2 Bakgrunn
2.1 Bruken av bompengar i byane
Dei største byene i Noreg har per i dag etablert såkalla bompengepakker, som gjennom innkrevjing av bompengar blir brukt til å finansiere ulike tiltak etter den gjeldande føresegna i veglova § 27 (tiltak innanfor veglova og investering i og drift av kollektivtrafikk). Det er også etablert bompengepakker for ein del av dei mindre byane i Noreg, der bompengane blir brukt i meir tradisjonell forstand for å finansiere einskilde vegprosjekt. Bompengepakkene i byane står for over halvparten av den totale innkrevjinga av bompengar elles i landet.
Bruken av bompengar i byane byggjer på lokalt initiativ og kommunale og fylkeskommunale vedtak i kommunen(e) det gjeld. Bompengepakkene som blir lagt fram for Stortinget av departementet, byggjer på dei lokale ønska og er såleis eit samarbeid mellom staten, fylkeskommunen og den/dei aktuelle kommunen/kommunane som pakka gjeld. Gjennom dette samarbeidet blir dei ulike prosjekta og tiltaka sett opp i tråd med ei vedteken overordna målsetjing for bompengeinnkrevjinga. I tillegg til bompengefinansieringa blir prosjekta elles finansiert gjennom middel frå dei offentlege budsjetta.
I tråd med gjeldande praksis blir bompengepakkene etablert med bakgrunn i vedtak i den aktuelle kommunen og fylkeskommunen. Statens vegvesen førebur deretter bompengesaka for Samferdselsdepartementet, som til slutt legg saka fram for Stortinget gjennom ein Prop. S.
Etter gjeldande praksis blir det i den einskilde saka utarbeidd ein finansierings- og tidsplan for gjennomføringa av prosjekta i bompengepakka. Etter praksis i Noreg er bompengeordninga i utgangspunktet avgrensa til å gjelde 15 år (eller maksimalt 20 år), men gjenteke gongar har bompengeinnkrevjing i dei større byane blitt forlenga ved eit nytt framlegg for Stortinget, der prosjekta, tiltaka og takstane er vurdert på nytt med ny prioritering.
Ved bompengefinansiering i dei største byområda, fungerer betalingssnitta vanlegvis som ein ring rundt dei indre områda av byen og deler dermed byen inn i eitt eller fleire område der det blir kravd bompengar for å passere, og eit område der det ikkje blir kravd betaling av bompengar for å køyre.
Eit hovudprinsipp for takstutforminga både i byane og på vegnettet elles i Noreg er at brukarane (trafikantane) si nytte av prosjektet som blir betalt med bompengar, skal bli spegla av i takstane for finansieringa, og at alle trafikantar som har nytte av bompengeprosjektet, i prinsippet skal betale bompengar. For å halde innkrevjingskostnadene nede, har det og vore fokus på at takst- og rabattsystemet bør vere enkelt, med så høg grad av standardiserte takstar som mogleg. I det gjeldande generelle takst- og rabattsystemet for bompengeprosjekt, er takstane for køyretøy delt i to grupper:
Takstgruppe 1: Køyretøy med tillate totalvekt til og med 3500 og alle personbilar i køyretøykategori M1, og
Takstgruppe 2: Køyretøy med tillate totalvekt frå og med 3501 kg, med unntak av køyretøykategori M1.
Det gjeld ei standardisert rabattordning på 20 prosent ved bruk av bompengebrikke med gyldig avtale for takstgruppe 1.1 Takstane blir rekna ut på bakgrunn av ei finansieringsanalyse, som blir lagt til grunn i dei lokale myndigheitene sine vedtak.
For byområda er det i dagens system opna for å nytte ulike takstar i og utanom rushtida, noko som er teke i bruk i Bergen, Trondheim og Kristiansand. Opninga for eit avvikande takstopplegg i byane har vore vurdert opp mot framkomsten på vegnettet i byområda og den nytten bilistane har av tiltaka i bompengepakka. Utviklinga i den seinaste tida har òg vore at det er behov for å avgrense trafikken i rushtida.
