3 Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet
3.1 Regelverksutvikling
Nedanfor følgjer ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2005. Nedanfor i avsnitt 3.2 følgjer ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same år, der dei einskilde sakene blir stutt omtala.
3.1.1 Bank- og finansverksemd
Ved «lov om endringer i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsvirksomhetsloven), lov 6. desember 1996 nr. 75 om sikringsordninger for banker og offentlig administrasjon mv. av finansinstitusjoner og i enkelte andre lover (finansgrupper, obligasjoner med pant i utlånsportefølje og skadeforsikringsselskapenes garantiordning)» av 10. juni 2005 nr. 43 blei mellom anna føresegna om garantiordninga for skadeforsikringsselskapa endra og flytta frå forsikringsverksemdslova til banksikringslova.
Lovendringa inneber at omfanget av garantiordninga blei redusert ved at mellom anna høvet til å yte soliditetsstøtte blei fjerna. Virkeområdet og dekningsområdet til ordninga blei avgrensa slik at ordninga berre skal ha som formål å dekkje forsikringskrav til sikra og skadd tredjemann. Garantiordninga for kredittforsikringsselskap blei samstundes avvikla. Lovendringa skjedde etter lovforslag frå Finansdepartementet og tredde delvis i kraft ved forskrift 16. desember 2005 nr. 1526.
«Forskrift om filial av banker og andre kredittinstitusjoner med hovedsete i annen stat innen Det europeiske økonomiske samarbeidsområde, m.m.» av 2. mai 1994 nr. 326 blei endra ved forskrift av 25. mai 2005 nr. 465. Endringa presiserer at «lov 20. juni 2003 nr. 41 om tiltak mot hvitvasking av utbytte fra straffbare handlinger mv.» (kvitvaskingslova) som hovudregel også gjeld for kredittinstitusjonar med hovudsete innanfor EØS. Ved «Forskrift om endring av forskrift 28. juni 1996 nr. 678 om norske kredittinstitusjoners virksomhet i annen stat i det europeiske økonomiske samarbeidsområde» av 25. mai 2005 nr. 467 blir det gjort unnatak frå dette når det gjeld kredittinstitusjonar med hovudsete i Noreg, men som rettar seg mot kundar i andre land. «Forskrift om legitimasjonskontroll og tiltak mot hvitvasking av penger» av 7. februar 1994 nr. 118 blei oppheva ved forskrift av 25. mai 2005 nr. 468.
«Forskrift om EØS-filialers medlemskap i innskuddsgarantiordningen i Bankenes sikringsfond (tilleggsdekning)» av 6. juli 2005 nr. 802 gjer medlemskap i sikringsfondet for EØS-filialar til ein rett, men ikkje plikt. For filialar som blir tekne opp som medlemmer, kan Bankenes sikringsfond dekkje mellomlegget mellom det som skal bli dekt i heimlandet, og den norske grensa på to millionar kroner pr. innskytar. Forskrifta legg til grunn at det blir inngått tilfredsstillende avtalar mellom Bankenes sikringsfond og tilsvarande sikringsordning i banken sitt heimland, og at Kredittilsynet har inngått avtale om samarbeid med tilsynsmyndigheita i heimlandet. Etter at forskrifta tredde i kraft, var det ved utgangen av 2005 berre motteke ein søknad om medlemskap, frå den svenske banken Nordnet Securities Bank AB.
«Forskrift om bankers adgang til lån og innskudd i Norges Bank m.v.» av 25. april 2001 nr. 473 blei endra ved forskrift av 11. august 2005 nr. 1217 og tek til å gjelde frå fjerde kvartal 2005. Noregs Bank har no bestemt at det skal vere ein overgangsperiode, og dei verdipapira som no er pantsette, kan bli nytta som pant fram til 1. november 2007.
«Forskrift om gjennomføring av opplysningsplikt etter § 27 i sentralbankloven» av 30. november 2005 nr. 1351 gjeld plikt til rapportering av informasjon som er nødvendig for å utføre dei arbeidsoppgåvene som er tillagde Noregs Bank under sentralbanklova. Det gjeld mellom anna utarbeiding av offisiell statistikk, støtte til bankens og Kredittilsynet sitt tilsyn med soliditet og finansiell stabilitet. Plikta til å gi den nødvendige informasjonen ligg på institusjonar og føretak i finansiell sektor ved sida av institusjonar, føretak og privatpersonar utanfor finansiell sektor som er aktørar i verdipapirmarknaden, driv betalingsformidling, eller yter tenester til finansiell sektor. Forskrifta tredde i kraft 30. november 2005.
«Forskrift om produktpakker m.v.» av 1. juni 1990 nr. 429 blei endra ved forskrift av 1. desember 2005 nr. 1352. Endringa inneber ei innsnevring av finansinstitusjonars høve til koplingssal ved å setje saman produktpakkar.
«Forskrift om innskyternes valg på valgdagar eller valgmøter til forstanderskapet» av 16. desember 2005 nr. 1514 endrar tidlegare «Forskrift om innskyternes valg på valgmøter av medlemmer og varamedlemmer til forstanderskapet i sparebanker» av 23. mai 1978 nr. 8555. Endringane inneber at val kan gjennomførast elektronisk.
«Forskrift om endring i forskrift om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak» av 20. desember 2005 nr. 1602 fastset overgangsregler i forhold til nullstillinga av uamortiserte berekningsavvik når det gjeld pensjonsskyldnader. Føresegnene stiller opp ein overgangsperiode på fem år for å rekna inn nullstillinga av uamortiserte berekningsavvik på pensjonsskyldnader førte mot eigenkapitalen ved berekning av kjernekapital.
