2 Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet
2.1 Regelverksutviklinga på finansmarknadsområdet
2.1.1 Bank- og finansieringsverksemd
Ny lov om sikringsordninger for banker og offentlig administrasjon m.v. av finansinstitusjonar vart fastsett ved lov 6. desember 1996 nr. 75 (Ot.prp. nr. 63 (1995-96) og Innst. O. nr. 3 (1996-97)). Etter lova skal alle norske bankar inkludert Postbanken vere medlemmer av ei sikringsfondordning. I tillegg skal filialar av kredittinstitusjonar med hovudsete i annan EØS-stat ha høve til å bli medlemmer dersom den norske ordninga gir betre trygging enn heimstaten si ordning. Den nye lova vidarefører ordninga med to sikringsfond, og sett fast at betaling av avgift til fonda skal skje på grunnlag av risikovekta balanse, innlån og kjernekapitaldekking. Fonda pliktar å dekkje innskott inntil 2 mill. kroner pr. innskytar pr. bank. Det er gjort einskilde endringar i reglane om betalings- og soliditetsvanskar. Reglane om offentleg administrasjon av finansinstitusjonar er ført vidare. Lova byggjer på Banklovkommisjonen si utgreiing nr. 2, Sikringsordningar og offentleg administrasjon mv. av finansinstitusjonar, NOU 1995:25. Finansdepartementet fastsette 20. desember 1996 forskrift om ikraftsetjing og overgangsreglar til banksikringslova. Lova vart sett i kraft frå 1. januar 1997, bortsett frå § 2-3 om opplysningsplikt for kundar, som gjeld frå 1. juli 1997. Det vart mellom anna fastsett ein overgangsregel om at avgift til sikringsfonda for 1997 skulle skje etter fastsetjing av nærmare reglar om innbetaling av avgift. Finansdepartementet fastsette slike reglar ved forskrift 6. mai 1997 nr. 429 om innbetaling av avgift til sparebankane og forretningsbankane sine sikringsfond.
Ved lov 7. juni 1996 nr. 30 vart mellom anna finansinstitusjonslova § 2-17 om tiltak mot kvitvasking av pengar endra med sikte på å styrkje regelverket til å førebygge og kjempe mot kvitvasking av utbytte frå kriminell aktivitet, jf. Ot.prp. nr. 22 (1995-96), Innst O. nr. 50 (1995-96) og omtale i Kredittmeldinga 1995. Lovendringane tok til å gjelde 1. januar 1997. Finansdepartementet fastsette 20. desember 1996 overgangsreglar mellom anna om at opplysningar Økokrim har motteke før dei nye og strengare reglane tok til å gjelde, berre kan nyttast slik det var høve til etter dei tidlegare reglane. Det vart samstundes gjort tekniske endringar i forskrift 7. februar 1994 nr. 118 om legitimasjonskontroll og tiltak mot kvitvasking av pengar.
Finansdepartementet har føreslått lovendringar og fastsett forskrifter som følgje av krav frå EFTA sitt overvakingsorgan ESA om å bringe regelverket i tråd med EØS-reglar. Som nemnt i Kredittmeldinga 1995 tok ESA i opningsbrev 13. juli 1995 opp gjennomføringa av i alt 13 føresegner i første og andre bankdirektiv og UCITS-direktivet. Finansdepartementet varsla i brev 19. oktober 1995 at ein ville gjennomføre forskriftsendringar og gjere framlegg om lovendringar i tråd med ESAs syn på alle punkt, bortsett frå eitt. ESA har i brev 22. oktober 1996 akseptert dette punktet som gjeld høve til å krevje eit avgrensa løyve i Noreg for kredittinstitusjonar som ønskjer å etablere filial i annan EØS-stat. Dei lovendringane som var varsla vart vedtekne 28. juni 1996, jf. Ot.prp. nr. 45 og Innst O. nr. 72 (1995-96). I grunngitt utsegn ved brev 22. oktober 1996 tok ESA på ny opp gjennomføringa av føresegnene. Det vart i brevet sett ein frist for gjennomføring til 23. desember 1996. Finansdepartementet fastsette 19. desember 1996 naudsynte forskrifter og endringsforskrifter:
Forskrift 2. mai 1994 nr. 326 om filial av bankar og andre kredittinstitusjonar i annan stat innanfor EØS vart endra slik at dotterføretak av utanlandsk kredittinstitusjon kan etablere filial i Noreg. Vidare vart føresegner om informasjon som skal gjerast offentleg, revisjon av filial og lovval endra. I hovudsak vart tilsvarande endringar gjorde i forskrift 7. juli 1994 nr. 717 om grenseoverskridande tenesteyting av utanlandske bankar og andre kredittinstitusjonar i annan stat innanfor EØS.
Forskrift 28. desember 1993 nr. 1257 om fordeling av tilsyn med finansinstitusjonar med hovudsete i annan EØS-stat og som driv verksemd i Noreg, mellom Kredittilsynet og utanlandsk myndigheit vart endra til å omfatte tilsynssamarbeid om forvaltningsselskap for verdipapirfond. Det vart òg fastsett at Kredittilsynet skal utveksle opplysningar i samband med samarbeid med tilsynsmyndigheit i annan EØS-stat.
Det vart lagt til ei føresegn i forskrift 28. juli 1994 nr. 750 om prospekt for verdipapirfond om at marknadsføring av verdipapirfond skal innehalde opplysningar om kvar prospekt skal vere tilgjengelege.
Det vart fastsett ei ny forskrift 19. desember 1996 nr. 1319 om varslingsplikt ved suspensjon av innløyseretten som pålegg forvaltningsselskap for verdipapirfond straks å varsle myndigheitene i dei statar der dei tilbyr partar, dersom innløyseretten for partane blir suspendert.
Det vart fastsett ei ny forskrift 19. desember 1996 nr. 1320 om forsikringstekniske avsetnader ved koassuranse i skadeforsikring innanfor EØS. Denne forskrifta fastset mellom anna at ein koassurandør sine avsetnader for ikkje oppgjorde skadar minst skal svare til den avsetnad som er fastsett av hovudassurandøren etter reglar eller praksis i den stat der dette selskapet har sitt hovudsete. Det norske selskapet sine avsetnader skal i alle høve fylle kravet til avsetnader etter norske reglar.
Finansdepartementet fastsette 28. juni 1996 forskrift om verksemda til norske kredittinstitusjonar i annan EØS-stat. Forskrifta er omtala i Kredittmeldinga 1995.
