Regjeringens klimastatus- og plan

Til innholdsfortegnelse

6 Noreg førebur seg på og tilpassar seg klimaendringane

6.1 Innleiing

Ifølgje klimalova skal det gjerast greie for korleis Noreg førebur seg på og tilpassar seg klimaendringane.

Vi opplever allerede klimaendringar i Noreg. Følgjene av klimaendringane blir stadig meir synlege for mange sektorar og samfunnsområde, og å tilpasse seg endringane vil krevje mykje innsats framover. Fram mot år 2100 vil Noreg få eit varmare klima, med meir nedbør, kortare snøsesong, minkande isbrear, fleire og større regnflaumar og stigande havnivå. Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge, vedteke av Stortinget gjennom Innst. 47 S (2012–2013), er gjeldande nasjonal strategi og gjev føringar for arbeidet med klimatilpassing i Noreg.

Dei siste åra har stortingsmeldingar og andre policydokument, både sektorspesifikke og sektorovergripande, teke opp kva klimaendringane inneber for Noreg, og behovet for klimatilpassing. Det globale kunnskapsgrunnlaget i FNs klimapanels sjette hovudrapport20 frå 2021 og 2022 viser korleis klimaendringane allereie fører til øydelegging for menneske og natur, og at dei aukar. Effektane inntreffer tidlegare og er meir omfangsrike enn venta og forsterkar eksisterande utfordringar. Rapporten fortel at det hastar meir enn det som tidlegare er rekna med, med å leggje om til klimarobust utvikling21. Dess lenger vi ventar, dess meir alvorleg blir dei negative verknadene for natur og samfunn. For å lykkast med ei effektiv klimatilpassing krevst det brei involvering, god planlegging, effektiv styring og målbar oppfølging. Tiltak må i aukande grad vere inkluderande, fleksible, på tvers av sektorar og langsiktige. Arbeidet med klimatilpassing er samansett og tverrsektorielt. Det gjeld ansvarsområda til fleire departement og etatar og krev samarbeid mellom sektorar og forvaltningsnivå. For å leggje til rette for eit enda meir heilskapleg og effektivt tilpassingsarbeid har regjeringa vedteke å setje i gang eit arbeid med ein ny nasjonal strategi for klimatilpassing i form av ei ny stortingsmelding.

Sjå miljødirektoratet.no22, klimatilpasning.no, Norsk klimaservicesenter23 og Miljøstatus24 for meir informasjon om klimaendringar i Noreg.

6.2 Organisering av det nasjonale klimatilpassingsarbeidet

Alle har eit ansvar for å tilpasse seg klimaendringane, både enkeltindivid, næringsliv og styresmakter. I tråd med sektorprinsippet har alle departement ansvar for å vareta omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Klima- og miljødepartementet (KLD) legg til rette for det heilskaplege arbeidet regjeringa gjer på området. Miljødirektoratet koordinerer det nasjonale klimatilpassingsarbeidet på vegner av KLD.

KLD løyver midlar til arbeidet med klimatilpassing, og desse blir brukte til det koordinerande arbeidet med klimatilpassing. Midlane blir nytta til kunnskapsutvikling og kapasitetsbygging og til støtte til Norsk klimaservicesenter (KSS). KSS er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt (MET), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), NORCE og Bjerknessenteret. Miljødirektoratet sit i styret i KSS og gjev oppdragsbrev til senteret.

Miljødirektoratet stiller i styringsdialogen sin forventningar til at statsforvaltaren og Sysselmeisteren arbeider med klimatilpassing. Statsforvaltaren skal spesielt følgje opp at kommunane varetek klimatilpassing i planarbeidet sitt. Tilskotsordninga for klimatilpassing vart vidareført med 6,4 mill. i 202225. I perioden frå 2015 til 2022 er om lag 46 mill. kroner fordelte på om lag 142 ulike prosjekt.

6.3 Oppfølging av arbeidet med klimatilpassing i Noreg

Riksrevisjonen leverte i mars 2022 ein gjennomgang av arbeidet til styresmaktene med å tilpasse bygg og infrastruktur til eit klima i endring26 (sjå boks 6.1). I undersøkinga reviderte Riksrevisjonen samordninga av det nasjonale klimatilpassingsarbeidet òg. Vurderinga Riksrevisjonen har gjort, er at samordninga mellom departementa er for svak, og at stortingsmeldinga verken er oppdatert eller konkret nok til å vere eit godt verktøy. Riksrevisjonen peikte òg på at rapporteringa til Stortinget ikkje gjev tilstrekkeleg informasjon om kva resultat som er oppnådde, eller om kjende utfordringar i arbeidet med klimatilpassing.

Boks 6.1 Revisjon av tilpassing av bygg og infrastuktur til eit klima i endring

Riksrevisjonen leverte i mars 2022 ein gjennomgang av arbeidet til styresmaktene med å tilpasse bygg og infrastruktur til eit klima i endring1. Revisjonen dekkjer perioden 2013–2022 og omfattar ansvarsområda til seks departement.

Riksrevisjonen ser det som alvorleg at styresmaktene ikkje har sikra seg tilstrekkeleg oversikt og sett i verk nødvendige tiltak for å sikre eksisterande bygningar og infrastruktur. Dette kan føre til unødvendig høge kostnader for samfunnet og kan òg få konsekvensar for tryggleiken til innbyggjarane. Når kritiske område ikkje er godt nok kartlagde, kan dette føre til at utbygging skjer i område med naturfare. Samla sett er det Riksrevisjonens vurdering at kartleggingane ikkje er tilstrekkelege for å møte eit klima i endring. Dette handlar i ytste konsekvens om tryggleiken til innbyggjarane. Riksrevisjonen vurderer dette som alvorleg.

Riksrevisjonen peiker på at sentrale departement ikkje har godt nok informasjonsgrunnlag for å vurdere statusen for klimatilpassingsarbeidet, og at rapporteringa til Stortinget ikkje inneheld tilstrekkeleg informasjon om effekten av tiltak og kjende utfordringar i arbeidet med klimatilpassing. Samordninga mellom departementa er for svak til å gjennomføre nødvendige førebuingar og tilpassingar av samfunnet til å møte klimaendringane, og det manglar ein oppdatert plan for klimatilpassing på tvers av sektorar. Riksrevisjonen meiner desse forholda er kritikkverdige.

1Alvorlig kritikk til myndighetenes arbeid med klimatilpasning (riksrevisjonen.no)

Regjeringa har allereie starta arbeidet med ny stortingsmelding for klimatilpassing. KLD vil leie arbeidet, som vil omfatte fleire departement. Meldinga er venta lagd fram for Stortinget i løpet av 2023.

I tillegg har Stortinget i innstillinga (Innst. 218 S (2021–2022)) til Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 lagt til grunn at det mellom anna skal utarbeidast eit heilskapleg system for måling og evaluering av effekt av klimatilpassingstiltak og innsats nasjonalt, regionalt og lokalt.

KSS har utarbeidd klimaframskrivingar for Noreg fram mot 2100 og fylkesvise klimaprofilar for alle fylka i landet. Dei fylkesvise klimaprofilane for Fastlands-Noreg vart oppdaterte i 2020, mellom anna med nye tilrådingar om klimapåslag på ekstrem kortidsnedbør. I 2021 starta arbeidet med nye klimaframskrivingar for Noreg basert på IPCCs sjette hovudrapport. Desse er venta å vere ferdige i 2024. Arbeidet vil òg inkludere oppdatert kunnskap om klimaendringar i norske hav- og kystområde, venta ferdige i høvesvis 2022 og 2023. For å støtte oppdateringa av kunnskapsgrunnlaget for havnivåstiging og bidra til erfaringsutveksling har Miljødirektoratet oppretta ei referansegruppe for forvaltninga innan havnivå.

Boks 6.2 Ny Klima i Noreg 2100-rapport – Nye klimaframskrivingar for Noreg

Norsk klimaservicesenter har fått i oppdrag av Miljødirektoratet å oppdatere rapporten «Klima i Norge 2100» med ny kunnskap. I samband med FNs klimapanels sjette hovudrapport og påfølgjande regionale nedskaleringar skal nye klimaframskrivingar for Noreg utarbeidast og formidlast gjennom rapporten «Klima i Norge 2100» og nye klimaprofilar. Nytt kunnskapsgrunnlag skal liggje føre i 2024. Arbeidet er delt i tre:

  1. Historisk klimautvikling: Oppdatering av analysar og kunnskap om utviklinga i klimavariablar og hydrologiske variablar fram til i dag
  2. Modellering av atmosfære og hydrologi
  3. Framtidsklima: Data produserte i punkt 2 skal analyserast for å beskrive forventa utvikling i klima- og hydrologiske variablar fram mot år 2100

KSS har òg utarbeidd klimaframskrivingar for Svalbard fram mot 2100. Klimaendringane i Arktis skjer mykje raskare enn i område lenger sør. Dette har store konsekvensar for infrastruktur, samfunn og natur.

Plan- og bygningslova er det overordna verktøyet for samfunnsplanlegging og arealforvaltning, og lova er sentral i arbeidet kommunane gjer med klimatilpassing. Det er i all hovudsak kommunane som avgjer arealbruken i landet, gjennom arealplanane sine. Plan- og bygningslova gjev kommunar mykje ansvar og eit stort handlingsrom i samfunns- og arealplanlegginga. Klimaendringane inneber at kommunar må ta omsyn til mellom anna auka nedbør, større risiko for skred og flaum og endra føresetnader for lokalt næringsliv og samfunn når dei lagar planane sine. Kommunane må ta omsyn til klimaendringane både i samfunnsplanlegginga og arealplanlegginga.

Det ligg eit nasjonalt ansvar på fagstyresmakter og departement når det gjeld å rettleie kommunane i å ta gode avgjerder om klimavennleg arealbruk. For å formidle nasjonale omsyn og politikk knytte til arealbruk utarbeider Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging kvart fjerde år. Regjeringa Solberg vedtok dei gjeldande Nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging 2019–2023 ved kongeleg resolusjon 14. mai 2019. I forventningsdokumentet går det fram forventningar til at fylkeskommunane og kommunane legg vekt på klimatilpassing og samfunnstryggleik i planlegginga og legg dei høge alternativa frå nasjonale klimaframskrivingar til grunn for arbeidet. Vidare er det forventningar om at risiko- og sårbarheitsanalysar ligg til grunn for plan- og byggjesaksbehandlinga.

Statlege planretningslinjer (SPR) for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing vart fastsette hausten 2018. Rettleiinga til delen som omhandlar klimatilpassing, vart utarbeidd i 201927. Rettleiinga er digital og ligg på Klimatilpasning.no. Forslag frå Miljødirektoratet til oppdatert rundskriv om motsegnpraksisen til miljøforvaltninga (T-2/16) i tråd med nye nasjonale føringar på området ligg til vurdering hos KLD.

