4 Aktiv medverknad av barn og unge
Plan- og bygningslova pålegg alle som utarbeider planar, offentlege og private, å leggje til rette for medverknad frå barn og unge som planen har eller kan få følgjer for. Medverknad er i tillegg eit allment prinsipp forankra i formålsparagrafen § 1-1 i lova.
I plan- og bygningslova er medverknad forstått som at enkeltpersonar og grupper har rett til å delta i og påverke offentlege utgreiings- og avgjerdsprosessar. Det gir innbyggjarane høve til å planleggje framtida si. Formålet med medverknad i planprosessen er mellom anna
- å sikre gode løysingar som tek omsyn til alle behov
- å leggje til rette for at alle som planen får følgjer for, og interesserte aktørar kan komme til orde
- å fremje kreativitet og engasjement og vere ein arena for demokratisk deltaking i lokalsamfunn
- å skaffe fram eit godt avgjerdsgrunnlag
Sjå meir om metodar og eksempel i medverknadsrettleiarenutarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
4.1 Barn og unge – verdien av å la barn og unge medverke
Regjeringa og Stortinget er opptekne av at barn og ungdom skal seie si meining og få komme med innspel i plan- og byggjesaker som har følgjer for dei.
Det er viktig at barn og unge medverkar, fordi dette gir barn og unge rett og høve til å erfare at deira røyst blir teken på alvor, og at deira innspel får verknad på fellesskapet. Erfaring viser at dersom barn og ungdom får vere med på å utvikle nær- og lokalmiljøet, tek dei betre vare på det. Det gir eigarkjensle.
Dei unge har førstehands erfaring og kunnskap om korleis det er å vekse opp og vere barn eller ungdom i eige nærmiljø. I møte med bodskapen frå dei unge kan vaksne tileigne seg ny kunnskap som kan medverke til betre og meir treffsikre løysingar, og dette vil ha innverknad på utviklinga, trivselen og oppvekstvilkåra for barn og unge.
Å leggje til rette for at dei unge blir høyrde og tekne på alvor i planprosessar, fører òg til at politikarar tek avgjerder på eit breiare kunnskapsgrunnlag. Mange planar og gjennomførte prosjekt kan bli betre når dei blir utforma på barn og unge sine premissar. Uteområde, skuleplassar og leikeområde blir betre tilpassa og meir brukande for barn og unge når dei sjølv er med på å utforme områda dei skal bruke.
Som det går fram av kapittel 1, har barn og ungdom gjennom internasjonale og nasjonale regelverk rett til å ta del i reelle demokratiske prosessar og få påverke sin eigen kvardag. Ved å inkludere barn og unge kan ein vere med på å styrkje lokaldemokratiet og opplevinga av kva det er.
4.2 Kommunens ansvar
Plan- og bygningslova § 5-1 seier at alle som fremjar planforslag, skal leggje til rette for medverknad. Kommunen skal sørgje for at dette er oppfylt i planprosessar som blir utførte av andre offentlege organ eller private.
Kommunen blir i § 5-1 andre ledd gitt eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, mellom andre barn og unge. Grupper og interesser som ikkje er i stand til å delta direkte, skal sikrast gode høve til medverknad på annan måte. Det er likevel kommunen som planstyresmakt som skal sørgje for at kravet om å leggje til rette for medverknad er følgt i planprosessen der private eller andre styresmakter har utarbeidd planforslag.
Formuleringane i lova inneber at planforslag skal tilpassast og presenterast slik at det blir forståeleg for barn og ungdom. Den som utarbeider eit planforslag, har plikt til å sørgje for å leggje til rette for aktiv medverknad frå dei unge. Det gjeld anten det er kommunen sjølv, private eller andre styresmakter som er forslagsstillar.
Planlegging og byggjesaker må også følgje føringane i artikkel 3 i barnekonvensjonen, som seier at ein skal ta omsyn til barns beste.
Det er viktig at det tidleg i planprosessen blir fastsett korleis medverknaden frå barn og unge skal leggjast til rette og gjennomførast. Dette er ofte eit tema i oppstartsmøtet mellom forslagsstillar og planstyresmakt.
Plan- og bygningslova § 4-1 krev at det for alle regionale planar, kommune(del)planar og reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal utarbeidast eit planprogram der også opplegget for medverknad skal fastsetjast. Medverknadsopplegg for barn og unge skal inngå som ein del av planprogrammet dersom planane får følgjer for deira interesser.
I arbeidet med planstrategien i kommunen (§ 10-1 andre ledd) skal det også leggjast opp til brei medverknad. Vidare skal kommunen i arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen gi retningslinjer for korleis kommunen sine eigne strategiar og mål skal gjennomførast ved medverknad frå offentlege organ og private, jf. § 11-2 andre ledd.
For at kommunen skal oppfylle det særlege ansvaret sitt for å sikre aktiv medverknad, tilrår departementet at kommunen avklårar kva for arenaer som er mest formålstenlege å nytte, og kven som skal ha ansvar for å gjennomføre medverknadsprosessar med barn og unge. Den eller dei i kommunen som får ansvar for å leggje til rette og gjennomføre medverknadsprosessar for dei unge, bør òg ha forståing for det planfaglege innhaldet. Vedkommande bør ha kompetanse og erfaring i å leggje fram plansaka slik at innhaldet blir forståeleg for dei unge.
