til saksbehandling, som krav om informasjon til foreldra. Det må òg vere ei maksimumsgrense for kor lang tid som kan gå før PP-tenesta må vurdere om intensiv opplæring er riktig tiltak.
Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) støttar forslaget. Forbundet påpeikar at det er viktig at intensivopplæring ikkje blir ei erstatning for spesialundervisning. Presiseringa dei foreslår, bidrar til å tydeleggjere skiljet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning.
Norsk Logopedlag støttar forslaget med atterhald knytt til behovet for nødvendig kompetanse. Dersom det ikkje finst tilstrekkeleg kompetanse, vil ein risikere at tiltaket har liten effekt eller i verste fall verkar formålsstridig.
Dysleksi i Norge støttar forslaget med atterhald om at det òg kjem ein rett til utgreiing, og at denne er uavhengig av retten til spesialundervisning. Dysleksi i Norge er kritiske til at forslaget ikkje legg opp til krav om samtykke frå foreldra.
Kristne Friskolers Forbund (KFF) går ikkje inn på forslaget i seg sjølv, men seier:
«Siden det allerede bevilges ekstra midler til tidlig innsats, sies det at det ikke vil komme ekstrabevilgninger. Friskolene har fra i fjor fått del i disse midlene gjennom KOSTRA. Utfordringen med den nye ordningen er at slike kortvarige tiltak kan kreve ekstra bemanning (smågrupper, individuell oppfølging), og en friskole har ikke noe sted å hente ekstra penger til slikt. Vi mener at friskolene må få ekstra tilskudd som tilsvarer økningen i ekstrabevilgningen de to årene som ikke dekkes av KOSTRA, på samme måte som det er gjort med innføring av nye tiltak (f.eks. gratis lærebøker).
Vi understreker at også friskolene i beste fall får 85% av utgiftene ut fra KOSTRA-tallene, og at dette forutsetter at kommunene tar ut tildelte midler som økte driftskostnader i skolen og fører dem slik at de kommer med i tilskuddsgrunnlaget.»
Kjølsdalen Montessoriskule støttar ikkje forslaget og meiner det er unødvendig, særleg sidan forslaget er lite konkret.
3.5 Departementet sine vurderingar
3.5.1 Innføring av ei plikt til å gi intensiv opplæring på 1.–4. trinn
Departementet har forståing for fleire av utfordringane høyringsinstansane tek opp. Likevel meiner departementet at lovforslaget om at skolen skal få plikt til å gi intensiv opplæring på 1.–4. trinn til elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, bør bli vedteke. Departementet har likevel teke omsyn til nokre av synspunkta ved å ta inn enkelte presiseringar i premissane til lovforslaget og har òg justert forslaget til lovtekst, som legg barnet sitt beste til grunn som ein føresetnad for å kunne gi elevane eineundervisning. Departementet har dessutan komme til at dagens føresegn om tidleg innsats på 1.–4. trinn ikkje bør vidareførast dersom det blir innført eit krav om intensiv opplæring.
Det grunnleggjande problemet i skole-Noreg er at læringsutfordringar som oppstår tidleg, i for stor grad får utvikle seg og forsterke seg over tid. Dugleikar i lesing, skriving eller rekning er viktig for den framtidige læringa og meistringa til elevane i skole og utdanning, men dei er òg særs viktige for seinare deltaking i arbeids- og samfunnsliv. At det oppstår læringsutfordringar, kan ha samanheng med at eigna tiltak ikkje er sette i gang raskt nok.
Internasjonal forsking (Vellutino & Zhang, 2008) viser at ein ekstra innsats på 1. trinn kan bidra til å førebyggje seinare lesevanskar. I tillegg har det vist seg at tidlege tiltak er meir effektive enn seinare tiltak (Ehrhardt, Huntington, Molino & Barbaresi, 2013; Torgesen, 2002), og reduserer sannsynet for vedvarande vanskar (Fletcher, Lyon, Fuchs & Barnes, 2007). Enkelte studiar finn at både korttids- og langtidseffektar er større dersom tiltaka blir sette inn på 1. trinn, enn om dei blir sette inn seinare (Lovett et al., 2016). Dette gjeld både for elevar som er i faresona for å utvikle lese- og skrivevanskar, og for elevar som allereie har lese- og skrivevanskar. Forsking har òg vist at eit stort fleirtal av elevar som strevar med lesing i løpet av det første året med leseopplæring, òg strevar med lesing seinare i skoleløpet (Chard & Kameenui, 2000).