KDD har oppdatert rettleiinga til arealdelen i kommuneplanen med endringane i plan- og bygningslova som tok til å gjelde i mars 2019. Lovendringa har framheva at planlegginga skal ta omsyn til forventa klimaendringar, og at planar skal leggje til rette for ei heilskapleg forvaltning av krinsløpet til vatnet. Kommunane har fått betre verkemiddel til å handtere overvatn i samfunns- og arealplanlegginga si, mellom anna ved å kunne stille krav om meir detaljerte overvassløysingar i kommuneplanen. Hensikta har vore å sikre ei heilskapleg forvaltning av vatn på tvers av plannivåa i kommunen.

Sommaren 2022 la regjeringa fram ein lovproposisjon til Stortinget med forslag til endringar i plan- og bygningslova for å sikre forsvarleg handtering av overvatn i byggjesaker mv. Endringsforslaga gjev kommunane heimel for å kunne krevje tiltak for handtering av overvatn, både ved nybygging og på eigendommar som det er bygd på. Formålet med endringane er å hindre skadar og ulemper frå overvatn.

Klimatilpassing er teken inn i EUs taksonomi, eit klassifiseringssystem for berekraftig økonomisk aktivitet, som eitt av seks miljømål. Europakommisjonen fastsette sommaren 2021 det første settet med kriterium for kva aktivitetar som ein kan rekne som å bidra vesentleg til målet om klimatilpassing. Regjeringa ønskjer å gjere det lettare for aktørar i finansmarknadene å identifisere berekraftige investeringer, irekna investeringar som bidreg til klimatilpassing. Taksonomiforordninga er gjennomført i norsk rett i lov om offentliggjøring av bærekraftsinformasjon i finanssektoren og et rammeverk for bærekraftige investeringer. Etter lova skal noterte føretak og alle bankar og forsikringsføretak med over 500 tilsette kvart år rapportere om i kva grad dei har verksemd som bidreg til måla i taksonomien, irekna til klimatilpassing. Ikkje-finansielle føretak skal rapportere om dei har taksonomikompatible aktivitetar frå 2023, medan finansføretak skal rapportere om i kva grad dei finansierer taksonomikompatible aktivitetar frå 2024.

Kunnskapen om klimaendringane i Noreg og konsekvensane av dei er styrkt dei siste åra. På oppdrag frå Miljødirektoratet laga NIBIO ein rapport om korleis klimaendringane verkar inn på matsystemet i Noreg, med særleg vekt på klimarisiko i verdikjeder. Fleire direktorat var involverte i arbeidet. I 2021 har Miljødirektoratet òg fått utarbeidd ein rapport om barrierar for klimatilpassing på lokalt og regionalt nivå. Undersøkinga syner mellom anna at det frå lokalt nivå blir peikt på at for lite økonomiske og administrative ressursar, mangel på kompetanse og svak politisk forankring er viktige barrierar for klimatilpassingsarbeidet. I tillegg har Nordisk ministerråd laga ein rapport om nordisk perspektiv knytt til grenseoverskridande klimarisiko, og Vitskapskomiteen for mat og miljø har laga ein rapport om påverknaden klimaendringane har på økosystemet skog. Miljødirektoratet har på oppdrag frå KLD gjort ei vurdering av korleis politikken for klimatilpassing i Noreg kan vidareutviklast.

Boks 6.3 Oppdatert kunnskapsgrunnlag

Korleis klimaendringane påverkar verdikjeder og matsystem

Klimaendring utfordrar det norske matsystemet: «Kunnskapsgrunnlag for vurdering av klimarisiko i verdikjeder med matsystemet som case» er skrive av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Vista Analyse og Ruralis for Miljødirektoratet. Kunnskapsgrunnlaget handlar om korleis klimaendringar kan påverke verdikjedene i matsystemet nasjonalt og globalt, og viser at klimaendringar kan få store effektar i alle delar av ei verdikjede. Rapporten ser også på korleis ulike klimahendingar som oppstår samstundes, kan påverke trygg matvaretilgang, og på korleis klimahendingar kan verke saman med andre typar hendingar, som langvarige straumbrot eller cyberangrep. Det blir i rapporten konkludert med at Noreg i utgangspunktet har eit robust matsystem med stor evne til å tilpasse seg endringar i internasjonale forhold og nasjonale avlingar. Likevel må vi forvente at det norske matsystemet kan bli sett på alvorlege prøvar. Store svingingar i global matvareproduksjon kan utfordre trygg matvaretilgang for delar av den norske befolkninga. Kapasiteten hos tilsynsstyresmakter og andre matinstitusjonar, trygg matvaretilgang, helse for sosiale grupper med lita kjøpekraft, og forbrukartillit er blant dei mest sårbare områda i det norske matsystemet.

Rapporten seier også at klimaendringane vil skade produksjonen av mat, både på land og i havet. I Noreg vil ekstremvêr som regn og tørke, hetebølgjer, varmare hav, skadedyr og sjukdommar gjere det vanskelegare å produsere mat. Globalt kan klimaendringane gje mindre avlingar og dårlegare kvalitet i jordbruket. Dette vil påverke Noreg fordi vi importerer mykje mat, fôr og andre råvarer til matproduksjon. I tillegg til å skade matproduksjonen direkte og gje dårlegare tilgang på råvarer kan klimahendingar også skade lagerbehaldningar, transportsystem og annan infrastruktur.

Nordisk perspektiv på grenseoverskridande klimarisiko1

På oppdrag frå Nordisk Ministerråd har eit nordisk forskingskonsortium gjort ein analyse av grenseoverskridande klimarisiko i Norden. Undersøkinga ser på kva typar grenseoverskridande klimarisiko dei nordiske landa er utsette for, korleis landa innrettar seg etter temaet i dag, og foreslår moglege tiltak for å handtere denne typen risiko framover.

Studien viser at nordiske land er sårbare for klimarisiko som verkar på tvers av landegrenser, mellom anna gjennom handel med varer og tenester. Ein analyse av handelskontaktane til landa tyder på at særleg landbruk og matproduksjon er utsette for grenseoverskridande klimarisiko gjennom handelskanalen, som importører av varer som soya, kaffi, kakao og frukt, som kan bli mindre tilgjengelege eller dyrare som følgje av klimaendringar.

Rapporten konkluderer med at dei nordiske landa har betre oversikt over risikobiletet enn mange andre, men ikkje har nokon klar strategi for korleis grenseoverskridande risiko skal handterast. Rapporten foreslår fleire tiltak for å styrkje nordisk samarbeid i handteringa av grenseoverskridande klimarisiko, inkludert mellom anna meir samarbeid om beredskapsplanlegging og eit felles initiativ knytt til mat og betre integrering av grenseoverskridande klimarisiko i utviklingssamarbeidet.

Klimaendringar og påverknaden på økosystemet skog2

Vitskapskomiteen for mat og miljø har vurdert og samanfatta kunnskap om korleis klimaendringar vil påverke den økologiske tilstanden i norsk skog, og om det er forhold som gjer økosystemet meir sårbart eller meir motstandsdyktig mot klimaendringar. Rapporten viser at vi allereie i dette hundreåret vil kunne oppleve uventa og brå konsekvensar av klimaendringane, og at vi kan oppleve at dei negative konsekvensane overgår dei positive effektane. Rapporten peiker på at det å ha god variasjon i skogen kan bidra til å gjere han meir robust i møte med klimaendringane.

Skogfrøverket driv foredling på skogstre for å kunne levere frø som gjev skog med god klimatilpassing og vekst. Skogfrøverket har i 2022 lansert eit nytt kartbasert verktøy som hjelper skogeigaren med å finne dei beste alternativa for forynging av skogen.

1«Nordic Perspectives on Transboundary Climate Risk» (norden.org)

2Klimaendringer og påvirkning på økosystemet skog – Vitenskapskomiteen for mat og miljø (vkm.no)

Naturbaserte løysingar har dei seinaste åra fått auka merksemd i Noreg og internasjonalt. I Klimapanelets sjette hovudrapport blir bevaring og restaurering av natur og andre naturbaserte løysingar trekte fram som viktige for klimatilpassing. Miljødirektoratet utførte ei kartlegging av behovet forvaltninga har for kunnskap og rettleiing om naturbaserte løysingar og moglege barrierar i 2020 28. Direktoratet har arbeidd vidare med å vurdere korleis kunnskapen og rettleiinga kan vidareutviklast. Som ein del av dette har Miljødirektoratet teke initiativ til eit statleg sektorsamarbeid som starta opp hausten 2021. Nordisk ministerråd har løyvd 26 mill. DKK til eit fireårig (2021–2024) prosjekt om naturbaserte løysingar, der Miljødirektoratet bidreg i ei referansegruppe. Ein syntese om naturbaserte løysingar på regionalt og nasjonalt plan i dei nordiske landa er venta i løpet av 2022.

6.4 Informasjon og kapasitetsbygging

Miljødirektoratet arrangerer jamleg seminar og webinar for kommunar29 i samarbeid med andre aktørar. Klimatilpasning.no skal bidra til å spreie kunnskap og rettleie om klimaendringar og klimatilpassing. Direktorata bidreg med innhald på nettsida innanfor ansvarsområda sine.

Introduksjonskurset i klimatilpassing, Vær Smart, for kommunane vart gjennomført i Nordland og Møre og Romsdal i 2021. Samlinga i Nordland inkluderte òg Svalbard med Sysselmeisteren og lokalstyret i Longyearbyen. Alle fylka har no tilbydd Vær Smart-kurset til sine kommunar.

Miljødirektoratet har omfattande involvering av direktorat og andre aktørar i utvikling av kunnskapsgrunnlaget, i rettleiing i klimatilpassingsarbeidet og gjennom nettverksarbeid. Dette fører til betre integrering av sektorperspektiv i arbeidet, styrkt forankring og auka kunnskap hos samarbeidspartnarane. Det er behov for større innsats framover, særskilt i lys av at klimaendringane blir meir alvorlege og klimatilpassing er omfattande og tverrgåande.

6.5 Nettverk og samarbeid

Det er etablert fleire nettverk for klimatilpassing. I front-nettverket blir koordinert av Miljødirektoratet og består av 13 bykommunar frå alle fylka i landet. Kommunesektorens organisasjon (KS) startar hausten 2022 opp det femte kommunenettverket for å styrkje lokalt arbeid med klimatilpassing. Statsforvaltaren i Trøndelag driftar i samarbeid med mellom anna fylkeskommunen og Trondheim kommune eit klimatilpassingsnettverk for kommunane i fylket. Prosjektet har vore støtta av Miljødirektoratet som ein pilot for å sjå på korleis nettverk kan styrkje arbeidet kommunane gjer med klimatilpassing. I 2022 er det òg gjeve tilskot til nettverk for kommunane i høvesvis Innlandet og gamle Østfold.

Nettverket Naturfareforum, med representantar frå ei rekkje direktorat og etatar og frå KS, skal styrkje samarbeidet mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar for å gjere Noreg mindre sårbart for uønskte naturhendingar.

