Prop. 52 L (2017–2018)

Endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova (plikt til å tilby intensiv opplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.)

Til innhaldsliste

4 Plikt til fleirfagleg samarbeid

4.1 Bakgrunnen for forslaget

Førebyggjande arbeid og å ta tak i utfordringar så tidleg som mogleg er viktig ikkje berre i skolen, men òg på mange andre område som vedkjem barn og unge. Forsking viser at læring skjer i eit samspel mellom kognitive, sosiale og emosjonelle dugleikar. Sosiale og emosjonelle dugleikar som uthald, evne til å handtere eigne kjensler, nyfikne og å takle motgang speler ei stor rolle for læringa til elevane.

Årsaka til at ein elev slit fagleg, er ofte samansett. Det kan ha samanheng med ulike sosiale, emosjonelle, psykiske eller fysiske faktorar. Dersom prosentdelen elevar som ikkje fullfører opplæringa med tilfredsstillande kunnskapar er urovekkjande, kan det vere utilstrekkeleg å berre satse på tiltak med ei skolefagleg innretning. Å fullføre grunnopplæringa er viktig for barn og unge òg på andre område enn dei som berre er knytte til utdanningsmoglegheiter, slik som helse og arbeid. Å fullføre skolen kan dessutan bidra til at verknadene av helsetenester, sosiale tenester og barnevernstiltak for livsmoglegheitene til barn og unge blir større enn dei elles ville ha vore.

Eit heilskapleg og fleirfagleg perspektiv føreset samarbeid mellom etatar og samordning av ulike tenester. Sektorlovgivinga pålegg ulike kommunale tenester å samarbeide med skolen, men opplæringslova og friskolelova regulerer ikkje ei tilsvarande plikt for skolen som på ein formålstenleg og tydeleg måte speglar det ansvaret andre tenester har overfor skolen. Dette kan føre til uklarleik og tvil om ansvar. Blant anna viser ei spørjeundersøking til Skole-Noreg frå 2016 at skoleleiarar ser behov for koordinerte tverrfaglege tenester.

4.2 Gjeldande rett

Det følgjer av opplæringslova §§ 15-3 og 15-4 og friskolelova §§ 7-4 og 7-5 at personalet i skolen har opplysningsplikt til barneverntenesta og sosialtenesta. Plikta til å gi opplysningar til barnevernet følgjer òg direkte av barnevernlova § 6-4.

Retten til individuell plan gjeld for pasientar og brukarar med behov for «langvarige og koordinerte tjenester», uavhengig av alder, diagnose og funksjon. Skolen har plikt til å delta i arbeid med individuell plan for elevar med behov for langvarige og koordinerte tenester dersom det er nødvendig, jf. opplæringslova § 15-5 og friskolelova § 3-6a. Retten til individuell plan inneber rett til å få utarbeidd ein plan, men rettskrav på bestemte tenester følgjer ikkje av sjølve planen.

Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring har etter opplæringslova § 9-2 rett til nødvendig rådgiving. Retten inneber blant anna rett til sosialpedagogisk rådgiving, medrekna formidling av kontakt med hjelpeinstansar utanfor skolen. I forskrift til opplæringslova § 22-2 er det blant anna regulert at personalet på skolen skal ha tett kontakt og samarbeid med hjelpeinstansar utanfor skolen slik at det blir samanheng i tiltaka rundt eleven. Tilsvarande rettar og plikter følgjer av friskolelova § 3-11 og forskrift til friskolelova § 7-2.

Kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester til innbyggjarane og andre som oppheld seg i kommunen, er regulert i helse- og omsorgstenestelova (hol.). Kommunen sitt ansvar etter hol. § 3-1 første ledd inneber ei plikt til å leggje til rette for samhandling mellom ulike deltenester i kommunen, og andre tenesteytarar der dette er nødvendig. Primærhelsetenesta i kommunen har ei rekkje plikter til samarbeid om oppvekstmiljøet til barn og unge. Kommunen har ansvaret for helsetenester i skolen, jf. hol. § 3-2 første ledd. Primærhelsetenesta skal òg samarbeide med skolen om tiltak som fremjar godt psykososialt og fysisk lærings- og arbeidsmiljø for elevar, og gi bistand og undervisning i grupper/klassar dersom skolen ønskjer det, jf. forskrift om helsestasjons- og skolehelsetenesta § 2-3. I merknadene til forskrifta er det framheva at bidraget frå skolehelsetenesta i det miljøretta arbeidet bør skje ved skolen og ha ein brei tverrfagleg basis.

Barnevernstenesta skal etter barnevernlova (bvl.) § 3-2 samarbeide med andre sektorar og forvaltningsnivå dersom det kan bidra til å løyse oppgåvene til barneverntenesta, blant anna gi råd og utsegner og delta i planlegging og samarbeidsorgan som blir oppretta.

4.3 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å ta inn ein ny § 15-8 i opplæringslova, der skolen får ei plikt til å samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar. Det blei foreslått at plikta både skulle gjelde samarbeid i konkrete saker for enkeltelevar og samarbeid på systemnivå. Ei tilsvarande plikt blei òg foreslått teken inn i friskolelova i ein ny § 3-6b.

Det blei vist til at plikta skolen har til å samarbeide med andre kommunale tenester, slik departementet oppfattar det, på fleire måtar ikkje er klar nok, sjølv om det òg er mogleg å argumentere for at skolen indirekte har plikt til å delta i tverretatleg samarbeid som følgje av at andre etatar ut frå lovgrunnlaget sitt har plikt til å samarbeide med skolen. Det er ei utfordring at samarbeidsansvaret til skolen ikkje speglar det ansvaret andre kommunale tenester har for å samarbeide med skolen. Mangelfull regulering av ansvaret skolen har for fleirfagleg arbeid, kan skape uklarleik kring rolla og ansvaret til skolen.

Departementet påpeika at sjølv om skolane allereie samarbeider med andre fagmiljø, er det variasjon i korleis og kor ofte slikt samarbeid finn stad. Ut frå forskinga er det grunn til å tru at effekten av tiltak med fagleg innretning knytt til læringa til elevane blir større dersom òg andre faktorar og forhold ved situasjonen til eleven som påverkar læringsutbyttet, blir følgde opp.

I høyringa blei det elles vist til at forslaget på høyring, i tråd med konsultasjonsordninga mellom regjeringa og KS, har blitt behandla som lovmedverknadssak med KS. Fråsegna til KS blei i sin heilskap teken inn i høyringsnotatet, slik at alle høyringsinstansane kunne gjere seg kjende med ho. Av denne fråsegna går det fram at KS meiner lovforslaget er unødvendig. Den nærmare grunngivinga for dette er i hovudsak i samsvar med den ordinære høyringsfråsegna til KS, som er omtalt i punkt 4.4.

4.4 Høyringsfråsegner

Det er 72 høyringsinstansar som har uttalt seg om framlegget. Eit stort fleirtal av dei som har uttalt seg, støttar forslaget, deriblant eit stort fleirtal av dei 35 kommunane som har sendt høyringsfråsegn.

KS støttar ikkje forslaget og meiner plikt til tverrfagleg samarbeid følgjer av opplæringslova og helse- og omsorgstenestelova. Dersom det blir innført ei ny plikt, må ho i så fall vere retta mot skoleeigarane og ikkje mot skolane. Vidare seier dei:

