8 Verksemda til Folketrygdfondet i 1996
8.1 Innleiing
Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon m.v. i medhald av § 23-11 fjerde ledd i lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd. Det nye regelverket erstatta det regelverket som blei fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringer, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar m.a. som følgje av at ein endra lova om folketrygd.
Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet som på si side skal leggje fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 1996 blei sende departementet i brev 28. februar 1997.
8.2 Styre og administrasjon
I samsvar med regelverket for Folketrygdfondet forvaltar eit styre med ni medlemmer midlane til fondet. For kvart medlem skal det oppnemnast ein varamedlem. Ved utgangen av 1996 var styret samansett slik:
Henrik J. Lisæth, Bergen, leiar
varamedlem: Eva Teigene, Oslo
Per Gunnar Olsen, Oslo, nestleiar
varamedlem: Kjell Samuelsen, Borgenhaugen
Stein Blindheim, Molde
varamedlem: Linda Orvedal, Flåm
Anne Breiby, Ålesund
varamedlem: Kjell E. Helland, Ranheim
Tove Lehre, Lillehammer
varamedlem: Svein Kiran, Oslo
Per Arne Olsen, Tolvsrød
varamedlem: Terje Søviknes, Lysekloster
Anna Kristine Jahr Røine, Fetsund
varamedlem: Ola Prestegarden, Tretten
Arne Synnes, Høvik
varamedlem: Eleonore Bjartveit, Oslo
Bjørg Ven, Oslo
varamedlem: Inger-Johanne Lund, Oslo
I 1996 blei Per Gunnar Olsen oppnemd som nestleiar etter Torbjørn Raadim, Skedsmo. Dessutan blei det oppnemt nye varamedlemmer etter Karin Irene Stangeland, Sandnes, Tormod Sæbø, Oslo og Lars Velsand, Gran.
Direktøren for fondet blir oppnemd av Kongen med utgangspunkt i råd frå styret. Cand. oecon. Tore Lindholt blei 27. mars 1992 tilsett som administrerande direktør for Folketrygdfondet for ein åremålsperiode på seks år.
Administrasjonen i Folketrygdfondet har gradvis vorte styrkt dei siste åra ved ein auke i talet på tilsette. Ved utgangen av 1996 hadde fondet 18 tilsette, men den effektive bemanninga i 1996 har vore om lag 16 årsverk. Med verknad frå midten av september 1996 blei den tidlegare økonomi- og administrasjonsavdelinga delt i ei eiga økonomieining og ei administrasjonseining. Administrasjonseininga blei samstundes styrkt gjennom ekstern rekruttering av ein leiar for eininga. Ein ville slik betre dei administrative systema og rutinane.
Dei samla administrasjonsutgiftene til fondet, inklusive husleige, løn, styrehonorar o.a., utgjorde 15 mill. kroner i 1996.
8.3 Reglar for plasseringsverksemda
Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltninga av midlane til fondet innanfor dei retningslinjene Stortinget har fastsett og eventuelle nærare retningslinjer som er gitte av Kongen i medhald av § 9 i fondet sitt regelverk. I § 5 i regelverket heiter det om plasseringa av midlane:
«Styret har ansvaret for at fondets midler anbringes med sikte på best mulig avkastning under hensyntaken til betryggende sikkerhet og den nødvendige likviditet.
Fondets midler kan plasseres i norske ihendehaverobligasjoner og sertifikater, som kontolån til statskassen og som innskudd i Postbanken og forretnings- og sparebanker. Innenfor en ramme på 20 pst. av forvaltningskapitalen kan fondets midler plasseres i børsnoterte aksjer i norske selskaper og, etter godkjenning fra Finansdepartementet, aksjer i norske selskaper ellers hvor aksjene er gjenstand for regelmessig og organisert omsetning, børsnoterte grunnfondsbevis i norske sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper, og børsnoterte konvertible obligasjoner og børsnoterte obligasjoner med kjøpsrett til aksjer i norske selskaper. Fondet kan delta i emisjoner i ikke-børsnoterte aksjer i norske selskaper umiddelbart før børsintroduksjon, dersom det er klargjort på emisjonstidspunktet at de aktuelle aksjene vil bli børsnotert kort tid etter emisjonen.
Annet ledd er ikke til hinder for at Folketrygdfondet kan beholde aksjer i norsk selskap som i forbindelse med oppkjøp, fusjon el. endrer status til å bli utenlandsk selskap.
Fondet kan videre, innenfor den samlede rammen på 20 pst. av fondskapitalen, gå inn med egenkapitalinnskudd i form av ikke-børsnoterte papirer, i tilfelle hvor fondet står i fare for å lide betydelige tap på plasseringer i obligasjoner. Dette må i så fall være ledd i en koordinert aksjon, hvor en dominerende gruppe av kreditorene deltar, og hvor siktemålet for fondet alene er å trygge fondets egne interesser.
Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 15 pst. av total aksjekapital eller grunnfondsbeviskapital i ett enkelt selskap. Styret kan ta opp kortsiktige lån dersom dette finnes hensiktsmessig.»
I samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 1996 vedtok Stortinget bestemmelsen i det tredje leddet i § 5 i regelverket om at Folketrygdfondet kan behalde aksjar i selskap som endrar status til å bli utanlandsk, jf. St.meld. nr. 2 (1995-96) og Innst. S. nr. 283 (1995-96) (s.102) og S. IV (1995-96) Revidert nasjonalbudsjett 1996 punkt 3.6.5. Folketrygdfondet tok i 1993 opp spørsmålet om å utvide fondet sine plasseringsfullmakter med høve til m.a. å investere ein del av fondet i utanlandske aksjar. Regjeringa gjekk imot dette, m.a. fordi hovudplasseringsforma for fondet burde vere statspapir, jf. omtale i St. meld. nr. 2 (1993-94) Revidert nasjonalbudsjett 1994. Regjeringa kom likevel til at det var lite hensiktsmessig med retningsliner som gjorde at fondet måtte selje seg ut av selskap som f.eks. ved oppkjøp eller fusjon endra status frå norsk til utanlandsk. Etter dei nye reglane kan fondet behalde slike aksjar, men det kan ikkje auke investeringane i selskap som har endra status til utanlandsk.