Finansdepartementet fastsette 23. april 1997 forskrift nr. 376 om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjonar og verdipapirføretak sine store engasjement. Forskrifta er basert på eit høyringsnotat utarbeidd av Kredittilsynet. Forskrifta gjennomfører EØS-reglar som svarar til reglar i rdir. 92/121 EØF om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjonar sine store engasjement og rdir. 93/6 EØF som mellom anna fastset at reglar om store engasjement skal gjelde for verdipapirføretak. Forskrifta seier at samla engasjement med ein einskild kunde ikkje kan vere høgare enn det som til kvar tid er forsvarleg og ikkje kan overstige 25 pst. av den ansvarlege kapitalen til institusjonen. Ein institusjon kan ikkje ha så mange store engasjement (engasjement med einskild kunde som overstig 10 pst. av institusjonen sin ansvarlege kapital) at dei til saman overstig 800 pst. av den ansvarlege kapitalen til institusjonen. Engasjement frå mor- til dotterselskap innanfor konsern som er underlagde tilsyn på konsolidert basis, er risikovekta 0, slik at grensene for store engasjement i praksis ikkje gjeld for slike krav. Engasjement frå dotter- til morselskap og mellom systerselskap i eit konsern risikovektast 20 pst. dersom engasjementet er med eller er garantert av ein finansinstitusjon i konsernet. Reglane gjeld ikkje for forsikringsselskap. Forsikringsselskap er underlagde andre reglar om kapitalforvaltning. Då EØS-reglane om store engasjement skulle gjennomførast i Noreg, sende ESA opningsbrev 12. april 1996 og grunngitt utsegn 18. oktober 1996 med frist 23. desember 1996. I brev 23. april 1997 om fastsetjing av forskrifter skreiv Finansdepartementet:
«Banklovkommisjonen vil bli bedt om å vurdere nærmere reglene for store engasjementer og kapitalforvaltning på bakgrunn av våre internasjonale forpliktelser, hensynet til norske finansinstitusjoners konkurransesituasjon og hensynet til at forskjellige typer finansinstitusjoner bør reguleres mest mulig likt.»
Kredittilsynet har oppdatert årsrekneskapsforskriftene som gjeld for bank og forsikring, jf. nye forskrifter 13. september 1996 nr. 920 og 921. Regelverket blir revidert på nytt når ny rekneskapslov er vedteken.
Kredittilsynet har i 1996 ført vidare sitt arbeid med rekneskapsreglar for finansielle derivater. Det er mellom anna teke inn krav om tilleggsopplysningar i rekneskapane til bankar og forsikringsselskap. Etter Kredittilsynet si vurdering er situasjonen i Noreg på dette området i samsvar med utviklinga internasjonalt. Men det er framleis mykje som ikkje er avklara når det gjeld rekneskapsmessig behandling av derivat både her i landet og ute.
2.1.2 Forsikringsverksemd og pensjonsordningar
Finansdepartementet har endra rammeverket for livsforsikring med investeringsval (unit linked). I livsforsikring med investeringsval er kvar einskild forsikringskontrakt knytt til ei bestemt gruppe av eigedelar, som forsikringskunden har høve til å velje samansetnaden av. Ytingane i ein slik kontrakt er avhengig av verdiutviklinga på dei tilknytte eigedelane. Livsforsikring med investeringsval følgjer difor andre prinsipp for overskottsdeling og kapitalforvaltning enn dei som gjeld i ordinær livsforsikring. Forskrifter frå 8. september 1989 nr. 930 om kapitalforvaltning, frå 1. juni 1990 nr. 430 om overskott i livsforsikring og frå 18. september 1995 nr. 797 om inndeling i forsikringsklassar som grunnlag for tildeling av løyve vart endra 20. desember 1996. Det endra rammeverket for livsforsikring med investeringsval byggjer på følgjande retningslinjer:
Livsforsikring med investeringsval kan tilbys både med og utan avkastningsgaranti.
Det er berre eigne unitlinked-selskap unnatekne frå dei allmenne reglane om kapitalforvaltning og overskottsdeling som kan driva livsforsikring med investeringsval.
Sparedelen i ein forsikringskontrakt med investeringsval kan plasserast i partar i verdipapirfond knytte til kvar einskild kontrakt eller i bankinnskott. Alternativt kan han knytast til ein investeringsportefølje gruppert saman av eigedelane til forsikringsselskapet. Samansetjinga av porteføljen skal følgje plasseringsreglane for verdipapirfond etter verdipapirfondlova.
For livsforsikring med investeringsval med avkastningsgaranti gjeld dei allmenne kapitaldekkingsreglane. For livsforsikring med investeringsval utan avkastningsgaranti gjeld mindre strenge reglar for kapitaldekking.
Flytterett for livsforsikring med investeringsval er i hovudsak identisk med flytteretten som gjeld for livsforsikring generelt.
Same krav til informasjon som gjeld ved plasseringar i verdipapirfond, gjeld òg ved plassering i livsforsikring med investeringsval.
Det gjeld ikkje særskilde skattereglar for unit-linked-selskap.
Med verknad frå 1997 er det opna for ei ny ordning for individuelle pensjonsavtaler (IPA), som kan inngås med forsikringsselskap, bank eller forvaltningsselskap for verdipapirfond. Eit utkast til IPA-forskrift vart sendt på høyring i desember 1996. På bakgrunn av denne høyringa vart ei skisse til IPA-regelverk omtalt i Ot prp nr 64 (1996-97). Etter denne omtalen og på bakgrunn av finanskomiteen sine merknader i Innst. O. nr. 106 (1996-97) vart eit noko omarbeida utkast til forskrift sendt på ny høyring til sentrale høyringsinstansar. 25. september 1997 fastsette Finansdepartementet forskrift om individuelle pensjonsavtaler etter skatteloven (IPA-forskrifta). IPA kan teknast frå og med inntektsåret 1997. For ei meir detaljert gjennomgang av ordninga visast det til omtalen i Ot prp nr 64 (1996-97). Nedanfor er følgjer ei kort omtale av forskrifta, med hovudvekt på dei endringane som er gjort etter omtalen i Ot prp nr 64 (1996-97).
IPA-regelverket erstattar ordninga med egen pensjonsforsikring etter skatteloven (EPES). Forskrift 4. september 1992 om egen pensjonsforsikring etter skatteloven vert oppheva frå 1. januar 1998. Etter denne datoen vert EPES-kontraktar regulerte av reglane om pensjonsforsikring i IPA-forskrifta. I motsetnad til det som var beskrevet i Ot prp nr 64 (1996-97) skal kontraktar som har vorte teikna som EPES konverterast til IPA, og vil verte regulerte av reglane om pensjonsforsikringsavtaler. Dette opplegget inneber at forsikringsselskap, kundar og styresmakter slepp å ta omsyn til fleire generasjonar av regelverk samstundes. I tillegg til forsikringsavtaler omfattar IPA også spareavtaler. Etter IPA-forskrifta kan ei pensjonsspareavtale flyttast til annan tilbyder av pensjonsspareavtale, og ei pensjonsforsikringsavtale kan flyttast til annan tilbyder av pensjonsforsikringsavtale.
Premie og tilskott til IPA gir etter skattelova rett til frådrag i skattytars alminnelege inntekt. I Ot prp nr 64 (1996-97) foreslo departementet at frådragsramma for den enkelte skattytar skulle vere begrensa til 30 000 kroner, men likevel ikkje meir enn maksimalt 10 prosent av skattepliktig inntekt. Grensa på 10 prosent var ei vidareføring av reglane som gjeld for EPES. I Innst. O. nr. 106 (1996-97) gjekk finanskomiteens medlemmar frå Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre mot ei slik frådragsgrense, og deira forslag vart støtta subsidiært av medlemmane frå Høgre og representanten Stephen Bråthen. Frådragsgrensa på maksimalt 10 prosent av skattytars inntekt som vart foreslått i Ot prp nr 64 (1996-97), er ikkje vidareført for IPA. Ved behandlinga av Ot prp nr 64 (1996-97) vart det óg vedteke ein regel om at dersom det eit år vert betalt inn meir enn frådragsramma, vert det gjeve frådrag for «oversparinga» i året som følgjer, innanfor dette årets frådragsramme. Det er imidlertid ikkje behov for ein adgang til overføring av «oversparing» til påfølgjande år når frådragsramma ikkje lenger er knytt til inntekta. I Ot prp nr 1 (1997-98) blei det fremja forslag om at skattytars adgang til frådrag i seinare år for sparing utover frådragsramma gjennom endringar i skattelova § 44 skulle takast bort. Forslaget vart seinare trekt tilbake, men vart fremja på nytt i Ot prp nr 23 (1997-98). Ved behandlinga av proposisjonen vart forslag om å ta bort overføringsadgangen knytt til oversparing og forslaget om å auka frådragsramma til 40 000 kroner vedteke.
