3 Vurderingane til departementet
Justis- og beredskapsdepartementet har notert seg at nesten alle som har kommentert framlegget til endringar, støttar høyringsframlegget. Høyringa har elles stadfesta at dette er ei aktuell problemstilling på mange ulike felt innanfor både statleg og kommunal sektor, og det er no gjort endå klarare for departementet at det er naudsynt med ei endring av oreigningslova § 4. Departementet held difor fast ved framlegget som var på høyring, og i all hovudsak baserer departementet seg her på dei vurderingane som låg til grunn i høyringsnotatet, og som er omtala under punkt 2.2 ovanfor.
Departementet er samd med Advokatforeningen og Vegdirektoratet i at det er behov for ei avklaring når det gjeld forvaltningslova § 15 og korleis denne gjeld i samband med undersøkingar, men så langt departementet kan sjå, er desse spørsmåla avklara i Ot.prp. nr. 27 (1968–69) side 102. Det går fram her at ein den gongen fann grunn til at forvaltningslova § 15 skulle gjelde ved førehandsundersøkingar etter oreigningslova, og at reglar om plikt til å legitimere seg, om den nærare framgangsmåten osv. ved slike undersøkingar skal følgje av forvaltningslova § 15. Vidare går det fram at sjølve vedtaket om løyve til å gjennomføre undersøkinga, eller om å nekte løyve, kan påklagast til departementet etter vanlege reglar, medan klageretten etter § 15 fjerde ledd gjeld spørsmålet om undersøkinga er lovleg. Desse to klagerettane kan ein ha ved sidan av kvarandre.
På bakgrunn av endringane i § 15 i 1977, omfattar klageretten etter § 15 fjerde ledd truleg noko meir i dag, men denne klageretten er like fullt knytt til sjølve gjennomføringa av tiltaket. Departementet ser difor ingen grunn til å gjera endringar i dette. Klage etter forvaltningslova § 15 fjerde ledd vil typisk gjelde spørsmål om undersøkinga blir gjennomført på rett måte, om ho blir gjennomført på lovleg tidspunkt og liknande. Sidan dette handlar om til dels inngripande tiltak, som no skal kunne tvangsgjennomførast, er det all grunn til å oppretthalde dette klagehøvet. Klagefristen etter forvaltningslova § 15 fjerde ledd andre punktum er dessutan kort, og departementet legg til grunn at slike klagesaker vil kunne avgjerast ganske så snøgt. Såleis vil det i all hovudsak vera tale om ei heilt kort utsetjing av førehandsundersøkingane. Departementet har heller ikkje fått noka melding om at denne klageretten har skapt særlege vanskar i praksis. Utgangspunktet blir såleis at det ikkje kan skje noka tvangsgjennomføring før ei eventuell klage etter forvaltningslova § 15 fjerde ledd er avgjort, men føresegna i § 15 fjerde ledd tredje punktum opnar for å gjennomføre undersøkinga før klagesaka er avgjort, dersom ein finn dette «påtrengende nødvendig».
Vidare finn departementet grunn til å presisere at reglane i tvistelova om mellombels rådgjerd og mellombels sikring elles skal gjelde på vanleg måte i slike saker. Truleg vil dei spørsmåla som kan liggje til grunn for slike krav, i stor grad bli avklara i samband med at det blir teke stilling til krav om tvangsgjennomføring, men grunneigarar og retthavarar vil kunne krevje mellombels rådgjerd på vanleg måte.
Når det gjeld innspelet frå Advokatforeningen om at det bør vurderast å krevja at eit vedtak om førehandsundersøkingar må gjennomførast innanfor ein viss frist, viser departementet til at det alt følgjer av oreigningslova § 4 fyrste ledd fjerde punktum at det skal følgje av løyvet til å gjera førehandsundersøkingar kva tid undersøkingane kan gjerast. Dette skapar klare rammer for begge partar, og departementet kan ikkje sjå behov for noka ytterlegare regulering av når vedtaket må gjennomførast.
Departementet har notert seg synspunktet om at det bør vurderast å gje grunneigaren heimel til å krevja forskot på erstatning for tap som oppstår i samband med gjennomføring av førehandsundersøkingar, men finn det ikkje aktuelt å gå nærare inn på dette no. Ei slik ordning kan eventuelt vurderast nærare på eit seinare tidspunkt, dersom det viser seg at dette er eller blir eit problem i praksis.