Det ser ut til at høyringsinstansane jamt over deler denne oppfatninga, sjølv om ein del av dei ikkje er samde i lovforslaget. Problemet med læringsutfordringar som blir forsterka over tid, har vore erkjent over år utan at vi i tilstrekkeleg grad har lykkast med å gjere noko med det, trass ei rekkje målretta satsingar. Departementet vil peike på at det mange stader er lagt ned stor og verdifull innsats for å handtere problemet, men at det er skilnad på korleis dette blir gjort, og kor godt ein lykkast.
Prinsippet om tidleg innsats er viktig gjennom heile opplæringsløpet, men er i dag berre direkte regulert i lova for 1.–4. årstrinn. Slik departementet vurderer det, er det god grunn til å leggje særleg vekt på dei første åra, sidan det er her grunnlaget for den vidare læringa blir lagt. Den gjeldande reguleringa av tidleg innsats på 1.–4. trinn gir skoleeigaren og den enkelte skolen eit handlingsrom når det gjeld korleis dei tilpassar opplæringa for elevar med svake dugleikar i lesing og rekning. At det varierer korleis ein jobbar med tilpassa opplæring lokalt, inneber òg at behovet for vedtak om spesialundervisning vil variere, inkludert kor omfattande og langvarig spesialundervisninga er. Dette handlingsrommet har samanheng med at retten til spesialundervisning ikkje oppstår så lenge ein elev får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa, noko skolen i stor grad kan påverke. Lokalt handlingsrom bør framleis vere det overordna utgangspunktet for regulering på dette området.
Slik departementet vurderer det, tilseier likevel dei store variasjonane i dugleikar og i bruken av spesialundervisning at det er behov for ei presisering av forventningane til korleis skolane jobbar med tilpassa opplæring. Med utgangspunkt i funn frå forsking meiner departementet at ein forsterka innsats bør rettast inn mot dei første åra i grunnskolen. Målet med ein forsterka innsats er at skolane skal jobbe betre for å fange opp tidleg og gi støtte til elevar med svake dugleikar i lesing, skriving eller rekning. Departementet meiner derfor at det bør fastsetjast i opplæringslova og friskolelova at skolen skal sørgje for at elevar på 1.–4. trinn som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring, slik at dei når den forventa progresjonen. Departementet foreslår at dette blir fastsett i ein ny § 1-4 i opplæringslova og i ein ny § 3-4b i friskolelova. Ved å fastsetje dette i ein ny paragraf vil det bli tydelegare kva som er særmerkt for 1.–4. trinn, og kva som gjeld generelt om tilpassa opplæring gjennom heile grunnopplæringa.
Ei lovendring vil i seg sjølv ikkje automatisk føre til det ønskte resultatet. Ei lov som gir ei forpliktande og klarare retning om kvar ein vil, vil likevel kunne vere eit godt utgangspunkt for vidare arbeid og oppfølging ute ved skolane, hos skoleeigarane og på nasjonalt nivå. Men sjølv om den foreslåtte føresegna er meint å gi ei klar retning, kjem vi ikkje utanom at ho føreset at det blir nytta eit profesjonelt skjønn, noko som igjen føreset tilstrekkeleg lokal handlefridom. Skal ein få til dette, må lova oppgi eit forpliktande skjønnstema som det er mogleg å halde seg til for skoleeigarane, skolane og lærarane, samtidig som lova ikkje må binde opp på måtar som kan føre til uheldige resultat i det einskilde tilfellet.
