Forslag
til lov om endring i opplæringslova
I
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa gjer ein følgjande endring:
Ny § 15-9 skal lyde:
§ 15-9 Innhenting av opplysningar frå Folkeregisteret
Offentlege myndigheiter kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter denne lova. Departementet gir forskrift om kva for opplysningar som kan innhentast.
II
Endringa under I tek til å gjelde frå 1. oktober 2018.