Miljødirektoratet leier ei gruppe samansett av 17 direktorat og statlege selskap30. Gruppa deler informasjon om status på klimatilpassingsarbeidet på nasjonalt nivå og er ein arena for å vidareutvikle det nasjonale arbeidet med klimatilpassing.

6.6 Forsking

Forskingsrådet skal følgje opp nasjonale og globale mål for klimaspørsmål og støttar ei rekkje forskingsprosjekt knytte til klimaendringar og tilpassing.

I samsvar med Langtidsplan for forsking og høgare utdanning har Forskingsrådet «Klima, miljø og miljøvennlig energi» (KMME) som eit av dei prioriterte områda sine. Det omfattar utvikling av miljøvennleg energi og lågutsleppsløysingar, forsking på klima- og klimatilpassing, bioøkonomi og landbasert miljøforsking, transport, berekraftige byar og sirkulær økonomi. Den målretta prosjektinnsatsen på dette var på om lag 1,9 mrd. kroner i 2021. Tyngdepunktet er innanfor miljøvennleg energi og lågutsleppsløysingar.

I 2022 vart det lyst ut 83 mill. kroner til Omstilling og tilpassing til klimaendringene: Økt kunnskap om korleis samfunnet kan tilpasse seg klimaendringane og omstille seg til et berekraftig samfunn med netto null utslepp.

Midlane skal gå til prosjekt som gjev kunnskap om tilpassingsløysingar som gjer det norske samfunnet mindre sårbart overfor globale og lokale klimaendringar, og omstilling av Noreg til eit berekraftig samfunn med netto nullutslepp. Forskinga skal byggje på kunnskap om klimasystemet og konsekvensane av klimaendringar. Klimaomstilling og klimatilpassing av samfunnet påverkar og avheng av ei rekkje samfunnssektorar, og Forskingsrådet føreset at prosjekta er i tett dialog med relevante aktørar.

Det er i dei seinare åra etablert fleire forskingssenter der klimatilpassing er sentralt tema. Klima 2050, eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), starta i 2015 og skal skaffe fram kunnskap om klimatilpassing av bygningar og infrastruktur. Climate Futures, også eit SFI, starta i 2020 og har som mål å lage nye løysingar for å føresjå og handtere klimarisiko frå ti dagar til ti år fram i tid, i samarbeid med klima- og vêrutsette sektorar.

Noradapt – Norsk senter for berekraftig klimatilpassing opna i 2018 og skal få fram og samle kunnskap om korleis vi kan førebu oss på klimaendringane på tvers av sektorar og fagfelt. Senteret får støtte over statsbudsjettet.

Landbruks- og matdepartementet har over budsjettet sitt prioritert høgt midlar til forsking for auka verdiskaping og berekraft i landbaserte bionæringar, der klimatilpassa og berekraftig matproduksjon er sentralt. Det er behov for meir forsking for å utvikle ein meir heilskapleg systeminngang, der miljø, klima, folkehelse og matproduksjon blir sette i samanheng.

Eit hovudmål for Horisont Europa, EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, er å leggje til rette for forsking og innovasjon for å møte klimautfordringane. Det grøne skiftet er ei sentral prioritering for Europakommisjonen – våren 2021 lanserte Europakommisjonen tiltakspakken «Europas grøne giv» (European Green Deal) med mål om å gjere Europa til eit klimanøytralt kontinent innan 2050. Europakommisjonen har også lansert eit nytt verkemiddel i Horisont Europa der forsking og innovasjon blir retta inn spesifikt mot å løyse store samfunnsutfordringar. Gjennom tematiske oppdrag («missions») skal ein setje politisk dagsorden og skape folkeleg engasjement. Klimatilpassing er eitt av fem område. Det overordna målet med samfunnsoppdraget om klimatilpassing er å støtte minst 150 europeiske regionar og lokalsamfunn til å bli klimarobuste innan 2030. Dette samfunnsoppdraget er tett kopla til EUs Green Deal og har ei nøkkelrolle i å implementere EUs oppdaterte strategi for klimatilpassing, som vart lagd fram i 2022. Forsking og innovasjon er avgjerande for å få til dette, og samfunnsoppdraget vil difor utløyse koordinert forsking og innovasjon på tvers av Horisont Europa.

Boks 6.4 Klimatilpassingsprosjekt

Døme på tre prosjekt frå Horisont 2020s siste utlysing, Green Deal-utlysinga, og eit prosjekt frå Horisont Europa, som følgjer opp samfunnsoppdraget om klimatilpassing, der Noreg deltek:

  • TransformAr (Accelerating and upscaling transformational adaptation in Europe): Målet med prosjektet er å finne nye løysingar for vassrelatert klimatilpassing. Universitetet i Antwerpen leier prosjektet, som vart starta opp i oktober 2021 etter å ha blitt tildelt rundt 130 mill. kroner frå EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020. NTNU og Gjøvik kommune er norske prosjektdeltakarar. Til saman har dei to fått 6,3 mill. kroner frå prosjektet. Gjennom forskingssamarbeidet får Gjøvik no moglegheita til å teste ut avansert teknologi på avløpssystemet sitt og byggje kompetanse blant eigne tilsette.
  • IMPETUS (Turning climate commitments into action): Målet med prosjektet er å utvikle tilpassingstiltak og gjere regionen meir motstandsdyktig mot klimaendringar. Det er Fundacio Eurecat, eit leiande teknologisenter i Spania, som leier prosjektet, som starta opp i oktober 2021 og vart tildelt rundt 150 mill. kroner frå Horisont 2020. UiT og Troms- og Finnmark fylkeskommune er norske prosjektdeltakarar og tek imot til saman 24 mill. kroner frå EU til dette demonstrasjonsprosjektet. UiTs klimaforskarar skal levere rykande ferske forskingsresultat og detaljert kunnskap om klimaendringar og -utfordringar i regionen. Fylkeskommunen skal vedta og setje i gang tiltak på grunnlag av kunnskapen.
  • RESIST (Regions for climate change resilience through Innovation, Science and Technology): Målet med prosjektet er å betre evna sårbare område har til å handtere klimaendringane. Det blir leidd av SINTEF digital og startar opp i 2022–2023 og har blitt tildelt ca. 270 mill. kroner, som er den største EU-tildelinga til eit norskleidd klimaprosjekt nokosinne. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med 56 partnarar frå EU, Noreg og Ukraina over ein femårsperiode. Tolv særdeles sårbare regionar i Europa har no blitt utpeikte som kjerneområde i prosjektet, og i Noreg er Vesterålen eit slikt område og blir dermed spydspissen i prosjektet. Ved hjelp av digitale modellar skal forskarane visualisere alt frå korleis havet stig, til korleis klimaet påverkar. Dette skal brukast til å forklare klimaeffekten i regionane for styresmaktene. Heilt konkret vil ein gjennomføre storskala utprøvingar av innovasjonar for klimatilpassing i dei tolv utpeikte regionane, for deretter å overføre kunnskap og innovative løysingar mellom regionane.

Mange porteføljar i Forskingsrådet er relevante for klimatilpassing og dette samfunnsoppdraget og har relevante prosjekt for dette samfunnsoppdraget i porteføljen sin.

Forskingsrådet gjennomførte i 2020–2021 ei evaluering av det store klimaforskingsprogrammet, KLIMAFORSK. Evalueringa tilrår at FNs 2030 agenda og berekraftsmål skal vere styrande for vidare satsing på klimaforsking, og understrekar kor viktig tverr- og transfagleg forsking er. Evalueringa peiker vidare på eit behov for å styrkje forskinga på effektar av klimaendringar på samfunnet, klimatilpassing, inkludert koplinga mellom tilpassing og utsleppsreduksjon. Oppmodingane er følgde opp i Forskingsrådets planverk for klimaforskinga: porteføljeplanen og investeringsplanen. Hovudutlysingane i klimaforskinga blir konsentrerte rundt temaområda klimasystemet, effektar av klimaendringar på natur og samfunn og tilpassinga av samfunnet til klimaendringar, irekna verkemiddel og tiltak for reduserte klimagassutslepp. I 2023 skal det lysast ut midlar til forsking på effektar av klimaendringar på natur og samfunn, tilpassing til klimaendringar og reduksjon av sårbarheit.

For å bidra til å dekkje viktige kunnskapshòl i samfunnsarbeidet med omstilling, klimatilpassing og klimagassreduksjon gjennomfører Forskingsrådet også tverrgåande utlysingar der fleire porteføljar går saman om å lyse ut midlar. Koplinga og samspelet mellom klima og natur, og særleg bevaring av biologisk mangfald, konfliktar knytte til arealbruk, samanhengen mellom klima og matsystemet, samanhengar mellom klima og helse og mellom klima og migrasjon, økonomi og finans, sirkulær økonomi, klimarisiko og berekraftig byutvikling, er alle døme på slike utlysingar i åra som kjem.

Havet speler ei sentral rolle i den globale klimareguleringa, men forståinga av dei grunnleggjande funksjonane i havet er enda ufullstendig. Å etablere denne kunnskapen er heilt avgjerande for klimapolitikken, og han må baserast på eit breitt og omfattande internasjonalt forskingssamarbeid. Dette har vore ei viktig grunngjeving for etableringa av FNs internasjonale havforskingstiår 2021–2030 for berekraftig utvikling. Noreg har vore ein pådrivar for denne satsinga.

Noregs forskingsråd har utarbeidd tilrådingar for forskingssatsingar framover og har sett ned ein nasjonal komité for havforskingstiåret som skal gje råd og innspel og vere ambassadørar for tiåret. Noreg har fått godkjend fleire store og mindre aktivitetar som bidrag til tiåret og vil støtte aktivt opp under den vidare gjennomføringa av tiåret. Unesco ved Den mellomstatlege oseanografiske kommisjonen (IOC) har ansvaret for FNs koordinering av forskingstiåret. IOC har allereie etablert eit rapporterings- og evalueringsverktøy (Global Ocean Science Report – GOS) som gjer det mogleg å følgje utvikling, måloppnåing og resultat av det globale havforskingssamarbeidet over tid.

Klimaendringane påverkar samfunnstryggleiken, både lokalt, knytt til infrastruktur og gjennom geopolitiske endringar som følgje av auka frekvens av naturkatastrofar og endringar i naturressursgrunnlaget i ulike område. Forsking på klimatilpassing og det å utvikle nye løysingar for samfunnsinfrastruktur og beredskap vil vere avgjerande for å ruste samfunnet mot endringane.

Merksemda om effektane av klimaendringar på levekår og helse aukar sidan klima- og miljøendringane truar folkehelsa. Forskingsrådet har difor finansiert fleire prosjekt innanfor denne tematikken dei siste åra og teke initiativ til eit større utlysingssamarbeid om klima, miljø, mat og helse som vil resultere i ei utlysing i 2024.