Intensiv opplæring er ein del av den ordinære tilpassa opplæringa, men er kjenneteikna av kortvarig og målretta innsats frå skolen i lesing, skriving og rekning for elevar som har behov for det. Det er i denne samanhengen ein premiss at elevane ikkje skal ha avvik frå kompetansemåla i læreplanverket, men bli sette i stand til å følgje den alminnelege progresjonen i undervisninga. Det overordna målet med intensiv opplæring er at elevane raskt får eigna støtte og oppfølging når det oppstår problem, og at problema ikkje får høve til å utvikle seg. Elevane kan slik få oppleve meistring innanfor det ordinære undervisningsfellesskapet (klassen/basisgruppa) i skolen. Elevar som har behov for avvik frå kompetansemåla, eller som ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa trass den ekstra innsatsen, vil ha rett til spesialundervisning. Dette betyr at dersom det er behov for meir langvarig innsats, gjeld reglane for spesialundervisning. Dette betyr òg at det ved intensiv opplæring ikkje skal gjerast enkeltvedtak på bakgrunn av sakkunnig vurdering.
Det er viktig å unngå tidkrevjande saksbehandlingskrav som kan forseinke innsatsen for å hjelpe elevar som treng det. Sjølv om særskilde saksbehandlingskrav bidrar til å vareta rettstryggleiken, meiner departementet at det fører for langt å knyte det til intensiv opplæring, gitt det som er intensjonen med og føresetnadene for tiltaket. På denne bakgrunnen meiner departementet òg at intensiv opplæring bør utformast som ei plikt for skolen, uten at dette korresponderer med ein rett for eleven. Hadde tiltaket blitt utforma som ein rett, ville det slik departementet vurderer det, vore vanskeleg å komme utanom dei vanlege saksbehandlingskrava ved enkeltvedtak, slik det til dømes er ved spesialundervisning, og da er noko av poenget borte. Dette må ein òg sjå i lys av at foreldra til eleven vil kunne krevje at skolen gjer dei undersøkingane som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, dersom dei er urolege for at eleven ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Skolen vil uansett ha sjølvstendig ansvar for å vurdere løpande når det er nødvendig at ein elev får nærmare utgreiing med sikte på å finne ut om eleven har spesielle behov.
Dersom skolen innan rimeleg tid ikkje ser nokon positive effektar av den intensive opplæringa dei har sett i verk, som tilseier at eleven vil kunne følgje progresjonen innanfor det ordinære undervisningsfellesskapet med tilfredsstillande utbytte, må dei vurdere om det er behov for å endre opplegget, eller om eleven vil trenge spesialundervisning. Skolen må òg vere merksam på om det er nødvendig med andre tiltak, til dømes om eleven har behov for briller, noko høyringsinstansar òg har peika på. Denne utfordringa har skolen òg dag.
Nokre elevar vil ha kjende utfordringar, som funksjonsnedsetjingar, som tilseier at det med ein gong blir teke initiativ til sakkunnig utgreiing og enkeltvedtak med sikte på spesialundervisning. Det vil i slike tilfelle ikkje vere grunn til å vente med å setje i gang denne prosessen til intensiv opplæring er forsøkt. Skulle det som følgje av svikt i tidlegare oppfølging av ein elev bli avdekt at eleven har falle så langt etter i lesing, skriving eller rekning at det vil kunne krevje lang tid å rette opp dette, må òg prosedyrane for utgreiing og vedtak om spesialundervisning setjast i gang med ein gong.
Den intensive opplæringa må ta sikte på at eleven når kompetansemåla for dei oppgitte trinna i læreplanverket knytte til lesing, skriving eller rekning innan avslutninga av opplæringa på dei same trinna. Kva som er forventa progresjon i det konkrete tilfellet, må vurderast lokalt ut frå eit fagleg skjønn der ein både ser på kompetansemåla på dei aktuelle områda i læreplanverket og på måloppnåinga i lys av kor langt ein er kommen i undervisning av klassen. Det faglege skjønnet til læraren og dialogen innan profesjonsfelleskapet ved skolane er det viktigaste for å få til god praksis. Når det gjeld vurderinga av behovet til den enkelte eleven, viser departementet til dei eksisterande forskriftsfesta krava som gjeld elevvurdering. Her går det fram at elevane skal få løpande og systematisk undervegsvurdering blant anna med sikte på tilpassa opplæring, noko som føreset tilstrekkeleg oversikt over om elevar står i fare for å bli hengande etter.