Forsikringsavtalene og spareavtalene skal oppfylle visse krav, som gjer at dei verkar som ei pensjonsordning. IPA skal gi rett til alderspensjon. I ei pensjonsforsikringsavtale kan det gis rett til premiefritak og uførepensjon. I tillegg til ytelser til rettighetshaveren kan IPA gi rett til pensjonar til såkalla begunstigede. Dette gjeld barnepensjon, livsarvingspensjon og etterlattepensjon til ektefelle, registrert partnar eller sambuar. Barnepensjon kan berre teknast i ei pensjonsforsikringsavtale.
Etter hovudregelen i IPA-forskrifta kan pensjonsalder avtalast mellom partane, men ikkje lågare enn 64 år. Rettighetshaver som er medlem av lovfesta eller kommunal tenestepensjonsordning eller privat tenestepensjonsordning etter skattelova, kan avtale same pensjonsalder som i ordninga, sjølv om denne er lågare enn 64 år. Dersom anna ikkje er avtalt er pensjonsalderen i ei IPA 67 år. I Ot prp nr 23 (1997-98) fremma departementet forslag om at denne normalaldersgrensa vert sett til 64 år.
Opphøyrsalderen kan etter IPA-forskrifta ikkje setjast lågare enn 77 år. For avtaler kor alderspensjonsgrensa er fastsett til 64 år inneber dette at lågaste tillatte utbetalingsperiode er 13 år. I Ot prp nr 23 (1997-98) har departementet foreslått at regelen om opphøyrsalder vert oppheva, og at ein sett krav om at utbetalingsperioden skal vere minimum 10 år. I Innst. O. nr. 5 (1997-98) vert forslaget om å oppheve kravet om minste opphøyrsalder og forslaget om å krevje 10 års utbetalingsperiode støtta av eit fleirtal i finanskomiteen. Departementet vil endre forskrifta i samsvar med fleirtalets innstilling.
I motsetnad til det som var skissert i Ot prp nr 64 (1996-97) vart IPA-forskrifta utforma slik at den ikkje er til hinder for at mellom anna pensjons- og opphøyrsalder kan endrast i kontraktstida. Ved slik omgjering av ei pensjonsforsikringsavtale skal pensjonen omreknast på forsikringsteknisk grunnlag, og selskapa kan krevje at det leggjast fram legeattest.
Dersom rettighetshavar døyr før pensjonsalderen og andre ikkje har krav på pensjonsformua etter avtala, kan pensjonsformua betalast ut som ein eingongssum til dødsboet, einearving eller gjenlevande ektefelle som overtek heile dødsboet i uskifte. Slike eingongsytelser til dødsboet vert skattlagt med 45 prosent av utbetalt beløp. Øvrige eingongsutbetalingar vert skattlagt som pensjonsinntekt med ein maksimal marginal skattesats på 44,7 prosent. Mottakaren vert friteke for skatteplikt om han innan tre månader betalar midlane inn i ei ny IPA, og det blir i slike høve heller ikkje arveavgift på det utbetalte beløpet.
Finansdepartementet fastsette 23. april 1997 forskrift nr. 377 om forsikringsselskap si kapitalforvaltning. Forskrifta gjennomfører EØS-reglar som svarar til rdir. 92/49 EØF (tredje skadeforsikringsdirektiv) og 92/96 EØF (tredje livsforsikringsdirektiv) som mellom anna inneheld reglar om forvaltning av eigedelar i forsikringsselskap. Forskrifta fastset reglar for forsikringsselskapa si forvaltning av eigedelar som dekkjer forsikringsmessige avsetnader, mellom anna om at forskringsselskap til kvar tid skal ha eigedelar som minst svarar til dei forsikringsmessige avsetnadene i selskapet, og at skade- og livsforsikringsselskap ikkje kan ha einskilde engasjement som utgjer meir enn høvesvis 4 og 3 pst. av forsikringsavsetnadene i selskapet. Forskrifta vidarefører reglane om kapitalforvaltning i samband med livsforsikring med investeringsval, jf. omtale over.
Kredittilsynet har utarbeidd eit utkast til forskrift med heimel i filialforskrifta (forskrift 2. mai 1994 nr. 326) med reglar om korleis EØS-selskapa skal oppfylle krav og vilkår om garantiordningar i forsikringsverksemdslova med forskrifter. Utkastet vart sendt på høyring i november 1996.
Forskrift 15. september 1997 nr. 1005 om premier og forsikringsfond i livsforsikring inneheld reglar om grunnlagsrente, berekning av kor stor minsteverdi forsikringsfondet har, og reglar om tilleggsavsetnader. Samstundes med fastsetjinga vart forskrift 25. november 1993 nr. 1063 om premier i livsforsikring oppheva. Endringa inneber ei gjennomføring av EØS-avtalen, direktiv 79/267 EØF og 92/96 EØF, og er ei presisering i forhold til tidlegare regelverk.
Regelen om grunnlagsrente inneber i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett. På nye kontraktar kan ikkje selskapa leggje til grunn ei avkastning på forsikringsmidlane (grunnlagsrente) som er høgare enn 3 pst. Grunnlagsrenta skal setjast til 60 pst. av effektiv rente på langsiktige statsobligasjonar, dersom dette gir ein rentesats som er lågare enn 3 pst. p.a.
For å sikre pliktene sine kan eit livsforsikringsselskap ved utgangen av kvart einskilt år gjere tilleggsavsetnader i forsikringsfondet utover minsteverdien av forsikringsfondet. Kredittilsynet fastset nærmare regler om tilleggsavsetnader, herunder reglar om berekning og fordeling av tilleggsavsetnader på kvar einskild kontrakt ved utbetaling og attkjøp av forsikring, og ved overføring av forsikringskontrakt til anna livsforsikringsselskap eller pensjonskasse. Når soliditetsomsyn tilseier det, kan Kredittilsynet påleggje eit livsforsikringsselskap å gjere tilleggsavsetnader. Forskriftsbestemminga er i hovudsak ei kodifisering av ordninga med tilleggsavsetnader som blei innført med verknad for rekneskapsåret 1993, jf. omtale på s. 33 i salderingsproposisjonen for 1994.
Finansdepartementet fastsette 23. april 1996 endringar i forskrift 19. februar 1993 nr. 117 om forsikringsverksemdslova si anvending på pensjonskasser og pensjonsfond. Ei pensjonskasse som har vedtekter som seier at ho ikkje kan hente inn ansvarleg kapital frå andre enn føretaket eller kommunen dei er oppretta for, vart fritekne frå plikt til å gjere frådrag i eigen ansvarleg kapital for ansvarleg kapital ho eig i andre finansinstitusjonar. Vidare får pensjonskassene (både private og kommunale) høve til å gjere tilleggsavsetnader til forsikringsfondet for inntektsåra 1995 og 1996 på tilsvarande vis som fastsett for livsforsikringsselskapa sidan 1993.
