9 E16 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark – justert innkrevjingsopplegg
Prosjektet E16 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark vart opna for trafikk hausten 2014. Prosjektet er delvis finansiert med bompengar, jf. Prop. 104 S (2010–2011) og Innst. 372 S (2010–2011). Det vedtekne bompengeopplegget innebar etablering av tre bomstasjonar, ein på ny E16, ein på fv 175 ved Siva og ein på fv 210 (gamle E16) ved Øyset. Bomstasjonen på fv 210 er seinare vedteken flytta fra Øyset til Fulu, jf. Prop. 32 S (2014–2015).
Før innkrevjinga tok til vart det lokalt fremja ønske om endringar i bompengeopplegget, mellom anna for å lette belastninga for dei som bur på Galterud og Fulu. I Prop. 32 S (2014–2015) blei det foreslått justeringar av innkrevjingsopplegget. Forslaget innebar ny plassering av bomstasjon på fv 175 og fv 210, og innføring av passeringstak i bomstasjonen på fv 175. Stortinget vart orientert om at eventuelle endringar måtte gjerast i semje med lokale styresmakter. Samferdselsdepartementet vart i møte 9. februar 2015 samd med Hedmark og Akershus fylkeskommunar om at innkrevjinga likevel skulle starte opp i tråd med det vedtekne opplegget (Prop. 104 S (2010–2011)), men med ei mellombels fritaksordning for dei som bur på Galterud og Fulu. Samferdselsdepartementet skulle deretter gjere ei ny vurdering av korleis innkrevjingsopplegget på sikt kunne tilpassast dei som bur på Galterud og Fulu og leggje dette fram for lokalpolitisk behandling. Innkrevjing i tråd med den mellombelse løysninga starta 27. april 2015.
Som oppfølging av semja med lokale styresmakter om den mellombelse løysninga, har Samferdselsdepartementet foreslått eit justert innkrevjingsopplegg for prosjektet med ei prøvetid på eitt år. Det justerte opplegget inneber halv takst i dei to bomstasjonane på lokalvegane. Gjeldande fritaksordning for dei som bur på Galterud og Fulu, blir vidareført. Både Sør-Odal og Kongsvinger kommunar og Hedmark og Akershus fylkeskommunar har slutta seg til det justerte innkrevjingsopplegget for E16 Kongsvinger – Slomarka.
Med det justerte opplegget blir takstane i bomstasjonen på E16 vidareførte på dagens nivå. For køyretøy i takstgruppe 1 er dagens takst 32 kr. I bomstasjonane på fv 175 og fv 210 blir taksten følgjeleg 16 kr. Køyretøy i takstgruppe 2 betaler dobbel takst i dei tre bomstasjonane, hhv. 64/32/32 kr. Det er rekna med at endringane vil føre til at innkrevijngsperioden aukar med om lag 3 år, frå 13 til 16 år. Dei nye takstane skal etter planen gjelde frå slutten av mars 2017. Det er føresett at ordninga blir evaluert etter eitt år.