4 Andre endringar i gravplassloven
4.1 Kven som fremjar budsjettframlegg
4.1.1 Gjeldande rett
Etter gravplassloven § 3 andre ledd finansierer kommunen «[u]tgifter til anlegg, drift og forvaltning av gravplasser». Soknet skal fremje budsjettframlegg for kommunen som grunnlag for det kommunale tilskotet.
Gravplassloven § 3 andre ledd må lesast saman med § 23, som seier at det er opp til Kyrkjemøtet å avgjere kva for kyrkjeleg organ som er gravplasstyresmakt etter gravplassloven. Denne oppgåveplasseringa blei stadfesta av Stortinget seinast i Innst. 208 L (2019–2020) punkt 12.2. Kyrkjemøtet har i kyrkjeordninga gitt reglar om det kyrkjelege fellesrådet i kvar kommune. Kyrkjeordninga § 17 fastset at det kyrkjelege fellesrådet er ansvarleg for «anlegg, drift og forvaltning av gravplasser». Etter kyrkjeordninga er det kyrkelege fellesrådet eit organ for sokna i kommunen.
4.1.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet føreslo i høyringsnotatet at ordlyden i gravplassloven § 3 andre ledd skulle reflektere oppgåvefordelinga § 23 opnar for. Dei fleste plassar vil det kyrkjelege fellesrådet etter hovudregelen i gravplassloven § 23 første ledd fremje budsjettframlegg etter § 3 andre ledd. I dei fem kommunane som har overteke ansvaret som lokal gravplasstyresmakt, jf. gravplassloven § 23 andre ledd, skal ikkje fellesrådet fremje budsjettframlegg for kommunen om oppgåvene etter gravplassloven, berre oppgåvene nemnde i trossamfunnsloven § 14 andre ledd.
4.1.3 Høyringa
13 høyringsinstansar var positive til den redaksjonelle endringa. Ingen var negative. I tillegg var det éin merknad.
Stavanger kyrkjelege fellesråd støtta lovendringa, men ønskte at føresegna skulle vise til det kyrkjelege fellesrådet, ikkje soknet. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark ønskte at «begrepet ‘soknet’ tas ut av gravplassloven § 3 andre ledd og erstattes med ‘gravplassmyndigheten’ for å unngå misforståelser».
Bergen kyrkjelege fellesråd og Trondheim kyrkjelege fellesråd støtta framlegget, og la til at den kommunale løyvinga burde vere talfesta til gravplassføremål slik at det blir ope kva som går til kyrkjelege føremål.
4.1.4 Departementets vurdering og framlegg
Korkje gravplassloven eller trossamfunnsloven har reglar om intern kyrkjeleg organisering. Trossamfunnsloven som avløyste kirkeloven, kjenner berre to organ i Den norske kyrkja: Rettssubjektet Den norske kyrkja og soknet, som blir representerte av Kyrkjemøtet og soknerådet. Dette er uttrykk for fridomen til intern organisering i Den norske kyrkja. Departementet meiner det ikkje skapar noka klargjering å erstatte ordet soknet med gravplasstyresmakta i § 3 når ordet det uansett står i § 23.
Departementet meiner det er ei tenleg redaksjonell endring å gjere det klart at det berre er kyrkjelege gravplasstyresmakter som skal fremje budsjettframlegg for kommunen.
4.2 Fristen for å gjennomføre kremasjon
4.2.1 Gjeldande rett
Kistegravlegging eller kremasjon skal skje seinast 10 yrkedagar etter dødsfallet, jf. gravplassloven §§ 10 og 12. Laurdag blir ikkje rekna som yrkedag, jf. gravplassforskriften § 12 første ledd. Etter regelverket må altså seremonien ved kremasjon skje i tide til at krematoriet rekk å kremere innan fristen. Er det langt til krematoriet, må seremonien skje tidlegare. Høvet til å fråvike fristane er regulert i gravplassloven § 13.