Finansdepartementet fastsette 22. mai 1996 forskrift nr. 506 om overdraging av forsikringsportefølje teikna etter reglane om etableringsrett eller utveksling av tenesteytingar. Forskrifta gjennomfører EØS-reglar, jf. forsikringsverksemdslova § 3-8. Forskrifta er omtala i Kredittmeldinga 1995.
2.1.3 Verdipapirhandel
Ny lov om verdipapirhandel vart fastsett ved lov 19. juni 1997 nr. 73 (Ot.prp. nr. 29 og Innst O. nr. 83 (1996-97)). Den gamle verdipapirhandellova vart endra ved lov 7. juni 1996 nr. 25. Endringane gjaldt reglane for konsesjon for verdipapirføretak og verksemda i desse, og er omtala i Ot.prp. nr. 15, jf. Innst O. nr. 48 (1995-96) og i Kredittmeldinga 1995. Desse endringane er tekne inn i den nye lova. Vidare er reglane for handel med aksjar og andre finansielle instrument endra, mellom anna reglane om innsidehandel, meldepliktig verdipapirhandel, forretningsmetodar og kursmanipulering, flaggingsplikt, tilbodsplikt, prospektkrav og motrekning av valuta- og derivatkontraktar. Verdipapirlovutvalet vart oppnemnt ved kgl. res. 31. januar 1994. Lovendringane byggjer på to delinnstillingar frå utvalet trykte som NOU 1995:1 og NOU 1996:2.
I medhald av verdipapirhandellova er det til no fastsett følgjande nye forskrifter og overgangsreglar mv.:
Forskrift 26. juni 1996 nr. 586 om ikraftsetting og overgangsreglar til lov 7. juni 1996 nr. 25 om endringar i lov 14. juni 1985 nr. 61 om verdipapirhandel m.v. Forskrifta er omtala i Kredittmeldinga 1995.
Forskrift 17. juli 1996 nr. 780 om minstekrav til kapitaldekning for marknadsrisiko mv. for kredittinstitusjonar og verdipapirføretak. Forskrifta er omtala i Kredittmeldinga 1995.
Forskrift 26. september 1996 nr. 947 om verdipapirføretaka si plikt til å gi melding om føretaket sin aksjonærstruktur (fastsett av Kredittilsynet).
Forskrift 26. september 1996 nr. 948 om verdipapirføretak sin handel for eiga rekning som ledd i føretaket si alminnelige kapitalforvaltning og om melding av slik handel (fastsett av Kredittilsynet).
Forskrift 26. september 1996 nr. 949 om melding av tilsette i verdipapirføretak sin handel for eiga rekning (fastsett av Kredittilsynet).
Forskrift 26. september 1996 nr. 950 om verdipapirføretak si plikt til å føre oppgåver over mottekne og utførte oppdrag (fastsett av Kredittilsynet).
Forskrift 26. september 1996 nr. 951 om verdipapirføretak si meldeplikt om transaksjonar i finansielle instrument som er gjenstand for omsetnad på regulert marknad innanfor EØS-området, og som er gjorde gjennom filial eller ved grenseoverskridande verksemd i ein annan EØS-stat (fastsett av Kredittilsynet).
Forskrift 14. oktober 1996 nr. 983 om sikkerheit som må stillast for verdipapirføretak. Forskrifta er omtala nærmare lenger nede.
Forskrift 14. oktober 1996 nr. 984 om marginsikkerheit ved formidling av lån av finansielle instrument og utlån av finansielle instrument frå verdipapirføretaket sin eigen portefølje.
Forskrift 14. oktober 1996 nr. 985 om startkapital for verdipapirføretak.
Forskrift 7. november 1997 om ikraftsetting og overgangsreglar til lov 19. juni 1997 om verdipapirhandel
Forskrift 7. november 1997 om krav til opplysninger i prospekt ved offentlege tilbod om tekning eller kjøp av omsettelige verdipapirer.
Forskrift 7. november 1997 om samordning av prospektkrav ved offentlege tilbod om berekning eller kjøp av omsettelege verdipapirer i fleire EØS-statar.
Forskrift 7. november 1997 om endring av forskrift 17. januar 1994 nr. 30 - Børsforskrifta.
Forskrift 7. november 1997 om endring av forskrift 1. juni 1990 nr. 435 om berekning av ansvarlig kapital for finansinstitusjonar og verdipapirføretak.
Forskrift 14. oktober 1996 nr. 983 om sikkerheit som må stillast for verdipapirføretak, slår i samsvar med verdipapirhandellova § 4-13 første ledd fast at verdipapirføretak og filialar av utanlandske verdipapirføretak skal stille sikkerheit for ansvar føretaket kan pådra seg i samband med verksemda. Området for kva sikkerheita dekkjer, er avgrensa nærmare i forskrifta. Forskrifta fastset mellom anna at sikkerheita kan avgrensast oppover til 25 mill. kroner, at ho skal vere på minst 200 000 kronar pr. investor pr. skadetilfelle, og plikt til å gi informasjon om sikkerheita til kundar.
Den såkalla NAT-saka avdekte eit generelt behov for reglar om tilsette i finansnæringa sin eigenhandel med finansielle instrument. NAT-saka hadde fleire sider. Ein gjaldt usakleg forfordeling av aksjar i ein aktuell emisjon frå tilretteleggjaren sin side i strid med krav om god forretningsskikk. Ein annen gjaldt visse porteføljeforvaltare sin handtering av oppdragsgivaren sine interesser i førehald til eigne interesser. Finansdepartementet fastsette på denne bakgrunn forskrift 11. juni 1997 nr. 593 om minstekrav til internreglar for verdipapirføretak, finansinstitusjonar mv. om eigenhandel i finansielle instrument for visse tilsette. Forskrifta er basert på eit høyringsnotat utarbeidd av Kredittilsynet. Forskrifta gjeld for verdipapirføretak, finansieringsføretak og føretak i finanskonsern. Etter forskrifta skal internreglane mellom anna innehalde reglar om kva finansielle instrument dei tilsette kan handle i for eiga rekning, bindingstid som skal vere minst 12 månader, og prosedyrar for å hindre at dei tilsette misbruker informasjon dei får i kraft av si stilling. Kredittilsynet fastsette forskrift 6. juni 1997 nr. 590 om eigenhandel med finansielle instrument for tilsette i forvaltningsselskap for verdipapirfond. Internregelforskrifta gjeld difor ikkje for tilsette i forvaltningsselskap for verdipapirfond.
Finansdepartementet sende 28. april 1997 på høyring eit lovforslag frå Kredittilsynet om reglar for tilsette i verdipapirføretak når dei driv eigenhandel med finansielle instrument. Høyringsfristen var 1. august 1997. Saka er for tida til behandling i departementet.
