12 Nærare merknadar til lovforslaget
Til endringa i barnelova § 6
Søksmålsfristar og vilkår for å gå til sak om endring av farskap etter §§ 3 og 4 i barnelova vert oppheva slik at foreldra og ein tredjemann som meiner han er far til eit barn får same rett som barnet til å gå til sak om endring av farskap. Departementet foreslår å endra paragrafen tilbake til ordlyden før 1. januar 2014 .
Til endringa i ekteskapslova § 12
Tilvisinga til utanrikstenestelova i ekteskapslova § 12 første stykke bokstav c vert endra slik at ho viser til utanrikstenestelova § 14.
Til endringa i ekteskapslova § 16
Om bakgrunnen for endringa sjå kapittel 11 ovanfor. Føresegna vert endra slik at mynda til å ta avgjerd vert lagd til den eller dei fylkesmenn departementet fastset.
Til endringa i ekteskapslova § 18 a
Om bakgrunnen for endringa sjå kapittel 11 ovanfor. Føresegna vert endra slik at mynda til å ta avgjerd vert lagd til den eller dei fylkesmenn departementet fastset.
Til endringa i brudvigjingslova § 11
Om bakgrunnen for endringa sjå kapittel 11 ovanfor. Føresegna vert endra slik at mynda til å ta avgjerd vert lagd til den eller dei fylkesmenn departementet fastset.