1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I denne proposisjonen fremjar Kommunal- og moderniseringsdepartementet forslag om enkelte endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven).
Forslaga inneber mellom anna at ansvar for produksjon og utsending av valkort blir overført frå kommunane til departementet. Vidare blir forskriftsheimelen om valkort utvida til å omfatte departementet si myndigheit til å gje nærare føresegner om valstyret sine pliktar i samband med produksjonen og utsendinga. Proposisjonen inneheld også forslag om at kretsendringar skal rapporterast til sentral matrikkeleining (Statens kartverk), og ei presisering av at den som gjer revisjon i vedkomande kommune eller fylkeskommune er utestengd frå val til fylkestinget eller kommunestyret. Det blir også foreslått at omgrepet «helse- og sosialinstitusjoner» blir endra til «helse- og omsorgsinstitusjoner».
Vidare inneheld proposisjonen ein omtale av problemstillingar knytte til for seint innkomne førehandsstemmer. Dette er eit område der det ikkje blir foreslått lovendringar, men der det kan vere aktuelt at departementet fastset forskriftsendringar.
Etter stortingsvalet i 2013 har departementet gjort ei omfattande evaluering av gjennomføringa av valet i kommunane og fylkeskommunane. Det er også gjennomført ei ekstern evaluering. Desse evalueringane blir omtala innleiingsvis i proposisjonen. Forsøka som blei gjennomført ved stortingsvalet i 2013 blir også omtala.
Rapporten departementet mottok frå Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) etter observasjonen ved stortingsvalet i 2013 blir kommentert i proposisjonen.