Dersom ein elev skårar under kritisk nivå på ei kartleggingsprøve, tilseier det at eleven får oppfølging frå skolen. Det er likevel behov for å påpeike at resultat frå kartleggingsprøver ikkje nødvendigvis vil vere eigna til å fange opp alle elevar som har behov for ekstra oppfølging. Det er òg ein risiko for at å leggje vekt på slike prøver kan føre til ei uheldig vente-og-sjå-haldning som gjer at det går for lang tid før eleven får oppfølging. Formålet med forslaget er at terskelen for å følgje opp ein elev skal vere låg. Ansvaret skolen har for rask oppfølging, vil etter forslaget òg gjelde for elevar som står i fare for å bli hengande etter. Dersom skolane ser at dette er tilfellet, kan dei altså ikkje vente på resultat frå ei kommande kartleggingsprøve før dei set i gang intensiv opplæring for eleven.
Departementet presiserer at det ikkje er noko fasitsvar på korleis intensiv opplæring skal gjennomførast. Det vil kunne vere ulike metodar og pedagogiske opplegg som kan vere eigna. Det vil vere ei pedagogisk og didaktisk oppgåve å ta stilling til kva for tiltak som er nødvendige og formålstenlege for den enkelte eleven. Korleis den intensive opplæringa bør innrettast, må ein vurdere i lys av blant anna behova til eleven og andre tiltak i opplæringa. Departementet legg til grunn at det er skolane og lærarane som er nærmast til å vurdere korleis intensiv opplæring best kan organiserast og gjennomførast.
Forsking finn store effektar av smågruppeundervisning for elevar med svake faglege dugleikar. Dette gjeld særleg dersom undervisinga er basert på strukturerte program. Det er samtidig viktig at smågruppeundervisning ikkje utviklar seg til å bli permanente nivåbaserte elevgrupper. Forsking viser at inndeling av elevar i grunnskolen i eigne klassar på grunnlag av føresetnader eller interesser aukar læringsskilnadene, særleg ved at delen eleven med svake prestasjonar veks (Leuven og Rønning, 2011: Hattie, 2009).
Plikt til å gi intensiv opplæring inneber ikkje eit krav om undervisning i eigne grupper dersom skolen greier å få til eigna intensiv opplæring utan å ta elevar ut i eigne grupper. Regelverket er likevel ikkje til hinder for å gi intensiv opplæring utanfor den ordinære klassen/basisgruppa. Det kan i kortare periodar bli gitt undervisning i ei mindre gruppe enn den ordinære klassen/basisgruppa utan at det blir gjort vedtak om spesialundervisning. Det er ein føresetnad at dette er rekna for å vere nødvendig for læringa til elevane. Samtidig er inkludering eit grunnleggjande prinsipp i norsk skole. Det er viktig at opplæringa blir organisert og gjennomført på ein måte som gjer at eleven i størst mogleg grad kan vere ein del av eit inkluderande læringsmiljø. Departementet viser til Kunnskapsdepartementets rettleiing om organisering av elevane og opplæringslova § 8-2, som gjer greie for regelverket og kva handlefridom skolane har knytt til organiseringa av elevane i undervisningsgrupper.
I høyringa la departementet til grunn at intensiv opplæring om nødvendig kan bli gitt som eineundervisning, og utan særskilde saksbehandlingskrav, gitt at føresetnadene for denne typen opplæring er oppfylte. Det blei vist til at intensiv opplæring ikkje skal vere eit permanent tiltak, og dersom elevane har behov for ekstra tilrettelegging over tid, vil det vere naturleg å vurdere spesialundervisning. Departementet har, bl.a. i lys av høyringsfråsegna til Barneombodet, komme til at det bør takast inn som eit vilkår i lovføresegna at den intensive opplæringa kan bli gitt som eineundervisning i ein kortare periode berre dersom omsynet til eleven sitt beste taler for det.