På bakgrunn av vedtak frå Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune blei forskrift om mellombelse auka bompengetakstar i Bergen kommune fastsett ved kgl. res. 16.12.2016, sjå forskrift 16.12.2016 nr. 1594. Forskrifta gir kommunen og fylkeskommunen høve til å ta i bruk bompengetakstar som er fem gongar så høge som takstane som gjeld til ein kvar tid gjeld når grenseverdiane etter forskrift 1.6.2004 nr. 931 om begrensning om forurensning (forurensningsforskriften) er overskride eller det er venta slik overskriding med varigheit på to dagar eller meir. På bakgrunn av vedtak frå Oslo kommune og Akershus fylkeskommune hausten 2016 arbeidar departementet med ei liknande forskrift for Oslo kommune. Forslaget til forskrift blei sendt på offentleg høring 27. mars 2017 med høringsfrist 30. juni 2017.
På bakgrunn av avtale mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune om revidert Oslopakke 3, har departementet sett i gong eit arbeid som teknisk skal leggje til rette for innkrevjing av miljødifferensierte bompengetakstar, sjå nærare omtalen i kapittel 2.3.
2.2 Behova i byane framover
Som det går fram av Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 har det i Noreg vore ein urbaniseringstrend i lengre tid, og om lag 70 prosent av befolkninga bur i byområde. Prognosane tyder på at befolkninga i byområda vil auke fram mot 2050. Den prosentvise veksten vil vere sterkast i fylka med den største befolkninga, og det er venta at landsdelssentra Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø vil ha høgast vekst.
Urbanisering er eitt av perspektiva som gir rammene for den langsikte samfunnsutviklinga, noko som har stor verknad for innrettinga av transportpolitikken i byområda. Høg konsentrasjon av befolkning, produksjon og konsum gir eit særskilt press på infrastrukturen. Utforminga av transportsystemet og arealbruken er sentrale element i tilrettelegginga for at byområda skal fungere. Gjennom Nasjonal transportplan 2018–2029 legg Regjeringa vekt på både å utvikle gode transportårer i distrikta og utvikle attraktive byområde. Eit viktig element i det sistnemnde er å sørge for god framkomst og eit godt bymiljø. Fram mot 2050 er det store transportbehov som må handterast dersom ein skal ha god framkomst i byområda. Regjeringa satsar mellom anna kraftig på utvikling av kollektive transportløysingar, tilrettelegging for gåing og sykling og at nye teknologibaserte transportløysingar blir tekne i bruk. Regjeringa legg gjennom Nasjonal transportplan vekt på å prioritere middel til gode løysingar med høg kapasitet og som krev mindre areal og gir mindre utslepp.
Dei store byområda har utfordringar knytt til den lokale lufta, der utsleppa frå dagens biltrafikk, saman med vedfyring og andre kjelder til forureining, utgjer ein vesentleg del. Lokal luftforureining gir helseproblem og svekka livskvalitet for mange menneske. Luftforureininga frå biltrafikken i byane er særleg knytt til utslepp av nitrogendioksid (NO2) og svevestøv (PM10, PM2,5), og særleg svevestøv gir høg risiko for helseskader. Det er venta at den teknologiske utviklinga av køyretøya vil redusere utsleppa frå biltrafikken, men det vil ta mange år før køyretøyparken er fornya. Ei utvikling mot stadig fleire null- og lågutsleppkøyretøy bidrar til å betre luftkvaliteten i form av lågare utslepp av nitrogendioksid, og det er venta at talet på overskridingar av grenseverdiane og dei nasjonale måla for nitrogendioksid går ned. Null- og lågutsleppkøyretøy bidrar likevel til konsentrasjonane av svevestøv gjennom slitasje og oppvirvling av vegdekke. Forureining som har opphav frå køyretøya si kontakt med køyrebanen er redusert gjennom tiltak som forbod mot eller avgift for bruk av piggdekk i ein periode av året og tiltak knytt til reinhald og redusert fart. Det er viktig å søke løysingar som på best mogleg måte kombinerer innbyggjarane sine behov for mobilitet med behovet for betre luftkvalitet. På sikt er det òg venta at denne forma for forureining kan bli redusert ytterlegare gjennom fortsatt utvikling av mellom anna mindre forureinande dekk og vegdekke, men reduksjonen vil vere avgrensa dersom biltrafikken i byområda held fram med å auke.
