1 Innleiing
EØS-komiteen vedtok ved avgjerd nr. 186/2017 av 22. september 2017 å endre vedlegg XVII (Immaterielle rettar) til EØS-avtala, ved å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/26/EU av 26. februar 2014 om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden.
Direktivet regulerer verksemda til kollektive forvaltingsorganisasjonar og tilhøvet deira til rettshavarar, brukarar og andre kollektive forvaltingsorganisasjonar. Føremålet med direktiv 2014/26/EU er å etablere ei rettsleg ramme for kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar, dvs. verksemd der kollektive forvaltingsorganisasjonar forvaltar rettar på vegner av rettshavarane. Til grunn for ei slik forvalting ligg som regel ei fullmakt frå den einskilde rettshavaren og/eller ein forvaltingskontrakt med ein organisasjon som representerer rettshavaren. Direktivet styrker stillinga til rettshavarane i situasjonar der dei har overlate forvaltinga av rettar til ein kollektiv forvaltingsorganisasjon. Direktivet fastset krav til kollektive forvaltingsorganisasjonar, mellom anna når det gjeld styring, openheit og innsyn, forvalting av vederlag til rettar og medavgjerdsretten til medlemmene. Desse krava skal sikre god forvaltingsskikk overfor både rettshavarane og brukarane. Direktivet skal òg leggje til rette for og forenkle lisensiering av musikkrettar for fleire territorium (land) og på den måten medverke til å skape ein reell digital indre marknad.
Gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen vil krevje lovendring. Det er difor naudsynt å innhente Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2014/26/EU i uoffisiell nynorsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.