4 Internasjonal valobservasjon
4.1 Observasjon av stortingsvalet 2013
Vallova fekk i 2009 ei ny føresegn om valobservasjon (§ 15-10). Føresegna forpliktar kommunane til å ta imot og leggje til rette for akkrediterte valobservatørar. Departementet har sidan dette teke imot valobservatørar ved kvart val. Valobservasjon bidreg til å oppretthalde tilliten til valgjennomføringa, og departementet ser på det som nyttig å få innspel på vår eiga valordning og valgjennomføring.
Departementet inviterte både Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) og Cartersenteret til å observere stortingsvalet i 2013. OSSE såg spesielt på endringar i regelverket, det nye elektroniske valadministrasjonssystemet EVA og forsøket med internettstemmegiving. Cartersenteret var spesielt invitert for å observere internettstemmegivinga. Sidan forsøket med internettstemmegiving ikkje skal vidareførast, blir ikkje rapporten omtalt her.
OSSE sende først ein behovsvurderingsdelegasjon til Noreg 4.–6. juni 2013. Basert på anbefalingar etter dette besøket sende OSSEs kontor for demokrati og menneskerettar (ODIHR) ein delegasjon som gjennomførte ein Election Assessment Mission (EAM) ved stortingsvalet. EAM er ein avgrensa valobservasjon som typisk blir utført i land med lange demokratiske tradisjonar, og er den same typen observasjon som blei utført ved stortingsvalet i 2009. Delegasjonen bestod av fire ekspertar frå OSSEs medlemsland. Valobservatørane møtte mellom anna fleire sentrale aktørar i valgjennomføringa, og besøkte vallokale i eit utval kommunar under førehandsstemmegivinga og på valdagen. Delegasjonen leverte ein EAM-rapport med tilbakemeldingar rundt valorganiseringa i Noreg. Departementet er takknemlege for at OSSE valde å gjennomføre valobservasjon i Noreg også i 2013.
I tillegg til observatørar frå OSSE akkrediterte departementet til saman 140 internasjonale valobservatørar. Valobservatørane reiste rundt i Noreg og besøkte vallokale både i førehandsstemmeperioden og på valdagen. I forkant av dette arrangerte departementet eit seminar der observatørane blei informerte om det norske valsystemet. Deltakarar frå 17 ulike nasjonalitetar var representerte her.
4.2 Rapport frå OSSE om stortingsvalet 2013
OSSE offentleggjorde sin EAM-rapport frå stortingsvalet 2013 den 13. januar 2014. OSSE konkluderer slik i rapporten:
«Valget hadde en høy grad av tillit både blant politiske deltakere og offentligheten generelt. Lovgivningen gir et solid grunnlag for å gjennomføre demokratiske valg. Gjennomføringen av valget var profesjonelt og effektivt, og hadde høy tillit blant interessegrupper. Valgmyndigheten fortsetter å gradvis modernisere valgprosessen, blant annet gjennom ulike pilotprosjekter.»
OSSE trekkjer også fram at dei norske vala er prega av ein omfattande stemmeperiode som gir veljarane god moglegheit til å avleggje stemme. Rapporten inneheld 16 oppmodingar der OSSE ber departementet om å vurdere regel- og rutineendringar. Fem av desse er kategoriserte som hovudoppmodingar.
Oppmodingane som gjeld internettstemmegiving, blir ikkje kommenterte her sidan forsøket er avslutta. Tilbakemeldinga inngår som ein del av erfaringane frå forsøket. Oppmodingar som gjeld regelverket om politiske parti og valkampfinansiering, blir heller ikkje kommenterte her.
Departementet har som i 2009 svart på tilbakemeldingane frå OSSE i ein rapport. I rapporten gir departementet tilbakemelding om anbefalingane til OSSE og gjer greie for kva planar som er lagde for å følgje opp anbefalingane. Dette kapitlet inneheld ei oversikt over OSSEs oppmodingar og departementet sine kommentarar til dei ulike problemstillingane.
4.2.1 Plikta å stille til val
OSSE meiner at det er grunn til å gå gjennom den pålagde plikta innbyggjarane har til å godta nominasjon til partilister, for å sikre at plikta stemmer overeins med OSSEs forpliktingar og internasjonale standardar. OSSE tok opp denne problemstillinga også i rapporten etter valet i 2009, noko som førte til at regelen blei endra for lokalval.