2.1.4 Anna regelverk
Emisjonsforskrifta 27. februar 1989 nr. 135 vart oppheva 20. desember 1996. Finansdepartementet vurderte dei fleste av reglane i emisjonsforskrifta som uturvande. Regelverket for opplåning i forskrifta vart vidare vurdert som uturvande komplisert. Desse vurderingane fekk brei støtte i høyringa. Emisjonsforskrifta ga ulike reglar for opplåning som var avhengig av emisjonsmåte og kor langsiktig lånet var. Det vart skilt mellom offentlege og retta (underhands-) emisjonar og mellom langsiktig (obligasjonar) og kortsiktig (sertifikat) opplåning. I tillegg inneheldt forskrifta einskilde særreglar. Berre finansinstitusjonar skulle ha høve til underhandsemisjonar. For langsiktige låneopptak av andre enn finansinstitusjonane gjaldt mellom anna reglar om:
krav til offentleg emisjon
krav til at eit garantikonsortium skulle sikre avsetnaden av heile lånebeløpet,
krav til emisjon og sal gjennom fondsmeklarføretak,
krav til at ein skulle søkje om å få låna noterte på Oslo Børs,
lengste avdragsfrie periode,
oppgåveinnlevering til Noregs Bank (gjaldt alle lån), og
stadfesting frå Noregs Bank før lånet blei lagt ut om at vilkåra for låneopptaket var til stades.
For sertifikatlåna til finansinstitusjonane var krava mindre. Det var mellom anna ikkje krav om garantikonsortium, sal gjennom fondsmeklar eller førehandskontroll av låneopptaket i Noregs Bank. Sertifikatlån måtte utgjere minst 25 mill. kroner, og minstebeløpet for eit einskilt sertifikat var 1 mill. kroner. Korkje obligasjons- eller sertifikatlån kunne leggjast ut til ein kurs som låg meir under pari enn det som svarar til 0,1 pst. årleg effektiv rente. Noregs Bank skulle i etterhand gjerast kjend med resultatet av låneopptaket. Finansdepartementet kunne gjere unntak frå forskrifta. Det vart ført ein liberal dispensasjonspraksis for opne lån der det vart gitt dispensasjon frå reglane om underkurs ved utvidingar av lånet og garantikonsortium, og for løyve til lengre avdragsfrie periodar.
Samstundes med at emisjonsforskrifta blei endra, vart det fastsett ei ny forskrift 20. desember 1996 nr. 1247 om emisjonskurs og meldeplikt når eit føretak utsteder ihendehavarobligasjonar o.a. Forskrifta fører vidare reglane om meldeplikt i etterhand til Noregs Bank og om forbod mot utlegging til underkurs. I høyringsrunden var det mange innvendingar mot vidareføring av reglane om underkurs. Det vart mellom anna synt til at underkursemisjonar har vorte vanlege i andre land, og at norske utskrivarar òg burde kunne nytte denne forma for finansiering på den norske lånemarknaden. Men underkursreglane er viktige av omsyn til skattekontrollen. Det kan mellom anna vere vanskeleg å berekne det skattbare renteelementet av ein underkursobligasjon, og det er ikkje noko system for rapportering av det årlege renteelementet. Finansdepartementet legg til grunn at underkursreglane bør førast vidare inntil reglane for å skatte kursgevinstar blir endra.
Finansdepartementet sende 24. oktober 1996 ut eit høyringsnotat om opprydding i føresegner i penge-, kreditt- og valutalovgivinga m.v. med frist til å uttale seg 20. mars 1997. Høyringsnotatet inneheldt mellom anna forslag om oppheving av penge- og kredittlova og valutalova.
Ved kgl. res. 6. september 1996 vart ansvaret for Kommunalbanken flytta frå Finansdepartementet til Kommunal- og arbeidsdepartementet med verknad frå 1. januar 1997. 15. november 1996 vart det fastsett endringar i forskrift for Norges Kommunalbank som følgje av at ansvaret vart flytta.
2.2 Viktige forvaltningssaker
I vedlegg til meldinga er det gitt ei oversikt over forvaltningsavgjerdene som departementet tok i 1996. I det følgjande blir det gitt ein omtale av viktige forvaltningssaker i 1996 og 1997.
Finansdepartementet fastsette 6. desember 1995 nye retningslinjer for Postbanken sitt høve til å plassere overskottslikviditet som kontolån i Noregs Bank. Bakgrunnen for dei nye retningslinjene var at Noregs Postbank og Postgiro blei slått saman, jf. St.prp. nr. 38 og Innst.S. nr. 212 (1993-94). Postgiro hadde plikt til å plassere all overskottslikviditet som kontolån i Noregs Bank. Postbanken fekk etter dei nye retningslinjene same høve som forretnings- og sparebankar til å plassere konkurranseutsett kapital i pengemarknaden. Samstundes fekk Postbanken høve til å plassere ikkje-konkurranseutsett kapital som kontolån i Noregs Bank. Postbanken har ikkje lenger høve til å plassere konkurranseutsett kapital som kontolån i Noregs Bank.
Finansdepartementet avgjorde i 1996 fleire store konsesjonssaker om skiping eller utviding av finanskonsern gjennom oppkjøp eller samarbeid mellom finansinstitusjonar, jf. òg omtale i pkt. 1.2 i Kredittmeldinga 1995.
Departementet gav 12. januar 1996 Kreditkassen løyve til å kjøpe 100 pst. av aksjane i Norgeskreditt Holding AS. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Kreditkassen fekk òg mellombels løyve til å eige mellom 90 og 100 pst. av aksjane fram til 31. mars 1997. Det var ein føresetnad at Kreditkassen innløyste eventuelle minoritetsaksjonærar og fekk eigarforholda i samsvar med eigaravgrensingsreglane i finansieringsverksemdslova innan dette tidspunktet. Det vart vidare gitt mellombels løyve slik at Kreditkassen kunne eige Finansbanken AS, Norgeskreditt AS og Kommunalkreditt Norge AS som 100 pst. åtte dotterselskap gjennom Norgeskreditt Holding AS fram til 30. september 1996. Holdingselskapet er seinare fusjonert inn i morselskapet, og Finansbanken AS er seld.
Einskilde av opsjonsavtalane om kjøp av aksjar i Norgeskreditt Holding AS var etter departementet si vurdering utforma med så høg opsjonspremie og så låg innløysingskurs at dei reelt sett var eit aksjekjøp i strid med 10 pst.-eigaravgrensingsregelen i finansieringsverksemdslova. Departementet la til grunn at innløysingskurs ikkje kan vere lågare enn 75 pst. av marknadsverdi på underliggjande aksje på tidspunktet for kontraktinngåinga. Departementet bad difor Kredittilsynet om å treffe tiltak for å bringe tilhøva i samsvar med lova. Kreditkassen opplyste i brev til Kredittilsynet 29. desember 1995 at opsjonsavtalane var endra i samsvar med lovtolkinga til departementet.
Både DnB og det nederlandske forsikringsselskapet AEGON fekk 23. januar 1996 samtykke til å eige 100 pst. av aksjane i Vital Forsikring AS. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Det vart for DnB sin del sett som vilkår at dei snarast, og seinast innan 12 månader etter vedtaket, søkte om godkjenning av organiseringa av finanskonsernet. AEGON fekk løyve til å eige meir enn 90 pst. og inntil 100 pst., og DnB fekk løyve til å eige mellom 85 og 100 pst. av aksjane i Vital, begge fram til innløysing av andre aksjar, seinast 15. april 1996. DnB fekk på grunn av høgare bod tilslag etter tilråding frå styret i Vital. DnB tok over aksjane i Vital Forsikring etter å ha lagt inn det høgste budet.