«Skolene har etter annet regelverk en plikt til å samarbeide tverrfaglig med andre etater. Hvorvidt det skal samarbeides med andre instanser i kommunen, vil bero på konkret vurdering av den enkelte elev, men også på skolens kompetanse og kommunens og skolens ressurser.
Forslaget illustrerer en grunnleggende problemstilling når staten legger plikter på virksomhetsnivå innen hver sektor i stedet for å forholde seg til kommunen som ansvarlig for tjenestene. Kunnskapsdepartementet skriver i høringsnotatet at helse- og omsorgsloven gir kommunen en plikt til å legge til rette for samhandling mellom ulike deltjenester innad i kommunen og andre tjenesteytere, der dette er nødvendig. Det skulle dermed være unødvendig å pålegge kommunene/fylkeskommunene plikt til det samme samarbeidet i opplæringsloven. Det strider mot kommunelovens overordnede prinsipp dersom man legger plikter på skolen i stedet for på kommunen/fylkeskommunen, og det undergraver opplæringslovens grunnleggende prinsipp om at det er kommuner og fylkeskommuner som er ansvarlige for å oppfylle retten til grunnopplæring. En overordnet plikt for kommunen/fylkeskommunen innebærer at det er kommunens/fylkeskommunens ansvar at skolene samarbeider med andre instanser.»

Av dei 35 kommunane som har sendt inn høyringsfråsegn, seier 26 at dei støttar forslaget til departementet. 6 av kommunane har ikkje merknader til forslaget, og 3 støttar ikkje forslaget, fordi dei ser det som unødvendig. Oslo kommune, som er blant kommunane som støttar forslaget, stiller spørsmål ved om det er formålstenleg at det må samtykke til frå den enkelte parten som vilkår for samarbeid mellom skolen og andre organ.

Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar forslaget.

Fylkesmennene i Østfold og Oppland støttar forslaget. Fylkesmannen i Hedmark støttar ikkje forslaget og meiner det er unødvendig.

Utdanningsforbundet støttar ikkje forslaget og seier blant anna:

«Framlegget til lovendring er etter Utdanningsforbundet sitt syn unødvendig. Utdanningsforbundet kan ikkje sjå at det er fråværet av ei lovfesta spesifikk plikt for skulen til samarbeid som er utfordringa. Vi er ikkje kjent med at skular motset seg tverrfagleg og tverretatleg samarbeid viss det er til det beste for eleven. Utdanningsforbundet meiner at det ikkje er skulen sin vilje til samarbeid som er problemet. Vi opplever at bemanning, tilgjengelegheit og kompetanse er mykje meir påtrengande utfordringar enn behovet for ei presisering av lovteksten. Vi meiner bemanningsnorm og kompetansekrav innanfor PPT er eit mykje viktigare verkemiddel enn ei lovfesta samarbeidsplikt for skulane […]
Utdanningsforbundet er usamd i departementet si vurdering om at ei endring av opplæringslova som innfører plikt til samarbeid for skulen, ikkje vil innebere auka kostnader for skulen. Eit samarbeid regulert gjennom ei lovfesta plikt vil høgst truleg ha klare økonomiske og særleg administrative konsekvensar.»

Skolenes landsforbund seier i høyringsfråsegna si:

«Når det gjelder punktet om plikt til flerfaglig samarbeid, så ser Skolenes landsforbund at dette er en regulering av oppgaver og ansvarsområder som kommunene allerede har. Der det er vanskelig å få dette samarbeidet til å fungere, er det oftest p.ga. manglende ressurser/tid hos de fagmiljøene det er ønskelig at skal være en støtte for både eleven og skolen. Det å få elever inn til samtaler eller utredninger hos helsesøster, pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT), barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) eller barnevern er allerede i dag vanskelig. Om ikke disse tjenestene tilføres ekstra ressurser, samtidig med at det innføres en plikt til samarbeid med skolene, frykter Skolenes landsforbund at tilbudet til elevene blir enda dårligere enn det er i dag.»

