6 Verksemda i Statens Banksikringsfond i 1996
6.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond
Statens Banksikringsfond vart skipa ved lov 15. mars 1991 nr. 2 om Statens Banksikringsfond. Fondet har til formål å støtta opp om soliditeten i norske bankar gjennom å yte lån på særskilde vilkår (støttelån) til Forretningsbankenes sikringsfond og Sparebankenes sikringsfond. Fondet kan òg i særlege høve kjøpe aksjar, grunnfondsbevis eller andre eigenkapitalinstrument i norske bankar, og stille eigenkapitalgarantiar overfor norske bankar.
6.2 Organisasjon og leiing
Statens Banksikringsfond er organisert som eit eige rettssubjekt. Det øvste organet i fondet er eit styre som står for verksemda, og som forvaltar fondsmidlane. Før styret gjer vedtak som er særleg viktige, skal saka skriftleg leggjast fram for Finansdepartementet. Kongen kan i særskilde høve instruere styret i enkeltsaker. Denne retten er delegert til Finansdepartementet. Styret skal ha fått høve til å uttale seg skriftleg før departementet gjer vedtak om å instruere fondet. Departementet skal informere Stortinget om slikt vedtak.
Samansetjinga av styret i 1996:
Boks 6.1 Styret for Statens Banksikringsfond
Konkurransedirektør Einar Hope, leiar
Departementsråd Rakel Surlien, nestleiar
Advokat Kristine Schei, styremedlem
Kredittilsynet og Noregs Bank peikar ut kvar sin representant som tek del i styremøta som rådgivarar. Rådgivarane i 1996 var avdelingsdirektør Sven-Henning Kjelsrud, Kredittilsynet og direktør Jan F. Qvigstad, Noregs Bank. Noregs Bank tek hand om sekretariatsfunksjonane. Forretningsførar for fondet var i 1996 direktør Jon A. Solheim. Det er gjort greie for arbeidsforma og saksbehandlinga til fondet i Kredittmeldinga for 1991 og 1992.
Årsmeldinga om verksemda til Statens Banksikringsfond i 1996 vart gitt av styret 12. mars 1997.
6.3 Rekneskapen for 1996
Statens Banksikringsfond hadde i 1996 eit overskott på 2 232 mill. kroner. Hovuddelen av fondsinntektene var knytte til vinning ved sal av aksjar i Den norske Bank, med 1 788 mill. kroner og motteke aksjeutbyte på 446 mill. kroner. Fondet hadde dessutan renteinntekter frå plasseringar på til saman 72 mill. kroner.
Fondet hadde i 1996 kostnader på til saman 73,6 mill. kroner. Av dette kan 71,7 mill. kroner knytast til sal av aksjar. Driftskostnadene til fondet utgjorde 1,9 mill. kroner.
Ved utgangen av 1996 hadde fondet aksjar som i rekneskapen var verdsette til 1 040 mill. kroner. Marknadsverdien på aksjane var på same tid 2 548 mill. kroner. I 1996 gjennomførte fondet eit sal av 193 mill. aksjar i Den norske Bank. Etter salet sit fondet attende med ein mindre aksjepost i Den norske Bank (16,2 prosent). Fondet eig dessutan 100 prosent av aksjane i Oslobanken u.a.
Forvaltningskapitalen til fondet var ved utgangen av 1996 på 2 075 mill. kroner.
Dei likvide midlane til fondet, med unntak av mindre beløp knytte til fordringar og inneståande på driftskonto, er plasserte som kontolån til staten. Kontolån til staten utgjorde 1028 mill. kroner ved utgangen av 1996. Fondet førte tilbake til staten 4 216 mill. kroner i 1996. Denne overføringa er ført direkte mot fondet sin eigenkapital.
Etter budsjettvedtak, jf. Budsjett-innst. S. III (1996-97) kap. 5350 post 50 vart det overført 975 mill. kroner frå fondet til staten i første halvår 1997. Ved halvårsskiftet hadde fondet likvide midlar på om lag 259 mill. kroner.
6.4 Verksemda i 1996
6.4.1 Generelt
Fondet har følgt opp Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank ved å gå gjennom dei kvartalsvise rapporteringane frå bankane. Fondet har også i 1996 arbeidd med forhold knytte til avvikling av Oslobanken. Oslobanken er no på det nærmaste avvikla.
I årsmeldinga til Statens Banksikringsfond frå 1995 er det gjort greie for avtaleverket mellom Statens Banksikringsfond og Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank.
