2 Bakgrunn. Gjeldande rett
1. mars 2010 blei dei tre ytingane rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad erstatta av arbeidsavklaringspengar. Det var opphaveleg eit vilkår om «behov for» aktiv behandling eller «behov for» arbeidsretta tiltak for rett til arbeidsavklaringspengar etter folketrygdlova § 11-6. Behovet for tiltak var eit rettsleg kriterium for rett til arbeidsavklaringspengar sidan det var behovet som var avgjerande, og ikkje om det faktisk var tildelt eit tiltak. Dette betydde at Trygderetten kunne ta stilling til og overprøve om det var «behov for» bistand i form av behandling eller arbeidsretta tiltak. Dei vurderingane som blei gjort ved innføringa av ordninga går fram av Ot.prp. nr. 4 (2008–2009), punkt 4.4.4.4, samt høyringsnotatet side 7 flg. og 451.
Folketrygdlova § 11-6 hadde følgjande ordlyd da ordninga blei innført:
«§ 11-6. Behov for bistand til å skaffe seg eller beholde arbeid
Det er et vilkår for rett til ytelser etter dette kapitlet at medlemmet
a) har behov for aktiv behandling, eller
b) har behov for arbeidsrettet tiltak, eller
c) etter å ha prøvd tiltak etter bokstavene a eller b fortsatt anses å ha en viss mulighet for å komme i arbeid, og får oppfølging fra Arbeids- og velferdsetaten for å bli i stand til å skaffe seg eller beholde arbeid som han eller hun kan utføre.»
Lova blei endra frå 1. januar 2013, jf. lov 19. oktober 2012 nr. 68, Innst. 396 L (2011–2012) og Prop. 118 L (2011–2012). Som det går fram av lovforslaget, hadde Arbeids- og velferdsdirektoratet gjort departementet merksam på at det var dårleg samanheng mellom folketrygdlova § 11–6 og § 11-8 (aktivitet med sikte på å komme i arbeid). Ordlyden i § 11-6 ga ein uklar heimel for å kunne avslå ytinga før brukaren gjentekne gongar hadde brote kravet til aktivitet i folketrygdlova § 11-8. Føremålet med lovendringa var derfor å klargjere samanhengen slik at regelverket blei meir i tråd med praksis, og å gjere vurderingane enklare for sakshandsamaren.
Gjeldande folketrygdlov § 11-6 lyder slik:
«§ 11-6. Bistand til å skaffe seg eller beholde arbeid
«Det er et vilkår for rett til ytelser etter dette kapitlet at medlemmet for å skaffe seg eller beholde arbeid som han eller hun kan utføre
a) får aktiv behandling, eller
b) deltar på et arbeidsrettet tiltak, eller
c) etter å ha prøvd tiltak etter bokstavene a eller b fortsatt anses å ha en viss mulighet for å komme i arbeid, og får oppfølging fra Arbeids- og velferdsetaten.»
Folketrygdlova § 11-6 set opp tre alternative vilkår. Det finst likevel andre føresegner som kan gi rett til arbeidsavklaringspengar sjølv om medlemmen ikkje fyller vilkåra i § 11-6.
Lovendringa var meint å vere ei klargjering av gjeldande rett. Retten til å få prøvd saka for Trygderetten blei difor ikkje kommentert i lovforslaget. Det går fram av Innst. 396 L (2011–2012) at Arbeids- og sosialkomiteen la til grunn at endringa ikkje skulle føre til innskrenkingar i retten til ytinga eller endre praksis. Eit mindretal presiserte at ein ikkje skulle miste retten til arbeidsavklaringspengar i dei tilfella Arbeids- og velferdsetaten ikkje hadde klart å sikre brukaren eit tilfredsstillande tiltak.
Den 19. desember 2014 uttalte Sivilombodsmannen i sak nr. 2014/1275 at lovendringa hadde ført til ei avgrensing i Trygderettens kompetanse. Ombodsmannen samanlikna Trygderettens avgjerder før og etter endringa. Det viste seg at Trygderetten i fleire saker vurderte at rettens kompetanse til å overprøve Arbeids- og velferdsetatens avslag på arbeidsavklaringspengar var blitt innskrenka etter lovendringa. Sivilombodsmannen fann også støtte i lovas ordlyd og Arbeids- og velferdsetaten sine eigne rundskriv for at det faktisk skjedde ei innskrenkande tolking etter lovendringa.
Trygderetten har kompetanse til å overprøve vedtak om individuelle rettar og plikter etter folketrygdlova, men ikkje etter arbeidsmarknadslova. Arbeidsretta tiltak blir tildelte etter arbeidsmarknadslova. Trygderetten kan difor ikkje overprøve avgjerder om tildeling av tiltaksplassar. I dei tilfella brukaren ikkje var tildelt eit tiltak, førte lovendringa til at den ankande parten reelt sett ikkje fekk prøvd saka si i Trygderetten. Trygderetten stadfesta vedtak om avslag på krav om arbeidsavklaringspengar dersom etaten ikkje hadde tildelt brukaren eit tiltak. Retten tok ikkje stilling til om dei andre vilkåra var oppfylt, for eksempel om arbeidsevna var nedsett. Sivilombodsmannen konstaterte at denne praktiseringa fekk konsekvensar for rettstryggleiken til den ankande parten.
På oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet har Oxford Research og Proba samfunnsanalyse levert rapporten «Klage- og påvirkningsmuligheter for søkere og mottakere av AAP» i 20152. Rapporten viser til at lovendringa i 2013 førte til at Trygderettens kompetanse blei avgrensa, og at det dermed kan «argumenteres med at medlemmenes formelle rettsikkerhet er svekket.»