4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Justis- og beredskapsdepartementet legg til grunn at lovforslaget vil ha positive økonomiske og administrative konsekvensar. Ein vil ikkje ha behov for å gjennomføre rettssaker eller vidtgåande forhandlingar for å få gjennomført naudsynte førehandsundersøkingar, og såleis vil ein langt enklare få avklara om det skal setjast i verk ekspropriasjonstiltak. Det blir vidare lettare å få oversikt over kva slags område som eignar seg for ulike slags tiltak, og slik kan ein planleggje arealbruk og annan ressursbruk på ein betre måte.
Kostnadane til gjennomføring av sjølve undersøkingane vil samla sett neppe auke som følgje av utkastet, sidan slike undersøkingar må gjennomførast i alle tilfelle. På kort sikt kan det derimot tenkjast å oppstå nokre auka kostnadar, sidan fleire undersøkingstiltak kan gjennomførast på kortare tid. Desse eventuelle kostnadane vil bli dekte innanfor gjeldande rammer.