«Forskrift om endring i forskrift om anvendelse av kapitaldekningsregler på konsolidert basis m.v.» av 20. desember 2005 nr. 1603 inneber ei presisering av at det er prinsippa for verdivurdering i selskapsrekneskapane for dei operative selskapa som skal leggjast til grunn.
«Forskrift om grunnfondsbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper» av 7. februar 2001 nr. 108 blei endra ved forskrift av 21. desember 2005 nr. 1633. Forskrifta blei tilpassa når det gjeld fondsobligasjonar og prioritet i høve til annan kapital. Vidare fekk Kredittilsynet heimel til å fastsetje reglar for fordeling av eigenkapitaleffektar mellom eigarar av grunnfondsbevis og sparebankens fond (grunnfondet) ved overgangen til internasjonale rekneskapsstandardar (International Financial Reporting Standards).
Organisasjonen FATF (Financial Action Task Force on Money Laundering) blei oppretta av G7-landa og arbeider med tiltak mot kvitvasking av utbytte og finansiering av terrorisme. I 2005 gjennomførte FATF ei evaluering av Noregs tiltak for å motverke kvitvasking av utbytte og finansiering av terrorisme. Rapporten for Noreg er publisert på nettstaden til FATF, www.fatf-gafi.org.
Grunnlaget for evalueringa er FATFs standardar og anbefalingar på området. Desse dekkjer tiltak som mellom anna regelverk, verkemiddel og ressursbruk på offentleg og privat sektor.
Rapporten for Noreg påpeikar at kvitvaskingslova og kvitvaskingsforskrifta ikkje fullt ut gjennomfører anbefalingane frå FATF. Finansdepartementet skal opprette eit lovutval som skal vurdere tiltak mot økonomisk kriminalitet innanfor finansmarknadsområdet. Mandatet for lovutvalet vil mellom anna vere å gjennomføre EUs tredje kvitvaskingsdirektiv i norsk rett og ta omsyn til andre internasjonale plikter og anbefalingar, inkludert anbefalingane frå FATF.
FATF etterlyser i rapporten for Noreg meir spesifikk og spesialtilpassa rådgiving til rapporteringspliktige føretak om plikter etter kvitvaskingsregelverket. Kredittilsynet utarbeider i nært samarbeid med ØKOKRIM og relevante bransjeorganisasjonar ei særskild rådgiving til revisorar og rekneskapsførarar. Vidare etterlyser FATF meir spesifikk rådgiving med omsyn til enkeltsaker, trendar og eksempel på moglege mistenkjelege transaksjonar. FATF vil følgje opp norske styresmakter for å sjå til at passande tiltak blir sette i verk.
På oppdrag frå Finansdepartementet undersøkte Kredittilsynet blant eit utval av norske bankar kva for opplysningar som blir gitt til kunden om kostnader, inkludert valutapåslag, ved bruk av betalingskort i utlandet. Undersøkinga viste at alle bankane gir generelle opplysningar i kortavtalen om at kostnader kjem i tillegg. Avtalane viser normalt til prislistene som opplyser om både storleiken på gebyr og valutapåslaget. Informasjon som blir gitt etter bruk, omfattar gebyr og transaksjonsbeløpet i utanlandsk valuta og i norske kroner, men storleiken på valutapåslaget blir ikkje oppgitt.
3.1.2 Forsikringsverksemd og pensjonsordningar
«Lov om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv.» (forsikringslova) av 10. juni 2005 nr. 44 inneber nye lovreglar for pensjonsføretak. Lova byggjer på utgreiing nr. 12 frå banklovkommisjonen, NOU 2004:24, av 11. november 2004, og den følgjande høyringa. Pensjonsføretak omfattar både pensjonskasser og innskotspensjonsføretak. Begge typar institusjonar blir underlagde reglar som svarer til regelverket for livsforsikringsselskap. Reglane for pensjonskasser skal gjelde for både private og kommunale pensjonskasser. Innskotspensjonsføretak er ein ny type føretak som skal kunne tilby innskotspensjon utan forsikringsdel. Lova er enno ikkje sett i kraft.
Samstundes blei reglane for garantiordning for skadeforsikringsselskap endra. Lovendringa inneber ein reduksjon i dekningsområdet til garantiordninga til berre å gjelde forsikra risiko i Noreg. Det er fastslått pliktig medlemskap. Dette gjeld òg for filialar av selskap med hovudsete i ein annan EØS-stat. Garantiordninga kan ikkje lenger yte stønad til soliditetstrua medlem, eller overføre portefølje. Føresegna om storleiken på bidraga er endra slik at medlemmene berre kan påleggjast å betale bidrag i høve til direkte premieinntekt i Noreg, bunde til dei forsikringane som garantiordninga dekkjer.
«Lov om forsikringsformidling» av 10. juni 2005 tok til å gjelde frå 1. januar 2006, jf. forskrift 9. desember 2005 nr. 1414. Lova gjennomfører Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/92/EF av 9. desember 2002 om forsikringsformidling. Formålet med lova er å ivareta interessene til brukarane av forsikringsformidlingstenester, sikre likebehandling av ulike aktørar innanfor forsikringsformidling, og å sikre aktørane tilgang til den indre marknaden gjennom rett til grenseoverskridande tenesteyting og etableringsrett. Samstundes blei «forskrift om forsikringsformidling» av 9. desember 2005 nr. 1421 vedteken.
Føresegnene i forskrifta gjeld storleiken på ansvarsforsikringa, forsikringsformidlaren si informasjonsplikt til kunden, føring av register (forsikringsagentar), klageordning og overgangsreglar. Forskrifta blei sett i kraft 1. januar 2006. Kredittilsynet fastsette vidare forskrift som lempar på kvalifikasjonskrav i lova som gjeld kompetanse og praksis for aksessoriske forsikringsagentverksemder. Internkontrollforskrifta blei òg sett i kraft for forsikringsformidlarar i januar 2006.