Departementet presiserer at den som har rolla som representant for barn og unge i samsvar med plan- og bygningslova § 3-3 (særskild ordning) ikkje automatisk har ansvaret for å gjennomføre medverknadsprosessar for barn og unge. Oppgåva vedkommande har, er å peike på behovet overfor administrasjonen og gjere politikarar merksame på eventuell manglande medverknadsprosess når saker blir utarbeidde og behandla i kommunen. Sjå meir om dette i kapittel 5.
Dersom planforslaget inneber omdisponering av areal som er sette av til barns bruk, vil forslag om fullverdig erstatning vere eit aktuelt tema å leggje fram for dei unge. Det same vil vere tilfellet dersom ein ønskjer å omdisponere uregulert areal som barna har teke i bruk, til byggjeformål. Kommunen bør også gi råd og rettleie private forslagsstillarar om korleis dei kan gjennomføre medverknadsopplegg for barn og ungdom.
4.3 Statsforvaltaren og fylkeskommunens ansvar
Statsforvaltaren skal medverke til at politiske mål og lovverk, forskrifter og statlege retningslinjer blir følgde opp i planar som kommunen behandlar. Fylkeskommunen har eit generelt rettleiingsansvar overfor kommunane i planlegging etter pbl § 3-2 siste ledd og eit særleg ansvar for å følgje opp interessene til barn og unge i planlegginga, jf. RPR BU.
4.4 Motsegner dersom medverknad ikkje blir gjennomført
Det går fram av plan- og bygningslova § 5-4 at eit statleg eller regionalt organ som er ansvarleg for det saksområdet/ansvarsområde som planane gjeld, kan fremje motsegn når eit planforslag er i strid med føresegner i lova eller statlege planretningslinjer. Vi viser elles til føresegnene for den enkelte plantypen.
4.5 Medverknadsorgan – korleis involvere barn og unge
I § 5-12 i kommunelova er det fastsett at kommunen skal opprette eldreråd, råd for personar med funksjonsnedsetjing og ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom. På kommunalt nivå finst fleire ulike organ. Nokre eksempel er barne- og ungdomsråd, ungdommens kommunestyre, elevråd, kontaktutval mellom ungdom og politikarar og barnas kommunestyre. Råda er rådgivande organ for kommunen eller fylkeskommunen og har rett til å uttale seg i saker som gjeld høvesvis eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom.
Kommunestyret eller fylkestinget kan sjølv kan velje ungdomsråd. Ungdomsrådet skal ha ein valperiode på inntil to år. Medlemmene i ungdomsrådet skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år.
Kommunestyret eller fylkestinget kan velje å etablere ei anna medverknadsordning for ungdom enn eit ungdomsråd.
Sjå forskriftav juli 2019 om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom (forskrift om medverknadsordningar). Rettleiarenfor ungdomsråd gir òg tips om korleis råda kan arbeide.
Det er viktig å vere merksam på at deltakarane i ungdomsrådet ikkje utan vidare er representative for dei ungdommane planen får følgjer for. Planleggjarar må i kvar enkelt sak vurdere om deltakarane i ungdomsrådet veit nok om oppvekstmiljøet og levekåra til barn og ungdom i det aktuelle planområdet. Dersom bakgrunnen deira blir vurdert som lite representativ for saka, bør breiare grupper inviterast til å medverke.
Desse medverknadsorgana er etter lova oppnemnde til å vere talerøyr for ungdommen, ikkje barna. Det inneber at når ungdomsrådet deltek i planar, så utelukkar ikkje det at barn som planane får følgjer for, også kan medverke.
4.6 Barnetråkk
Barnetråkker ein metode for å dokumentere korleis dei unge bruker areal. Barn og unge gir informasjon på digitale kart om korleis dei bruker lokalmiljøet. Barna merkjer av kva for vegar dei bruker, kva stader dei er glade i, og kva stader dei opplever som problematiske. Dette gir kommunen oppdatert kunnskap til betre arealplanlegging.
Kartlegginga er også veleigna når kommunen arbeider med planar for trafikktryggleik.
Dokumentasjonen kan vere ein del av grunnlaget for prioritering av fysiske tiltak på vegnettet.
Registrering av korleis barn og unge bruker areal, kan også skje ved bruk av store ortofoto i A0-format. Ei synfaring saman med deltakarane vil forsterke og utdjupe informasjonen.
Mange kommunar og ein del fylkeskommunar har gjennomført barnetråkk. Det kan vere nyttig å hente fram tidlegare registreringar. Materialet kan vere tilstrekkeleg, eller det kan vere eit supplement til registreringar som blir gjorde i samband med kommuneplanen eller reguleringsplanen.
4.7 Andre metodar for medverknad
Det ligg føre ulike metodar som kan nyttast i ein medverknadsprosess. Departementet har ei eiga nettsidemed lenkjer. Det blir opp til tilretteleggjaren sjølv å vurdere kva for metode som passar best i den aktuelle situasjonen.