Temperaturauken er større i Arktis enn i andre område, og det er difor svært viktig at polarforskinga har eit sterkt innslag av klimarelaterte tema. I 2022 vart det lyst ut midlar til forsking om påverknader på det marine miljøet der klimaendringane er ein viktig faktor for endringane ein ser i det marine miljø i polarområda. Dei tildelte prosjekta er også eit viktig bidrag i oppfølginga av Havforskingstiåret. Utlysingar til polarforsking skal dei nærmaste par åra konsentrerast om klimarelaterte prosjekt med Svalbard i fokus og forsking om klimasystem og klimaendringar i polare område som er viktig kunnskap for klimatilpassing i polare område.

Finansieringsordninga Nasjonal satsing på forskningsinfrastruktur skal vere med på å investere i relevant og oppdatert forskingsinfrastruktur innanfor dei forskingspolitisk prioriterte områda, inkludert infrastruktur retta mot klimatilpassing. Døme på forskingsinfrastrukturar som har fått finansiering gjennom denne ordninga, og som har relevans, er: Norwegian Geotest Sites og European Plate Observing System – Norway.

6.7 Klimatilpassing i og på tvers av sektorar

6.7.1 Samfunnstryggleik og naturfarar

Det er ein grunnleggjande eigenskap med klimaendringar og naturfare at dei er komplekse og treffer ansvarsområda til aktørar både innan privat og offentleg sektor. Innan offentleg sektor er ansvaret delt mellom ulike etatar og mellom dei ulike forvaltningsnivåa. Dermed ligg det ei utfordring i det at det førebyggjande arbeidet ikkje kan løysast innanfor ei organisatorisk grense, men må skje i eit forpliktande samarbeid mellom sektorar, sentrale fagstyresmakter og regionale og lokale styresmakter.

Samfunnstryggleik er òg eit tverrsektorielt fagområde. Justis- og beredskapsdepartementet har eit tverrsektorielt samordningsansvar som blir støtta under av DSB. Samordningsansvaret som DSB har, inneber til dømes å ha nasjonal oversikt over risiko og sårbarheit, irekna kjende utfordringar i klimatilpassingsarbeidet. Ekstreme hendingar som auka frekvens av skogbrannar, langvarig tørke, hetebølgjer og mykje nedbør, både nasjonalt og globalt, vil kunne setje samfunnet på prøve og påverke samfunnstryggleiken. Grenseoverskridande naturhendingar kan føre til minska matproduksjon og til at menneske blir tvinga til å flytte.

Regjeringa sette ned ein totalberedskapskommisjon den 21. januar 2022 for å sjå på korleis dei samla beredskapsressursane kan nyttast best mogleg, vurderingar av kva klimaendringar vil bety, vil òg inngå i arbeidet. Kommisjonen skal levere vurderingane sine i form av ein NOU i 2023.

I den horisontale samordninga samarbeider DSB med andre sentrale etatar innan samfunnstryggleik. Dette samarbeidet fører DSB vidare i sitt vertikale samordningsansvar som inneber etatsstyring og tilrettelegging for statsforvaltarane og rettleiing av kommunane i samordningsansvaret deira innan samfunnstryggleik, irekna omsynet til klimaendringar og naturfare.

I samarbeid med andre aktørar innan samfunnstryggleik utviklar DSB digitale verktøy for bruk i kommunane innanfor samfunnstryggleik. Kunnskapsbanken skal gje kommunane i landet tilgang til detaljert informasjon om natur- og vasskadar basert på data frå private forsikringsselskap. I tillegg har DSB starta utviklinga av ei digital løysing for betre utarbeiding av ROS-analysar til arealplanlegginga (DigiROS). Begge løysingane vil bidra til at omsynet til klimaendringar blir vareteke i kommunane.

DSB utarbeidde i 2019 ein analyse av skogbrannberedskapen der det vart definert ein dimensjonerande skogbrann, og der ein peikte på utfordringar og manglar ved beredskapen i dag med omsyn til handtering og sløkking. Beredskapsanalysen konkluderer med at det er behov for ein planlagd kriseberedskap som kan setjast i verk ved brannar som overskrid organisatoriske grenser mellom ulike kommunar eller interkommunale brannvesen. Hovudtyngda i analysen ligg på problemstillingar knytte til prioritering og koordinering av ressursar ved store skogbrannar som krev regional eller nasjonal krisehandtering. Analysen blir følgd opp av DSB og JD. Andre prosjekt, som Circumpolar Wildland Fire i regi av Arktisk råd, vil bidra til betre kunnskap, tilpassing og handtering av skogbrannhendingar.

DSB laga i 2021 ein beredskapsanalyse av sterk storm i indre Oslofjord i samarbeid med relevante beredskapsaktørar. Vurderinga byggjer på tre scenario over vindstyrkar og trefall som NIBIO har utvikla for Landbruks- og matdepartementet. Ved oppfølging av denne beredskapsanalysen vil det bli behov for rolleavklaringar og tverrsektorielt samarbeid. I klimapanelets sjette hovudrapport (2021) står det med «middels fagleg sikkerheit» at kommande stormar globalt vil bli meir intense på grunn av klimaendringar. Som følgje av ekstremvêr blir skogen meir skadeutsett òg, til dømes gjer manglande tele og mykje nedbør skogen meir ustabil i sterk vind.

Gjennom etatsstyringa av statsforvaltarane inviterer DSB sentrale styresmakter innan samfunnstryggleik til å komme med innspel i etatsstyringa og fagleg oppfølging. DSB heldt erfaringssamlingar innanfor samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Her blir òg andre sentrale styresmakter inviterte for å vareta eit tverrfagleg perspektiv og sikre at klimatilpassing er høgt oppe på dagsordenen hos embeta. DSB deltek i fleire FoU-prosjekt med fleire forskjellige forskingsinstitusjonar og sit i brukarpanelet for Noradapt.

Sivilforsvaret er ein viktig beredskapsressurs ved naturrelaterte hendingar og jobbar aktivt med å utvikle kapasitetar og operativ evne. Nødnettet er også over tid betre rusta mot ekstremvêr, mellom anna er reservestraumkapasiteten på utvalde basestasjonar auka, effekten på radiolinjer blir auka automatisk ved mykje nedbør, og overspenningsvern som beskyttar ved lynnedslag, er montert.

Internasjonalt har DSB bidrege i utarbeidinga av nytt klimaprogram i Ungarn under EØS-midlane der Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er norsk programpartnar. Internasjonalt har DSB bidrege med innspel til arbeidet med Warszawa-mekanismen under Parisavtalen og FNs rammeverk for katastrofeførebygging (Sendai-rammeverket).

NVE, underlagt Olje- og energidepartementet, forvaltar Noregs energi- og vassressursar. NVE har òg statlege forvaltningsoppgåver innanfor flaum- og skredførebygging. Konsekvensane av klimaendringane har svært mykje å seie for desse forvaltningsområda. NVE utfører forsking for å auke kunnskapsgrunnlaget om effekten klimaendringar har på vassressursar og naturfare. Generelt er klimatilpassing godt integrert innan forvaltningsområda til NVE.

NVE har god oversikt over kor sårbar kraftinfrastrukturen er for klimaendringar, og analyserer kva klimaendringar betyr for energiforbruk og fornybar kraftproduksjon. I analyse- og modellarbeid blir det nytta oppdaterte vêrdatasett og klimaframskrivingar, mellom anna i NVE-rapporten «Langsiktig kraftmarkedsanalyse 2021–2040».

NVE deltek i tre nye FoU-prosjekt: «WatNex (Noregs forskingsråd), «Stars4Water» (EU: Horisont Europa) og «FlomRisk». I 2021 arrangerte også NVE «Interpraevent» som er ein større internasjonal naturfarekonferanse med temaet «Natural hazards in a changing world».

NVE følgjer opp og fører tilsyn med tryggleiken til vassdragsanlegga og gjev råd om klimatilpassing. I 2021 har NVE kartlagt og analysert dammar som er spesielt sårbare for flaum.

NVE hjelper kommunane med å førebyggje flaum- og skredskadar gjennom kartlegging, arealplanlegging, sikringstiltak, overvaking, varsling og beredskap. Førebygging av flaum- og skredskader er også god klimatilpassing.

Det er framleis eit stort behov for kartlegging av område som er utsette for flaum- og skredfare. Dette, saman med god arealplanlegging, er viktig for å unngå at det blir bygd ut i fareområde. Å arbeide for meir og betre kartlegging var òg ei av hovudtilrådingane frå Gjerdrumutvalet i NOU 2022: 3 På trygg grunn.

I 2021 har NVE kartlagt skred i bratt terreng i ti kommunar. NVE har òg gjeve innspel i ulike arealplansaker. NVE gav innspel i over 5 000 arealplansaker, og i mange av desse blir det gjeve rettleiing om korleis kommunane kan ta klimatilpassing inn i arealplanen.

I 2022 har NVE si rettleiing for handtering av overvatn i arealplanar (vassmengder) blitt publisert, og ytterlegare to tekniske rettleiingar om det same temaet kjem i løpet av året. NVE har også publisert «Veileder for flomberegninger» og «Flomberegninger for dammer». Det er eit stort behov for dialog og rettleiing av kommunane, både frå NVE og KSS.

Det er busetnader i Noreg som ligg utsett til, og som kan bli ramma av flaum- og skredhendingar. Dette viser både kartlegging og hendingar. I 2021 gjorde NVE ei vurdering av kva det vil koste samfunnet dersom all eksisterande busetnad i Noreg som er utsett for flaum og skred, skulle sikrast til same nivået som krava til nye bygg. NVE-rapport 20/2021 «Flom og skred – sikringsbehov for eksisterende bebyggelse (FOSS)»indikerer at det vil kunne koste 50–120 mrd. kroner. Det er stor uvisse rundt talet.

Flaum- og skredsikring er eit langsiktig arbeid som må gjerast over tid. NVE skal prioritere bistanden sin slik at samfunnet får mest mogleg igjen i form av redusert risiko.

I 2021 sluttførte NVE 52 sikringstiltak mot flaum- og skredskader, der til saman 1 400 bueiningar og i underkant av 300 andre bygg har blitt sikra. Gjennom ei eiga tilskotsordning har NVE i 2021 også gjeve tilskot til 13 kommunar til kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag for å gjere kommunane betre rusta til å handtere flaumproblematikk.

Klimaendringar gjev stadig større utfordringar i arbeidet med sikring. Omsynet til klimaendringar er integrert i NVE sitt kost–nytte-verktøy for vurdering og prioritering mellom tiltak som skal førebyggje mot flaum- og skredskadar. Klimatilpassingsarbeidet påverkar òg måten NVE prosjekterer, planlegg og utfører prosjekt på. Til dømes blir sikringstiltak klimatilpassa for å redusere skaderisikoen.

NVE følgjer opp og fører tilsyn med tryggleiken til vassdragsanlegg og gjev råd om klimatilpassing.