Når det gjeld innspelet frå Norges Bondelag om at det skal vera eit vilkår for tvangsgjennomføring at tiltakshavar har sikra dei prova som er naudsynte for at grunneigar eller rettshavar kan vareta interessene sine i saka, finn departementet det lite aktuelt å ta dette inn som eit lovfesta vilkår for tvangsgjennomføring. Det vil for det fyrste vera høgst uklart, og svært avhengig av den konkrete situasjonen, kva som ville vera tilstrekkeleg sikring av prov i slike saker. Eit slikt vilkår ville såleis skape ein usikker situasjon, medan føremålet med lovendringa her er å gjera prosessen enklare og meir føreseieleg. Vidare handlar dette om eventuell tvangsgjennomføring av endelege vedtak om løyve til gjennomføring av førehandsundersøkingar, og innvendingar mot prosessen i saka vil såleis kunne takast opp i ei klagesak på vanleg måte. Departementet viser i denne samanhengen òg til at det vil liggje føre klagerett etter forvaltningslova § 15 fjerde ledd når det gjeld sjølve gjennomføringa av førehandsundersøkingane. Endeleg vil det på vanleg måte kunne setjast fram innvendingar mot tvangsgrunnlaget i samband med at det blir fremja krav om tvangsgjennomføring, jf. tvangsfullføringslova § 4-2 tredje ledd. Dei momenta som blir framheva av Norges Bondelag, kan etter departementet si vurdering såleis varetakast innanfor dei gjeldande ordningane.
Spørsmåla som blir teke opp av Jernbaneverket og Statnett, gjeld ikkje tilhøve som blir handsama i denne saka. Oreigningslova § 4 gjev ikkje heimel for å krevja gjennomført nærare undersøkingar som berre skjer til bruk i arbeidet med planlegging av det konkrete tiltaket det blir ekspropriert til, jf. ovanfor under punkt 2.1. Departementet finn det difor ikkje aktuelt å gå nærare inn på dette her. Når det gjeld behovet for delegering av mynde til å treffe vedtak om løyve til førehandsundersøkingar, bør dette fyrst og fremst takast opp med det overordna eller ansvarlege departementet, og det bør avklarast om dette behovet gjeld fleire organ.
Departementet finn endeleg grunn til å presisere at det etter framlegget berre er vedtak som blir gjorde etter at lovendringa tek til å gjelde, som skal utgjera særlege tvangsgrunnlag. Dette kan handle om til dels inngripande tiltak, og departementet ser det ikkje som aktuelt at eit vedtak som alt ligg føre, brått skal utgjera eit særleg tvangsgrunnlag i tillegg.
Dersom det derimot handlar om ei sak som enno ikkje er avgjort når lovendringa tek til å gjelde, vil det komande endelege vedtaket om løyve utgjera eit særleg tvangsgrunnlag. Det vil i slike tilfelle vera føreseieleg for partane at vedtaket får slike verknadar. Dette må òg gjelde dersom saka er under klagehandsaming på det tidspunktet lova tek til å gjelde. I slike tilfelle ligg det ikkje føre noko endeleg vedtak om løyve til førehandsundersøkingar, og eit eventuelt vedtak om løyve i klagesaka vil då få dei rettsverknadane som på vedtakstidspunktet ligg til slike vedtak.
På denne bakgrunnen opprettheld departementet framlegget om endringar i oreigningslova slik det vart lagt fram i høyringsnotatet, og framlegget går framleis ut på at endringslova skal ta til å gjelde straks. Departementet foreslår å presisere i ei overgangsføresegn at berre vedtak som blir gjorde etter at endringslova tek til å gjelde, skal utgjera eit særleg tvangsgrunnlag. Dette gjeld uavhengig av om vedtaket blir gjort av ein fyrsteinstans eller ein klageinstans.
I tillegg gjer departementet framlegg om nokre ytterlegare språklege endringar i oreigningslova §§ 4 og 19. Dette handlar om å endre ordet «leden» til «ledd» i § 4 andre og tredje ledd og i § 19 fyrste ledd fyrste punktum, slik at det blir samsvar mellom alle delane av dei to paragrafane når det gjeld bruken av ordet, og å endre ordet «etterrøkjaren» i § 19 andre ledd til «den ansvarlege for gjennomføringa av førehandsundersøkingane». Ingen av desse språklege endringane medfører realitetsendringar.