Skolelederforbundet støttar forslaget og seier:

«Skolelederforbundet ser også behovet for mer og bedre samarbeid på tvers av sektorer og fag med tanke på vurdering og oppfølging av barn og unge med vansker knyttet til opplæring og utvikling. Samordning av tjenester, koordinering og samarbeid om tiltak til beste for elevers faglige og sosiale utvikling synes i dag å være av svært varierende kvalitet og omfang. […]
Som nevnt kan det synes som om et slikt samarbeide er mangelvare i mange kommuner. Det må legges til rette for samordning, koordinering og samarbeid på alle nivåer. Skolelederforbundet ser derfor frem imot resultater av 0 – 24 samarbeidet, og håper dette får positive ringvirkninger også i kommunal sektor.
Det foreslås ikke unntak fra taushetspliktreglene i dette forslaget. Det er for Skolelederforbundet sin del uproblematisk. Men det er viktig at kompetansen knyttet til disse reglene bedres hos alle samarbeidende parter. Manglende kunnskap om reglene må ikke hindre samarbeid. Vi mener derfor at lovforslaget bør følges opp med kompetanseheving og økt innsats i hele den kommunale sektoren for å sikre at intensjonen i loven følges. Stivbent byråkrati bør ikke stå i veien for eller forsinke samordning, koordinering og samarbeid om gode tiltak til beste for barn og unges utvikling.»

Elevorganisasjonen støttar forslaget og seier:

«Ved flere tilfeller har ikke skolen de nødvendige ressursene eller kompetansen til å takle problemstillinger for å oppfylle sitt samfunnsansvar. Det er positivt å strekke seg ut til andre aktører med fagkompetanse og erfaring til å bistå barn og unge med helsemessige, personlige, emosjonelle og sosiale vansker.
Elevorganisasjonen peker også på muligheten skolen har til å inngå samarbeid med private aktører, ideelle organisasjoner eller andre med tilsvarende kompetanse. […]
Det er ingen hemmelighet at elever som opplever å ha lærevansker eller andre utfordringer i skolen lettere får problemer med psykisk helse. Elever i ung alder oppfatter når man selv eller andre skiller seg ut fra flertallet. Som alltid, er det viktig at psykisk helse står i fokus. Pedagogene som har ansvar for elevene som får intensivopplæring eller spesialundervisning må ha kompetanse innenfor psykisk helse for å være rustede til å ta tak i utfordringer som mobbing og dårlig selvbilde. Med hensyn til arbeidet med disse lovforslagene, håper Elevorganisasjonen at viktigheten av en god psykisk helse er godt implementert i planlegging og gjennomføring av tiltakene.»

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) støttar framlegget og seier:

«Vi mener at presisering av lovverket med hensyn til skolens ansvar for samarbeid med andre aktører er positiv. Skoler som har oppnådd resultater på elevmiljø og inkludering, har erfaringsmessig vektlagt flerfaglig samarbeid som del av dette strategiarbeidet, og som en del av suksessen. Flerfaglig samarbeid er spesielt viktig i en mangfoldig skole.
Det finnes erfaringer fra norsk skole som kan tjene som eksempler på god praksis i så måte, og som bør kunne brukes som et eksempel på en god praksis som flere skoler bør innføre. Saupstad skole i Trondheim har årlig ‘Ressursuke’ på 2. trinn hvor flere aktører går sammen om kartlegging og tiltak rundt alle elevene. Ressursuka har fokus på mestring og utvikling av språkferdigheter, både faglig og sosialt. I tillegg vektlegges psykisk og fysisk helse. Ressursuka innebærer tverrfaglig observasjon av samtlige elever på 2. trinn en vanlig skoleuke om høsten, med påfølgende tiltak i etterkant i form av kurs. Dette skjer i samarbeid med Barne- og familietjenesten (BFT), NTNU og skolens egen ekspertise. Kursene gis i grupper over 4-6 uker.
Bakgrunnen for Saupstad skoles tiltak er Stortingsmelding 16 og betydningen av å sette inn treffsikre tiltak mot barna tidlig nok. Dette for å oppnå bedre tilpasset opplæring. Ressursuka har vært gjennomført på Saupstad skole siden 2008. Ut fra flere års erfaringer har skolen utviklet en egen modell, som tar utgangspunkt i en modell fra Minde skole i Bergen.»