Omsyn til konsekvensar av klimaendringar er òg integrerte i NVE sitt kontinuerlege arbeid med å oppdatere mellom anna forskrifter, rettleiingar og søknadsmalar med ny kunnskap om klimatilpassing der det er relevant.

I prosjektet Nasjonal detaljert høgdemodell blir heile landet laserskanna frå fly for å innhente detaljerte høgdedata og utgjer grunnlaget for ein landsdekkjande digital høgdemodell. Prosjektet er eit spleiselag mellom åtte departement og blir leidd av Kartverket. Detaljert høgdemodell er eit betydeleg bidrag i møte med klimaendringar og styrkjer beredskapsarbeidet ved at ein kan berekne stormflod- og flaumsoner og skredfare meir nøyaktig enn tidlegare. Innsamla data blir fortløpande gjort gratis tilgjengeleg for næringsliv, kommunar, offentlege verksemder, utviklarar og andre. Prosjektet blir ferdigstilt i 2022.

Kartverket har ansvaret for å måle havnivå og driftar det nasjonale målenettet for vasstand. I 2022 starta Kartverket Vanntett-prosjektet, som skal bidra til å fortette det nasjonale målenettet for vasstand. Relevante data, frå observasjonar til prognosar for havnivåendring, blir tilbydde på Se havnivå31 og Se havnivå i kart32. Kartverket deltek aktivt i arbeidet for å oppdatere kunnskapsgrunnlaget for havnivåstiging i samband med FNs klimapanels sjette hovudrapport, inkludert stormflodnivå og bølgjepåverknad, som Miljødirektoratet har sett i gang. Kartverkets jordobservatorium i Ny-Ålesund vart sett i drift i 2020 og måler rørsla og posisjon til jorda. Dette bidreg til meir nøyaktige målingar av mellom anna isavsmelting og havnivå.

Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og etablerer, forvaltar og formidlar data som betyr noko for klimatilpassing. Dataa blir gjorde tilgjengelege gjennom fellesløysingar mellom anna Geonorge33 – den nasjonale noden for geografisk informasjon, som Kartverket driftar. Digital tilgang til geografiske data er avgjerande for plan- og byggjesaksprosessar, der samfunnstryggleik og klimatilpassing skal behandlast. Kartverket koordinerer arbeid med digitalisering av kommune- og reguleringsplanar og arbeid med det offentlege kartgrunnlaget (DOK) for bruk i arealplanlegging og byggjesaker.

6.7.2 Natur, miljø, landbruk og økosystem

Klimapanelet understrekar i sjette hovudrapport at å bevare økosystema er fundamentalt for klimarobust utvikling. Ein viktig del av klimatilpassinga er å bevare dei naturlege funksjonane i natur og økosystem og vareta klimatilpassingsomsyn i areal- og ressursbaserte næringar, noko som også er omtalt i berekraftsmeldinga (Meld. St. 40 (2020–2021)). Skog, jordsmonn og våtmarker og innsjøar som kan dempe flaumar og skog, kan gje vern mot skred. Naturen er òg viktig for å redusere innhaldet av klimagassar i atmosfæren. Areala i Noreg tek årleg opp omkring 19 mill. tonn CO2 og har enorme karbonlager i jord og levande biomasse.

Miljødirektoratet vedtok i 2018 ein klimatilpassingsstrategi34, som legg opp til at omsynet til klimaendringar skal integrerast i alle ansvarsområda til direktoratet. Strategien skal oppdaterast i 2022.

Vern, restaurering og målretta klimatilpassing gjer naturen mindre sårbar i møte med klimaendringane. Arbeid med supplerande vern, fire nye nasjonalparkar, utvidingar av eksisterande nasjonalparkar og omgjering av verneform til nasjonalpark er sett i gang. Arbeidet med skogvern og marint vern er òg vidareført. Vern av leveområde for sårbare artar på Svalbard er òg eit viktig klimatilpassingstiltak. Dette er styrkt ved å inkludere Van Mijenfjorden i Nordenskiöld Land nasjonalpark.

Klimatilpassing er inkludert i revidert plan for restaurering av våtmarker (2020–2025) og i strategi for restaurering av vassdrag (2021–2030). Miljødirektoratets tilskot til restaurering av vassdrag og våtmark og til skjøtsel av verneområde og trua natur bidreg òg til robust natur.

Gjennom satsinga på klima, areal og naturmangfald arbeider direktoratet med å sikre ei meir heilskapleg tilnærming til klima og naturmangfald, både innan kunnskapsgrunnlag og intern tilrettelegging. Det er utarbeidd ein rapport om verknader av klimaendringar på økologisk tilstand i skog og samanstilling av faktorar som bidreg til gjere han meir robust35. Sjå boks 6.3. Rapporten viser at vi allereie i dette hundreåret vil kunne oppleve uventa og brå konsekvensar av klimaendringane, og at vi kan oppleve at dei negative konsekvensane overgår dei positive effektane. Rapporten er eit viktig kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing i skogforvaltninga.

Miljødirektoratet arbeider med å styrkje kunnskapsgrunnlaget om hav og klima og har dei siste åra auka innsatsen for å tette kunnskapshòl om verknadene av klimaendringar og havforsuring i norske hav- og kystområde. Som nemnt i berekraftsmeldinga (Meld. St. 40 (2020–2021)) meiner regjeringa det er viktig at byar og tettstader satsar på klimatilpassing med naturbaserte løysingar, til dømes ved å opne bekker og elvar med plass og vegetasjon rundt seg så dei kan stige ved mykje regn. I Nasjonal strategi for urbant landbruk legg regjeringa vekt på blågrøn infrastruktur som gagnar naturmangfald, klimatilpassing og urbant landbruk.

Miljødirektoratet arbeider for ei heilskapleg oppfølging av arktiske økosystem og bidreg til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om klimaendringar, verknader av desse, risiko og klimatilpassing i Arktis. Mellom anna har direktoratet, i samarbeid med Norsk Polarinstitutt, oppretta eit prosjekt med målsetjinga er å få god og felles oversikt over overvakinga i dag og lange tidsseriar i fjordar, kystvatn og ferskvatn på øygruppa og å vurdere korleis datagrunnlaget kan brukast som utgangspunkt for å vurdere økologisk tilstand i desse økosystema. Dette er ein del av det overordna arbeidet for å etablere fagsystem for økologisk tilstand. Klimaendringar inngår som ein påverkingsfaktor, og arbeidet vil bidra til å vise kva dette har å seie for den økologiske tilstanden i økosystema.

Direktoratet har utvikla ei rettleiing for klimarobust tilrettelegging og opparbeiding av stiar i friluftsområde. Det operative feltapparatet til direktoratet, Statens naturoppsyn (SNO), utfører fleire løpande feltoppgåver i arbeidet med klimatilpassing, som restaureringstiltak i våtmark og skjøtsel av verneområde. Programmet direktoratet har for miljøovervaking, er vurdert med omsyn til om dei fangar opp effektar av klimaendringar. Som ei oppfølging er det i gang ei satsing som skal gje meir kunnskap om effekten klimaendringane har på akvatiske økosystem.

Klimatilpassing er stadig eit prioritert tilsynstema i 2022, der Miljødirektoratet og statsforvaltaren på tilsyn med industribedrifter vurderer om bedriftene tek tilstrekkeleg omsyn til klimaendringane i arbeid med miljørisikovurderingar og i beredskapsplanar. Det er utført ei kartlegging av nedlagde sivile skytebanar og deponi. I oppfølginga skal det vurderast kva lokalitetar som har størst risiko for negativ miljøpåverknad, også i lys av effektar av klimaendringar.

Direktoratet har koordinert innspel til FNs klimapanels sjette hovudrapport, der delrapport 2 om verknader, tilpassing og sårbarheit er særleg relevant for klimatilpassing.

Riksantikvarens klimastrategi for kulturmiljøforvaltning vart ferdigstilt i 2021. Strategien handlar både om bidraget frå kulturmiljøfeltet til reduksjon av klimagassutslepp og korleis kulturmiljøfeltet handterer uønskte konsekvensar av klimaendringane. Riksantikvaren har sett i gang eit arbeid med ROS-analysar for kulturmiljø i tre kommunar i Møre og Romsdal, i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet har fått tilskot frå Miljødirektoratet. Målet er å utvikle kunnskap, kompetanse og erfaringar knytte til ROS-analyse og tiltaksplanlegging. Riksantikvaren og Miljødirektoratet bidreg, i samarbeid med forskingsmiljø i Australia og USA, til utviklinga av metoden Climate Vulnerability Index (CVI), som kartlegg klimautfordringar for verdsarvstader. I metoden inngår analyse av konsekvensane av klimaendringar for lokalsamfunn, også i eit internasjonalt perspektiv.

Riksantikvaren har lansert ei dømesamling, der gode døme på mellom anna klimatilpassing av kulturmiljø har ein viktig plass, og direktoratet har etablert ein kunnskapsbank for kulturmiljø og klima.

Riksantikvaren gjev tilskot til klimasikring, mellom anna til oppgradering av klimaskal på verneverdige kyrkjer. Riksantikvarens tilskotsordningar bidreg også til klimasikring av utsette arkeologiske kulturminne.

Riksantikvaren driv fleire miljøovervakingsprogram som kartlegg korleis klimaendringane påverkar kulturminne og kulturmiljø, mellom anna mellomalderbygg og freda bygningar på verdsarvstadane Røros og Bryggen i Bergen.

Landbruket må tilpasse seg eit endra klima for å kunne halde ved lag produksjonen av mat, fiber, energi og andre gode samfunnet treng. Klimatilpassing i landbruket er også viktig for andre samfunnsinteresser ettersom landbruket forvaltar store areal som kan vere med å beskytte eller eksponere samfunnet elles. Klimatilpassing i landbrukssektoren omfattar difor areal- og ressursforvaltning generelt og tilpassingar i jordbruket, skogbruket og reindrifta. Det er i 2022 publisert tre rettleiingar for korleis kommunane kan bidra til å ta omsyn til og tilpasse jordbruk, skogbruk og reindrift i kommunal planlegging.

Produsentane sjølve tilpassar seg kontinuerleg, til dømes ved valet av vekstar og driftsmetodar som er betre tilpassa eit endra nedbørsmønster og høgare temperatur. Næringa er igjen avhengig av relevant FoU, rettleiing og økonomiske insentiv. Blant prioriteringar i matproduksjonen er å bevare genetisk mangfald, fremje planteforedling og husdyravl og beskytte matjorda.

Landbruksdirektoratet forvaltar fleire tilskotsordningar som kan bidra til at jordbruket står betre rusta, mellom anna til drenering av jordbruksareal, etablering og utbetring av hydrotekniske anlegg, bygging av landbruksvegar, utvikling og produksjon av klimatilpassa plantemateriale og til bevaring av genetiske ressursar. Det finst også ordningar som stimulerer til bruk av driftsmetodar som forhindrar erosjon og avrenning.