Obligatorisk tenestepensjon.
«Lov om obligatorisk tjenestepensjon» av 21. desember 2005 nr. 124 tredde i kraft 1. januar 2006, jf. kgl. res. 21. desember 2005. Lova byggjer på NOU 2005: 15, Ot.prp. nr. 10 (2005–2006), jf. Innst. O. nr. 17 (2005–2006). I denne samanhengen blei det òg vedteke endringar i «lov om foretakspensjon» (lov 24. mars 2000 nr. 16, føretakspensjonslova) og «lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold» (lov 24. november 2000 nr. 81, innskotspensjonslova).
Lova om obligatorisk tenestepensjon inneber at ei mengd føretak pliktar å opprette ei pensjonsordning for tilsette og personar som arbeider i føretaket. Det må gjerast anten etter føretakspensjonslova eller innskotspensjonslova. Pensjonsordninga må oppfylle nærmare oppgitte minstekrav. Føretaka har frist til 31. desember 2006 med å opprette ei slik ordning. Slik pensjonsordning må ha økonomisk verknad frå 1. juli 2006.
«Lov om Statens pensjonsfond» av 21. desember 2005 nr. 123 opphevar tidlegare lov om Statens petroleumsfond. Lova tek utgangspunkt i vurderingane i St.meld. nr. 12 (2004–2005) Pensjonsreform – tryggleik for pensjonane (Pensjonsmeldinga). Statens pensjonsfond blir etablert med utgangspunkt i Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Det blir lagt opp til at verksemda i dei to fonda blir ført vidare som i dag innanfor den nye overbygningen. Statens pensjonsfond skal ikkje ha eit særskilt styre eller eigen administrasjon.
«Forskrift om underretning og kunngjøring ved reorganisering og avvikling av finansinstitusjoner» av 23. april 2003 nr. 549 blei endra ved forskrifter av 11. januar 2005 nr. 13 og 28. juni 2005 nr. 723. Endringane gjennomfører føresegner i Europaparlaments- og Rådsdirektiv 2001/24/EF av 4. april 2001 «om sanering og avvikling av kredittinstitusjoner».
«Forskrift om beregning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske livsforsikringsselskaper» av 19. mai 1995 nr. 481 blei endra ved forskrift av 6. april 2005 nr. 287. Forskriftsendringane gjennomfører føresegner i Europaparlaments- og Rådsdirektiv 2002/83/EF av 5. november 2002 «om livsforsikring». Direktivet samordnar reglane for berekning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital. Tilsvarande endringar er vedtekne for skadeforsikringsselskap ved «forskrift om endring av forskrift av 19. mai 1995 nr. 482 om beregning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske skadeforsikringsselskaper» av 6. april 2005 nr. 288. Endringane her er ei følgje av første rådsdirektiv av 24. juli 1973 «om samordning av lover og forskrifter om høve til å starte og utøve verksemd innanfor direkte forsikring med unntak av livsforsikring», endra ved Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/13/EF av 5. mars 2002 «om endring av rådsdirektiv 73/239/EØF med hensyn til solvensmarginkrav for foretak innen annen forsikring enn livsforsikring», og rådsdirektiv av 18. juni 1992 «om samordning av lover og forskrifter om direkte forsikring med unntak av livsforsikring og om endring av direktiv 73/329/EØF og 88/357/EØF (tredje direktiv om annen forsikring enn livsforsikring)».
«Forskrift om oppheving av forskrift 8. september 1989 nr. 928 om kredittforsikringsselskapenes garantiordning» av 13. oktober 2005 nr. 1203 opphevar garantiordninga til kredittforsikringsselskapa og tredde i kraft med ein gong.
«Forskrift om forsikringstjenesteytelser og etablering av filial av forsikringsselskap med hovedsete i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde m.m.» av 22. september 1995 nr. 827 blei endra ved forskrift av 25. mai 2005 nr. 466. Endringa presiserer at «lov 20. juni 2003 nr. 41 om tiltak mot hvitvasking av utbytte fra straffbare handlingar mv.» (kvitvaskingslova) som hovudregel også gjeld for forsikringsverksemder med hovudsete i andre EØS-statar. Finansdepartementet fekk kompetanse til å gjere unnatak der slike forsikringsverksemder er underlagde tilsvarande reglar i sitt heimland.
«Forskrift til lov av 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)» av 22. desember 2000 nr. 1413 blei endra ved forskrift av 21. desember 2005 nr. 1635. Endringa inneber at dei maksimale grensene for årlege innskot blir heva. Endringa tok til å gjelde frå 1. januar 2006.
3.1.3 Verdipapirhandel
Nye reglar om marknadsmisbruk
Ved «lov 4. mars 2005 nr. 11 om endringer i verdipapirhandelloven og enkelte andre lover (gjennomføring av markedsmisbruksdirektivet m.v.)» blei det vedteke eit nytt kapittel 2 i verdipapirhandellova. Formålet med endringane var mellom anna å gjennomføre norske EØS-plikter som svarer til EUs marknadsmisbruksdirektiv (direktiv 2003/6/EF om innsidehandel og marknadsmanipulasjon) og utfyllande rettsakter som er vedtekne av EU-kommisjonen. Dette er òg omtala i Kredittmeldinga 2004 punkt 3.1.3. Lova tredde i kraft ved forskrift 1. juli 2005 nr. 784 og forskrift 22. desember 2005 nr. 1615.