Sametinget støttar forslaget og seier:

«Sametinget stiller seg positivt til en plikt for skolen til å samarbeide med kommunale tjenestetilbydere. En tydeliggjøring og styrking av samarbeidsplikten kan medføre et bedret skoletilbud for de elevene som har utfordringer på andre områder, som omtalt i høringsnotatet.
Når det gjelder samiske barn, finnes det ikke statistisk materiale om samiske barn og unge om eksempelvis vold, fysisk og psykisk helse og andelen barn hvor det iverksettes tiltak etter barnevernsloven. Samiske elever med særskilte behov og utfordringer er en sårbar gruppe i utdanningssystemet. Disse elevene er avhengig av å få et opplæringstilbud på grunnlag av sitt språk, sine kulturverdier og hvor opplæringstilbudet samtidig er tilpasset dem. Foresatte for barn med særskilte behov melder ofte om at skoleeiere har utfordringer med å tilrettelegge et spesialpedagogisk tilrettelagt opplæringstilbud, som også er på samisk og på grunnlag av samisk kultur. Mer samarbeid mellom kommunale tjenester om oppgaver og ansvarsområder relatert til slike tilfeller, vil etter Sametingets syn kunne føre til økt grad av ivaretakelse av den enkelte samiske elev.»

Barneombodet støttar at det blir lovfesta at skolen skal ha plikt til å samarbeide med andre instansar, men har innspel som blir oppsummerte slik:

  • «– føresegna er for uforpliktande

  • – forslaget må bli vurdert opp mot barnerettane i barnekonvensjonen

  • – regjeringa bør greie ut om barn og unge skal ha ein lovfesta rett til at instansane samarbeider om tenestetilbodet, dersom omsynet til eleven sitt beste tilseier det.»

Helsedirektoratet støttar ei lovfesting av plikta skolen har til å samarbeide med andre tenester, men seier blant anna:

«Slik forslaget til lovtekst er utformet, er samarbeidsplikten begrenset til å gjelde relevante kommunale tjenester. Helsedirektoratet er usikre på om begrensningen til kommunale tjenester er hensiktsmessig.
For mange barn og unge som for eksempel har langvarige eller kroniske sykdommer eller tilstander kan det være viktig eller nødvendig at skolen samarbeider med spesialisthelsetjenesten. Spesialisthelsetjenesten (sykehusene, BUP etc.) er statlige tjenester og skolen vil etter den foreslåtte bestemmelsen ikke ha plikt til å samarbeide med disse. Slikt samarbeid kan være svært viktig for å sikre god tilrettelegging av skolehverdagen til barn og ungdom som av ulike grunner behøver oppfølging på sykehus i kortere eller lengre perioder. I tillegg kommer fylkeskommunale tjenester som eksempelvis tannhelsetjenesten, som i enkelte situasjoner kan være en viktig samarbeidspart for skolen. Helsedirektoratet vil også påpeke at deler av barneverntjenesten er statlig, og at Kunnskapsdepartementet bør vurdere om det kan være relevant for skolen å ha plikt til å samarbeide med det statlige barnevernet.»

Både Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) støttar forslaget. Det same gjer Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (Nafo), Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) og Kristne Friskolers Forbund (KFF).

Datatilsynet seier i høyringsfråsegna si blant anna:

«Datatilsynet mener lovteksten må gi tydeligere rammer for den planlagte behandlingen av personopplysninger. Det er også nødvendig med en tilføyelse i lovteksten om at utveksling av personopplysninger i forbindelse med samarbeid med andre tjenester skal være avklart med de foresatte for å sikre at det som registreres om eleven er lovlig, rettferdig og forutsigbart. En slik praksis mener vi også er i tråd med skolens forpliktelse med hensyn til skole-hjem samarbeid.»