Dei siste åra har arbeid for å styrkje matjorda og jordfunksjonane fått auka merksemd. Nasjonalt jordprogram vart levert av ei arbeidsgruppe i regi av Landbruksdirektoratet i 2020, og matjorda er med i eitt av fem samfunnsoppdrag under Horisont Europa. Landbruks- og miljøstyresmaktene jobbar med å utvikle kunnskap, praksis og insentiv for jordsmonn og jordhelse. Jordbruksoppgjeret 2021 kom til at jord skal inngå som eit nytt hovudtema i Nasjonalt miljøprogram for jordbruket, med tilhøyrande tilskotsordningar gjennom Regionale miljøprogram. Forsking på klimatilpassa landbruksproduksjon er prioritert over budsjettet til Landbruk- og matdepartementet (LMD). Også gjennom forskingsmidlar over jordbruksavtalen blir det prioritert prosjekt som bidreg til betre kunnskap om klimatilpassing av norsk jordbruk.

LMD gjennomgår òg beredskapen for å unngå auka førekomstar av skadegjerarar i jord- og skogbruksproduksjonen. Beredskapen innanfor klimarelaterte skogskadar, med hovudvekt på skogbrann og stormfelling, for å sikre god samhandling mellom dei departementa det gjeld, og mellom skogbruket og dei operative beredskapsetatane vil bli vurdert.

Ved planlegging og bygging av landbruksveg blir det no lagt større vekt på tiltak som reduserer risiko for ras- og flaumskadar. Linjeføring, stikkrennedimensjon og vassfordeling ved flaum er meir i fokus.

LMD og KLD ser behov for ei utgreiing der ein ser nærmare på klimatilpassinga i skogbruket. Utgreiinga skal danne grunnlaget for eventuelle forvaltningsråd som òg vurderer effektar på næringa, naturmangfaldet, friluftsliv og andre interesser.

LMD ser på verneskogforskriftene under skogbrukslova som ledd i klimatilpassing av skogbruket. Landbruksdirektoratet i samarbeid med NVE er i gang med eit arbeid om naturfare og verneskog med ei målsetjing om å utarbeide ein forvaltningspraksis som best mogleg tek seg av omsynet til både samfunnstryggleiken og god forvaltning av skogressursen. Eit delprosjekt med NIBIO skal bidra til å skaffe fram kunnskap og utarbeide metodar for hogst- og driftsmetodar for optimalisering av skogtilstand i verneskog.

Erstatningsordningane ved avlingssvikt og svikt i honningproduksjonen bidreg til å redusere økonomisk tap ved klimabunden produksjonssvikt. Utbetalingane dei siste par åra har vore på moderat nivå på nokre titals mill. kroner årleg. Til samanlikning vart det som følgje av tørkesommaren i 2018 utbetalt nærmare 2 mrd. kroner i erstatning for avlingssvikt. Landbruksdirektoratets overvaking av internasjonale marknader og importregulering er viktige element i norsk matvareberedskap i lys av moglege globale forsyningsflaskehalsar som følgje av klimaendringar.

Eit endra klima med meir ustabile vêrforhold gjev utfordringar for reindrifta. I 2020 og 2022 har det vore omfattande beitekriser i Nordland og Troms og Finnmark som følgje av låste beite grunna ising. Landbruksdirektoratet forvaltar ei tilskotsordning for kriseberedskap, som kan nyttast mellom anna til innkjøp av fôr og uttransport av fôr. Det er avgjerande å arbeide vidare med å vidareutvikle strategiar og tiltak for klimatilpassing i reindrifta, og det må vere dialog mellom næring og forvaltning om kva for tiltak som kan gjerast.

Mattilsynet har ansvaret for tryggleiken i heile matkjeda frå jord/fjord til bord og for trygt drikkevatn. Endra klima vil mellom anna endre sjukdomspanoramaet hos plantar, dyr, fisk og menneske og gje utfordringar for dyrevelferda. Endra nedbørforhold med både vassmangel og flaumar kan true drikkevassforsyninga. Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet, NIBIO og Folkehelseinstituttet bidreg med overvaking av tilstanden for om mogleg å førebyggje skadar. Dei gjev også råd ved handtering av hendingar og behov for endring av regelverk.

Samstundes med klimaendringar ser vi også endra internasjonale rammekår, tryggingspolitiske forhold, endringar i befolkningssamansetjing og arbeidsliv, endring i handelsmønster, auke i cyberangrep og endra økonomiske føresetnader. I sum opplever Mattilsynet at risikoar som påverkar samfunnsoppdraget vårt knytt til mattryggleik og dyrevelferd, på kort og lang sikt har auka monaleg i seinare tid.

6.7.3 Infrastruktur og samferdsel

Kraftig nedbør, svingingar i temperatur og auka fare for regnflaum, skred og stormflod gjev utfordringar for transport og samferdsel. I mars 2021 la regjeringa fram Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP), planen presenterer transportpolitikken til regjeringa for dei tolv neste åra og gjev føringar for integrering av klimatilpassingsomsyn i planlegging og prioritering innan samferdselssektoren. Klimatilpassing er også ein integrert del av Samferdselsdepartementets strategi for samfunnstryggleik i transportsektoren. Ein revidert strategi vart lansert desember 2020. Strategien blir følgd opp av underliggjande etatar.

Kystverket samarbeider med relevante aktørar i arbeidet med klimatilpassing, både ved utarbeiding av kunnskapsgrunnlag og i samband med førebygging, varsling og handtering av hendingar. Vidare tek Kystverket høgd for klimaendringar ved planlegging, dimensjonering og drift av eigen infrastruktur og system. Det blir arbeidd med å integrere klimaomsyn i relevante planprosessar, utgreiingar og analysar. Kystverket speler i planlegging etter plan- og bygningslova inn kor viktig det er at maritim infrastruktur blir tilpassa forventa klimaendringar. Det er etablert eit tettare samarbeid med Meteorologisk institutt for framskriving av miljølaster for planlegging og dimensjonering av installasjonar og navigasjonsinfrastruktur.

Hausten 2021 oppdaterte Statens vegvesen strategien sin for samfunnstryggleik (av 2017), i tråd med SD sin nye strategi for samfunnstryggleik i transportsektoren.

Å implementere kunnskap om effekten av klimaendringar i normalar og retningslinjer er eit av dei viktigaste verkemidla til etaten. Mange av Statens vegvesens prioriterte oppgåver støttar opp under klimatilpassing, slik som utarbeiding av naturfareplanar, oversikt over skredsikringsbehov og landsdekkjande skredvarsling og i samarbeidet med NVE og MET på varsom.no.

I planlegging av nye vegar og i utbetringsprosjekt satsar Statens vegvesen på gode og einsarta risiko- og sårbarheitsanalysar. Etaten har nyleg styrkt kapasiteten sin på ROS, slik at prosedyren for ROS-analyse kan bli betre og vidareutviklast. På driftssida blir arbeid med naturfarevernebuing høgt prioritert, både ved å hjelpe til varsling av naturfare og ved aktiv bruk av varslingar i den daglege drifta. Det er laga naturfareplanar for alle driftskontraktar etaten har på riksveg. I løpet av 2022 vil alle planane vere oppdaterte. Respons-prosjektet, som har som mål å samle digitalisert informasjon frå alle naturfareplanane i ein webportal, er no i avslutningsfasen.

Statens vegvesen jobbar for tida med fleire FOU-prosjekt som tek for seg økonomiske aspekt ved klimatilpassing. Eit prosjekt går ut på å modifisere EFFEKT, verktøyet til etaten for kost–nytte-analysar, slik at klimaendringar er tekne omsyn til.

Statens vegvesen og Nye Vegar har samarbeidd om klimatilpassing. Det er mellom anna oppretta eit fagleg kommunikasjonsnettverk på klimatilpassing med Statens vegvesen, Nye vegar AS og fylkeskommunane. Det vart også i 2021 oppretta eit fireårig FoU-prosjektet «Klimatilpasning og veitransport» (KLIMAVEI). Dette blir gjennomført av Statens vegvesen, Nye Vegar og tre forskingspartnarar (Vestlandsforsking, NGI, Menon Economics) og med støtte frå Forskingsrådet. Målet er å etablere eit kunnskapsgrunnlag for samfunnsøkonomiske analysar på prosjekt- og systemnivå som tek omsyn til klimaendringar, endringar i klimapolitikk, og som støttar under mål om tryggleik, berekraft og effektivitet i vegsektoren.

I prosjektet NordicLINK deltek Nye Vegar saman med fleire nordiske partnarar i eit prosjekt som søkjer å betre forstå naturfare og kva som er moglege avbøtande tiltak. Prosjektet skal mellom anna forske på naturbaserte løysingar for å redusere risiko for naturfarehendingar i samanheng med infrastruktur.

Nye Vegar har fått utvikla ein GIS-basert metodikk som kan avdekkje risiko for naturfare langs ein planlagd trasé i planleggingsfasen. Metodikken gjer det også mogleg å vurdere korleis risikoen for ulike naturfarar vil endre seg som følgje av klimaendringar fram mot år 2100. GIS-verktøyet dannar grunnlaget for vidare undersøkingar i felt og for vidare kopling med annan informasjon som blir avdekt i samanheng med konsekvensanalysar. Analysar av naturfare har påverka konkrete løysingar.

Nye Vegar nyttar dei same handbøkene og rettleiingane som Statens vegvesen.

Det er stort behov for å tilpasse jernbaneinfrastrukturen til eit klima i endring. Bane NOR har som eigar og forvaltar av infrastrukturen utvikla eit beredskapssystem for å handtere natur- og klimarelaterte hendingar. Dette styrer togtrafikken slik at risikoar for uønskte hendingar er låge, samstundes som framkomsten ikkje blir forstyrra meir enn nødvendig. I tillegg blir det gjort eit betydeleg arbeid med infrastrukturtiltak som førebyggjer konsekvensar knytte til flaum, skred og andre klimafarar.

Risikobaserte metodar blir nytta for å halde risikoar under god kontroll og til å velje dei mest kostnadseffektive løysingane. Trass i omfattande arbeid med tryggleiken vil det framleis kunne vere risiko for ulykker. Viktige tiltak er difor å halde fram med utviklinga av system for overvaking og varsling av potensielt farlege forhold og tilstandar. Utfordringa er særleg knytt til sideterreng som tidlegare ikkje var sett på som ein risiko for framkomsten og tryggleiken til jernbanen.

Som følgje av eit klima i endring er det kontinuerleg behov for meir lokalt baserte kartleggingar og beredskapsordningar i tillegg til å oppgradere eksisterande jernbane til å betre motstå klimafarar.

Luftfarten blir påverka på ulike måtar av klimaendringar. Døme kan vere havnivåstiging, som kan få noko å seie for enkelte lågtliggjande lufthamner, isingsforhold og endringar i vindretning og styrke som påverkar alle typar luftfartøy i større eller mindre grad.