Dersom oppfølginga av eleven skal bli vellykka, er det viktig at foreldra får nødvendig informasjon frå skolen. Når det gjeld foreldresamarbeidet, viser departementet til reglane om dette i opplæringslova og friskolelova, samt i forskriftane til begge lover. Det følgjer vidare av barnekonvensjonen artikkel 12 at eit barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal ha rett til å gi uttrykk for synspunkta i alle forhold som vedkjem det, og synspunkta til barnet skal bli tillagde tilbørleg vekt i samsvar med alder og modenskap. Barnekonvensjonen har status som norsk lov. Departementet vil påpeike at dette ikkje inneber at eleven må pressast til å ha ei meining om alle sider av opplegget, men det eleven meiner, må bli teke nødvendig omsyn til.
Når det gjeld barnekonvensjonen generelt, inkludert kravet i artikkel 3 om at barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som vedkjem barn, vurderer departementet det slik at det oppgitte opplegget for intensiv opplæring, med tilhøyrande premissar, tilfredsstiller barnekonvensjonen.
Om kravet om rask og eigna intensiv opplæring skal kunne varetakast etter intensjonen, føreset det at skolen har dei nødvendige lærarressursane og den nødvendige kompetansen tilgjengeleg for at dette kan skje. Det er ikkje slik at kravet om intensiv opplæring i seg sjølv utløyser fleire lærarressursar, dersom skolen frå før har tilstrekkeleg med ressursar til å vareta dette. Men dersom skolen ikkje frå før har ressursane dei treng, har skoleeigaren ansvar for at skolen får tilført det som er nødvendig. Det er sentralt at skolen har tilstrekkelege ressursar tilgjengeleg, slik at det ikkje må unødige og forseinkande prosedyrar til for å utløyse ressursane. For å setje skolane i stand til å oppfylle lovkrava er det behov for god kommunikasjon mellom den enkelte skolen og det ansvarlege nivået i kommunen over skolenivået. Tilsvarande gjeld mellom den enkelte friskolen og styret der.
Enkelte høyringsinstansar har uttrykt uro for at eit krav om intensiv opplæring på 1.–4. trinn vil kunne føre til at ressursar frå andre skolar eller trinn som skoleeigaren har ansvaret for, til dømes ressursar til spesialundervisning på ungdomstrinnet, blir tekne for å bli brukte på intensiv opplæring. Departementet vil understreke at skoleeigaren har ansvar for at lova blir følgd på alle trinn og på alle skolar, og kan uansett ikkje gjere disposisjonar som fører til at nokon ikkje får oppfylt rettar dei har, eller at lova på annan måte blir broten. Noko anna er at behovet for spesialundervisning kan minke dersom den intensive opplæringa gir elevane betre utbytte av opplæringa.
Lovforslaget byggjer på ein føresetnad om at det er skolane som i praksis er nærmast til å vurdere korleis den intensive opplæringa skal organiserast og gjennomførast innanfor ramma av regelverket, og til å sjå behova til den enkelte eleven. Departementet meiner derfor plikta til å sørgje for eigna intensiv opplæring bør leggjast til skolen. Skolen er uansett ein del av kommunen, og kommunen har ansvar for å følgje opp regelverket. Det same gjeld styret sitt ansvar for ein friskole.
Lovføresegna føreset at skolane og lærarane skal bruke eit profesjonelt skjønn i oppfølginga av elevane. I denne samanhengen er det viktig å byggje på resultat frå aktuell forsking og undersøkingar, og til erfaringar som er og blir gjorde i landet som heilskap over tid. Departementet vil sørgje for at det blir utarbeidd rettleiingsmateriell og nettressursar for kunnskapsspreiing og erfaringsdeling, slik at intensjonen med lovforslaget blir oppfylt best mogleg.
