5 Å vere i stand til å gjennomføre og nyttiggjere seg av tiltaket
5.1 Høyringsnotatet
Departementet foreslo i høyringa å ta inn eit krav om at medlemmen må vere «i stand til å gjennomføre og nyttiggjere seg» av tiltaket i folketrygdlova § 11-6 bokstav b. Føremålet var å gi etaten ein lovheimel for å avslå arbeidsavklaringspengar dersom brukaren ikkje er i stand til å gjennomføre og nyttiggjere seg av tiltaket.
5.2 Høyringsinstansane
Det var fleire av instansane som ikkje kommenterte dette forslaget særskilt, mellom anna Sivilombodsmannen. Advokatforeningen og Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) støtter forslaget. Arbeids- og velferdsdirektoratet uttaler at tillegget til bokstav b i ein viss grad ivertek omsyna med lovendringa i 2013 når det gjeld arbeidsretta tiltak. Direktoratet ser likevel utfordringar med forslaget som kan gjere oppfølgingsarbeidet i etaten krevjande.
Rettspolitisk forening meiner at endringa vil kunne hindre einskilde marginaliserte grupper frå å kunne motta arbeidsavklaringspengar. Foreininga kan ikkje støtte forslaget før dei har fått ei presisering og eksemplifisering av kor grensa går for når ein er i stand til å gjennomføre og nyttiggjere seg av eit tiltak. Landsorganisasjonen i Norge skriv at det kan vere problematisk for Arbeids- og velferdsetaten å identifisere kven og kva for type sjukdommar og plager som gjer at den einskilde ikkje vil kunne nyttiggjere seg eit arbeidsretta tiltak. Gatejuristen i Tromsø og Jussformidlingen i Bergen er kritiske til forslaget. Gatejuristen i Tromsø trekkjer fram at forslaget må sest i samanheng med kravet om å ha gjennomført eller forsøkt å gjennomføre arbeidsretta tiltak for rett til uføretrygd.
Helse- og omsorgsdepartementet og Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser meinte at eit slikt tillegg kunne vere fornuftig, men at det i så fall måtte gå klart fram av lovforarbeida at dette ikkje kunne nyttast som ein heimel til å avslå krav om arbeidsavklaringspengar for marginaliserte grupper.
NAV Skien/Skien kommune skriv at forslaget gir utfordringar knytt til tolking av om eit slikt vilkår vil gjelde den eksisterande «tiltaksmenyen» hos det einskilde NAV-kontoret eller om det betyr arbeidsretta tiltak generelt.
På bakgrunn av innspela til høyringsinstansane, vel departementet på noverande tidspunkt å ikkje fremme eit lovforslag som foreslått i høyringsnotatet.