2 Nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt for godkjenning
2.1 Porsangmoen – eigedom, bygg og anlegg for materiell
Stortinget vedtok gjennom handsaminga av Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018) å etablere ein fullt oppsett kavaleribataljon på Porsangmoen, og å samle Hæren og Heimevernet sine avdelingar i Finnmark under ei sams leiing. For å følgje opp vedtaket skal det investerast mykje på Porsangmoen. Det er utarbeidd ein studie av moglege alternative løysingar for bygg, anlegg og infrastruktur ved garnisonen. Basert på studien er det laga ei oversikt over planlagt inndeling av dei tiltaka som det er naudsynt å gjennomføre. Nokre av prosjekta er så store at dei må til Stortinget for avgjerd om gjennomføring, medan Forsvarsdepartementet vil setje i gang andre mindre prosjekt innanfor eiga fullmakt. Ved Stortinget si handsaming av Innst. 496 S (2020–2021) til Prop. 123 S (2020–2021) vart prosjektet for bustadar og forlegningar på Porsangmoen sett i gong. I denne proposisjonen vert det lagt fram eit prosjekt for eigedom, bygg og anlegg for materiell på Porsangmoen.
Prosjektet er naudsynt for å få nok garasjar, kunne gjennomføre opplæring og kunne halde ved like materiellet til Kavaleribataljonen på Porsangmoen. Forsvaret har vurdert ulike løysingar, og har gitt si tilråding.
Det er planlagt å byggje to fleirbrukshallar som vil vera varme garasjar med areal for undervisning, troppslager og bur for lagring av personlege klede og utrustning. Løysinga vil vera fleksibel, og bygga kan i framtida tilpassast det som er naudsynt for materiellet og køyretøya til Kavaleribataljonen. I prosjektet skal det og etablerast eit frittståande kontorbygg med kontorplassar med fleksible løysingar for Kavaleribataljonen sitt troppsbefal og med rom for undervisning av soldatane. Vidare er det planlagt eit returpunkt med miljøstasjon og vaskehall med grovspyleanlegg. I Porsanger tekniske verkstad vil ein setja inn ein ny løftebukk i eit av garasjeløpa, slik at ein kan gjere vedlikehald på tungt materiell. Alle tiltaka er planlagt å vera ferdige i 2025.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 363 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for uvisse. Prosjektet si styringsramme vert sett til 302 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og kostnader til gjennomføring. Alle utgifter vert knytt til budsjettkapittel 1710, post 47.
2.2 Værnes – Infrastruktur
Gjeldande langtidsplan for forsvarssektoren viser at aktiviteten på Værnes vil få ein vesentleg auke. Skulesenteret til Luftforsvaret held fram etableringa si, og Heimevernet ved Trøndelag heimevernsdistrikt (HV-12) vert vidareført med sitt standkvarter og tilhøyrande underavdelingar. Personell frå Forsvarets logistikkorganisasjon, Cyberforsvaret og Forsvarsbygg flyttar frå sine lokasjonar og inn i det nye forsyningsbygget på Værnes. I tillegg er United States Marine Corps (USMC) periodevis på Værnes i samband med trening og øving, samt at politiet er leigetakar for å kunne drive øving.
Infrastrukturen i Værnes garnison har nådd teknisk levealder og anlegget er utdatert i høve til dagens tekniske krav og løysingar. Anlegget vart etablert på 1950-talet for å dekke behova til tidlegare Værnes flystasjon. Prosjektet skal modernisere og tilpasse eksisterande infrastruktur, samt etablere ny infrastruktur i garnisonen i samsvar med behov for utbygging, samt krav i lov og forskrift. Prosjektet skal mellom anna sikre forsyningstryggleik for vatn og elektriske anlegg. Store delar av fjernvarmenettet er i dårleg stand og treng modernisering. Prosjektet er planlagt å stå ferdig innan utgangen av 2024.
Tilrådd kostnadsramme for prosjektet er 283 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for uvisse. Prosjektet si styringsramme er sett til 243 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og kostnadar til gjennomføring. Alle utgifter vert knytt til budsjettkapittel 1710, post 47.