6 Folkehøgskolelova skal gjelde for Svalbard
6.1 Bakgrunnen for forslaget
Lov av 12. juni 2002 nr. 72 om folkehøyskoler (folkehøgskolelova) gir ikkje heimel til godkjenning av folkehøgskolar på Svalbard. I Dokument 8:20 S (2016–2017) blei det foreslått å be regjeringa om å fremje forslag om å utvide verkeområdet for folkehøgskolelova til òg å gjelde på Svalbard. Komiteen slutta seg einstemmig til forslaget, jf. Innst. 178 S (2016–2017). I innstillinga blei det understreka at ei eventuell endring av folkehøgskolelova til òg å omfatte Svalbard ikkje inneber at vanlege prosessar for godkjenning av folkehøgskolar blir endra. Stortinget gjorde vedtak i samsvar med innstillinga.
6.2 Gjeldande rett
Folkehøgskolelova har ingen føresegner om bruk på Svalbard. Det følgjer av dette at folkehøgskolelova ikkje gjeld for Svalbard, jf. svalbardlova § 2, som fastset at andre lovføresegner enn norsk privatrett og strafferett og den norske lovgivinga om rettspleia ikkje gjeld på Svaldbard utanom når dette er særskilt fastsett.
6.3 Høyringsforslaget
I høyringa foreslo departementet å endre folkehøgskolelova slik at ho òg gjeld for Svalbard, jf. forslag til ny § 1a. I høyringa foreslo departementet òg å forskriftsfeste ein regel om at ein eventuell folkehøgskole på Svalbard maksimalt kan ha 10 prosent utanlandske statsborgarar som elevar. Forslaget om forskriftsendring blei sendt på høyring med føresetnad om at Stortinget vedtek å utvide verkeområdet til folkehøgskolelova til òg å gjelde for Svalbard.
6.4 Høyringsfråsegner
Ti av høyringsinstansane har uttalt seg om forslaget. Fire av høyringsinstansane støttar forslaget, mens fem av instansane ikkje har merknader. Éin av høyringsinstansane har enkelte merknader til forslaget.
Longyearbyen lokalstyre støttar høyringsforslaget om å utvide verkeområdet til folkehøgskolelova til òg å gjelde på Svalbard. Lokalstyret viser til Svalbardmeldinga og peikar på at Longyearbyen skal vere
«[…] etablerersted for ny aktivitet og at det skal arbeides for bærekraftige og lønnsomme arbeidsplasser som igjen bidrar til et levedyktig lokalsamfunn i Longyearbyen. Folkehøyskolen vil bidra til helårlige arbeidsplasser.»
Lokalstyret finn det tryggjande at departementet vil leggje vekt på svalbardpolitiske omsyn ved behandlinga av eventuelle søknader om godkjenning av folkehøgskole på Svalbard. Lokalstyret sluttar seg òg til utsegnene i høyringsbrevet om at ein eventuell folkehøgskole på Svalbard skal drive verksemda si innanfor dei ordinære vilkåra i folkehøgskolelova og i samsvar med norsk folkehøgskoletradisjon.
Longyearbyen lokalstyre støttar forslaget frå departementet om å forskriftsfeste ein regel om at ein eventuell folkehøgskole på Svalbard maksimalt kan ha 10 prosent utanlandske statsborgarar som elevar. Lokalstyret ser det slik at dette er i samsvar med målsetjinga om å oppretthalde norske samfunn på Svalbard.
Longyearbyen ungdomsråd er positive til høyringsforslaget og uttaler at ein folkehøgskole på Svalbard blant anna kan bidra til auka forståing og kunnskap om Svalbard og arktiske område, spesielt med tanke på verdiar knytte til natur og miljø. Longyearbyen ungdomsråd trur òg at ein folkehøgskole kan styrkje oppvekst- og kulturtilbodet i Longyearbyen. Trass dette stiller Longyearbyen ungdomsråd seg kritiske til at det blir etablert ein folkehøgskole på Svalbard. Som grunngiving for dette peikar ungdomsrådet på at ei stor utskifting av ungdom som er elevar på ein folkehøgskole, kan gjere det vanskeleg for lokal ungdom å bli kjende med nye venner og halde kontakten. Ungdomsrådet er òg bekymra for at det kan komme fleire ungdommar som kjøper alkohol til mindreårige.
