1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Kommunal- og distriktsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om enkelte endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (vallova) og lov 17. juni 2005 nr. 102 om visse forhold vedrørende de politiske partiene (partilova).
Departementet gjer framlegg om ei endring i vallova som gir høve til elektroniske underskrifter på listeforslag. Framlegget vil gjere det mogleg for politiske parti og uregistrerte grupper å samle inn underskrifter på listeforslag elektronisk.
Departementet gjer også framlegg om endringar som gir kommunane auka fleksibilitet i tilrettelegginga for ordinær røysting. Framlegga inneber å opne for at vallokale kan liggje geografisk utanfor røystekrinsen, og at valstyret kan vedta å opprette ekstra vallokale i ein røystekrins dersom det er nødvendig for å sikre at veljarane får høve til å røyste.
Vidare gjer departementet framlegg om ei endring i vallova som inneber at kommunane kan starte oppteljinga av førehandsrøyster søndagen før valdagen.
Dei nemnde framlegga gjaldt ved stortingsvalet i 2021, som følgje av mellombelse endringar i vallova.
Proposisjonen inneheld òg framlegg til to endringar i partilova som følgje av at fylka ikkje lenger er valdistrikt ved stortingsval, og retting av ein tilvisingsfeil i same lov.