I årsmeldinga for Statens Banksikringsfond 1996 side 5 står det:
«SBF»s avtaleverk med Kreditkassen og Den norske Bank ble i forbindelse med emisjonene i henholdsvis 1993 og 1994 reforhandlet og avløst av nye avtaler av henholdsvis 18. november 1993 og 31. januar 1994. SBFs avtale med Fokus Bank ble avløst av en ny avtale 30. mars 1995. De nye avtalene er tilpasset en normalisert situasjon i bankene og inneholder mer begrensede rapporteringskrav. De representerer beredskapsavtaler som sikrer SBF inngrepsmuligheter dersom bankene igjen skulle komme i en situasjon hvor de ikke oppfyller de lovbestemte krav til kapitaldekning. Avtalene faller bort på det tidspunkt Forretningsbankenes Sikringsfond (FS) har nådd sin lovbestemte størrelse eller på et tidligere tidspunkt når FS etter SBFs skjønn har tilstrekkelige midler til rådighet for sin lovbestemte virksomhet. Avtaleteksten om rapportering var opprinnelig noe forskjellig i de tre bankene. I 1995 ble avtaletekstene om rapportering noe endret, slik at de nå er identiske i de tre bankene.»
Det har frå styresmaktene si side vore lagt til grunn at eigardelane som Statens Banksikringsfond har i norske bankar, skal vere avgrensa i tid, og at det langsiktige eigarskapet skal forvaltast av Statens Bankinvesteringsfond. I samsvar med dette vart det ved lovendring 23 juni 1995 opna for at Statens Banksikringsfond kan overføre ansvaret for forvaltninga av aksjar til Statens Bankinvesteringsfond. Dette vart gjort i juli same år. Sjå omtale i Kredittmeldinga for 1995 s. 37.
Lov om sikringsordningar for bankar og offentleg administrasjon mv. av finansinstitusjonar vart vedteken 6. desember 1996. I samband med framlegget til ny lov vart det tilrådd frå departementet at lov om Statens Banksikringsfond i løpet av relativt kort tid blir oppheva, og at verksemda i fondet blir avvikla. Departementet vil kome attende med forslag om oppheving av lov om Statens Banksikringsfond.
I mai 1996 selde Statens Banksikringsfond ein aksjepost på om lag 66 mill. aksjar i Den norske Bank til Statens Bankinvesteringsfond. I juni selde Statens Banksikringsfond om lag 127 mill. aksjar i Den norske Bank til private, jf. omtale i kapittel 5 om Statens Bankinvesteringsfond. Begge sala vart gjennomførte til marknadsvilkår.
6.4.2 Oslobanken under avvikling
I ekstraordinær generalforsamling i Oslobanken 16. desember 1993 vart det vedteke at banken skulle oppløysast. Det vart òg valt eit avviklingsstyre som skulle stå for avviklinga av banken.
Fondet har i 1996 motteke kvartalsvise rapportar frå banken. Representantar frå fondet møtte på generalforsamlinga i Oslobanken den 8. februar 1996.
Avviklinga har gått raskare enn det ein opphavleg rekna med. I 1996 fekk banken eit underskott på 28,5 mill kroner. Aksjekapitalen i banken er tapt, og eigenkapitalen var negativ med 481 mill kroner ved utgangen av 1996.
I samanheng med det avtaleverket som vart etablert i 1993 i samband med avviklinga av Oslobanken, stilte Forretningsbankenes Sikringsfond ein garanti overfor Oslobanken som gjaldt eksisterande og framtidige skyldnader for banken. Ved avtale av 28. mai 1993 mellom Statens Banksikringsfond og Forretningsbankenes Sikringsfond, forplikta Statens Banksikringsfond seg til å skyte inn kapital i Oslobanken i den grad utbetalingane frå Forretningsbankenes Sikringsfond i samband med garantien overfor Oslobanken sine kreditorar overstig 750 mill kroner, men avgrensa til 250 mill kroner. Dei overslag som er gjorde til no, tyder på at utbetalingane frå Forretningsbankenes Sikringsfond under garantien vil bli lågare enn 750 mill kroner.
Dei siste låneengasjementa i banken vil bli avvikla hausten 1997. Desse har ein bokført verdi på 4,9 mill. kroner. Den resterande aktiviteten i avviklinga vil deretter i hovudsak vere knytt til nokre få rettssaker, dei fleste fastsette til første halvår i 1998. Avhengig av framdrifta og utfallet av sakene vil spørsmålet om endeleg avvikling av banken bli vurdert stadig av Statens Banksikringsfond ut over i 1998 i samråd med Forretningsbankenes Sikringsfond og Finansdepartementet.