Utdanningsforbundet støttar forslaget om at folkehøgskolelova òg skal gjelde på Svalbard. Utdanningsforbundet uttaler at etablering av ein folkehøgskole på Svalbard vil vere positivt både for lærarar som allereie er etablerte på Svalbard, og for lærarar som ønskjer å etablere seg der. Slik Utdanningsforbundet oppfattar det, vil ein folkehøgskole på Svalbard vere ein positiv tilvekst til utdanningstilboda på øygruppa.
Utdanningsforbundet støttar òg forslaget om å endre forskrifta slik at ein eventuell folkehøgskole på Svalbard maksimalt kan ha 10 prosent utanlandske statsborgarar som elevar. Utdanningsforbundet meiner likevel at prosenten utanlandske elevar kan aukast noko dersom det etter første opptak ikkje skulle vere tilstrekkeleg mange norske søkjarar.
Folkehøgskolerådet støttar forslaget om å utvide verkeområdet for folkehøgskolelova til òg å gjelde på Svalbard.
Justis- og beredskapsdepartementet viser i høyringsfråsegna si til folkehøgskolelova § 5a første ledd siste punktum, som fastset at ein folkehøgskole så langt det er mogleg og rimeleg, skal leggje læringsmiljøet til rette for elevar med særskilde behov. Vidare viser dei til andre ledd, som fastset at det ved utforminga av det fysiske arbeidsmiljøet ved skolen så langt det er mogleg og rimeleg, skal sørgjast for at lokala m.m. skal vere innretta på ein slik måte at funksjonshemma kan studere ved skolen (bokstav g), og at læringsmiljøet er utforma etter prinsippet om universell utforming (bokstav i).
Justis- og beredskapsdepartementet peikar på at Svalbard ikkje er eit livsløpssamfunn med noko fullt utbygd velferdstilbod, og at det lågare skattenivået på øygruppa reflekterer det tenestetilbodet som er tilgjengeleg. Justis- og beredskapsdepartementet viser til at prinsippet om universell utforming derfor ikkje gjeld på Svalbard, og at det er gjort unntak for dette i likestillings- og diskrimineringslova og byggjeforskrifta for Longyearbyen. Justis- og beredskapsdepartementet påpeikar:
«Etter folkehøyskoleloven er ikke kravet like strengt, men tilretteleggingen og utformingen skal skje så langt det er mulig og rimelig. I den vurderingen vil det måtte legges vekt på de særlige forholdene på Svalbard. Et viktig moment vil etter vårt syn være at samfunnet rundt skolen ikke er tilrettelagt for funksjonshemmede på samme måten som på fastlandet.»
Utover dette har Justis- og beredskapsdeparementet ingen merknader til høyringsforslaget.
6.5 Departementet sine vurderingar
Det er i dag 79 folkehøgskolar i Noreg. Formålet med folkehøgskolane er å fremje allmenndanning og folkeopplysning. Folkehøgskolane har ikkje eksamen, og elevane bur i internat på skolen. Skolane fastset sitt eige verdigrunnlag, og dei har pedagogisk fridom.
Folkehøgskolane tilbyr kurs på ei rekkje ulike område. Minst halvparten av den samla verksemda ved den enkelte skolen skal vere langkurs som varer i 95 dagar eller meir, fordelte over minst 16 ½ veke.
Det følgjer av lova at departementet kan godkjenne ein folkehøgskole for tilskot. Folkehøgskolelova er ikkje ei rettslov, og sjølv om ein søkjarskole oppfyller alle minstekrava, har han ikkje rett til godkjenning. For at ein ny skole skal kunne bli godkjend, må det vere rom i statsbudsjettet for tilskotet, jf. Ot.prp. nr. 79 (2001–2002).
Folkehøgskolane får tilskot over kapittel 253 post 70 i statsbudsjettet. I 2018 utgjer det samla statstilskotet vel 820 millionar kroner. Ein elev på eit årskurs på folkehøgskole betaler i gjennomsnitt 105 000 kroner for kursåret. Elevbetalinga skal dekkje kost og losji, materiell og studieturar.
