9 Justering av meirverdiavgift ved kommunesamanslåing og -deling
Unntak frå plikta til å justere meirverdiavgift
I Revidert nasjonalbudsjett 2017 vart det innført eit unntak frå plikta til å justere kompensasjon for meirverdiavgift etter merverdiavgiftskompensasjonsloven ved overdraging av bygg og anlegg i samband med samanslåing og deling av kommunar. Bakgrunnen for endringa var regjeringa si reform av kommunestrukturen i Noreg, der eit sentralt prinsipp er at samanslåingar og delingar ikkje skal medføre utgifter eller prosedyrekrav for kommunane, sjå nærare omtale i Prop. 130 LS (2016 – 2017) kapittel 14. Samanslåing og deling av kommunar og fylkeskommunar fylgjer reglar i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova).
Det vart ikkje foreslått tilsvarande endringar i meirverdiavgiftsregelverket, fordi det for dette regelverket er sentralt at kommunane fylgjer det same regleverket som private verksemder. I høve til kommunale vass- og avlaupsanlegg gjer det seg likevel gjeldande enkelte særlege omsyn. Slike anlegg er regulert i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg, kor det mellom anna er fastsete reglar om kven som kan eige anlegga.
Omsetnad av vass- og avløpstenester frå kommunane utløyser plikt for kommunane til å berekne meirverdiavgift. Motstykket er at kommunane har rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift på kostnader til oppføring og vedlikehald m.m. av vass- og avlaupsanlegg. Slike anskaffingar er omfatta av justeringsreglane i merverdiavgiftsloven kapittel ni. Justering inneber at kommunen må betale tilbake frådragsført meirverdiavgift på anskaffingar av kapitalvarer dersom desse blir selt eller på annan måte teke i bruk utanfor avgiftspliktig verksemd. Ein samanslåing eller deling av kommunar er ei hending som utløyser plikt til å justere.
Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg § 1 andre ledd definerer vass- og avløpsanlegg som hovudleidningar for vatn og avløp, pumpestasjoner, høgdebasseng, anlegg for handtering og reinsing av vatn og avløp m.m. Det fylgjer av § 1 fyrste ledd at anlegg skal vere kommunalt eigde, og at eksisterande privateigde anlegg berre kan overdragast til kommunar. Kommunale vass- og avlaupsanlegg kan berre nyttast til det dei er oppførde for. Av omsyn til kommunane foreslår departementet at det vert fastsett eit unntak frå plikta til å justere meirverdiavgift etter merverdiavgiftsloven ved overdraging av kommunale vass- og avlaupsanlegg i samband med kommunesamanslåingar og delingar.
På denne bakgrunnen foreslår departementet eit nytt sjette ledd fyrste punktum i merverdiavgiftsloven § 9-2. Endringa inneber at det blir fastsett eit unntak frå plikta til å justere inngåande meirverdiavgift ved overdraging av kommunale vass- og avlaupsanlegg ved samanslåingar og delingar av kommunar og fylkeskommunar. Ein praktisk konsekvens av endringa er at kommunane ikkje må utarbeide justeringsavtaler med tilhøyrande dokumentasjon for å overføre slike kapitalvarer. Det er presisert i lovforslaget at unntaket berre gjeld der overdraginga skjer som ledd i samanslåing eller deling etter reglane i inndelingslova. Så lenge overdraginga skjer som ledd i ei slik samanslåing har det ikkje noko å seie om kommunen eig anlegget sjølv, til dømes gjennom eit kommunalt føretak, eller av fleire kommunar gjennom eit interkommunalt selskap. Det er vidare berre anlegg som definert i lov om kommunale vass- og avløpsanlegg § 1 andre ledd som er omfatta av framlegget.
Departementet syner til framlegg til nytt sjette ledd fyrste punktum i merverdiavgiftsloven § 9-2.
Overføring av justeringsposisjonar
Som fylgje av at det blir fastsett eit unntak frå justeringsplikta, bør det gå klårt fram av lova at pliktene og rettane etter justeringsregelverket automatisk vert overteke av den nye kommunen etter samanslåinga eller dei kommunane som vart delt. Dette gjeld mellom anna plikta til å justere meirverdiavgift dersom anlegget seinare vert disponert om til bruk i ikkje-avgiftspliktig verksemd, til dømes som fylgje av ei avvikling av verksemda.
Departementet foreslår at same presisering som omtala i førre avsnitt vert gjort i merverdiavgiftskompensasjonsloven. Som omtalt føre vart det i Revidert nasjonalbudsjett 2017 fastsett eit unntak frå plikta til å justere meirverdiavgiftskompensasjon ved kommunesamanslåingar. Det er uttala i forarbeida til lova at den nye kommunen etter samanslåinga eller dei kommunane som vart delte skal overta rettane og pliktene til å justere, jf. Prop. 130 LS (2016 – 2017) kapittel 14. Departementet meiner at det av informasjonsomsyn bør gå fram av lova at rettene og pliktene etter justeringsregelverket automatisk blir overført til den eller dei nye kommunane.
Departementet foreslår eit nytt sjette ledd andre punktum i merverdiavgiftsloven § 9-2 og nytt andre punktum i merverdiavgiftskompensasjonsloven § 16 andre ledd. Endringane inneber at den eller dei overtakande kommunane utan vidare overtek rettane og pliktene etter justeringsreglane. Lovføresegna inneber at ein overtakande kommune til dømes vil måtte justere meirverdiavgift dersom den seinare avviklar verksemda. Den overtakande kommunen har vidare ansvaret for å oppfylle dei dokumentasjonskrava som gjeld etter lova. Det er utan betyding korleis eigarskapet til anlegga er organisert, det vil seie om anlegget er eigd av kommunen sjølv eller av eit interkommunalt selskap. Departementet viser endelig til at det overtakande avgiftssubjektet vil hefte for eventuell manglar knytt til etterlevinga av justeringsplikta som skriv seg frå tida før delinga eller samanslåinga.
Departementet syner til framlegg til nytt sjette ledd andre punktum i merverdiavgiftsloven § 9-2 og nytt andre punktum i merverdiavgiftskompensasjonsloven § 16 andre ledd.
Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringane inneber ein reduksjon i dei administrative kostnadene knytt til kommunesamanslåingar. Framlegget vil ikkje ha provenykonsekvensar.
Ikraftsetjing og verknadstidspunkt
Departementet foreslår at endringane blir sett i kraft straks og med verknad frå 1. januar 2017. Dermed blir alle kommunar som inngår i kommunereforma omfatta.