1 Innleiing
Kapittel 2 i denne meldinga gir eit oversyn over hovudtrekka i utviklinga i bustadsektoren i åra 2000 og 2001. Kapittel 3 gjer greie for bruken av låne- og tilskotsordningar i den same tidsperioden. I kapittel 4 er det ein nærmare omtale av prosjektkonkurransar retta mot utleigebustader for unge og vanskelegstilte, bustader for flyktningar og miljøvennlege bustadområde. Målet har vore å utvikle rimelege bustadløysningar med høg kvalitet. I kapittel 5 er det gitt ei nærmare utgreiing om lokale bustadsosiale handlingsplanar. Dette er ei oppfølging av St. meld. nr. 49 (1997-98) Om boligetablering for unge og vanskeligstilte.