Departementet si vurdering
Plikta å stille til val dersom ein er sett opp på ei liste, er omstridd. Ved kvart val opplever personar å bli oppførte på ei liste mot sin vilje. Det kan oppfattast som urimeleg eller ubehageleg, spesielt viss det fører til at ein blir assosiert med politiske standpunkt ein ikkje er einig i. Reelt må personen melde seg inn i eit anna parti for å unngå dette, noko som strir mot organisasjonsfridommen. Det er vanskeleg å forsvare ei slik ordning, og reglane ved lokalval blei derfor endra slik at ein kan levere ei skriftleg erklæring til valmyndigheitene om at ein ikkje ønskjer å stå på den aktuelle lista.
Ei tilsvarande endring for stortingsval krev ei endring i Grunnlova § 63, og det er førebels ikkje blitt fremja forslag om dette i Stortinget. Departementet ser at det er uheldig å ha ulikt regelsett på området, sidan omsyna bak regelendringa for lokalval er like for stortingsval. Departementet meiner derfor at regelen også bør endrast når det gjeld stortingsval.
4.2.2 Klageordninga
OSSE anbefaler at det bør vurderast å la ein kompetent domstol behandle alle valrelaterte ankesaker. Dette blei også anbefalt i rapporten etter valet i 2009, men det blei ikkje gjort nokon endringar på dette området i etterkant.
Departementet si vurdering
Riksvalstyret er klageinstans ved stortingsval, med unntak av klagar om stemmerett og retten til å gi stemme, der Stortinget avgjer klagane. Riksvalstyret skal uttale seg om klagar som Stortinget skal avgjere. Ved stortingsval er det Stortinget sjølv som godkjenner valet, og som påbyr omval dersom valet blir kjent ugyldig. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er sekretariat for riksvalstyret og førebur klagesakene. Ved kommunestyreval og fylkestingsval er departementet klageinstans. Vedtaka departementet gjer i klagesakene er endelege og kan ikkje førast inn for domstolane til overprøving.
Etter stortingsvalet i 2009 bad departementet Venezia-kommisjonen om å greie ut det norske regelverket for klage og godkjenning av val og forholdet til internasjonale forpliktingar. I ei felles fråsegn frå Venezia-kommisjonen og OSSE blei det konkludert med at Noreg bør inkludere domstolane eller eit domstolsliknande organ ved tvisteløysing i valrelaterte saker for å oppfylle internasjonale standardar og krav, og at det bør innførast tidsfristar for kva tid avgjerder i klagesaker skal liggje føre. Vidare er det anbefalt at domstolane eller eit anna uavhengig organ med rettsleg myndigheit skal gjere den endelege godkjenninga av vala.
Departementet vil med bakgrunn i dette vurdere nærmare problemstillinga knytt til klagar og godkjenning av val.
4.2.3 Moglegheita listekandidatar har til å sitje i valstyret
OSSE anbefaler å vurdere ei endring av vallova for å hindre listekandidatar frå å ha stillingar i valadministrasjonen, altså verken i stemmestyra eller i valstyra. Bakgrunnen for dette er ifølgje OSSE å forhindre faktiske eller opplevde interessekonfliktar. Ei liknande oppmoding blei fremja i rapporten etter valet i 2009.
Departementet si vurdering
Departementet er einig i at det er prinsipielt uheldig at kandidatar som sjølve stiller til val, har direkte kontakt med veljarane i stemmesituasjonen. Det er derimot viktig å ikkje setje fleire avgrensingar enn nødvendig. Eit grunnleggjande prinsipp er at færrast mogleg skal vere utelukka frå val til folkevalde organ. Departementet skil her derfor mellom valbarheit til høvesvis valstyre og stemmestyre. Vallova blei endra etter OSSEs oppmodingar i 2009, og listekandidatar kan ikkje lenger sitje i stemmestyre eller vere valfunksjonærar i vallokala.
Departementet vurderte også om lovendringa i tillegg skulle gjelde valstyre, og konkluderte med at det ikkje er nokon grunn til å avgrense moglegheita listekandidatar har til å sitje i valstyre. Valstyret er eit fast utval som kommunestyra og fylkestinga vel, der medlemmane må vere representantar eller vararepresentantar i kommunestyret eller fylkestinget. Møta er opne og planlagde, og det ligg føre offentleg tilgjengelege saksdokument og protokollar. Medlemmane i valstyret har ikkje direkte kontakt med veljarane i valhandlinga, slik medlemmane av stemmestyret har, og samansetjinga er tverrpolitisk. Departementet held fast på denne vurderinga av å tillate listekandidatar å sitje i valstyre, og vil ikkje følgje opp oppmodinga frå OSSE på dette punktet.