Etter endringane i verdipapirhandellova er forbodet mot innsidehandel vidareført med enkelte språklege endringar. Reglane om teieplikt og krav om tilbørleg informasjonshandtering og plikta til å føre innsidelister har blitt noko utvida. Vidare er reglane om undersøkingsplikt og rådgivingsforbod vidareførte, der rådgivingsforbodet er gitt eit utvida bruksområde. Det er gitt ein ny definisjon av marknadsmanipulasjon som er meir detaljert og omfattande enn den tidlegare regelen om kursmanipulasjon. Det er også innført nye reglar om investeringsanbefalingar og rapporteringsplikt ved mistenkjelege transaksjonar. I vphl. § 2-12 er kommisjonsforordning (EF) nr. 2273/2003 om tilbakekjøpsprogram og stabilisering gjord gjeldande som norsk rett. Vidare er det gjort visse justeringar i reglane om meldepliktig verdipapirhandel. Verkeområdet for verdipapirhandellova kapittel 2 er utvida slik at det i utgangspunktet er gjort gjeldande fullt ut for varederivat.
I medhald av det nye kapittel 2 i verdipapirhandellova har Finansdepartementet fastsett mellom anna «forskrift 1. juli 2005 nr. 783 om utarbeidelse og formidling av investeringsanbefalinger mv.», «forskrift 1. juli 2005 nr. 785 om markedsmisbruk og rapportering av mistenkelige transaksjoner», og «forskrift 1. juli 2005 nr. 786 om endring av børsforskrift 17. januar 1994 nr. 30». Lov- og forskriftsendringane blei sette i kraft frå 1. september 2005.
Verdipapirforetakenes sikringsfond
Ved lov 4. mars 2005 nr. 11 blei det vedteke endringar i verdipapirhandellova § 8-13 om stilling av tryggleik for verdipapirføretak. Den gjeldande individuelle garantiordninga er lagd om til ei kollektiv ordning med namnet «Verdipapirforetakenes sikringsfond». Tanken med krav om stilling av tryggleik for verdipapirføretak er å garantere ei minimumsdekning til mindre kundar (dvs. ikkje profesjonelle investorar) i dei tilfella då verdipapirføretaka ikkje lenger har økonomisk evne til å oppfylle plikter knytte til klientmidlar (typisk ved underslag av klientmidlar). Bakgrunnen for endringa er at den tidlegare norske ordninga med individuelle garantiavtalar fram til 1. januar 2004 gav høve til å avgrense garantien oppover til 25 millionar kroner. EFTAs overvakingsorgan la til grunn at ordninga var i strid med direktiv 97/9/EF «om erstatningsordninger for investorer» (Investor Compensation Scheme). Det er gitt nærmare reglar i «forskrift 22. desember 2005 nr. 1672 om Verdipapirforetakenes sikringsfond». Dei nye reglane vil tre i kraft 1. juli 2006.
Nye prospektreglar
Ved «lov 10. juni 2005 nr. 42 om endringer i verdipapirhandelloven m.v.» (gjennomføring av prospektdirektivet) blei det vedteke nye reglar om krav til utarbeiding av prospekt ved offentlege tilbod og ved opptak til notering på børs, jf. Ot.prp. nr. 69 (2004–2005) og Innst. O. nr. 90 (2004–2005). Reglane er tekne inn i nytt kapittel 5 i verdipapirhandellova. Formålet med endringane var å gjennomføre norske EØS-plikter som svarer til EUs prospektdirektiv (2003/71/EF) og kommisjonsforordning nr. 809/2004.
Det er i tillegg gitt reglar til verdipapirhandellova kapittel 5 i mellom anna «forskrift om opplysninger i prospekter» av 9. desember 2005 nr. 1422, «forskrift om gjennomføring av prospektkontrollen» av 9. desember 2005 nr. 1423, «forskrift om unntak fra prospektplikt» av 9. desember 2005 nr. 1424, og i «forskrift om overgangsregler i forbindelse med endringer i prospektregler i verdipapirhandelloven kapittel 5» av 9. desember 2005 nr. 1425. Reglane tredde i kraft 1. januar 2006. Ved forskrift av 9. desember 2005 nr. 1426 blei somme forskrifter oppheva i samanheng med endringane i verdipapirhandellova kapittel 5.
I samanheng med dei nye prospektreglane blei det også vedteke endringar i «forskrift om samordning av prospektkrav ved offentlig tilbud om tegning eller kjøp av omsettelige verdipapirer i flere EØS-stater» av 7. november 1997 nr. 1150 ved forskrift av 29. juni 2005 nr. 726. Endringane fastset at styresmaktene i utskrivarens etableringsstat er kompetente ved samstundes eller tilnærma samstundes tilbod om teikning i fleire EØS-statar.
Endringar i samanheng med dei nye prospektreglane blei også gjorde i børsforskrifta av 17. januar 1994 nr. 30, ved forskrifter av 30. juni 2005 nr. 743, av 27. oktober 2005 nr. 1239 og av 9. desember 2005 nr. 1427.
3.1.4 Eigedomsmekling
«Forskrift om eiendomsmegling» av 20. mars 1990 nr. 177 blei endra ved forskrift 8. april 2005 nr. 299. Endringane medfører ei utviding av meklarføretaket si plikt til å stille tryggleik for og ta ansvar for at tinglysingsavgifter blir betalte, og tryggleik for anna verksemd dekt av lov om eigedomsmekling.
3.1.5 Rekneskap og revisjon
På bakgrunn av lov 10. desember 2004 nr. 81 «(endringslov til regnskapsloven m.v.)» blei det fastsett enkelte, i hovudsak tekniske endringar av årsrekneskapsforskriftene for finansinstitusjonar. Lova tredde i kraft ved forskrift 10. desember 2005 nr. 1610.