Auka trafikk og bustadbygging i sentrale område gjer òg at stadig fleire blir utsett for støy. Samferdselssektoren står for om lag 90 prosent av støyplagene i Noreg, og av dette er vegtrafikken ansvarleg for om lag 80 prosent. Sektoren har derfor eit særskilt ansvar for støyavbøtande tiltak på den eksisterande infrastrukturen og for å sikre at omsyn til støy blir teke i vare ved planlegging av nye samferdselstiltak og -aktivitetar.
Regjeringa held i Nasjonal transportplan 2018–2029 fast ved målet om at veksten i persontransporten i byområda skal bli teke med kollektivtransport, sykkel og gange. Nullvekstmålet er viktig for å betre framkomsten og den lokale luftkvaliteten i byane, redusere problem knytt til støy og redusere klimagassutsleppa.
Nasjonal transportplan 2018–2029 viser til arbeidet med byvekstavtaler og bymiljøavtaler i dei ni største byområda som det viktigaste verktøyet for å nå nullvekstmålet. Gjennom avtalene blir det lagt opp til eit samarbeid mellom staten, fylkeskommunen og dei berørte kommunane. Avtalene er langsiktige politiske intensjonsavtaler som legg til rette for ein effektiv bruk av verkemiddel på tvers av forvaltningsnivåa, gjennom ein samla innsats for å møte trafikk- og miljøutfordringane. Staten forpliktar seg i avtalene til å bidra med omfattande investeringsstøtte til store fylkeskommunale kollektivløysingar i dei fire største byområda, den såkalla 50/50-ordninga. Løysingane som blir vald, skal bidra til å sikre betre framkomst totalt sett, spesielt ved å leggje til rette for attraktive alternativ til persontransport med privatbil. Eit sentralt element i avtalene er å sikre betre samordning av areal- og transportplanlegging, mellom anna gjennom ei konsentrert utbygging rundt kollektivknutepunkta.
2.3 Arbeid med tekniske endringar i AutoPASS
AutoPASS er systemet for automatisk innkrevjing av bompengar som blir nytta på det offentlege vegnettet i Noreg. Systemet fungerer slik at betalingssnitta registrerer køyretøya automatisk ved passering, enten ved bruk av bompengebrikke eller ved fotografi av køyretøya sitt kjennemerke (registreringsskiltet). Trafikantane passerer utan å stoppe, og bompengane blir vanlegvis fakturert etter passeringa. Systemet består av eit sentralsystem, bompengebrikker og bomstasjonar/betalingssnitt, og er per i dag eigd av Statens vegvesen.
Som nemnt i kapittel 2.1, er det i det gjeldande systemet lagt til rette for at takstane i bompengesystema kan bli rekna ut ifrå køyretøya si vekt og ut frå tida på døgnet. I dei gjeldande tekniske løysingane er det ikkje lagt til rette for at takstane kan variere ut frå køyretøya sine miljøeigenskapar, eller andre former for takstar. Dette er tilpassingar som krev endring av det tekniske systemet.
Departementet bad i brev av 13.04.2015 Vegdirektoratet om å gjennomføre eit utgreiingsarbeid om miljødifferensiering gjennom AutoPASS. Utgreiinga skulle danne grunnlag for vidare vurdering av miljødifferensiering av takstsystemet innanfor bompengeordninga. På bakgrunn av utgreiingsarbeidet ga departementet i brev av 21.06.2016 Vegdirektoratet oppdrag om å tilretteleggje for miljødifferensiering i AutoPASS. Det nye sentralsystemet Grindgut skulle handtere miljødifferenisering. Etter at kontrakten for Grindgut vart terminert, er det arbeidd med tilrettelegging for miljødifferensiering i det gjeldande sentralsystemet, CS Norge. I arbeidet vil det i hovudtrekk bli lagt opp til følgjande klasseinndeling for miljødifferensiering:
Inndeling tunge køyretøy: nullutslepp, ladbar hybrid, Euro VI og «Pre-Euro VI
Inndeling lette køyretøy: nullutslepp, ladbar hybrid, diesel og andre (bensin, gass, etanol, etc.)