4.2.2 Framlegget i høyringsnotatet
I praksis inneber fristen på 10 yrkedagar etter dødsfallet at tidsrommet for å gjennomføre seremoni er kortare ved kremasjon enn ved kistegravlegging, sidan seremonien må skje i tide til at krematoriet rekk å kremere innan fristen. For nokre krematorium inneber fristen at omnen må varmast opp for éin kremasjon eller eit fåtal kremasjonar. Dette gir auka utslepp av klimagassar. Departementet gjorde derfor framlegg i høyringsnotatet om at fristen for kremasjon blir ein frist for å levere kista til krematoriet, ikkje ein frist for gjennomføring av sjølve kremasjonen.
4.2.3 Høyringa
19 høyringsinstansar uttalte seg om dette framlegget. Av desse var 18 positive, og ingen var negative. I tillegg var det éin merknad.
Virke Gravferd hadde ikkje innvendingar til framlegget, og la til at «den generelle fristen kunne vært utvidet uten problemer for noen.»
Oslo kommune uttalte:
«Det er svært positivt at det blir like tidsmessige rammer for gjennomføring av gravferdsseremoni enten man velger kistegravlegging eller kremasjon.
Høringsnotatet peker på utfordringer knyttet til ressursbruk hos mindre krematorier. Vi vil peke på at endringene kan ha positive konsekvenser også ved større krematorium. Jo større krematorium, desto større behov for service og vedlikehold av røykgassystemet. (…)
Nye frister harmonerer godt med virkeligheten på krematoriene, deres ønske om kremasjon raskest mulig, samt ønske om åpenhet rundt gjennomføringen, også om tidsbruk. (…)
Det vil være nyttig om departementet kommenterer på hvilken innvirkning denne endringen vil ha for gravplassmyndighetenes vurdering etter gravplassloven § 13.»
Norsk forening for gravplasskultur uttalte seg i same retning:
«Gravplassforeningen ser behov for en tydeligere presisering fra departementets side om hva som skal gjelde som ‘tungtveiende grunner’. Vårt inntrykk er at gravplassforvaltningene i landet tolker denne bestemmelsen ulikt. Eksempelvis saker der en eller flere etterlatte er forhindret fra å rekke seremoni innen frist for kremasjon, eller mangel på ledige seremonilokaler.»
Bergen kyrkjelege fellesråd uttalte:
«Etter vår erfaring er fristen på 10 dager under press, da det er samme frist som for seremoni og at det ofte ikke er praktisk å gjennomføre kremasjon samme dag som seremonien har vært. Det er også forholdsvis hyppig behov for vedlikehold av ovner som gir kortere eller lenger driftsstans. Miljøhensynet tilsier også at en ikke bør starte kremasjonsovnene for få kremasjoner.
En utsettelse av fristen forutsetter forsvarlig oppbevaring av den avdøde, og kan ha økonomiske konsekvenser ved økt behov for bårerom.»
Trondheim kyrkjelege fellesråd uttalte seg i same retning.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark viste til at finsk rett krev at kremasjonen skal skje «utan onödigt dröjsmål», og meinte at dette «vil kunne fungere også hos oss».
4.2.4 Departementets vurdering og framlegg
Departementet merkar seg at framlegget fekk støtte i høyringa. Framlegget vil gi dei same rammene for gjennomføring av gravferdsseremonien ved kistegravlegging og kremasjon. Kista skal senkjast eller leverast til krematorium innan 10 yrkedagar etter dødsfallet. Det blir då ikkje lenger stilt krav om at kremasjonen skal skje innan same frist som kistesenkinga. Framlegget kan vidare spare ressursar til oppvarming av kremasjonsomnar.
Lovframlegget opnar for at kremasjon kan skje litt seinare enn i dag. Føresetnaden for å kremere seinare er at gravplasstyresmakta eller krematoriet kan oppbevare kista i kjølerom. Gravplassloven § 13 tredje ledd seier at gravplasstyresmakta skal forkorte fristen for å kremere dersom vilkåra for oppbevaring av kista tilseier det. Omsynet til trua eller livssynet til avlidne kan tale for kremasjon tidlegare enn fristen. Kravet om å varsle politiet set på den andre sida grenser for kor raskt kremasjonen kan skje.