2 Bakgrunn for lovforslaget
I dag er det valstyra i kommunane som skal sørgje for at det blir produsert og sendt ut valkort. Departementet overtok ansvaret for manntalet og oppdateringa av dette før valet i 2013. Valkorta blir laga på bakgrunn av manntalet. Sidan produksjon og utsending av valkort har nær samanheng med utarbeiding av manntalet, talar dette for at statleg myndigheit også får ansvar for produksjon og utsending av valkorta. Departementet foreslår derfor at ansvaret for produksjon og utsending av valkort blir overført frå kommunane til departementet. Det har også vore behov for å gjere mindre tekniske og språklege endringar i vallova.
I Noreg nyt vi ei høg grad av tillit til at valgjennomføringa er korrekt. Dette er likevel eit område som krev stor merksemd slik at tilliten blir oppretthalden. Departementet vil derfor innleiingsvis peike på kor viktig det er at det ikkje blir innført system- og regelendringar utan at det er gode grunnar til det. Gjennomføring av val krev at det er etablert eit omfattande apparat i kvar enkelt kommune, med mange detaljerte rutinar som alle valfunksjonærane må setje seg inn i for å sikre ei korrekt valgjennomføring. Valet blir gjennomført annakvart år og er inga rutineoppgåve. Det gir utfordringar når det gjeld å sikre kontinuitet. All erfaring tilseier at system- og regelendringar bidreg til at risikoen for feil aukar. Feila kan føre til at veljarane ikkje får stemt, eller til at stemmer blir forkasta. Departementet meiner det er viktig å vere varsam med å innføre endringar som gjeld sjølve stemmegivinga, dersom det ikkje er openberre grunnar som gjer seg gjeldande.
2.1 Høyringa
I høyringsbrev av 3. juli 2014 sende Kommunal- og moderniseringsdepartementet på høyring forslaget om endringar i vallova og valforskrifta. I høyringsnotatet gjorde departementet også greie for evalueringa av stortings- og sametingsvalet i 2013. Høyringsfristen blei sett til 31. oktober 2014. Departementet har fått høyringsfråsegner frå 66 instansar, av desse var 18 utan merknader.
2.2 Høyringsinstansar
Høyringsbrevet blei sendt på høyring til desse høyringsinstansane:
Departementa
Fylkesmenn
Ombodsmannen for forsvaret
Riksrevisjonen
Sametinget
Sametingets ungdomspolitiske utval (SUPU)
Sivilombodsmannen
Sysselmannen på Svalbard
Barneombodet
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Den norske kyrkja
Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Finanstilsynet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Helsedirektoratet
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
Konkurransetilsynet
Likestillings- og diskrimineringsnemnda
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Medietilsynet
Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)
Noregs Bank
Noregs forskingsråd
Riksarkivet
Skattedirektoratet
Statens helsetilsyn
Statens kartverk
Statens råd for likestilling av funksjonshemma
Statens seniorråd
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Utdanningsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Fylkeskommunar
Kommunar
Longyearbyen lokalstyre
Aftenposten
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Dagbladet
Dagens Næringsliv
Delta
Den Norske Advokatforening
Den Norske Dommerforening
Den norske Helsingforskomité
Den norske Revisorforening
Elevorganisasjonen
EVRY
Fagforbundet
Faglig forum for formannskapssekretærer
Fellesforbundet
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring
Foreldreutvalet for grunnskolen
Forum for Kontroll og Tilsyn (FKT)
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)
Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon
Innvandrernes landsorganisasjon (INLO)
Institutt for samfunnsforsking (ISF)
KS – Kommunesektorens organisasjon
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjoner
Likestillingssenteret
Mediebedriftenes Landsforening
MiRA-Senteret
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
Norges Blindeforbund
Norges Handikapforbund
Norges Juristforbund
Norges Kommunerevisorforbund
Norsk design- og arkitektursenter
Norsk Forbund for Utviklingshemmede
Norsk Forening for Bolig- og Byplanlegging
Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR)
Norsk Journalistlag
Norsk Pasientforening
Norsk Pensjonistforbund
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Norsk ressursbank for demokrati og menneskerettar (NORDEM )
Norsk Rådmannsforum
Norsk studentorganisasjon
Norsk sykepleierforbund
Norsk rikskringkasting (NRK)
Norsk Telegrambyrå (NTB)
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Posten
Rokkansenteret
Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
Sparebankforeningen
Tillitsmannsordninga i forsvaret (TMO)
TV2
Unio
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø
Utdanningsforbundet
Valgforum
Verdens Gang (VG)
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)
Arbeidarpartiet
Demokratane
Det Liberale Folkepartiet
Framstegspartiet
Høgre
Kristeleg Folkeparti
Kristent Samlingsparti
Kystpartiet
Miljøpartiet dei Grøne
Noregs Kommunistiske Parti
Partiet Dei Kristne
Pensjonistpartiet
Piratpartiet
Raudt
Samfunnspartiet
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Tverrpolitisk Folkevalde
Venstre
Følgjande instansar har kome med realitetsmerknader til forslaget:
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Brønnøysundregistra
Forbrukarrådet
Helsedirektoratet
Statens kartverk
Akershus fylkeskommune
Buskerud fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Oppland fylkeskommune
Rogaland fylkeskommune
Vest-Agder fylkeskommune
Østfold fylkeskommune
Asker kommune
Bergen kommune
Bremanger kommune
Bærum kommune
Hammerfest kommune
Lenvik kommune
Levanger kommune
Lillesand kommune
Lunner kommune
Mandal kommune
Meland kommune
Oppegård kommune
Radøy kommune
Sandnes kommune
Selbu kommune
Ski kommune
Stavanger kommune
Sør-Fron kommune
Tana kommune – Deanu gielda
Trondheim kommune
Valle kommune
Vefsn kommune
Ålesund kommune
Arbeidarpartiet
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)
Kommunesektorens organisasjon
Norsk Forbund for Utviklingshemmede
Høgre
Noregs kommunistiske parti – Sekretariatet
Noregs kommunistiske parti Midt-Norge
Noregs kommunistiske parti Østfold distrikt
Posten Norge
Tillitsmannsordninga i Forsvaret
Valgforum
Følgjande instansar har svart at dei ikkje har merknader til forslaget:
Forsvarsdepartementet
Helse-og omsorgsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Utenriksdepartementet
Fylkesmannen i Vest-Agder
Kyrkjerådet
Post- og teletilsynet
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Hobøl kommune
Meldal kommune
Molde kommune
Nes kommune
Randaberg kommune
Sauherad kommune
Sel kommune
Fagforbundet