4.5 Departementet sine vurderingar

Departementet meiner at opplæringslova og friskolelova bør endrast i tråd med høyringsforslaget. Departementet foreslår òg eit tillegg der det blir gitt særskild heimel for behandling av personopplysningar. Plikta skolen har til å samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar, er slik departementet vurderer det, ikkje gjord tilstrekkeleg tydeleg på ein formålstenleg måte i opplæringslova og friskolelova. Dette gjeld sjølv om viktige aspekt ved samarbeidet er nedfelte i lov- og forskriftsverket i dag, og sjølv om det er mogleg å argumentere for at skolen indirekte har plikt til å delta i tverretatleg samarbeid som følgje av at andre etatar ut frå lovgrunnlaget sitt har plikt til å samarbeide med skolen. Mangelfull regulering av ansvaret skolen har for fleirfagleg arbeid, kan etter det departementet vurderer, skape uklarleik kring rolla og ansvaret til skolen. Samarbeidsplikta bør gjelde både saker for enkeltelevar og samarbeid på systemnivå.

Førebyggjande arbeid og å ta tak i utfordringar så tidleg som mogleg er viktig ikkje berre i skolen, men òg på andre område som vedkjem barn og unge. Læring skjer i eit samspel mellom kognitive, sosiale og emosjonelle dugleikar. Sosiale og emosjonelle dugleikar som uthald, evne til å handtere eigne kjensler, nyfikne og å takle motgang speler ei stor rolle for læringa til elevar. Ut frå forskinga er det grunn til å tru at effekten av tiltak med ei fagleg innretting knytte til læringa til elevane blir større dersom òg andre forhold ved situasjonen til eleven som påverkar læringsutbyttet, blir følgde opp (Pellegrino og Hilton, 2012; OECD, 2013; Backer-Grøndahl, A. & Nærde, 2015; Birch, S.H. & Ladd, G.W., 1997; Heckmann & Kautz, 2013; Durlak mfl., 2011).

Sjølv om skolane allereie samarbeider med andre fagmiljø, er det for stor variasjon i korleis og kor ofte slikt samarbeid finn stad. I NIFU-rapport 2016:46 kjem det fram at skoleleiarar ser behov for koordinerte tverrfaglege tenester. Blant anna var det berre 3 prosent av skoleleiarane som svarte at dei ikkje har elevar ved skolen som har behov for koordinerte tverrfaglege tenester, mens 31 prosent svarte at 6–10 prosent av elevane ved skolen har behov for slike tenester. I Dokument 1 (2013–2014) kritiserer Riksrevisjonen forvaltninga på generell basis for manglande samordning. Her står det at «hvert departement og hver etat konsentrerer sine ressurser om egne ansvarsområder og kjerneoppgaver. Det skaper risiko for at kompetanse og innsats på områder i grenseland mellom sektorer og områder blir nedprioritert og at måloppnåelsen på disse områdene blir svekket».

I Meld. St. 26 (2014–2015) Fremtidens primærhelsetjeneste, viser regjeringa til at mange barn og unge med utfordringar av ulike slag ikkje får den hjelpa og oppfølginga dei burde hatt, og som dei har rett på. Meldinga peikar på at utfordringar og hjelpebehov må bli avdekte på eit så tidleg tidspunkt som mogleg, dersom barn og unge skal få den hjelpa dei treng. Ei utfordring er å få dei ulike kommunale tenestene til å arbeide saman for lett tilgjengelege tenester som er godt samordna. Ny statistikk som koplar barneverns- og utdanningsdata, viser at barn og unge som får eller har fått hjelp frå barnevernet, ofte gjer det dårlegare på skolen, har lågare gjennomføringsgrad og i mindre grad tek høgare utdanning. Tala understrekar kor viktig det er at skolen og barnevernet set inn tiltak så tidleg som mogleg, slik at kvart einskilt barn får den opplæringa det skal ha. Ambisjonen frå statleg nivå er å leggje til rette for at kommunane i større grad skal kunne utvikle og tilby tverrfagleg og meir effektiv oppfølging av utsette barn og unge under 24 år innanfor barnehage, utdanning, helse, barnevern og Nav. Godt samarbeid fremjar ein blant anna gjennom klart definerte roller og sterk leiing og styring på tvers av tenester.