Det skal i arbeidet med tekniske endringar bli lagt til rette for at inndelinga kan bli justert seinare, mellom anna i lys av endringane i køyretøyparken. Innføringa av takstar skal bli gjennomført på ein slik måte at omsynet til det pågåande arbeidet med anonymitet i AutoPASS blir teke i vare. Det blir arbeidd ut ifrå at den tekniske tilrettelegginga skal vere ferdig utført 1. oktober 2017, men det er knytt usikkerheit til datoen.
2.4 Offentleg høring
Samferdselsdepartementet sendte i brev av 28. oktober 2016 forslag til endringane i veglova og vegtrafikkloven på alminneleg høring med høringsfrist 9. januar 2017. Høringsbrevet med vedlegg blei sendt følgjande instansar:
Arbeids- og sosialdepartementet
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Utanriksdepartementet
Alta kommune
Bergen kommune
Bodø kommune
Bærum kommune
Datatilsynet
Direktoratet for forvaltning og IKT
Direktoratet for naturforvaltning
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Domstolsadministrasjonen
Drammen kommune
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Fredrikstad kommune
Fylkeskommunane
Fylkesmennene
Førde kommune
Harstad kommune
Haugesund kommune
Helsedirektoratet
Jernbaneverket
Konkurransetilsynet
Kristiansand kommune
Kristiansund kommune
Kystverket
Lier kommune
Miljødirektoratet
Molde kommune
Moss kommune
NAV
Nedre Eiker kommune
Oslo kommune
Politidirektoratet
Porsgrunn kommune
Randaberg kommune
Riksrevisjonen
Ringerike kommune
Sarpsborg kommune
Skattedirektoratet
Skien kommune
Sola kommune
Statens helsetilsyn
Statens innkrevingssentral
Stavanger kommune
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Tolldirektoratet
Trondheim kommune
Tromsø kommune
Tønsberg kommune
Vegdirektoratet
Vegtilsynet
Øvre Eiker kommune
Ålesund kommune
Advokatforeningen
Akademikerne
American Car Club of Norway
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Askøy Bompengeselskap AS
Aust-Agder Vegfinans AS
Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund
Bellona
Bergen Bompengeselskap AS
Bilbransjeforbundet
Bilimportørenes Landsforening
Byggenæringens Landsforening
Bømlo Vegselskap AS
Delta
Eksportvegen AS
Entreprenørforeningen for Bygg og Anlegg
E134 Åkrafjordvegen
Fagforbundet
Fastlandssambandet Halsnøy AS
Finansnæringens Hovedorganisasjon FNH
Finnfast AS
Fjellinjen AS
Fjord1
Elbilforeningen
Fosenvegene AS
Frie Bilimportørers Forening
Framtiden i våre hender
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Gjesdal Bompengeselskap AS
Handels- og Servicenæringens hovedorganisasjon HSH
Hardangerbrua AS
Haugaland bompengeselskap AS
Haugalandspakken AS
Helgeland Veiutvikling AS
Horten bompengeselskap Rv 19 AS
Huseiernes Landsforbund
Hålogalandsbrua AS
Jondalstunnelen AS
Kollektivtrafikkforeningen
Kongelig Norsk Automobilklub
KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon
Kvam bompengeselskap AS
Landsorganisasjonen i Norge
Lastebileiernes Forening
LeasePlan Norge AS
Leverandørenes Utviklings- og Kompetansesenter
Lister bompengeselskap AS
Logikk- og transportindustriens Landsforening
Maskinentreprenørenes Forbund MEF
Motorsykkelimportørenes Forening
Namdal bomvegselskap AS
Natur og Ungdom
Naturvernforbundet