Finansdepartementet godkjende 4. juni 1996 ein samarbeidsavtale mellom Sparebanken Midt-Norge, Sparebanken Nord-Norge, Sparebanken Rogaland og Sparebanken Vest. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Søkjarbankane fekk løyve til å opprette eit morselskap i finanskonsern med namnet Sparebankgruppen AS. Dei fire søkjarbankane fekk løyve til kvar å eige 25 pst. av aksjane i Sparebankgruppen AS. Søkjarbankane fekk samstundes løyve slik at Sparebankgruppen AS kan eige 100 pst. av aksjane i David AS, eit holdingselskap som eig 100 pst. av aksjane i David Livsforsikring AS og 51 pst. av aksjane i Odin Forvaltning AS. Det vart òg gitt mellombels løyve slik at Sparebankgruppen AS kan eige mindre enn 100 pst av aksjekapitalen i David AS.
20. desember 1996 godkjende departementet ei samarbeidsavtale mellom 12 mindre sparebankar. Desse danna Samarbeidende Sparebanker AS som, saman med dei fire eigarbankane i Sparebankgruppen, samstundes fekk løyve til kvar å eige 20 pst. av Sparebankgruppen AS.
Finansdepartementet vedtok 22. mai 1996 å redusere eit refusjonskrav mot Sparebanken Rana i samband med granskingsarbeidet til Wikerutvalet. Kredittilsynet påla 30. juni 1994 banken å refundere utgiftene. Pålegget var ein del av eit generelt vedtak med heimel i kredittilsynslova § 2 sjuande ledd om at ein skulle krevje å få utgiftene refunderte fullt ut av dei institusjonane der oppdraga hadde vore utførte. Granskinga av tidlegare Hemnes Sparebank vart sett i gang våren 1993. Hemnes Sparebank vart 1. mai 1991 fusjonert inn i Sparebanken Rana. Refusjonskravet vart difor retta mot Sparebanken Rana. Granskinga gjaldt tilhøve som i tid låg føre fusjonen. Vedtaket vart påklaga av Rana Sparebank, som hevda at banken ikkje var forplikta etter vedtaket fordi det ikkje eksisterte noko refusjonskrav på den tida Hemnes Sparebank vart fusjonert inn i Rana Sparebank. Det vart òg hevda at storleiken på kravet i alle fall var urimeleg. Finansdepartementet la til grunn at det var heimel i lova til å rette refusjonskravet mot Sparebanken Rana. Departementet fann jamvel grunn til å redusere refusjonskravet ut frå ei vurdering av kva som var rimeleg. Det vart lagt vekt på at banken ville ha teke atterhald om dekking av granskingsutgiftene frå Sparebankenes sikringsfond om han hadde kjent til refusjonskravet på den tida fusjonen vart forhandla. Sparebanken Rana godtok dette reduserte kravet.
Finansdepartementet gav 27. august 1996 Cultura Lånesamvirke løyve i medhald av sparebanklova § 3 til å drive sparebankverksemd. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Lånesamvirket vart skipa i 1984 og hadde på søknadstidspunktet ein forvaltningskapital på ca 32 mill. kroner. Verksemda går ut på å drive finansieringsverksemd retta på prosjektet med tilknyting til økologisk jordbruk, pedagogiske formål, alternative terapeutiske og medisinske formål, og andre prosjekt med miljømessig eller sosial profil. Kundane kan velje rente på innskotta, med høgaste rente omkring marknadsnivå. Lågare innskottsrente enn høgaste rente kan gi grunnlag for lågare utlånsrente. Departementet la vekt på at lånesamvirket i tida før søknad hadde lite tap på utlåna sine, og at verksemda hadde ein nøktern og trygg karakter. Risikoen som følgjer av at kundane har valfridom til å endre innskottsrenta, vart ikkje vurdert som tilstrekkeleg grunn til å nekte løyve. Det vart sett einskilde vilkår for å tryggje soliditet og tilsyn. Departementet fann òg at verksemda var sakleg avgrensa slik at banken fekk løyve til å starte verksemda med ein lågare kapital enn 5 mill. ECU, jf. sparebanklova § 2.
Finansdepartementet avslo 5. september 1996 å forlengje dispensasjonane til Orkla ASA og Tiger Management Corporation (Tiger) til kvar å kunne eige inntil 15 pst. av aksjane i UNI Storebrand. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Slik dispensasjon ble 28. mai 1993 gitt til Orkla, Tiger og Folketrygdfondet for å kunne gjere det lettere å reise nok kapital da UNI Storebrand skulle settast fri frå offentleg administrasjon. Det var den økonomiske krisa i UNI Storebrand som grunna dispensasjonane i 1993. Dispensasjonen vart tidsgrensa til tre år frå teikning av aksjane. Tiger og Orkla søkte 7. mai og 19. juni 1996 om forlenging av dispensasjonane. Dispensasjonane vart 12. juni 1996 forlengde mens saka vart behandla av departementet. Ved avslaget av søknadene la departementet til grunn at eigarskapen ikkje var eit slikt særleg tilfelle som etter finansieringsverksemdslova § 2-2 andre ledd nr. 9 kan gi grunn til å gjere unntak frå eigaravgrensingsregelen i lova, der det heiter at selskap kan eige maksimum 10 pst. av aksjane i eit anna selskap. Det vart vist til at praksis i slike saker er streng. For å dempe uheldige konsekvensar av at eit stort tal UNI Storebrand aksjar ble seldt over kort tid, fekk Orkla og Tiger dispensasjon i ein overgangsperiode fram til 31. desember 1996.
Ved kgl. res. 27. november 1993 vart det i medhald av sentralbanklova § 16 vedteke å gi ut ein jubileums- og minnemyntserie i samband med Sykkel-VM i Oslo 1993. Noregs Bank gav tilråding i saka. Overskott frå myntprosjektet skulle brukast til å fremje sykkelsporten i Noreg. Finansdepartementet avslo 1. desember 1993 ein søknad frå Stiftelsen Norsk Sykkelsport om tildeling av midlar frå myntprosjektet. Avslaget vart grunna i at det ikkje var noko overskott til fordeling. Stiftelsen Norsk Sykkelsport påklaga vedtaket. Stiftinga hevda at departementet si tolking av sentralbanklova § 16 når det gjaldt utrekning av overskottet, ikkje var riktig. Etter klage frå stiftinga vart Finansdepartementet sitt vedtak 1. desember 1996 stadfesta ved kgl. res. 25. oktober 1996. Det vart lagt til grunn for avgjerda at overskottet frå myntprosjektet skulle reknast ut frå dei faktiske inntektene ved omsetjing av myntane og dei totale kostnadene ved prosjektet.
Finansdepartementet vart i brev 3. juli 1996 frå Eksportfinans AS bede om ei avklaring av om departementet kunne oppretthalda Eksportfinans sin dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane, dersom selskapet overtok og fusjonerte med Kommunekreditt Norge AS, eit selskap i Kreditkasse-konsernet. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Dispensasjonen vart i 1990 gitt i medhald av finansieringsverksemdslova § 2-2 andre ledd nr. 8 for selskap som etter vedtektene skal tilby «særlige finansielle tjenester», slik at DnB, Kreditkassen, Fokus Bank og Sparebanken NOR kunne eige meir enn 10 pst. av aksjane i selskapet. Finansdepartementet avgjorde 16. januar 1997 at dispensasjonen ikkje kunne oppretthaldast ved ei slik overtaking og fusjon. Avgjerda vart etter klage stadfesta ved kgl.res. 23. mai 1997.