Omgrepet fleirfagleg vurdering og oppfølging viser til eit omfattande fagfelt. Men i denne samanhengen kan tiltaka til dømes handle om mindre tilpassingar i opplæringssituasjonen til ein elev og eigne rutinar i skole–heim–samarbeidet. For instansane utanfor skolen kan tiltaka handle om rådgiving, støtte og rettleiing. Det kan òg vere aktuelt med meir omfattande tiltak, som avlasting og omsorgsovertaking i regi av barnevernet, terapi og andre former for behandling i kommunal regi eller tilvising til spesialisthelsetenesta. På systemnivå kan fleirfagleg samarbeid handle om kunnskapsspreiing og felles tiltak retta mot ernæring eller arbeid med psykososialt miljø.

Tiltak for fleirfagleg vurdering og oppfølging vil kunne gi betre arbeidsdeling mellom dei kommunale tenestene, og kan for skolen bety at lærarar i større grad kan konsentrere seg om undervisning.

Sjølv om det blir lovfesta at skolen har ei plikt til å samarbeide med kommunale tenester, blir det ikkje sett noko forbod mot samarbeid mellom skole og andre tenester, til dømes statlege eller private tenester. Når departementet likevel meiner ein bør vere varsam med å utvide samarbeidsplikta ytterlegare i lova, har det samanheng med eit ønske om å ikkje påføre skolen nye plikter som det kan vere vanskeleg å få oversyn over konsekvensane av.

Ansvaret for å oppfylle plikta til samarbeid med andre relevante kommunale tenester er foreslått lagt til skolen i ordlyden i lova, sidan det er skolen som i utgangspunktet i praksis er nærmast til å vurdere korleis samarbeidet med andre tenester bør oppfyllast innanfor rammene av lova. Departementet meiner denne føresetnaden blir kommunisert best ved at plikta til samarbeid blir lagd på skolen. Skolen er uansett underlagd skoleeigaren, og skoleeigaren har ansvar for å følgje opp lova. Når det gjeld dei nærmaste praktiske samarbeidsformene innanfor rammene av lova, bør skoleeigaren likevel ha høve til å styre dette på ein formålstenleg måte. Skoleeigaren vil elles kunne styre samarbeidet mellom skolane og andre instansar, til dømes statlege, utover det som følgjer av den lovfesta samarbeidsplikta.