Departementet vil peike på at folkehøgskolane er eit verdifullt supplement til det offentlege skolesystemet. Skoleslaget har lange tradisjonar i Noreg. Utgangspunktet for læringa i folkehøgskolen er erfaringa og kunnskapen til den enkelte eleven, og læring blir utvikla blant anna i dialogen mellom elev og lærar.
Forslaget frå departementet om å endre folkehøgskolelova slik at ho opnar for at det etter søknad kan godkjennast folkehøgskole på Svalbard, har fått brei støtte frå dei høyringsinstansane som har uttalt seg til forslaget. Ingen av høyringsinstansane er imot forslaget, sjølv om éin av instansane – Longyearbyen ungdomsråd – gir uttrykk for enkelte bekymringar knytte til at det eventuelt blir etablert ein folkehøgskole på Svalbard.
Justis- og beredskapsdepartementet viser i høyringsfråsegna si til føresegna i folkehøgskolelova § 5a første ledd om at ein folkehøgskole så langt det er mogleg og rimeleg, skal leggje læringsmiljøet til rette for elevar med særskilde behov, jf. òg andre ledd bokstavane g og i. Slik Justis- og beredskapsdepartementet ser det, må det ved vurderinga av kva som er mogleg og rimeleg, leggjast vekt på dei særlege forholda på Svalbard, blant anna at samfunnet rundt ein eventuell folkehøgskole ikkje vil vere tilrettelagt for funksjonshemma på same måte som på fastlandet. Departementet sluttar seg til denne vurderinga frå Justis- og beredskapsdepartementet og legg til grunn at det ved forståinga av folkehøgskolelova § 5a første ledd siste punktum, jf. andre ledd bokstavane g og i, må leggjast vekt på dei særlege forholda på Svalbard.
Longyearbyen ungdomsråd støttar høyringsforslaget, men er likevel kritiske til at det eventuelt blir etablert ein ny folkehøgskole på Svalbard. Som grunngiving viser dei blant anna til at elevar ved skolen vil kunne kjøpe alkohol til mindreårige. Til dette vil departementet vise til at elevane på folkehøgskole bur på internat, og at dei fleste folkehøgskolar i ordensreglementet har fastsett forbod mot bruk av alkohol i skoletida. Elles viser departementet til føresegnene i alkohollova, jf. spesielt forskrift om alkoholordninga for Svalbard § 1-5 andre ledd, som forbyr sal, skjenking eller utlevering av alkohol til mindreårige på Svalbard.
Departementet understrekar at det ved behandlinga av eventuelle søknader om godkjenning av folkehøgskole på Svalbard – i tillegg til budsjettmessige forhold – òg skal leggjast vekt på blant anna svalbardpolitiske omsyn. I denne samanhengen presiserer departementet at ein eventuell folkehøgskole på Svalbard skal drive verksemda si innanfor dei ordinære vilkåra i folkehøgskolelova og i samsvar med norsk folkehøgskoletradisjon. Dette inneber blant anna at undervisningsspråket ved skolen skal vere norsk.
Departementet understrekar at ei utviding av verkeområdet for folkehøgskolelova til òg å gjelde på Svalbard ikkje inneber nokon endring av ordinære søknadsprosedyrar.
I høyringa spurde departementet òg høyringsinstansane om korleis dei såg på å innføre ein ny § 5a i forskrift til folkehøgskolelova, der det blir fastsett at ein eventuell folkehøgskole på Svalbard maksimalt kan ha 10 prosent utanlandske statsborgarar som elevar. Dei av høyringsinstansane som har uttalt seg til forslaget, støttar det. Utdanningsforbundet meiner likevel at prosenten utanlandske elevar kan aukast noko dersom det ikkje er tilstrekkeleg mange norske søkjarar. Departementet held fast ved at ein eventuell folkehøgskole på Svalbard maksimalt kan ha 10 prosent utanlandske statsborgarar som elevar. Med føresetnad om at Stortinget sluttar seg til lovforslaget i proposisjonen, tek departementet sikte på å endre forskrifta i samsvar med dette, og at ho trer i kraft frå same tidspunkt som lovendringa.
6.6 Departementet sitt forslag
På bakgrunn av gjennomgangen over og i samsvar med høyringsforslaget foreslår departementet å endre folkehøgskolelova slik at ho òg gjeld for Svalbard, jf. forslag til ny § 1 a.