4.2.4 Retten individet har til å stille til val
OSSE meiner valordninga bør endrast for å opne for at uavhengige kandidatar kan stille til val, det vil seie uavhengig av eit parti eller ei anna gruppering og uavhengig av kravet til talet på kandidatar på lista. Ein person skal såleis ha høve til å få godkjent ei liste med berre seg sjølv som kandidat.
Departementet si vurdering
Den reelle terskelen for å stille til val i Noreg er låg. Enkeltpersonar treng ikkje vere tilknytte verken eit politisk parti eller ein organisasjon for å stille liste til val. Krava er at lista må ha tilstrekkeleg dokumenterbar støtte i form av signaturar, eventuelt stemmer ved sist val, og må innehalde like mange namn som det er mandat i det aktuelle fylket. Departementet viser til at listesystemet er eit grunnleggjande og velfungerande element i demokratiet vårt, og ser ikkje grunn til å endre på desse reglane.
4.2.5 Om EVA
OSSE oppmodar om at elektroniske system blir testa i god tid før valdagen for å unngå moglege feil og forseinkingar. Dei anbefaler også at myndigheitene kan regulere det elektroniske valadministrasjonssystemet meir detaljert gjennom meir omfattande retningslinjer, for å sikre at alle aspekta blir tekne hand om.
Departementet si vurdering
Implementeringa av EVA i alle kommunar og fylkeskommunar ved stortingsvalet i 2013 var eit svært omfattande arbeid som gav departementet ei ny og krevjande rolle i valgjennomføringa. Utvikling av god funksjonalitet blei prioritert, noko som førte til at systemet ikkje blei testa i god nok tid før det blei teke i bruk. Tidlegare og meir omfattande testing av elektroniske system var eit punkt som også blei trekt fram av kommunane i spørjeundersøkinga som blei sendt i etterkant av valet i 2013. Departementet er derfor i gang med å følgje opp denne oppmodinga. Departementet understrekar at systemet fungerte godt under valet i 2013, men programoppdateringar og feilrettingar kunne vore testa tidlegare før utrullinga til kommunar og fylkeskommunar. Departementet har sett i verk eit nytt testopplegg for EVA slik at all programvare er grundig testa før implementering i systemet. Gjennomføring av testane har høg prioritet i valførebuingane.
Departementet tilbyr omfattande opplæring i bruk av EVA til alle kommunar og fylkeskommunar. Det ligg også føre oppdaterte detaljerte brukarrettleiingar på alle delar av EVA, og departementet har eit stort brukarstøtteapparat tilgjengeleg for kommunane. Ein arbeider kontinuerleg med forbetring på dette området.
Oppmodinga frå OSSE blir også følgt opp i det vidare arbeidet med EVA.
4.2.6 Oppteljing og publisering av valresultat
OSSE anbefaler at valmyndigheitene bør vurdere å offentleggjere valresultata for kvart enkelt vallokale for å styrkje openheita og innsynet endå meir.
Departementet si vurdering
Det er i dag berre dei fire største kommunane som offentleggjer oppteljingsresultat frå valtinget per valkrets. Både veljarane og media ønskjer at resultata per valkrets skal offentleggjerast i fleire kommunar.
Etter regelendringa i forkant av valet i 2013 blei det ikkje lenger mogleg å få resultat per valkrets i førehandsstemmegivinga. Alle veljarane kunne leggje setelen direkte i urna i ein valfri valkrets i kommunen. Det førte til at stemmesetlane ikkje lenger kunne sorterast på krets. Med den noverande rutinen er det altså ikkje mogleg med kretsvise resultat for førehandsstemmegivinga, noko som mellom andre Høgre i si høyringsfråsegn påpeiker er uheldig.
Frå og med valet i 2015 er det departementet som har ansvar for valresultatrapporteringa. Som ein del av dette oppdraget er det vurdert å offentleggjere valresultat kretsvis for fleire kommunar. Det er kommunane sjølve som avgjer om stemmene skal teljast opp kretsvis eller for kommunen samla. Departementet vil leggje til rette for at alle kommunar som har kretsvise oppteljingar, kan få oppteljinga offentleggjord på valresultatsida til departementet. Oppmodinga blir altså teken til følgje for kommunar som på valtinget har kretsvise valresultat.