Heimelen i § 9 i reglementet til å gje nærare retningsliner om forvaltninga blei delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon 17. januar 1992. Slike retningsliner er av generell karakter, til dømes ved at ein fastsett kvantitative rammer for verksemda. For 1996 blei ramma for auken i fondet sine investeringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskott og aksjar såleis sett til 2,5 mrd. kroner. Annan plasseringsauke skulle skje i stats- og statsgaranterte papir eller som kontolån til statskassa.
Reglane for plasseringane i statspapir blei fastsette i brev frå Finansdepartementet av 15. desember 1992. Etter reglane kan fondet plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein samla portefølje på inntil 5 mrd. kroner. Dei andre plasseringane i denne gruppa skal som hovudregel vere i form av kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Etter kvart som den eksisterande porteføljen av stats- og statsgaranterte papir forfell, må den delen som overstig 5 mrd. kroner, replasserast som kontolån.
8.4 Fondets balanse
Fondet auka i 1996 forvaltningskapitalen sin med 9,5 mrd. kroner til 102,5 mrd. kroner. Forvaltningskapitalen auka til samanlikning med 10,3 mrd. kroner i 1995.
Stats- og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (inkl. kontolån til statskassa knytt til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 1996 var 55,9 mrd. kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna etter bokførd verdi), eller 61,5 pst. av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 1995 var 50,8 mrd. kroner, dvs. 60,6 pst. av dei samla plasseringane.
Fondet sine samla plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat auka frå om lag 22,9 mrd. kroner ved utgangen av 1995 til 25,6 mrd. kroner ved utgangen av 1996. Dette svara til høvesvis 27,4 og 28,2 pst. av dei samla plasseringane.
Bankinnskota var på 0,7 mrd. kroner ved det siste årsskiftet. Dette utgjorde 0,8 pst. av dei samla plasseringane.
Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar (jf. St.prp. nr. 69 for 1990-91 og Innst. S. nr. 228 for 1990-91). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar blei, jf. over, utvida frå 15 til 20 pst. av fondet sin forvaltningskapital ved Stortinget sitt vedtak 28. oktober 1994. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 1996 18,8 mrd. kroner rekna på grunnlag av bokførd verdi av fondskapitalen inklusive opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 8,7 mrd. kroner (bokførd verdi) investerte i 44 ulike selskap. Av dette utgjorde plasseringar i konvertible obligasjonar knapt 139 mill. kroner. Eigenkapitalplasseringane svara til 9,6 pst. av dei samla plasseringane til fondet. Plasseringane i eigenkapitalinstrument blei frå utgangen av 1995 til utgangen av 1996 reduserte med 492 mill. kroner. Marknadsverdien av dei samla eigekapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 1996 på 13,2 mrd. kroner. Fondet har såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 4,5 mrd. kroner.
Samla urealiserte kursvinstar (netto) og opptente ikkje utbetalte renter utgjorde 11,7 mrd. kroner.
8.5 Fondets resultat
Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs. inkl. urealiserte vinstar) var i 1996 på 9,5 mrd. kroner. Dette svara til ei nominell avkastning på 10,2 pst. rekna på basis av fondet sin kapital ved inngangen til året, mot ei avkastning på 12,5 pst. i 1995. Avkastninga på fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskott) var i 1996 på 7,5 pst., medan avkastninga på aksjar var på 31,4 pst. Totalindeksen ved Oslo Børs gjekk til samanlikning opp med 32,6 pst. i 1996. Samla renteinntekter i 1996 var 6 304 mill. kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 364 mill. kroner.
Fondet hadde i 1996 ein realisert kursvinst på aksjar og obligasjonar på til saman 67 mill. kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirgevinstar på aksjar og obligasjonar på 2,8 mrd. kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte med 2,1 mrd. kroner på aksjeporteføljen og 0,7 mrd. kroner på dei resterande verdipapira.
Avkastninga på fondet sine plasseringar må ein sjå i samanheng med utviklinga i finansmarknaden elles. Med fallande rentenivå slik det stort sett har vore i 1996, vil kursen på fastrenteplasseringar, og dermed dei urealiserte kursvinstane, auke. Samstundes vil avkastninga på nye plasseringar falle. Folketrygdfondet si avkastning på investeringar i rentebærande papirer vil altså variere med rentenivået.
Avkastninga på aksjar og andre eigenkapitalinstrument må ein rekne med varierer frå år til år, mellom anna fordi ho er avhengig av forventningar om resultata i selskapa. På denne bakgrunnen må ein vurdere resultata av Folketrygdfondet sine plasseringar i aksjar med utgangspunkt i ein lengre periode enn utviklinga fra år til år. I femårsperioden frå 1992 til 1996 har Folketrygdfondet i gjennomsnitt hatt ei årleg avkastning på plasseringane i aksjar og grunnfondsbevis på 20,5 pst., medan totalindeksen ved Oslo Børs i gjennomsnitt har vist ein auke på 21,2 pst. i året. Ein gjer merksam på at Folketrygdfondet ikkje har høve til å investere i utanlandske selskap som blir noterte på Oslo Børs.