Prop. 85 L (2015–2016)

Endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)

Til innhaldsliste

5 Menneskerettar

For handlingar som angår barn, og som er sett i verk av styresmakter og organisasjonar, skal barnets beste vere eit grunnleggjande omsyn, jf. FNs konvensjon om barnerettane artikkel 3. Departementet legg til grunn at dersom det er tvil om kven som er far til eit barn, vil det vera til beste for barnet å få tvilen avgjort. Både den juridiske faren, ein mann som meiner at han er faren til barnet, og mora til barnet bør difor ha rett til å reisa sak om endring av farskapen, utan at tidsfristar set grenser.

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) tillèt i sin praksis søksmålsfristar i saker om gjenopning av farskap, for å sikra den juridiske stabiliteten i familierelasjonar og for å verna interessene til barnet.1 Ifølgje EMD er tidsfristar i seg sjølv ikkje i strid med menneskerettskonvensjonen.

Barnet kan etter gjeldande rett alltid reisa sak om endring av farskap uavhengig av tida som har gått. Dette gjeld òg barn over 18 år. Departementet legg til grunn at barnet sin rett etter EMK og barnekonvensjonen (BK) er oppfylt både i barnelova i dag og etter forslaget til lovendring.

Fotnotar

1.

Shofman mot Russland, klagenummer 74826/01, dom 24. november 2005.