Endringane tek omsyn til endringane i rekneskapslova når det gjeld gjennomføring av IFRS-forordninga, krav om rettvisande bilete, krav til rekneskapsføring av aksjebasert betaling og krav til innhaldet i årsmeldinga.
Endringane er gjorde gjennom «forskrift om endring av forskrift av 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskap» av 20. desember 2005 nr. 1598, «forskrift om endring av forskrift av 27. februar 2001 nr. 188 om årsregnskap m.m. for pensjonskasser» av 20. desember 2005 nr. 1601, «forskrift om endring av forskrift av 28. mai 1999 nr. 654 om årsregnskap m.m. for verdipapirfond» av 20. desember 2005 nr. 1599, og «forskrift om endring av forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder» av 22. desember 2005 nr. 1675. For årsrekneskapsforskriftene for høvesvis forsikringsselskap og pensjonskasser blei det i tillegg vedteke endringar i forhold til vurdering av obligasjonar som blir haldne til forfall, og vurdering av bygningar. Forsikringsselskap og pensjonskasser har etter endringane ikkje høve til å nytte IFRS i selskapsrekneskapen.
«Lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap o.a.» (rekneskapslova) blei endra ved «lov 10. juni 2005 nr. 46» om endringer i regnskapsloven og enkelte andre lover (evaluering av rekneskapslova)». Endringslova gjennomfører europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/65/EF «om endring av rådsdirektiva 78/660/EØF, 83/349/EØF og 86/635/EØF». Desse fastset vurderingsreglar for årsrekneskapane og konsernrekneskapane for visse selskapsformer og for bankar og andre finansinstitusjonar. Direktivet gjeld rekneskapsmessig behandling av finansielle instrument. Etter direktivet blir medlemsstatane pålagde ei avgrensa plikt til å tillate eller krevje rekneskapsmessig vurdering av finansielle instrument til verkeleg verdi. Endringa gjennomfører også rådsdirektiv 89/666/EØF «om offentlegheit når det gjeld filialar som er oppretta i ein medlemsstat, av visse former for selskap som er underlagde ein annan medlemsstats lovgiving (ellevte selskapsrettsdirektiv)». Endringslova tredde i kraft ved forskrift 10. juni 2005 nr. 531. I denne samanhengen blei også «forskrift om innsending av årsregnskap mv. til Regnskapsregisteret og rett til innsyn i årsregnskap mv. og forskrift om årsregnskap for utenlandske foretak som driver virksomhet på norsk sokkel, unntatt petroleumsutvinning og rørledningstransport, eller foretak som driver midlertidig virksomhet på land.» endra, jf. forskrift av 17. juni 2005 nr. 598.
«Forskrift om revisjon og revisorer» av 25. juni 1999 nr. 712 blei endra ved forskrift av 26. august 2005 nr. 926. Endringa presiserer grensene mellom revisjonstenester på den eine sida, og rådgivingstenester på den andre, i høve til forbodet mot å revidere resultatet av eigne rådgivingstenester.
«Forskrift om kontroll med børsnoterte utstederforetaks finansielle rapportering» av 13. oktober 2005 nr. 1198 regulerer nærmare finansiell rapportering frå børsnoterte utskrivarføretak. Forskrifta bestemmer verkeområdet for kontrollen. Ho gir òg nærmare reglar om behandling av klagar på vedtak som er fatta av Kredittilsynet.
«Forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder» av 17. desember 2004 nr. 1852 blei endra ved forskrift av 4. november 2005 nr. 1273. Endringa inneber at forordning (EF) nr. 2086/2004, forordning (EF) nr. 2236/2004, forordning (EF) nr. 2237/2004, forordning (EF) nr. 2238/2004 og forordning (EF) nr. 211/2005 gjeld som forskrift.
«Forskrift om endring av forskrift av 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike» av 20. desember 2005 nr. 1597 fastset at bankar og finansieringsføretak ikkje har høve til å nytte IFRS i selskapsrekneskapen.
«Forskrift om endring av forskrift av 23. august 1999 nr. 957 om årsregnskap m.m. for verdipapirforetak» av 20. desember 2005 nr. 1600 fastset at verdipapirføretak og forvaltningsselskap ikkje har høve til å nytte IFRS i selskapsrekneskapen.
Bruk av dei nye internasjonale rekneskapsstandardane fører mellom anna til at institusjonane får større valfridom når det gjeld å føre balansepostar til verkeleg verdi. Svingingane i ansvarleg kapital knytte til balanse- og resultatstorleik vil dermed auke. Ein viktig grunn til å innføre dei korrigerande reglane i regelverket om kapitaldekning har vore å halde på kvalitetskrava som blir stilte til den ansvarlege kapitalen til institusjonane. Sentralt i dette er at den ansvarlege kapitalen skal vere til stades for å absorbere tap, og at den ansvarlege kapitalen skal vere stabil nok.
Kredittilsynet fastsette 17. november 2005 endring i «forskrift 24. april 2001 nr. 433 om gjennomføring av praktisk prøve for revisorer» § 5 første ledd om samansetjing av eksamensutvalet. Bakgrunnen for denne endringa er meldinga om at fagutvalet for revisorutdanninga er oppløyst, slik at dette utvalet ikkje kan oppnemne ein medlem til eksamensutvalet. Forskriftsendringa inneber at Kredittilsynet oppnemner ein medlem til eksamensutvalet etter forslag frå utdanningsinstitusjonar som tilbyr godkjend revisorutdanning, i tillegg til at Kredittilsynet sjølv har ein medlem i utvalet.
