5 Finansieringsopplegg
Finansieringsopplegget for fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm omfattar fylkeskommunale midlar og bompengar. I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn at 50 pst. av utbyggingskostnadene blir finansierte med fylkeskommunale midlar og 50 pst. med bompengar. Med utgangspunkt i den økonomiske ramma som fylkeskommunen har lagt til grunn for prosjektet på 1 610 mill. kr 2017-kr, inneber dette eit fylkeskommunalt bidrag på 805 mill. kr og eit bompengebidrag på 805 mill. kr.
Bompengar og bompengeopplegg
Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar i tre automatiske bomstasjonar med innkrevjing i begge køyreretningar. To av bomstasjonane er føresett plasserte på eksisterande fv 17 ved høvesvis Dyrstad og Sprova. Den tredje bomstasjonen er føresett plassert på ny fv 720 ved krysset med fv 17 på Strømsnes, jf. figur 2.1.
Ved plassering av bomstasjonane er det lagt vekt på at trafikantbetalinga skal stå i høve til dei fordelane som trafikantane oppnår ved utbygginga. Det er i tillegg teke omsyn til inndelinga i skolekrinsar. Takstnivået tek omsyn til trafikantnytte ved at dei høgaste takstane er på dei strekningane der fordelane er størst. Det er mogleg å køyre andre vegar enn dei som har bompengeinnkrevjing, men desse alternative rutene vil vere lengre og ha dårlegare standard.
Gjennom Stortinget si handsaming av Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) blei det gitt nye retningslinjer for inndeling i takstgrupper og bruk av rabattordningar. Vidare er det i Prop. 1 S (2016–2017) lagt opp til nye rutinar for fastsetjing av takstar. Takst- og rabattopplegget for dette prosjektet er i tråd med dei nye retningslinjene. Lokale styresmakter er orienterte om dette, og har ikkje bedt om ny handsaming av saka.
For at prosjektet skal vere nedbetalt i løpet av 15 år etter trafikkopning, er det rekna ut at gjennomsnittleg inntekt pr. passering må vere på 20,50 kr i bomstasjonen ved Dyrstad, 36,20 kr i bomstasjonen ved Sprova og 39,50 kr ved Strømsnes med dei føresetnadene som elles er lagt til grunn. Basert på dette er det førebels lagt til grunn grunntakstar utan rabatt som vist i tabell 5.1.
Tabell 5.1 Grunntakstar i dei ulike bomstasjonane
2016-kr | ||
---|---|---|
Bomstasjon | Takstgruppe 1 | Takstgruppe 2 |
Fv 17 ved Dyrstad | 22 | 44 |
Fv 17 ved Sprova | 36 | 72 |
Fv 720 ved Strømsnes | 42 | 84 |
Takstgruppe 1 omfattar lette køyretøy med tillatt totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1). Som hovudregel skal taksten for takstgruppe 2 (tunge køyretøy ekskl. køyretøy i køyretøygruppe M1) vere det dobbelte av taksten for takstgruppe 1, jf. Prop. 1 S (2016–2017). I dei lokalpolitiske vedtaka er det føresett at takstgruppe 2 skal betale det tredobbelte av takstgruppe 1. Sidan køyretøy i takstgruppe 2 ikkje lenger får rabatt, er det likevel berre lagt til grunn dobbel takst.
I tråd med Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) er det lagt opp til 20 pst. rabatt ved bruk av gyldig brikke og brikkeavtale for køyretøy i takstgruppe 1. For køyretøy i takstgruppe 1 er det også lagt til grunn eit passeringstak på 60 passeringar pr. bomstasjon pr. kalendermånad, i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.
Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga. I tråd med føresetnadene i Prop. 1 S (2016–2017) vil rekna gjennomsnittstakst bli nytta som grunnlag for justering av takstane. Før start på innkrevjinga vil gjennomsnittstaksten bli vurdert ut frå kjende faktorar som låneopptak, lånerente og utbyggingskostnad. Forslag til justeringar av takstane som følgje av dette føreset tilslutning frå fylkeskommunen som garantist.
Elles gjeld dei til ei kvar tid gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.
Det er føresett at prosjektet skal inngå i eit av dei nye regionale bompengeselskapa når desse er etablert.
Andre føresetnader for finansieringsplanen
Eventuell kostnadsauke ut over prisstiging skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Kostnader opp til den økonomiske ramma for bompengeprosjektet på 1 610 mill. kr skal dekkjast med 50 pst. fylkeskommunale midlar og 50 pst. bompengar. Eventuelle kostnader ut over denne ramma er fylkeskommunen sitt ansvar og blir dekte med fylkeskommunale midlar.
Eventuelle kostnadsreduksjonar på inntil 10 pst. under den økonomiske ramma for bompengeprosjektet blir fordelte med 50 pst. til fylkeskommunen og 50 pst. til bompengeselskapet. Eventuelle reduksjonar på meir enn 10 pst. tilkjem fylkeskommunen.
Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn venta, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. og forlengje innkrevjingsperioden med inntil 5 år.
Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsplanen:
Lånerente: 5,5 pst. dei første 10 åra, deretter 6,5 pst.
Innskotsrente: 2,5 pst.
Årleg prisvekst og takstauke: 2,5 pst.
Årlege innkrevjings- og driftskostnader: 7,7 mill. kr.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år. Brutto bompengar i 2017-prisnivå er rekna til om lag 1 190 mill. kr. Av dette er om lag 805 mill. kr føresett nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene, om lag 270 mill. kr til å dekkje finansieringskostnader og om lag 115 mill. kr til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.
Det er rekna på eit optimistisk alternativ med følgjande føresetnader:
Årsdøgntrafikken i opningsåra aukar med 5 pst.
Lånerenta blir redusert frå 5,5 og 6,5 pst til 4,5 pst. i heile perioden.
Elles er dei same føresetnadene som i basisalternativet lagt til grunn.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 13 år, dvs. ein reduksjon på om lag 2 år. Alternativt kan takstane reduserast med om lag 13 pst.
Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande føresetnader:
Årsdøgntrafikken i opningsåret blir redusert med 10 pst.
Lånerenta blir auka til 6,5 pst. dei første 10 åra, deretter 7,5 pst.
Takstauke på 20 pst. ut over prisstiging etter to år.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag om lag 20 år, dvs. ein auke på om lag 5 år. Resultatet viser at finansieringsopplegget må vurderast som robust.