Sjølv om den foreslåtte føresegna byggjer på ein føresetnad om lokalt handlingsrom og profesjonelt skjønn, må rammene i lova følgjast. Plikta til å gi intensiv opplæring etter den nye føresegna må følgjast opp gjennom internkontrollen til skoleeigaren, og ho vil òg kunne prøvast av statleg tilsyn. Fleire høyringsinstansar har vore uroa for at den foreslåtte føresegna vil kunne føre til kontroll og tilsyn som vil stele tid og bli opplevd som byråkratiserande for skolen. Departementet er samde i at kontroll og tilsyn må ta omsyn til dette og gjennomførast på måtar som ikkje er unødig arbeidskrevjande for skolane.
3.5.2 Oppheving av opplæringslova § 1-3 andre ledd om tidleg innsats
I høyringa foreslo departementet å vidareføre dagens andre ledd om tidleg innsats i opplæringslova § 1-3 som eit nytt andre ledd i ein ny § 1-4 om tidleg innsats, og der første ledd handlar om intensiv opplæring. Tilsvarande framgangsmåte blei foreslått i friskolelova. Fleire av høyringsinstansane meiner forslaget om intensiv opplæring ikkje fører til meir klarleik, og at dagens regulering av tidleg innsats må vere tilstrekkeleg. Departementet meiner det er grunn til å innføre ei plikt til intensiv opplæring. Det er grunngitt ovanfor. Departementet har blant anna på bakgrunn av høyringsfråsegnene likevel komme til at dagens regulering av tidleg innsats ikkje bør vidareførast. Det foreslåtte kravet om intensiv opplæring er klarare i ordlyden og gir meir rettleiing til skolane om kva som er venta av dei, enn det gjeldande kravet om tidleg innsats. Det gjeldande kravet om tidleg innsats vil ikkje få særleg sjølvstendig meining dersom det blir vidareført saman med eit krav om intensiv opplæring. Departementet meiner dessutan at det vil kunne føre til uklarleik i lova. Vi viser elles til Innst. 12 S (2017–2018) med omtale av budsjettforlik der det er oppnådd semje om å innføre ei lærarnorm på skolenivå. Dersom ei slik lærarnorm blir forskriftsfesta, vil det heller ikkje harmonere godt med det eksisterande kravet om lærartettleik som følgjer av reguleringa av tidleg innsats, jf. § 1-3 andre ledd.
3.6 Departementet sitt forslag
Departementet foreslår at opplæringslova får ein ny § 1-4 om tidleg innsats på 1.–4. trinn. Forslaget inneber at skolen på 1.–4. årstrinn skal sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring slik at dei når den forventa progresjonen. Intensiv opplæring er meint å inngå som ein del av den ordinære tilpassa opplæringa, men er kjenneteikna av kortvarig og målretta innsats frå skolen i lesing, skriving eller rekning for elevar som har behov for det. Det er i denne samanhengen ein føresetnad at elevane ikkje skal ha avvik frå kompetansemåla i læreplanverket, men bli sette i stand til å følgje den alminnelege progresjonen i undervisninga innanfor det ordinære undervisningsfellesskapet (klassen/basisgruppa) i skolen. Det overordna målet med intensiv opplæring er at elevane raskt får eigna støtte og oppfølging om dei treng det, slik at problema ikkje får høve til å utvikle seg. Elevar som har behov for avvik frå kompetansemåla, eller som ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa trass den ekstra innsatsen, vil ha rett til spesialundervisning. Dette betyr òg at det ved intensiv opplæring ikkje skal gjerast enkeltvedtak på grunnlag av sakkunnig vurdering.
Vi foreslår elles å ta inn eit vilkår i den nye føresegna om at dersom omsynet til eleven sitt beste taler for det, kan den intensive opplæringa i ein kortare periode bli gitt som eineundervisning. Bortsett frå dette gjeld dei alminnelege reglane for organisering av elevane i grupper òg den intensive opplæringa.
For å skape klarleik og for å bidra til at kravet til tidleg innsats ikkje skal bli unødig komplisert, foreslår vi å oppheve dagens andre ledd om tidleg innsats i opplæringslova § 1-3.
Departementet foreslår at friskolelova får ein ny § 3-4b som inneheld ei tilsvarande føresegn om intensiv opplæring som det er foreslått i opplæringslova. Dessutan foreslår vi å oppheve andre ledd om tidleg innsats i friskolelova § 3-4a.