4 Informasjonssaker
4.1 Informasjonssak om beredskap for sikring av oppsetjingsstadene til Heimevernet (HV)
Den tryggingspolitiske utviklinga både internasjonalt og i våre nærområde, samt utviklinga av teknologi som opnar opp for krigføring i nye domene, tilseier stadig skjerpa krav til beredskap i forsvarssektoren. Særleg er høg reaksjonsevne og korte klartider sentralt. Dette inneber mellom anna at det vil vera behov for hurtig lokal respons for å sikra vitale objekt og nøkkelinfrastruktur. Denne responsen er det primært HV som skal ivareta. For å evne dette må HV setje opp styrker med kort reaksjonstid lokalt. Slike oppsetjingsstader har innleiingsvis behov for sikring, slik at oppsetjinga i tilstrekkeleg grad kan skjermast frå ein motstandar sin påverknad. Om oppsetjinga av styrkene ikkje lukkast, inkludert utdeling av våpen, ammunisjon og materiell, vil evna til å løyse dei militære oppdraga vera vesentleg svekka. Slik sikring av eiga oppsetjing vert ivaretatt ved at eit avgrensa tal særleg kvalifiserte og sertifiserte mannskaper lagrar komplette våpen og ammunisjon i eigen bustad. Ordninga vil omfatta eit lite mindretall av styrkene i HV. Det vil stillast strenge krav til tryggleiken, som krav om oppbevaring i godkjent våpenskap, jamlege kontrollar og særskilt seleksjon av personellet. Ordninga medfører kun mindre forvaltningskostnader. Desse vil dekkast innanfor rammene som allereie er gitt til Forsvaret. Ordninga er i første omgang iverksett i avgrensa grad for utvalde sikringsstyrker i HV. Ei slik ordning kan også vera aktuell for andre avdelingar i Forsvaret med særskilte behov knytt til beredskap.
4.2 Informasjonssak om NH90 og mogleg leige av helikopter.
Det har over tid vore alvorlege forseinkingar og ei rekkje andre utfordringar knytt til anskaffinga og innføringa av NH90 maritime helikopter. Konsekvensen er at Forsvaret ikkje har fått den operative kapasiteten ut av helikoptra som det er behov for. I følgje Forsvaret er det usikkert om ambisjonen om initiell operativ evne på fregatt og kystvakt innan 2023 vil nås. Regjeringa har difor sett i gong ei heilskapleg vurdering av Forsvaret sin maritime helikopterkapasitet. Gjennomgangen av den maritime helikopterkapasiteten skal vurdere ulike alternativ for å få på plass ei forsvarleg løysing for framtida. Operative forhold, økonomi, forvaltning, kompetanse, personell, samt juridiske forhold vert vurdert. Konklusjonane vil vera grunnlag for ei avgjerd om vegen vidare for NH90.
I tillegg har Forsvaret nyleg utarbeidd ei vurdering om mogleg leige av sivil helikopterkapasitet som eit supplement til NH90. Det er gjennomført undersøkingar i marknaden for å få avklart om det er aktørar som kan tilby løysningar som dekkjer deler av behovet til Kystvakta for helikopterkapasitet. Vurderinga syner at det er mogleg å leige sivile helikopter, men at oppgåvene ein leigd sivil helikopterkapasitet kan løyse vil vera avgrensa samanlikna med ein militær kapasitet. Funna frå vurderinga av mogeleg leige vil vera ein del av den heilskapelege vurderinga av den maritime helikopterkapasiteten.