1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Justis- og beredskapsdepartementet foreslår i denne proposisjonen endringar i lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her.
Departementet foreslår å heve strafferamma for ulovleg opphald som finn stad etter at ein utlending har blitt utvist på grunnlag av ilagt fengselsstraff, forvaring eller særreaksjon. Etter gjeldande rett er strafferamma bot eller fengsel inntil seks månader eller begge delar. Forslaget er å heve strafferamma til bot eller fengsel i inntil to år.
Ulovleg opphald undergrev den regulerte innvandringa og svekkjer styremaktene sin kontroll med kven som oppheld seg i landet. At fleire av dei som oppheld seg her ulovleg etter å ha blitt utvist på grunn av straffbare handlingar, òg kan utgjere ein særleg kriminalitetstrugsel, er ei alvorleg tilleggsutfordring. Føremålet med lovforslaget er å heve strafferamma, og dermed straffenivået, til eit nivå som har større preventiv verknad og vil føre til at fleire etterlever vedtak om utvising.
Den heva strafferamma vil ikkje gjelde utlendingar som er utviste på grunn av ulovleg opphald eller andre brot på utlendingslova, men berre dei som er utviste på grunn av ilagt straff. Bakgrunnen for dette er for det første at EU sitt returdirektiv, som Noreg pliktar å etterleve, i mange tilfelle er til hinder for bruk av fengselsstraff for ulovleg opphald. Direktivet regulerer derimot ikkje tilfelle der utlendingar er utviste på grunn av straff, då Noreg har nytta seg av høvet til å reservere seg mot dette etter artikkel 2 nr. 2 b. For det andre har departementet, etter ei nærare vurdering, kome til at den heva strafferamma for ulovleg opphald berre bør gjelde tilfelle der vedkomande vart utvist på grunn av ilagt fengselsstraff, forvaring eller særreaksjon.
Departementet foreslår i proposisjonen også ei lovendring som inneber at det i visse tilfelle av brot på innreiseforbod – det vil seie at ein utlending ulovleg returnerer til Noreg i strid med eit utvisingsvedtak – berre skal nyttast fengselsstraff dersom returdirektivet sine prosedyrar for uttransportering frå Schengen-området har vore tekne i bruk, utan at retur har lete seg gjennomføre. Føremålet er å sikre at bruk av fengselsstraff ikkje vanskeleggjer eller forseinkar uttransportering frå Schengen i strid med det Schengen-politiske føremålet med returdirektivet om effektiv utsending av tredjelandsborgarar frå heile Schengen-området.