Nedre Glomma Bompengeselskap AS
Nord-Jæren Bompengeselskap AS
Nordland Bompengeselskap AS
Norges Ambulanseforbund
Norges Automobil-forbund
Norges Bilbransjeforbund
Norges Bilutleieforbund
Norges Bonde- og småbrukarlag
Norges Bondelag
Norges Caravanbransjeforbund
Norges Handikapforbund
Norges Huseierforbund
Norges Ingeniørorganisasjon – NITO
Norges Juristforbund
Norges Kommunale Parkeringsforening
Norges Lastebileier-Forbund
Norges Motorsykkelforbund
Norges Naturvernforbund
Norges Politilederlag
Norges Skogeierforbund
Norges Taxiforbund
Norges Turbileierforbund
Norges Velforbund
NORPARK
Norsk Arbeidsmandsforbund
Norsk Caravan Club
Norsk Eiendom
Norsk Elbilforening
Norsk Havneforbund
Norsk Industri
Norsk Motorcykkel Union
Norsk Pendlerallianse
Norsk Tjenestemannslag
Norsk Transportarbeiderforbund
Norsk Veteranvogn Klubb
Norvegfinans
Nye Kristiansand Bompengeselskap AS
Nye Veier AS
Næringslivets Hovedorganisasjon
Næringslivets Hovedorganisasjon – NHO Logistikk og transport
Næringslivets Hovedorganisasjon – NHO Transport
Opplysningsrådet for Veitrafikken
Oslo Sporveier
Politiets Fellesforbund
Regelrådet
Ruter AS
Ryaforbindelsen AS
Sametinget, Sámediggi
SINTEF
STAFO
Statens råd for funksjonshemmede
Svinesundsforbindelsen AS
Sykkylvsbrua AS
Syklistenes Landsforening
Trafikkforsikringsforeningen
Transportbedriftenes Landsforening
Transportbrukernes Fellesorganisasjon
Transportøkonomisk institutt
Troms Bompengeselskap AS
Trygg Trafikk
Tønsberg Hovedvegfinans AS
Utdanningsforbundet
Vegamot AS
Vegfinans E16 Kongsvingervegen AS
Vegfinans E16 Oppland AS
Vegfinans E18 Vestfold AS
Vegfinans E6 Gardermoen-Moelv AS
Vegfinans E6 Oppland AS
Vegfinans Fv34 Oppland AS
Vegfinans Gausdalsvegen AS
Vegfinans Hallingporten AS
Veipakke Salten AS
ViaNova AS
Voss og Omland Bompengeselskap AS
Hovedorganisasjonen Virke
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Yrkestrafikkforbundet
Zero
Østfold bompengeselskap AS
Av høringsinstansane har 45 svart. Følgande høringsinstansar har uttalt seg om forslaget:
Akershus fylkeskommune
Bergen kommune
Buskerudbysamarbeidet2
Finnmark fylkeskommune
Fylkesmannen i Hordaland
Hordaland fylkeskommune
Kristiansand kommune
Miljødirektoratet
Oslo kommune, Byrådsavdeling for miljø og samferdsel
Oslo Politidistrikt
Politidirektoratet
Rogaland fylkeskommune, ved samferdsels- avdelingen
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Trondheim kommune
Troms fylkeskommune
Vegdirektoratet
Østfold fylkeskommune
Advokatforeningen
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Autoriserte Trafikkskolers Landsforening
Finnfast AS
Kongelig Norsk Automobilklub
NHO Ligistikk og transport
NHO Transport
Norges Automobil-Forbund
Norges Lastebileier-Forbund
Norsk elbilforening
Norsk Motorcykkel Union
Norsk Petroleumsinstitutt
Norsk Transportarbeiderforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon
Opplysningsrådet for veitrafikken
Ruter AS
Syklistenes landsforening
Vegfinans AS
Zero
Følgande instansar har uttalt at dei ikkje har merknader til forslaget:
Arbeids- og sosialdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Utanriksdepartementet
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Kystverket
Skattedirektoratet