3.1.6 Anna
«Bestemmelser om boligbyggelagenes adgang til å motta og forvalte sparemidler fra andelseierne» av 28. august 1961 nr. 1 blei endra ved forskrift av 3. februar 2005 nr. 77. Det er tale om mindre endringar når det gjeld val av styre, og revisjonsplikt i Boligbyggelagenes sikringsfond.
«Forskrift om årsregnskap og årsberetning for borettslag» av 30. juni 2005 nr. 745 stiller opp nærmare reglar for rekneskap i burettslag.
«Forskrift om renter ved forsinket betaling» blei vedteken og den føregåande oppheva ved forskrift av 30. juni 2005 nr. 728 og forskrift av 20. desember 2005 nr. 1578. Rentesatsen blei for den første perioden fastsett til 9,00 prosent og til 9,25 prosent for den påfølgjande perioden.
«Forskrift om rapporteringsplikt for foretak som driver inkassovirksomhet» av 16. desember 2005 nr. 1515 opphevar tidlegare forskrift 14. mars 2002 nr. 274. Blant endringane er det vedteke frist for innsending av politiattest for styremedlemmer og daglege leiarar som ikkje er faktiske leiarar i slike føretak som fekk bevilling før 1. januar 2006.
3.2 Oversikt over sentrale forvaltningssaker
Finansdepartementet gav 27. januar Gard Marine & Energy Ltd. løyve til å etablere filial av forsikringsselskap i Noreg, med Gard AS som generalagent. Departementet hadde tidlegare gitt mellombels dispensasjon frå konsesjonskravet i forsikringsverksemdslova § 12-1, jf. brev av 27. januar 2004. Gard Marine & Energy Ltd. fekk samstundes dispensasjon frå kravet om å ha kapital i Noreg. Departementet gav også dispensasjon frå kravet til at alle styremedlemmene i Gard AS, som generalagent, må bu i landet, jf. finl. § 12-2 tredje ledd. Dispensasjon blei ikkje gitt for busetjingskravet i asl. § 6-11.
Finansdepartementet gav 27. januar Sparebanken Midt-Norge AS løyve etter finl. § 2-2 til å erverve alle aksjane i Romsdals Fellesbank ASA. Løyvet blei gitt med vilkår om mellom anna at Romsdals Fellesbank ASA avviklar si verksemd som finansinstitusjon innan seks månader rekna frå vedtaksdatoen, og at namnet «Romsdals Fellesbank» ikkje blir brukt i samanheng med marknadsføring eller informasjonssanking.
Finansdepartementet avslo den 7. februar Siem Kapital AS sin søknad om å erverve ein kvalifisert eignelut i Privatbanken ASA. Departementet sitt vedtak blei påklaga, men klagen blei ikkje teken til følgje ved kgl. res. av 1. juli 2005. Parten påklaga samstundes departementet si offentleggjering av søknaden, men denne klagen blei heller ikkje teken til følgje, jf. brev av 1. april 2005.
Ved Finansdepartementet sitt vedtak 11. mars 2005 fekk KLP løyve til å opprette dotterselskap i Irland (KLP Alternative Investments plc.) i samsvar med søknaden. Finansdepartementet godkjende samstundes endring i konsernstrukturen som følgje av opprettinga av det nemnde selskapet i Irland. Det blei sett vilkår for løyvet.
Finansdepartementet gav 15. mars Íslandsbanki løyve til å erverve alle aksjane i Bolig- og Næringsbanken ASA (BNbank ASA). Godkjenning blei gitt med vilkår mellom anna om at dei to selskapa skal drivast på ein forsvarleg måte så lenge dei er organiserte som to einskilde juridiske einingar. Samstundes blei det stilt krav om at ein tilfredsstillande samarbeidsavtale mellom norske og islandske tilsynsstyresmakter kjem på plass.
Finansdepartementet godkjende 8. april omdanning av Stiftelsen Nore og Uvdal Brannkasse til aksjeselskap og overføring av aksjane til stiftinga. Selskapet er etter løyve frå departementet ved brev 24. august 2000 fusjonert inn i Terra Skadeforsikring AS. Det har derfor ikkje lenger eigarinteresser i forsikringsverksemd. Med heimel i finl. § 2-24 første ledd andre punkt blei det dermed bestemt at Nore og Uvdal Brannkasse AS si verksemd ikkje lenger er regulert av finansieringsverksemdslova eller underlagd tilsyn frå Kredittilsynet.
Finansdepartementet godkjende den 20. april Santandér Consumer Finance S.A. sin søknad om å erverve alle aksjane i Bankia Bank ASA. Santandér fekk samstundes løyve til å drive finansverksemd i Noreg gjennom dotterselskap. Godkjenning blei gitt med vilkår mellom anna om at dei to selskapa skal drivast på ein forsvarleg måte så lenge dei er organiserte som to einskilde juridiske einingar.
Finansdepartementet gav 29. juni Fexco Money Transfer Norway AS løyve til å drive finansieringsføretak innanfor valutaverksemd etter finansieringsverksemdslova § 4a-2. Departementet avslo selskapet sin søknad om dispensasjon frå plikt til å opprette representantskap etter finl. § 3-10 første ledd. Dispensasjonar på dette punktet har berre blitt gitt i tilfelle ved avvikling eller reint konserninterne finansieringsselskap. Departementet godkjende at selskapet kan ha eit representantskap på minimum seks medlemmer.
Finansdepartementet gav 30. juni 2005 David AS, under endring til Silver Pensjonsforsikring ASA, løyve til å drive livsforsikringsverksemd med heimel i forsikringsverksemdslova § 2-1 og forskrift 18. september 1995 «om inndeling i forsikringsklasser som grunnlag for konsesjonstildeling» § 1. Departementet sette vilkår for løyvet.
