3 Omfangsendring av pågåande prosjekt for godkjennning
3.1 Prosjekt 5007 – Artillerilokaliseringsradar
Prosjektet vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. 339 S (2019–2020) til Prop. 78 S (2019–2020). Prosjektet skal anskaffe fem artillerilokaliseringsradarar med tilhøyrande pansra køyrety, logistikk og materiell for utdanning. Levering er planlagd innan utgangen av 2024. Kontrakten er inngått og anskaffinga vert gjennomført i eit materiellsamarbeid med Nederland.
Artillerilokaliseringsradarane skal integrerast med Hæren sitt nye artillerisystem. Radarane gir Hæren kapasitet til å lokalisere skytande fiendtlege våpensystem hurtig og nøyaktig.
Ved Stortinget si handsaming av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021) vart det vedteke å styrke Hæren. Dette inkluderer òg tilførsel av ytterlegare radarar til Artilleribataljonen i Brigade Nord. Tilleggsanskaffinga vil bli gjort gjennom utløysing av ein opsjon som allereie ligg i den tidlegare inngåtte kontrakten. Det skal anskaffast inntil tre nye radarar.
Ved inngåing av kontrakten måtte leverandøren forplikte seg til industrielt samarbeid med Noreg. Forpliktinga vil bli auka tilsvarande verdien på opsjonen som vert utløyst.
Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 646 mill. kroner til 2 218 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift. Alle utgifter til investeringa vert knytt til budsjettkapittel 1760, post 45, medan gjennomføringskostnadene vert knytt til kapittel 1760, post 01.
3.2 Prosjekt 5447 – Artillerisystem 155 mm
Prosjektet vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. 83 S (2017–2018) til Prop. 12 S (2017–2018). Prosjektet skal anskaffe 24 artilleriskyts med tilhøyrande ammunisjonskøyretøy, ammunisjon, samt materiell til utdanning og logistikk. Leveransar av K9 artillerisystema starta ultimo 2019 og vart fullført i 2020. Resterande leveranse av ammunisjon er planlagt fullført i 2025.
Det nye systemet erstattar artillerisystem av typen M109G som vart anskaffa på slutten av 1960-talet. Det nye systemet vil ha evne til å levere eldstøtte på avstandar over 40 km på ein effektiv og trygg måte.
Ved Stortinget si handsaming av Innst. 87 S (2020–2021) til Prop. 14 S (2020–2021) vart det mellom anna vedteke å styrke Hæren. Dette inkluderer òg tilførsel av ytterlegare skyts og ammunisjonshandteringskøyretøy til Artilleribataljonen i Brigade Nord. Tilleggsanskaffinga vil bli gjort gjennom utløysing av ein opsjon som allereie ligg i den tidlegare inngåtte kontrakten. Talet på einingar som vert anskaffa avheng av komande forhandlingar om pris. Leveransane er planlagt frå 2024 til 2026.
Ved inngåing av kontrakten måtte leverandøren forplikte seg til industrielt samarbeid med Noreg. Forpliktinga vil bli auka tilsvarande verdien på opsjonen som vert utløyst.
Kostnadsramma for prosjektet vert foreslått auka med 1 008 mill. kroner til 4 726 mill. kroner inkludert ei avsetjing for uvisse, gjennomføringskostnadar og meirverdiavgift. Alle utgifter til investeringa vert knytt til budsjettkapittel 1760, post 45, medan gjennomføringskostnadene vert knytt til kapittel 1760, post 01.