1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om endring av vedlegg XVII til EØS-avtala (Opphavsrett)
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla EØS-avtala, særleg artikkel 98, og på følgjande bakgrunn:
1) Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/26/EU av 26. februar 2014 om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden1 skal takast inn i EØS-avtala.
2) Vedlegg XVII til EØS-avtala bør difor endrast –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I EØS-avtala vedlegg XVII etter nr. 10 (europaparlaments- og rådsdirektiv 2012/28/EU) vert følgjande lagt til:
«11. 32014 L 0026: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/26/EU av 26. februar 2014 om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden (EUT L 84 av 20.3.2014, s. 72).
For føremåla med denne avtala skal føresegnene i direktivet lesast med følgjande tilpasningar:
a) I artikkel 32 i direktivet skal orda «artikkel 101 og 102 i TVEU» forståast som «artikkel 53 og 54 i EØS-avtala».
b) I artikkel 5 nr. 8 skal orda «10. oktober 2016», med omsyn for EFTA-statane, forståast som «seks månader etter den datoen då avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 tek til å gjelde».
c) I artikkel 5 nr. 8 skal orda «10. oktober 2016», med omsyn for EFTA-statane, forståast som «seks månader etter den datoen då avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 tek til å gjelde».
d) I artikkel 31 skal orda «10. april 2017», med omsyn for EFTA-statane, forståast som «eitt år etter den datoen då avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 tek til å gjelde».
e) I artikkel 36 nr. 3 skal orda «10. april 2016», med omsyn for EFTA-statane, forståast som «den datoen då avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 tek til å gjelde».
f) I artikkel 38 nr. 3 skal orda «10. oktober 2017», med omsyn for EFTA-statane, forståast som «18 månader etter den datoen då avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 tek til å gjelde».
g) I artikkel 39 skal orda «10. april 2016», med omsyn for EFTA-statane, forståast som «den datoen då avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 tek til å gjelde».
h) I artikkel 43 skal orda «10. april 2016», med omsyn for EFTA-statane, forståast som «den datoen då avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 tek til å gjelde».
Artikkel 2
Teksta til direktiv 2014/26/EU på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.
Artikkel 3
Denne avgjerda tek til å gjelde 23. september 2017, på det vilkåret at alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala er sende inn2.
Artikkel 4
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel 22. september 2017.
For EØS-komiteen
Sabine Monauni
Formann