Oslo Børs etablerte i juni 2005 Alternative Bond Market (ABM). ABM-marknaden svarer i stor grad til dagens børsmarknad for obligasjonar, og sentrale handlereglar og opptaksreglar skal gjelde. Opprettinga av ABM-marknaden reiser særskilde spørsmål når det gjeld obligasjonar i forsikringsselskapa sine hold til forfalls-porteføljar, av di lånet ved eventuell flytting frå Oslo Børs til ABM kjem inn under andre og snevrare reglar om plasseringsavgrensing. Ettersom lån i hold til forfalls-porteføljen ikkje kan bli avhenda utan at dette får konsekvensar for dei andre låna i same portefølje, har Kredittilsynet i likelydande brev til forsikringsselskap og pensjonskasser gitt dispensasjon frå reglane om plasseringsavgrensing i kapitalforvaltningsforskrifta, slik at selskapa kan halde att lån som pr. 31. desember 2005 var i hold til forfalls-porteføljane, til dei aktuelle plasseringane forfell, sjølv om dette fører til at reglane om plasseringsavgrensing blir overskridne.
Finansdepartementet godkjende den 1. juli BTWO Gruppen ASA sin søknad om å erverve 25 prosent av aksjane i Bank 2 ASA. BTWO fekk samstundes løyve til å drive bankverksemd. Løyvet blei gitt mellom anna med vilkår om at Bank 2 ASA blir stifta med ein kjernekapital på minst 130 millionar kroner. Av dette må minst 52 millionar kroner utgjere aksjekapitalen.
Finansdepartementet gav 1. juli YA Holding ASA løyve til å etablere finanskonsern beståande av YA Bank AS, YA Personforsikring etter finl. § 2a-3. Selskapa fekk samstundes løyve til å drive bankverksemd og forsikringsverksemd med heimel i fbl. § 8 første ledd, forsl. § 2-1, jf forskrift 18. september 1995 nr. 797 § 8. Løyvet blei gitt mellom anna med vilkår om at leiinga i selskapa må bli vurdert som eigna.
Kredittilsynet konkluderte 4. juli 2005 med at Sparebanken Bien kan marknadsføre produktet Bankpensjon under gitte føresetnader, og at det ikkje er i strid med forsikringsverksemdslova. Det aktuelle produktet går ut på at banken stiller kreditt til rådvelde mot pant i bustaden, samstundes som han gir kunden ein livslang rett til å bu i bustaden. Produktet er utforma slik at bankane sin risiko for levetid blir relativt beskjeden. Lånet, inkludert renter, skal etter avtalen ikkje tilbakebetalast til banken før bustaden eventuelt skal seljast, kunden (lengstlevande ektefelle) døyr eller flyttar permanent på sjukeheim. Ved sal vil banken få att trekt beløp og renter. Banken har ikkje noko krav mot kunden utover verdien av bustaden.
Finansdepartementet avslo DnB NOR Bank ASA sin søknad om godkjenning av eigarskap av Nordlandsbanken ASA ved brev 19. juli. Departementet gav likevel dispensasjon i tre år framover rekna frå vedtaksdatoen. Departementet fann ikkje grunn til å gi DnB NOR Bank ASA permanent dispensasjon frå hovudregelen i finl. § 2a-6 andre ledd fjerde punkt.
Finansdepartementet gav ved brev av 5. august samstundes Net Fonds ASA løyve til å starte bankverksemd med heimel i forretningsbanklova § 8 første ledd. Løyvet blei gitt mellom anna med vilkår om godkjenning av styremedlemmene og administrerande direktør etter fbl. § 8 andre ledd og innbetaling av tilstrekkeleg eigenkapital. Departementet gav samstundes Net Fonds Holding ASA løyve til å etablere morselskap og danne finanskonsern med Net Fonds ASA med heimel i finansieringsverksemdslova § 2a-3 første ledd, jf. forskrift 6. desember 1991 nr. 782. Løyvet blei gitt med vilkår om at eigarane blir godkjende som eigna, noko som blei fastsett ved brev av 11. november 2005. Departementet tok samstundes ikkje til følgje Net Fonds ASA sin klage på Kredittilsynet sitt pålegg om stans i innlånsverksemd med heimel i kredittilsynslova § 4a.
Departementet godkjende Skandinaviska Enskilda Banken AB sin søknad om å erverve alle aksjane i Privatbanken ASA, jf. brev av 9. september. Godkjenning blei gitt med vilkår mellom anna om at dei to selskapa skal drivast på ein forsvarleg måte, så lenge dei er organiserte som to einskilde juridiske einingar.
Med heimel i lov 10. juni 1988 nr. 40 «om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner» § 2a-3 fjerde ledd fekk DnB NOR Bank ASA 11. oktober 2005 løyve til å etablere filial i Shanghai. Det blei sett vilkår for løyvet.
Med heimel i forsikringsverksemdslova § 2-1 fekk Forbrukerforsikring AS 13. oktober 2005 løyve til å drive skadeforsikring i klasse 17, rettshjelpsforsikring, jf. «forskrift 18. september 1995 om inndeling i forsikringsklasser som grunnlag for konsesjonstildeling» § 2. Det blei sett vilkår for løyvet.