Finansdepartementet behandla i 1996 fire søknader om godkjenning etter finansieringsverksemdslova § 2-7 i saker knytte til betalingsformidling. Sakene er nærmare omtala i avsnitt 1.2 i Kredittmeldinga 1995. Etter finansieringsverksemdslova § 2-7 skal avtalar som er inngått mellom finansinstitusjonar, ha godkjenning av Finansdepartementet om dei kan ha innverknad på konkurransen.
Sparebankenes servicekontor, Forretningsbankenes servicekontor og Postbanken søkte 24. november 1995 Finansdepartementet om godkjenning for rammeavtale om integrering av Postbanken i den felles infrastrukturen for betalingsformidling som dei andre bankane har. Avtalen inneber at Postbanken sluttar seg til dei felles reglane som gjeld for betalingssystema til dei andre forretnings- og sparebankane. Samordninga skjer i hovudsak ved at Postbanken sluttar seg til eksisterande avtalar mellom dei andre bankane om gjensidig honorering av betalingsinstrument og -oppdrag. Formålet med avtalen er å få til effektive betalingstransaksjonar. Postbanken har betalt eit eingongsbeløp på om lag 75 mill. kroner for samordninga. Finansdepartementet godkjende avtalen 9. mai 1996. Godkjenninga kan trekkjast attende dersom avtalen viser seg å få ein uheldig konkurranseregulerande verknad.
Finansdepartementet godkjende 9. mai 1996 ein avtale om skiping av eit selskap for betalingsterminalar i varehandelen o.a. (EFTPOS), kalla Bank-Axept AS, etter søknad frå bankforeiningane. Selskapet er sentral for innsamling av data frå betalingsterminalar i detaljhandelen.
Finansdepartementet godkjende 9. juli 1996 ein ny avtale om interbankgebyr etter søknad frå servicekontora for dei to bankforeiningane. Avtalen regulerer prisar for betalingstenester og kontantuttak (minibank, autogiro, sjekk o.a.) som blir utførte av ein kunde i ein annan bank. For uttak i minibank, bruk av autogiro og ved innløysing av utbetalingstilvising eller -kort skal banken som tek imot interbankgebyret, ikkje krevje ekstra gebyr av kunden. Mesteparten av gebyra blir gjorde opp bankane imellom ein gong i månaden.
Finansdepartementet godkjende 11. juli 1996 ein avtale om «regler om beregning av pris for tilgang til bankenes fellessystemer innen betalingsformidlingen», etter søknad frå Sparebankforeningens servicekontor og Bankforeningens servicekontor. Konkurransetilsynet gav 13. august 1996 dispensasjon frå konkurranselova for avtalen. Reglane gjeld bankar som etter 1. januar knyter seg til fellessystema. Avtalen gjeld ikkje Postbanken.
Finansdepartementet vedtok 16. august 1996 ikkje å gi UNI Storebrand løyve til å eige inntil 45 pst. av A-aksjane og 40 pst. av B-aksjane i Røde Kors Klinikk AS. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Etter forsikringsverksemdslova § 7-2 første ledd kan eit forsikringsselskap ikkje eige meir enn 15 pst. av aksjane i eit selskap som driv verksemd som ikkje heng naturleg saman med forsikringsverksemd. Etter § 7-2 andre ledd kan Finansdepartementet i særlege høve gjere unntak frå dette. Det vart lagt vekt på at målsetjinga for investeringa, å utvikle UNI Storebrands system og rutinar for skadeoppgjer, ikkje er eit slikt særleg høve. Det vart òg peika på at om UNI Storebrand skulle ha økonomiske interesser i sjukehusdrift i tillegg til i forsikringsdrift, kan det føre til risiko for ugildskap og for at helsepersonell opplever ein lojalitetskonflikt i høve til mogleg motsetnad mellom sjukehuseigar og omsynet til pasientane.
Veddrar AS, eit selskap heimehøyrande i Verdal kommune, klaga 8. juli 1994 over Finansdepartementet sitt vedtak 17. juni 1994 om å gi UNI Storebrand dispensasjon til å eige Værdalsbruket AS fram til 1. januar 2004. Dispensasjonen vart gitt i medhald av forsikringsverksemdslova § 7-2 andre ledd, jf. § 7-2 første ledd. Værdalsbruket eig om lag 900 000 mål i Verdal kommune, og driv mellom anna skogbruk. Det vart i vedtaket 17. juni 1994 lagt vekt på at UNI Storebrand, av omsyn til ei god avkastning for forsikringstakarane, burde få ein rommeleg frist til å bringe eigardelen i Værdalsbruket i samsvar med 15 pst.-grensa. Vedtaket vart stadfesta i kgl.res. 27. juni 1997.
Finansdepartementet gav 18. mars 1997 løyve til at det danske AS Forsikringsselskapet Codan skipar dotterselskapet Fokus Livsforsikring AS. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Samstundes godkjende departementet eit samarbeid mellom Codan og Fokus Bank mellom anna om distribusjon av forsikringsprodukta til Fokus Livsforsikring gjennom Fokus Bank sine filialar. Codan skal eige 90 pst og Fokus Bank 10 pst. av aksjane i Fokus Livsforsikring.
Styra i Storebrand og Kreditkassen la 1. april 1997 fram eit forslag til fusjonsplan der eit selskap i Storebrandkonsernet skulle vere det overtakande selskap i fusjon med morselskapet i Kreditkasse-konsernet. Det vart lagt til grunn eit byteforhold på ein ordinær aksje i Storebrand ASA, holdingselskapet i det nye konsernet som ville bli omdøypt til Christiania ASA, for to aksjar i Kreditkassen.
Det vart halde ekstraordinære generalforsamlingar i Storebrand og Kreditkassen 26. juni 1997 for å stemme over fusjonsforslaget. Generalforsamlinga i Kreditkassen godtok fusjonsforslaget, mens forslaget ikkje oppnådde naudsynt to tredels fleirtal på generalforsamlinga i Storebrand. Dersom fusjonen hadde vorte vedteken, ville Statens Bankinvesteringsfond sin eigardel i Kreditkassen på 51 pst. gi om lag 25,5 pst. eigardel i morselskapet i det nye konsernet. Den gjeldande retningslinja frå Stortinget var at Staten skulle eige minst 50 pst. av dei to største forretningsbankane i inneverande stortingsperiode. I Revidert nasjonalbudsjett 1997 (St.meld. nr 2 (1996-97)) s. 93-94 gjekk Regjeringa inn for å endre retningslinjene slik at det ville bli mogleg for Statens Bankinvesteringsfond å stemme for fusjon på generalforsamlinga i Kreditkassen. I innstillinga til Revidert nasjonalbudsjett 1997 (Budsjett-innst. S. IV (1996-97)) slutta fleirtalet i finanskomiteen seg til Regjeringa sitt opplegg.