Departementet legg til grunn at dersom intensjonen med lovforslaget skal kunne varetakast på ein tilfredsstillande måte, må det vere mogleg for dei samarbeidande kommunale tenestene å behandle personopplysningar. Blant anna i lys av ny personvernforordning i EU (Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/679), som gjeld i EU frå 25. mai 2018, er departementet komne til at heimel til å behandle personopplysningar, også det som etter personopplysningslova 14. april 2000 er omtalt som «sensitive personopplysningar», bør vere eksplisitt lovfesta i eit eige ledd i den nye paragrafen som omhandlar plikta til samarbeid. Skolen og andre kommunale tenester behandlar personopplysningar når dei samarbeider om elever i dag. Departementet legg til grunn at det er heimel for slik behandling av personopplysningar, men meiner den kan gjerast tydeligare. Personvernforordninga er EØS-relevant, og vil truleg bli gjort gjeldande i Noreg. Departementet har i proposisjonen her valt å betegne opplysningane nemnt i forordninga artikkel 9 nr. 1 som «særlege kategoriar av personopplysningar», i tråd med forordninga si terminologi. Omgrepet omfattar langt på veg dei same opplysningane som omgrepet «sensitive personopplysningar», som er brukt i personopplysningslova 14. april 2000. Omgrepet «særlege kategoriar av personopplysningar» skil seg imidlertid frå omgrepet «sensitive personopplysningar» på to punkt. Genetiske opplysningar og biometriske opplysningar som har som formål å eintydig identifisere ein fysisk person er omfatta. Opplysningar om at ein person har vore mistenkt, tiltalt eller dømt for ei straffbar handling er ikkje lenger omfatta av definisjonen, men er særskilt regulert i forordninga. For at heimelsgrunnlaget òg skal omfatte opplysningar om at ein person har vore mistenkt, tiltalt eller dømt for ei straffbar handling, foreslår departementet å legge til «og opplysningar om straffbare forhold» i lovteksten. Personopplysningar skal berre kunne bli behandla så langt det er nødvendig og forholdsmessig for å oppfylle lovintensjonen med samarbeidet. Dette må vurderast konkret i kvart einskilt tilfelle. Dei ansvarlege må sørgje for tilfredsstillande informasjonstryggleik og at lovverket knytt til personvern blir følgt. Elles gjeld dei vanlege reglane for teieplikt, jf. forvaltningslova. Dersom det er behov for samarbeid med andre instansar enn det som følgjer av den nye føresegna om plikt til samarbeid, er informert samtykke ein føresetnad for eventuell behandling av personopplysningar.

Om og eventuelt korleis det skal samarbeidast om enkeltelevar, må uansett vurderast ut frå kva som er barnet sitt beste. Departementet viser til artikkel 3 i barnekonvensjonen, som blant anna fastset at barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar frå det offentlege som vedkjem barn. Departementet viser dessutan til artikkel 12 i same konvensjon om at eit barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal ha rett til å gi uttrykk for synspunkta i alle forhold som vedkjem det, og synspunkta til barnet skal bli tillagde tilbørleg vekt i samsvar med kor gammalt og modent barnet er. Barnekonvensjonen har status som norsk lov. Når det gjeld foreldresamarbeidet, viser departementet til reglane om dette i opplæringslova og forskrift til opplæringslova. Dersom oppfølginga av eleven skal bli vellykka, vil det i mange tilfelle vere viktig at foreldra får nødvendig informasjon frå skolen. Når ein lokalt vurderer om det skal samarbeidast mellom ulike tenester etter den foreslåtte føresegna, kva form samarbeidet skal ha, og kva for personopplysningar som eventuelt skal bli gitt vidare, er det nødvendig òg å vurdere kva ulike framgangsmåtar vil ha å seie for tillitsforholdet til foreldra og til barnet. Eit øydelagt tillitsforhold til foreldra er i utgangspunktet negativt for barnet. Dette inneber at det kan oppstå behov for å gjere vanskelege avvegingar med utgangspunkt i kva som er barnet sitt beste.

Departementet vurderer det slik at det oppgitte opplegget for samarbeid mellom ulike tenester, med tilhøyrande premissar, tilfredsstiller barnekonvensjonen.

4.6 Departementet sitt forslag

Departementet foreslår at opplæringslova får ein ny § 15-8 om samarbeid med kommunale tenester. Forslaget inneber at skolen skal samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar. Samarbeidsplikta er meint å gjelde både i konkrete saker for enkeltelevar og ved samarbeid på systemnivå. Heimel for å behandle personopplysningar, inkludert særlege kategoriar av personopplysningar og opplysningar om straffbare forhold, er foreslått regulert i andre ledd i paragrafen. Slike opplysningar kan behandlast av dei samarbeidande tenestene når det er nødvendig og forholdsmessig for å vareta det lovfesta ansvaret for samarbeid.

Departementet foreslår at friskolelova får ein ny § 3-6b som inneheld ei tilsvarande regulering av samarbeid som det som er foreslått i opplæringslova, i tillegg til heimel for behandling av personopplysningar.

Til forsida