I samråd med ØKOKRIM melde Kredittilsynet 24. november 2005 ei forsikringsagentverksemd ved dagleg leiar til Asker og Bærum politidistrikt for sal av forsikringar utan reell dekning. Kredittilsynet hadde på meldingstidspunktet ikkje tilsyn med forsikringsagentverksemd, og verksemda kunne derfor berre bli stansa ved at selskapet blei meldt til politiet. Kredittilsynet fekk tilsynsansvar også for forsikringsagentverksemd frå 1. januar 2006 etter ny lov om forsikringsformidling. Etter det nye regelverket må forsikringsagentverksemd søkje om løyve til å drive verksemd innan 1. juli 2006. Kredittilsynet undersøkjer om rutinar og kvalitet er tilfredsstillande i dei forsikringsmeklingsføretaka som har formidla forsikringar for den melde agentverksemda, og vurderer i samband med dette moglege tiltak.
Ved Finansdepartementet sitt vedtak 15. desember 2005 fekk Elcon Finans AS og Bankia Bank AS løyve til å fusjonere, med Bankia Bank som overtakande selskap. Det fusjonerte selskapet skal vere Santander Consumer Bank AS. Finansdepartementet godkjende samstundes endringa i Santander Consumer SPAs konsernstruktur som følgje av fusjonen. Det blei sett vilkår for løyvet.
16. desember 2005 fekk DnB NOR Bank ASA med heimel i finl. § 2a-3, fjerde ledd løyve til å erverve 51 prosent av Bank DnB Nord AS. Det blei sett vilkår for løyvet. Finansdepartementet godkjende samstundes den nye konsernstrukturen til DnB NOR.
Landkreditt fekk 21. desember 2005 delvis medhald i søknad om endring av konsesjonsvilkår. Eit vilkår blei endra med heimel i finl. § 2-3.
Verksemda ved energibørsen Nord Pool var opphav til fleire enkeltsaker som Finansdepartementet behandla i 2005.
Departementet forlengde Nord Pool ASA og Nord Pool Clearing ASA sine dispensasjonar frå reglane om eigaravgrensing ved brev 28. februar. Statnett SF og Affärsverket Svenska Kraftnät fekk dispensasjon tre år fram i tid til kvar å eige 50 prosent av aksjane i Nord Pool ASA. Samstundes fekk Nord Pool ASA dispensasjon tre år fram i tid til å eige alle aksjane i Nord Pool Clearing ASA. Dispensasjonane blei gitt med vilkår mellom anna om at eigarstrukturen i selskapa ikkje blir endra.
Finansdepartementet utvida den 4. februar Nord Pool ASA sitt løyve til å drive børsverksemd til også å omfatte notering av CO2-kvotederivat. Godkjenninga blei gitt med atterhald om at Kreditttilsynet i framtida kan setje dei vilkåra det finn nødvendig, sett ut ifrå omfanget på handelen med CO2-kvotederivat.
Departementet utvida samstundes Nord Pool Clearing ASA sitt løyve til å drive oppgjersverksemd til også å omfatte oppgjer av CO2-kvotederivat. Godkjenninga blei gitt med atterhald om at Kreditttilsynet i framtida kan setje dei vilkåra det finn nødvendig, sett ut ifrå omfanget på oppgjersverksemda i forhold til CO2-kvotederivat.
Finansdepartementet gav 10. november 2005 Nord Pool ASA løyve til å utvide si børsverksemd til å omfatte notering av derivat på grøne sertifikat. Løyvet blei gitt på vilkår av, og med atterhald om, at Kredittilsynet kan påleggje Nord Pool ASA å setje i verk dei tiltaka Kredittilsynet finn nødvendige ut frå omfanget av, og situasjonen for handelen med derivat på grøne sertifikat.
Finansdepartementet utvida 10. november 2005 Nord Pool Clearing ASA sitt løyve til å drive oppgjersverksemd til å omfatte oppgjer av derivat på grøne sertifikat. Løyvet blei gitt på vilkår av, og med atterhald om at Kredittilsynet kan påleggje Nord Pool Clearing ASA å setje i verk dei tiltak Kredittilsynet finn nødvendige ut frå omfanget av, og situasjonen for handelen med derivat på grøne sertifikat.
På bakgrunn av utviklinga i Finance Credit-saka sette Kredittilsynet våren 2005 i verk ein gjennomgang av organisasjonen til revisjonsselskapet KPMG, og rutinane og prosedyrane deira for revisjonsoppdrag. Inspektørane til Kredittilsynet gjekk gjennom og vurderte eit omfattande skriftleg materiale frå KPMG, i tillegg til samtalar og intervju med leiarar og nøkkelpersonar i revisjonsselskapet. Kredittilsynet hadde ingen vesentlege merknader.
Hausten 2005 gjennomførte Kredittilsynet stadlege tilsyn på kontora til dei største revisjonsselskapa i Bergen, Stavanger, Trondheim og Tromsø. Tilsyna hadde bakgrunn i Finansdepartementet sitt tildelingsbrev av 21. desember 2004 der Kredittilsynet blei oppmoda om å intensivere tilsynet med dei største revisjonsselskapa, mellom anna for å bidra til at kapitalmarknaden blir sikra tilfredsstillande informasjon. Kontrollen blei gjennomført hos KPMG, Deloitte, Ernst & Young og Noraudit. PricewaterhouseCoopers blei ikkje omfatta av kontrollen fordi Den norske Revisorforening tidlegare i 2005 hadde gjennomført tilsvarande kvalitetskontroll hos dette revisjonsselskapet. Formålet med tilsynet var primært å vurdere ansvarleg revisors dokumentasjon for gjennomgang av sentrale arbeidspapir på utvalde oppdrag, og rutinane og dokumentasjonen kontoret følgde for kvalitetskontroll av den utførte revisjonen. På kontor som har bankar som revisjonsklientar, blei revisjonen av IT-miljøa i bankane vurdert. Kredittilsynet fann ikkje nemnande svakheiter.