Kredittilsynet gjorde 30. mai 1997 vedtak med heimel i finansieringsverksemdslova § 2-6 første ledd, bokstav b om at aksjeeigarane Ivory Enterprise Corp, Ivory AS, Kjell Inge Røkke og Aker RGI ASA skulle sjåast på som ei gruppe ved bruk av eigar- og stemmerettsgrensene i høve til reglane i finansieringsverksemdslova §§ 2-2 og 2-4. Storebrand ASA vart med heimel i kredittilsynslova § 4 nr. 9 pålagd ikkje å godkjenne aksjekjøp i strid med vedtaket. Aker RGI klaga 6. juni 1997 over vedtaket. Finansdepartementet avslo klagen 25. juni 1997 og sette med heimel i finansieringsverksemdslova § 2-6 første ledd, bokstav b og d fast at Kjell Inge Røkke sine eigne aksjar i Storebrand ASA skulle reknast likt med aksjar åtte eller tekne over av selskapa Ivory AS, Ivory Enterprise Corp. og Aker RGI ASA i forhold til reglane i finansieringsverksemdslova §§ 2-2 (10 pst. eigargrense), 2-4 (stemmerettsgrenser) og 2-5 første ledd (grense for garanti for aksjeteikning).
I og med at fusjonen ikkje vart vedteken, vart det ikkje aktuelt med konsesjonsbehandling i Finansdepartementet i medhald av reglane i finansieringsverksemdslova.
Finansdepartementet godkjende 11. mars 1997 samanslutninga av Eiker Sparebank og Drammensbanken Skoger Sparebank til Sparebanken Eiker Drammen i medhald av sparebanklova § 47, jf. § 5 og finansieringsverksemdslova § 2a-7 andre ledd. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Departementet la til grunn at samanslutninga ikkje vil verke negativt på konkurransen i finansmarknaden.
Finansdepartementet gav 18. mars 1997 det sveitsiske selskapet Zürich Insurance Company (Zürich) løyve til å kjøpe Protector Forsikring ASA. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Zürich vart gitt løyve til å eige Protector Forsikring gjennom det nyskipa dotterselskapet Zürich Holding Norge AS. Frå før har Zürich skipa filial i Noreg. Organiseringa av Zürich Protector-konsernet vart godkjend under føresetnad av at filialen og dotterselskapa Zürich Holding Norge AS og Zürich Protector Forsikring AS (det nye namnet på Protector Forsikring) blir innretta slik at Kredittilsynet kan ha effektivt tilsyn med verksemda.
Finansdepartementet gav 10. mai 1997 Landsbanken og Samvirkegruppen løyve til å skipe eit finanskonsern i medhald av reglane om finanskonsern i finansieringsverksemdslova kap. 2a. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Det vart gitt løyve til å skipe eit blanda konsern med bank og forsikringsselskap ått av eit nyskipa morselskap (holdingselskap) Landsbanken Samvirkegruppen AS. Det vart samstundes gitt dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane for LO, NKL, Folksam og forbund og organisasjonar nær knytte til desse i medhald av finansieringsverksemdslova § 2-2 andre ledd nr. 9, jf. Innst O. nr. 58 (1987-88) om eigarpartar for arbeidstakarorganisasjonar mv. Det vart sett som føresetnad at desse eigarane til saman eig minst 51 pst. av aksjane i konsernet.
Finansdepartementet godkjende 22. juli 1997 at Rutebileiernes Forsikringsselskap Gjensidige vart omdanna til aksjeselskap, og at alle aksjane i selskapet vart overtekne av Trygg Hansa Försäkring AB. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Det vart sett vilkår om at alle aksjane i Rutebileiernes Forsikringsselskap, bortsett frå aksjar som vart delte ut ved ombyting av grunnfondskapital, vart førte over til ei stifting som ikkje kunne binde seg på førehand til å selje aksjane til Trygg Hansa Försäkring. Trygg Hansa Försäkring vart gitt mellombels dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane til å eige 100 pst. av grunnfondsbevisa i Rutebileiernes Forsikringsselskap Gjensidige fram til omdanning av selskapet til aksjeselskap.
Finansdepartementet avslo 25. juli 1997 klage over Kredittilsynet sitt vedtak om ikkje å gi K-Fondene AS samtykke til å gjere verdipapirhandlar og yte rådgivingstenester for Christiania SICAV. K-Fondene er eit norsk forvaltningsselskap for verdipapirfond, og Christiania SICAV (société d'investissement à capital variable) er eit luxembourgsk investeringsselskap inndelt i underfond. Begge selskapa er ein del av Kreditkasse-konsernet. Eit forvaltningsselskap for verdipapirfond kan ikkje drive anna verksemd enn verdipapirfondsforvaltning, jf. verdipapirfondlova § 2-2 tredje ledd første punktum. Kredittilsynet kan derimot samtykkje i at forvaltningsselskapet utøver anna verksemd som er knytt til verdipapirfondsforvaltninga, jf. § 2-2 tredje ledd andre punktum. K-Fondene hadde ikkje løyve etter § 2-2 første ledd til å forvalte fonda i Christiania SICAV. Departementet la til grunn for avgjerda at verdipapirhandelen og rådgivinga for Christiania SICAV difor ikkje var knytt til forvaltninga av fond under K-Fondene, jf. òg verdipapirfondlova § 4-1 om at forvaltningsselskap berre skal handle i partseigarane sine interesser.
Finansdepartementet gav 29. august 1997 løyve til seks søkjarar om at dei kan opprette livsforsikringsselskap som skal tilby livsforsikring med investeringsval (unit linked) i medhald av nye reglar fastsette 20. desember 1996, jf. omtale i pkt. 2.1. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Desse selskapa fekk slikt løyve:
David Livsforsikring AS/ Sparebankgruppen AS
Den norske Bank ASA/ Vital Forsikring ASA
Landsbanken-Samvirkegruppen AS
Storebrand ASA
Christiania Forsikring AS (Kreditkasse-konsernet)
Gjensidige Livsforsikring
Finansdepartementet godkjende 12. september 1997 delt eigarskap mellom bilimportfirmaet Møller Bil AS og finansieringsselskapet Finans Skandic AB av bilfinansieringsselskapet Møller Bilfinans AS. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Det vart mellom anna gjort unntak frå eigargrensa i finansieringsverksemdslova § 2-2 første ledd. Det er praksis for at handelsføretak kan få løyve til å yte seljarkreditt gjennom særskilde selskap som blir unnatekne frå reglane i finansieringsverksemdslova. Departementet la vekt på at eigaravgrensingsregelen ikkje bør vere til hinder for å vidareføre bilkredittverksemda i Møller Bilfinans gjennom eit avgrensa samarbeid med Finans Skandic. Etter godkjenninga er Møller Bilfinans ikkje unnateke frå reglane i finansieringsverksemdslova. Det vart mellom anna sett vilkår om at Møller Bilfinans berre kan finansiere bilar og andre produkt forhandla gjennom Møller-konsernet, og at berre eigarane kan finansiere selskapet. Vilkåret om eigarfinansiering vart etter klage endra 23. oktober 1997 slik at krav om forholdsmessig fordeling av innlån mellom eigarane vart teke ut. Ein føresetnad for godkjenninga var at Møller Bilfinans ikkje yter kreditt til nærståande av eigarane på særskilt gunstige vilkår.