6 Eksempel, nettsider, andre rettleiarar
6.1 Data som grunnlag for planlegging - Ungdata
Kommunens eigne kartleggingar saman med helseundersøkingar gir data om helsetilstand, aktivitetsnivå og oppvekst.
Ungdataer lokale ungdomsundersøkingar som alle kommunar og fylkeskommunar i landet får tilbod om gratis, og gir viktig bakgrunnsmateriale for vurderinga av korleis det er å vere ung i Noreg.
Undersøkinga Ungdata, i regi av velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet og andre, dekkjer heilskapen i livet til unge og omfattar eit breitt spekter av temaområde som foreldre og venner, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel, rusmiddelbruk, risikoåtferd og vald. 630 000 ungdommar frå 412 kommunar har delteke sidan 2010.
6.2 Eksempel planstrategiar
Bergen kommune: Planstrategi for Bergen 2019-2023
Omtale av planlagt planarbeid: ”Det er behov for ein handlingsplan som kastar lys over utfordringar knytt til ungdomsåra og som sikrar ei meir tverrfagleg og heilheilskapleg innsats både i kommunen og mellom kommunen og relevante offentlege og ideelle/private aktørar. Handlingsplan for ungdommen 2020–2024 skal derfor utarbeidast.”
Os kommunePlanstrategi 2020-2023, med kunnskapsgrunnlag.
6.3 Medverknad
6.3.1 Barna i sentrum
Trondheim kommune inviterte til idékonkurranse om byutforming med ein jury samansett av barn og ungdom, (2019).
6.3.2 Berlevåg kommune
Berlevåg kommune har eigen rettleiar om ungdomsråd, (2019).
6.3.3 Nabolagsarkitekten
Eldsjeler i Gamlebyen i Oslo har skapt ein brokete stad for barn og unge (2019) Sjå omtale i Arkitektnytt
6.4 Andre rettleiarar
6.4.1 Helsedirektoratets rettleiarar
På Helsedirektoratets nettside Miljø og helse ligg nasjonale anbefalingar, råd og rettleiarar om lokalt folkehelsearbeid, barnehagar og skular mv.
6.4.2 TØI: Tiltakskatalog for transport og miljø, www.tiltak.no
www.tiltak.no er ein tiltakskatalog for transport og miljø som gir oversikt over ei rekke miljø- og klimatiltak som kan nyttast for å redusere vegtrafikkens negative verknader i primært byar og tettstader. Transportøkonomisk institutt har redaktøransvaret for www.tiltak.no, men mange ulike fagmiljø samarbeidar med tiltaksbeskrivinga. Tiltaksbeskrivinga er basert på forsking, og oppdaterast med jamleg. I tillegg finns linkar til andre miljø- og transportrelaterte informasjonskjelder .
Under avsnittet om Overordnede virkemidler, Miljø, lover og forskrifter har tiltakskatalogen ei liste med kunnskap om og erfaringar med fleire viktige tiltak for å sikre barn og unge gode oppvekstvilkår, sjå til dømes:
- Rikspolitiske retningslinjer for planlegging for barn og unge (TØI og NIBR 2020)
- Barnas transportplan (TØI 2019)
- Barnetråkk for å dokumentere kvar barn leikar og ferdas (DOGA 2018),
- Gående skolebuss (TØI og Trygg trafikk 2018)
- Kampanjer for sykling og gåing blant barn (TØI 2019)
Barnekonsekvensanalyser, ide frå Sverige (TØI 2020)