Luftfartstilsynet er den nasjonale luftfartsstyresmakta i Noreg og arbeider mellom anna for å byggje eit forbetra kunnskapsgrunnlag om klimatilpassing for luftfartsaktørane. Luftfartstilsynet samlar erfaring og informasjon for luftfartsbransjen for å kunne gje kvalifiserte vurderingar om klimatilpassing, irekna kva tiltak som kan vere mest relevante for å redusere risiko for hendingar grunna klima med konsekvens for luftfarten. Luftfartstilsynet følgjer også arbeidet med klimatilpassing internasjonalt, mellom anna gjennom å delta i FNs luftfartsorganisasjon ICAO.

Klimatilpassing i Avinor blir følgd opp strategisk som ein del av det overordna klimaprogrammet til konsernet og er ein del av arbeidet innan trygging og risikoførebygging. Avinor har jobba systematisk med klimarisiko og klimatilpassing sidan starten på 2000-talet, mellom anna gjennom NTP, Eurocontrol, ACI (Airport Council International) og fleire andre forum. Avinor deltek også som partnar i forskingssenteret Klima 2050 og er involvert i arbeid som er i gang. Dei integrerer omsynet til klimaendringar i den daglege drifta og i framtidige byggjeprosjekt gjennom Avinors styringssystem (prosedyrar og rutinar), Avinors standardar for bygg og masterplanutviklinga for kvar enkelt lufthamn. I 2021 har Avinor gjennomført ei oppdatering av klimarisiko- og sårbarheitsrapporten til konsernet frå 2014. Oppdateringa tek for seg risikofaktorane ved kvar enkelt lufthamn, og samla gjev rapporten eit bilete av at klimaendringane blir betydelege. Denne rapporten kan nyttast i Avinors arbeid med risikostyring for å planleggje vedlikehaldsprosjekt i framtida og som basis for arbeidet med ein TCFD-analyse som blir utarbeidd i 2022.

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) skal fremje byggkvalitet også utover minimumskrava i byggteknisk forskrift. Klimatilpassing er ein del av DiBKs strategi for betre byggkvalitet i eksisterande bustader for perioden 2019–2023. I tillegg er energi, miljø og tilkomst sentrale tema. Med bakgrunn i strategien har DiBK utvikla oppussingsråd retta mot bustadeigarar. Dette skal gjere det lettare for bustadeigarar å ta val som gjev betre byggkvalitet, når dei held ved like, pussar opp eller byggjer om bustaden. Råda vart lanserte i mars 2021. Oppussingsråda er innretta for at bustader skal tole klimaet i framtida, vere meir tilrettelagde slik at vi kan bu lenger heime, og samstundes vere meir berekraftige.

I 2021 har DiBK revidert temarettleiinga om utbygging i fareområde. DiBK har i dette arbeidet fått innspel frå direktoratsgruppa for klimatilpassing. Rettleiinga vart ferdigstilt i 2021.

I behandlinga av Prop. 1 S (2021–2022) for Kommunal- og distriktsdepartementet slutta Stortinget seg til ambisjonane og tiltaka i ein ny strategi for bygg og eigedom i statleg sivil sektor. Eitt av tiltaka er at klimatilpassingar skal gjennomførast ut frå ei kost–nytte-vurdering. Statsbygg jobbar systematisk med å sørgje for at verksemda tek omsyn til klimatilpassing i alle delar av verksemda der det er relevant. For forvaltning og drift av eksisterande eigedom har Statsbygg kartlagt klimarisiko på eigedommane dei forvaltar.

I konseptvalutgreiingar og lokaliseringsvurderingar gjev Statsbygg faglege råd som får konsekvensar for arealdisponering og val av lokalisering for statleg verksemd. Statsbygg vurderer risiko for naturfare og behov for eventuelle klimatilpassingstiltak på tomtene som er til vurdering, som eit av mange relevante aspekt. Statsbygg jobbar med å utvikle tydelege kriterium og sjekklister for systematisk å vurdere behovet for klimatilpassing. Kriterium for klimatilpassing vil også vere viktig seinare i prosjektforløpet når eit konsept er teke vidare til eit faktisk byggjeprosjekt. I prosjekteringsfasen er det avgjerande at vala av materialar og konstruksjonsmetode blir gjorde på grunnlag av oppdaterte og representative klimadata for klimaet bygget skal oppførast og stå i. Uteområda utanfor bygga er også ein viktig del av planlegginga for å sikre best mogleg handtering av overvatn ved styrtregn. I fleire prosjekt har ein no lagt til rette for opne flaumvegar i staden for lukka løysingar under bakken. Statsbygg deltek i sentrale initiativ innanfor klimatilpassing slik som Klima 2050.

6.7.4 Industri og næringsliv

Nærings- og fiskeridepartementet følgjer opp forventningane knytte til klima og miljø i Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper – Bærekraftig verdiskaping i eigardialogen med selskap med statleg eigardel. Det følgjer av eigarskapsmeldinga at staten forventar at selskap med statleg eigardel har ein overordna plan for berekraftig verdiskaping, og at dei arbeider for å redusere klima- og miljøfotavtrykket sitt. Eit berekraftig selskap balanserer økonomiske, sosiale og miljømessige forhold på ein måte som bidreg til langsiktig verdiskaping og slik at behova i dag blir møtte utan å øydeleggje utsiktene for at kommande generasjonar kan få dekt behova sine. Klimaendringar er omtalte i eigarskapsmeldinga som døme på ein verdidrivar som vil medføre risiko og moglegheiter for selskap. Som kunnskapsgrunnlag i eigardialogen blir det mellom anna brukt rapportering som selskapa sjølve lagar, tilgjengelege eksterne selskapsanalysar og ein rapport om klimarelatert risiko for selskap med statleg eigardel som Nærings- og fiskeridepartementet fekk utarbeidd i 2017 i samarbeid med andre departement som forvaltar eigarskap i selskap, i tillegg til Klimarisikoutvalets rapport, NOU 2018: 17 Klimarisiko og norsk økonomi. Statens eigarrapport 2021 inneheld ei oversikt over klimagassutsleppa til selskapa og oversikt over rapporteringsstandardar og retningslinjer som selskapa følgjer, irekna Task Force on Climate-related Financial Disclosure (TCFD) og Greenhouse Gas Protocol. Hausten 2022 vil regjeringa leggje fram ei ny stortingsmelding om eigarskap der forventningane til klima vil utviklast.

Det næringsretta verkemiddelapparatet har fleire ordningar og program som støttar forsking på og utvikling av nye grøne løysingar. Vi ser at dei breie, opne ordningane i verkemiddelapparatet i stor grad treffer prosjekt med positiv klima- og miljøeffekt. Innovasjon Noreg rapporterer om delen prosjekt med miljøeffekt. Rapportering til Nærings- og fiskeridepartementet viser mellom anna at 41 pst. av prosjekta som fekk innvilga etablerartilskot i 2020, hadde kryss for miljøeffekt. Innovasjon Noreg forvaltar også Miljøteknologiordningen, som skal bidra til å finansiere utprøvinga av ny, meir miljøvennleg teknologi innanfor ulike sektorar. Ordninga kompenserer for manglande etterspurnad etter miljøteknologi i marknaden og bidreg til å redusere den høge risikoen knytt til denne typen investeringar.

Fiskeri- og havbruksforvaltninga må tilpasse seg nye naturgjevne føresetnader. Både i program finansierte av Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet blir det lagt ned ein omfattande forskingsinnsats for å skaffe fram kunnskap om rolla havet har i klimasystemet, og konsekvensane klimaendringane har for marine økosystem og ressursar.

Som følgje av klimaendringar og stadig større isfrie område er det store endringar i utbreiinga av bestandar og i dynamikken i havøkosystema. Difor har både kompleksiteten i og arealet for ressurs- og miljøovervaking auka vesentleg dei siste åra. I Meld. St. 10 (2020–2021) Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring og Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 varsla regjeringa framtidige låg- og nullutsleppskriterium for fleire fartøysegment for å nå ambisjonen om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030.

6.7.5 Forsvarssektoren

Klimaendringar påverkar den globale tryggleikssituasjonen, og samfunnet sine tiltak for å møte endringane kan føre til endra tilgang til materiale, varer og drivstoff. Dette får verknader for operasjonar og beredskap i Forsvaret og for langtidsplanlegginga til forsvarssektoren. Raskare klimaendringar i nordområda vil både kunne utvide området det kan opererast i, og auke trafikken i området. Difor vil Forsvaret både få eit større operasjonsområde og ein større trafikk her. For Kystvakta kan dette til dømes føre til lengre forsyningslinjer og utvida behov for logistikk. Det vil også stille større krav til søk- og redningskapasiteten, og den auka trafikken vil i seg sjølv føre til større risiko for ulykker med miljøkonsekvensar.

Det går fram av stortingsmeldinga om prioriterte endringar, status og tiltak i forsvarssektoren (Meld. St. 10 (2021–2022)) at forsvarssektoren skal tilpasse seg eit potensielt endra trusselbilete drive fram av klimaendringar. Klimaendringar og -tiltak vil prege ein framtidig trusselsituasjon, konseptutvikling og utvikling av kapabilitetar både i forsvarssektoren og dei sektorane som saman må vidareutvikle og vedlikehalde nasjonal tryggleik og forsvar.

Sektoren erkjenner at det difor i aukande grad er nødvendig å ta høgd for klimaendringar i forsvarsplanlegginga. Dette gjeld både ved utvikling av framtidige operasjonskonsept og strukturalternativ og ved etablering og vedlikehald av kapabilitetar, medrekna nye anskaffingar og oppgradering av materiell. Forsvarssektoren vil leggje vinn på å utvikle eit klimarobust forsvar og halde ved lag forsvarsevna gjennom tilpassingar på alle nivå frå det konseptuelle til materiell og åtferd.

Klimaendringane fører også til fleire ekstremhendingar som styrtregn, varmebølgjer, tørke, flaum og skred, samstundes som eit høgare havnivå er forventa. Klimaendringar blir ei stadig viktigare årsak til tap av naturmangfald. Risikoen for avrenning frå areala til sektoren aukar, og forureining som i dag er bunden, kan som ein konsekvens bli frigjeven til grunn og vatn. I forvaltninga av areala og naturområda til forsvarssektoren er det difor i aukande grad nødvendig å ta omsyn til klimaendringar gjennom mellom anna bevaring av naturtypar og anna naturmangfald. Dette vil også hjelpe til å syte for at økosystem er meir robuste mot endringar. Forsvarssektoren har opparbeidd mykje kunnskap om naturrestaurering gjennom naturrestaureringsprosjektet på Hjerkinn som vart ferdig i 2020. Dette er det største naturrestaureringsprosjektet i Noreg nokon gong. Denne kompetansen blir viktig framover for å leggje til rette for at Forsvaret kan nytte og utvikle øvingsareala, anlegga sine og garnisonane sine over lang tid og samstundes redusere ulempene for miljø og samfunnet.

Eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren må også i aukande grad tilpassast eit endra klima. Dette blir gjort ved arealplanlegging og ved bygging og drift. Analysar av miljørisiko og omfattande miljøovervaking av tilstanden er ein del av det førebyggjande arbeidet som er pålagt gjennom konsesjonar og løyve for verksemda til sektoren.

Kunnskap og samarbeid er heilt nødvendig for å kunne forstå konsekvensane av klimaendringane, for å setje i verk tiltak som hindrar eller reduserer skade, og ikkje minst utnytte høva som desse endringane gjev til positiv endring. Klimatilpassing er eitt av fem innsatsområde i forsvarssektoren sin klima- og miljøstrategi. Dei andre er å redusere energiforbruk og direkte klimagassutslepp, minimere miljøpåverknad og syte for eit miljø fritt for gift, bevare naturmangfald og sikre kulturhistoriske verdiar og, til slutt, leggje om til sirkulær økonomi og berekraftige anskaffingar. Eitt av tiltaka er at det blir oppretta eit kompetansenettverk i sektoren for kvart innsatsområde i strategien. Gjennom samarbeid i sektoren skal det arbeidast for å tilpasse infrastruktur, eigedom, bygg, anlegg, materiell, operasjonar og beredskap i takt med endra klima. Forsvarssektoren skal også halde i gang eit tett samarbeid med industrien og internasjonale partnarar som eit viktig steg i utviklinga av framtidige løysingar.

Kunnskapsgrunnlaget skal også utvidast gjennom forskingsaktivitetar og studiar. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) har i lang tid gjort analysar. Desse vil no i aukande grad inkludere klimaendringar og klimatiltak som sentrale drivarar i samspel med andre teknologiske og geopolitiske trendar. Dette gjev eit grunnlag for å planleggje og utvikle meir tilpassa kapabilitetar og materiell. FFI utviklar også forskingsbasert kunnskap om korleis motstandsevna i kritiske samfunnsfunksjonar, som er viktige for totalforsvarsevna, kan haldast ved lag og styrkjast i eit samfunn som gjennomgår store endringar som følgje av energiomstilling til fornybare energisystem.

NATO har vedteke eit nytt strategisk konsept på toppmøte i juni 2022. I denne har NATO mellom anna sett seg mål om å bli den leiande internasjonale organisasjonen for å forstå og tilpasse seg effekten klimaendringane har på global tryggleik. Alliansen vart også samd om at NATO skal hjelpe til med å kjempe mot klimaendringar ved å redusere klimagassutslepp, bruke energi meir effektivt og investere i overgangen til rein energi og utnytte grøn teknologi samstundes som ein skal halde ved lag den operative evna. Forsvarssektoren deltek aktivt i arbeidet til NATO.

6.7.6 Helse

Folkehelselova pålegg kommunar og fylkeskommunar å ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei faktorane som kan verke inn på denne, irekna forhold relaterte til klimaendringar, som auka ulykkes- og sjukdomsrisiko knytt til mellom anna ekstreme temperaturendringar, flaum- og skredfare, dårleg vedlikehalde leidningsnett for vassforsyning, mogleg auke av vektorborne smitteberarar, nye sjukdommar og utvida pollensesong. Temperaturauken som følgje av klimaendringar er venta å gje behov for temperaturregulerande tiltak i sjukehus og andre helseinstitusjonar. Lokalt må ein også ha beredskap med tanke på moglege posttraumatiske lidingar, depresjon og angstlidingar i etterkant av ekstremvêr og naturkatastrofar.

Helsedirektoratet skal bidra til at ulike sektorar og forvaltningsnivå har nødvendig kunnskap for å vareta ansvaret sitt for å førebyggje sjukdom og fremje helse. Dette inneber å vere pådrivar for kunnskapsbasert arbeid og ha ansvar for å følgje med på utvikling som påverkar helsa til befolkninga og helsetenesta i Noreg36. Helsedirektoratet følgjer med på kunnskapsutviklinga internasjonalt om effektar klimaendringane har på folkehelse og helsesystem, som igjen kan ha noko å seie for utforminga av kunnskapsbasert politikk i Noreg, mellom anna i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI).

FHI er med i EURO Climate, leidd av WHO, og som har årlege møte om helse og klima. FHI deltek også i fleire EU-finansierte prosjekt som handlar om klima og helse, til dømes EXHAUSTION som ser på korleis klimaparametrar og forureining kvar for seg og saman påverkar helsa til folk i Noreg, og ENBEL som koplar saman klimaforsking og helseforsking. FHI er også med i eit samarbeidsprosjekt med kinesiske forskarar der ein ser på kortliva klimadrivarar, som svart karbon (BC), og korleis dette påverkar klimaendringar og helseeffektar. Desse prosjekta utviklar nye metodar for å forstå sjukdomsbyrder som knyter seg til klima, og for å modellere framtidige konsekvensar både økonomiske og for helsa. Vidare er FHI med i eit forskingsprosjekt som undersøkjer adaptasjonsmekanismar innan klima, miljø og helse i lokalsamfunnsgrupper i Alaska og Vest-India, og i Arctic Monitoring and Assessment Program (AMAP), International Nitrogen Assessment (INMS) og andre internasjonale ekspertgrupper som jobbar med klimarelaterte helseeffektar. Den internasjonale samanslutninga av folkehelseinstitutt, IANPHI, utarbeidde i 2021 ein eigen handlingsplan om klimaendringar og helse. FHI deltok i arbeidet med å utvikle handlingsplanen.

Instituttet arbeider med å kartleggje førekomsten og utbreiinga av zoonosar og eventuelle endringar som følgje av miljø- og klimaendringar som skjer no, som på sikt kan innebere auka human eksponering for «nye» zoonosar og/eller endring i eksisterande human eksponering for desse sjukdommane. I EU-prosjektet OneHealth EJP er instituttet mellom anna med på forsking på zoonosar, utvikling av nye metodar og verktøy for infeksjonsovervaking, slik at ein skal kunne oppdage matborne sjukdomsutbrot tidlegare eller helst førebyggje slik sjukdom. Eit stort fransk initiativ med over 100 partnarar, inklusiv FHI, handlar om å førebyggje nye zoonotiske pandemiar som følgje av klima- og miljøendringar. Under Arktisk råd er FHI med og leier prosjektet «One Arctic One Health» som handlar om korleis klima- og miljøhelsa er gjensidig avhengige av human- og dyrehelse. NFR-prosjektet #TimeLyme, som FHI er med i, har mål om å forstå korleis dei klima- og miljøendringane som er i gang, påverkar førekomsten av vektorboren sjukdom. FHI har dei siste åra vore aktive i arbeidet med og lanseringa av Lancet Countdown-rapportane. I 2021 vart det publisert ei eiga politikktilråding om klima spesielt relevant for norske forhold.

Helse- og omsorgsministeren tok i november 2021 initiativ til at Noreg slutta seg til COP26 helseprogram. Initiativet omhandlar både tilpassing og utsleppskutt.

Helse- og omsorgsdepartementet arbeider med eit vegkart som gjev retning mot ein berekraftig lågutslepps helse- og omsorgssektor innan 2050, utarbeidd i eit samarbeid mellom stat, kommunar og relevante aktørar, tentativt innan utgangen av 2023. Helsedirektoratet er bede om å bidra med ei evaluering av status for klimagassutslepp frå helse- og omsorgssektoren. Folkehelseinstituttet er bede om å bidra med ein nasjonal analyse av sårbarheit og tilpassingsbehov i helse- og omsorgssektoren som følgje av klimarelaterte endringar og akutte klimahendingar. Dei regionale helseføretaka, KS og andre relevante aktørar vil bli konsulterte i arbeidet.

6.7.7 Utanriks- og tryggingspolitikk

I Meld. St. 36 (2016–2017) Veivalg i norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk er det påpeikt at klimaendringar er ein aukande del av risikobiletet i mange land. Klimaendringar kan påverke underliggjande årsaker til konfliktar, bidra til å forsterke konfliktar som er i gang, og kan bli ein trussel mot eksistensen til enkelte land. Det er viktig å utvikle ei systematisk tilnærming til å forstå, oppdage og handtere auka risiko for ustabilitet, utryggleik og konflikt som følgje av klimaendringar og korleis dette kan svekkje evna til å førebyggje, handtere og løyse konfliktar. Klima og tryggleik er eitt av fire prioriterte tema for den norske medlemskapen i FNs tryggingsråd 2021–2022. Ei sentral målsetjing er å styrkje evna rådet har til å førebyggje, handtere og løyse klimarelaterte truslar mot internasjonal fred og tryggleik. For å bidra til nødvendige analyser om samanhengane mellom klima og tryggleik som kan brukast av alle medlemsland og sivilt samfunn, er det innleidd samarbeid med mellom anna Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) og Stockholm International Peace Research Institute (SIPRI).

Klimaendringane skjer spesielt raskt i Arktis, og det er i gang omfattande forsking på klima i Arktis. Arbeidsgruppene i Arktisk råd legg jamleg fram rapportar om klimaendringane og miljøtilstanden i Arktis. Rapportane er viktige bidrag til kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn for klimatilpassing, og for IPCCs arbeid med spesialrapportar og hovudrapportar. Arktisk råd har styrkt samarbeidet sitt innan klima og meteorologi for å gje betre kunnskapsgrunnlag for tilpassing og risikohandtering i nord. Det er også retta meir merksemd mot kunnskapsinnhenting og forsking på klimaendringane i Antarktis. Det internasjonale forskingssamarbeidet innanfor Antarktistraktatsystemet gjev viktige bidrag til IPCC og sikrar at ein har kunnskapsgrunnlag for begge polområda.

Regjeringa har sett seg som mål at Noreg skal doble samla årleg klimafinansiering frå 7 mrd. kroner i 2020 til 14 mrd. kroner i 2026. Som ein del av dette har regjeringa som mål å minst tredoble finansieringa til klimatilpassing frå 2020 til 2026. Ramma for satsinga på klimatilpassing er strategien «Klima, sult og sårbarhet. Strategi for klimatilpasning, forebygging av klimarelaterte katastrofer og sultbekjempelse».

Fotnoter

21.

Klimarobust utvikling er begrepet for det å gjennomføre utsleppsreduksjonar og tilpasse oss klimaendringane, og samtidig fremme berekraftig utvikling for båe mennesker og natur.

30.

Avinor, Bane NOR, Direktoratet for byggkvalitet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Fiskeridirektoratet, Folkehelseinstituttet Helsedirektoratet, Jernbanedirektoratet, Kartverket, Kystverket, Landbruksdirektoratet, Luftfartstilsynet, Mattilsynetw, Miljødirektoratet, Norges vassdrags- og energidirektorat, Riksantikvaren og Statens vegvesen

36.

Tildelingsbrevet til Helsedirektoratet 2022
Til forsiden