Prop. 85 L (2015–2016)

Endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)

I

I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre vert det gjort følgjande endringar:

§ 6 første stykke første punktum skal lyde:

Barnet, kvar av foreldra og tredjemann som meiner han er far til eit barn som allereie har ein far, kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller erklæring.

Andre og tredje stykke vert oppheva.

II

I lov 30. juni 1955 nr. 20 om når norsk tenestemakt kan halda brudvigjing i utlandet og utenlandsk tenestemakt i Noreg skal § 11 tredje stykke lyde:

I serhøve kan ei vigjing som er haldi av norsk tenestemakt eller av utanlandsk tenestemakt i Noreg, godtakast som gjeldande, endå om ho vantar bindande kraft etter reglane i første leden. Slik avgjerd kan takast endå om den eine av brudfolka eller båe er avlidne. Departementet fastset kva for fylkesmenn som skal handsame slike saker. Kongen kan gjeva nøgnare reglar om godtakingsvilkåra.

III

I lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap vert det gjort følgjande endringar:

§ 12 første stykke bokstav c skal lyde:

norsk utenrikstjenestemann, jf lov om utenrikstjenesten § 14.

§ 16 andre stykke skal lyde:

Etter begjæring fra en av partene kan ekteskapet likevel godkjennes som gyldig når særlige grunner foreligger. Slik godkjenning kan også gis når én eller begge parter er død. Departementet fastsetter hvilke fylkesmenn som skal behandle slike begjæringer.

§ 18 a andre stykke andre og nytt tredje punktum skal lyde:

Etter begjæring fra begge parter kan ekteskapet likevel anerkjennes dersom sterke grunner taler for det. Departementet fastsetter hvilke fylkesmenn som skal behandle slike begjæringer.

VI

Lova tek til å gjelde straks.