3 Nærmare om innhaldet i direktivet
Direktivet er delt opp i fem avsnitt, eller avdelingar, som regulerer to hovudområde. Avdeling I, II, IV og V omhandlar generelle reglar om verksemda til kollektive forvaltingsorganisasjonar. Avdeling III har særskilde føresegner om multiterritoriell (grensekryssande) lisensiering av musikk.
Avdeling I inneheld allmenne føresegner om føremål, verkeområde og definisjonar. Føremålet med direktivet er at kollektiv forvalting av rettar skal fungere godt i EU, og at det vert lagt til rette for multiterritoriell lisensiering av musikk.
Direktivet gjeld for kollektive forvaltingsorganisasjonar. Vilkåret for at ein organisasjon skal omfattast av direktivet, er mellom anna at det einaste eller viktigaste føremålet med verksemda til organisasjonen skal vere forvalting av rettar til felles nytte for rettshavarane. I Noreg vil typisk TONO, Kopinor, Gramo, Norwaco og BONO dermed verte omfatta av direktivet. Direktivet skal òg heilt eller delvis nyttast på andre organisasjonar eller verksemder som forvaltar opphavsrettar. Dette gjeld til dømes einingar som er eigde eller kontrollerte av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon, og som forvaltar rettar. Direktivet gjeld berre for kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte i EU.
Avdeling II omhandlar kollektive forvaltingsorganisasjonar, og her vert det gjeve generelle organisatoriske reglar og reglar om openheit, innsyn og fordeling av innkravde vederlag. Denne delen av direktivet skal nyttast på alle typar kollektive forvaltingsorganisasjonar same kva organisasjonsform dei har. Rettshavarane står fritt til sjølv å avgjere kva forvaltingsorganisasjon som skal forvalte rettar på deira vegner, og omfanget av forvaltingsoppdraget. Rettshavaren kan òg heilt eller delvis seie opp ei forvaltingsavtale som allereie er inngått. Direktivet krev at forvaltingsorganisasjonane skal halde generalforsamling jamleg. Det inneheld òg føresegner om kompetansen til generalforsamlinga og møte- og stemmeretten til medlemmene. I tillegg pålegg direktivet forvaltingsorganisasjonane ein tilsynsfunksjon som overvaker og kontrollerer verksemda. Vanlegvis kan denne funksjonen utøvast av styret i organisasjonen.
Direktivet fastset detaljerte krav om korleis dei kollektive forvaltingsorganisasjonane skal forvalte inntektene frå rettar, til dømes når det gjeld investeringar og frådrag for administrasjonskostnader. Uteståande beløp til rettshavarar skal fordelast jamleg, og det skal gjennomførast naudsynte tiltak for å identifisere og lokalisere rettshavarar.
Direktivet inneheld òg føresegner om forvalting av rettar på vegner av andre kollektive forvaltingsorganisasjonar. Denne forvaltinga skjer gjennom såkalla representasjonsavtaler. Det vert mellom anna stilt krav om ikkje-diskriminering når ein forvaltingsorganisasjon forvaltar rettar for ein rettshavar gjennom ei representasjonsavtale. I tillegg er det føresegner som regulerer frådrag og utbetalingar til forvaltingsorganisasjonar som det er inngått representasjonsavtaler med.
Direktivet regulerer òg tilhøvet til brukarane, dvs. dei som inngår lisensavtaler med kollektive forvaltingsorganisasjonar om bruken av materiale som er verna av opphavsrett. Mellom anna vert det stilt krav om at lisensvilkåra skal byggje på objektive kriterium og stå i eit rimeleg høve til verdien av rettane. Brukarane vert òg pålagde ei rapporteringsplikt for opplysningar som er naudsynte for innkrevjing og fordeling av vederlag.
Direktivet inneheld òg føresegner om openheit og rapportering og fastset krav til at forvaltingsorganisasjonane offentleggjer opplysningar knytte til verksemda. Organisasjonane skal kvart år gje informasjon til rettshavarane om forvaltinga av rettane deira, mellom anna beløp som er innkravde og betalte, administrasjonskostnader og andre frådrag. I tillegg skal det utarbeidast ein årleg innsynsrapport som skal innehalde ei utgreiing om mellom anna styringsprinsipp og økonomiske disposisjonar.
Avdeling III gjev særlege føresegner om multiterritoriell (grensekryssande) lisensiering av musikkrettar gjennom kollektive forvaltingsorganisasjonar. Desse føresegnene gjeld berre for lisensiering av rettar som er naudsynte for å tilby ei netteneste, dvs. ei teneste som vert gjord tilgjengeleg på internett. At lisensen er multiterritoriell, vil seie at han gjeld for fleire land.
I direktivet er det sett opp krav som dei kollektive forvaltingsorganisasjonane må oppfylle når dei utfører ei multiterritoriell lisensiering av musikkrettar. Til dømes må forvaltingsorganisasjonen vere i stand til å handsame elektronisk opplysningar knytte til mellom anna identifisering av repertoaret, overvaking av bruken av det, fakturering av brukarar, innkrevjing av vederlag og fordeling av uteståande beløp til rettshavarar.
Også i denne delen av direktivet er det føresegner om representasjonsavtaler. Det vert mellom anna gjeve reglar om at ein forvaltingsorganisasjon som ikkje sjølv tilbyr multiterritorielle lisensar, kan be ein annan organisasjon om å få repertoaret sitt representert. Den organisasjonen som får ein slik førespurnad, har som hovudregel plikt til å akseptere førespurnaden og skal då handsame forvaltinga av desse rettane på same måte som sitt eige repertoar.
Avdeling IV har føresegner om handhevingstiltak, medrekna om klagehandsaming, tvisteløysing og statleg tilsyn med organisasjonane.
Kollektive forvaltingsorganisasjonar skal i samsvar med direktivet fastsetje effektive prosedyrar for handsaming av klager. EUs medlemsstatar skal òg syte for at visse typar tvistar mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar og brukarar, rettshavarar eller andre kollektive forvaltingsorganisasjonar skal kunne handterast gjennom ein alternativ tvisteløysingsmekanisme.
I medhald av direktivet skal EUs medlemsstatar utpeike ei tilsynsstyresmakt som skal overvake at kollektive forvaltingsorganisasjonar på territoriet deira etterlever føresegnene i direktivet. Tilsynsstyresmakta skal òg kunne ta imot klagar og meldingar om manglande etterleving og påleggje høvelege sanksjonar. Direktivet inneheld likevel ikkje noko plikt til å opprette eit nytt tilsynsorgan.
Avdeling V inneheld sluttføresegner om mellom anna rapportering og gjennomføring. Fristen for EUs medlemsstatar til å gjennomføre direktivet var 10. april 2016.