6 Verksemda til Folketrygdfondet i 2005
6.1 Innleiing
Lov om Statens pensjonsfond trådde i kraft 1. januar 2006. Statens pensjonsfond er etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Fondet består av Statens pensjonsfond – Utland (tidligare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond – Noreg. Etter loven forvaltar Folketrygdfondet Statens pensjonsfond – Noreg på vegne av Finansdepartementet. Verksemda i dei to fonda er ført vidare innafor den nye overbygningen. Omtala nedanfor omhandlar verksemda i Folketrygdfondet i 2005.
Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvalting av midlane, revisjon o.a. i medhald av § 23-11 fjerde ledd i «lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd». Det nye regelverket erstatta det regelverket som vart fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar, mellom anna fordi lova om folketrygda var blitt endra. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side legg fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 2005 blei sende til departementet i brev av 3. mars 2006, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.
Folketrygdfondet må utøve verksemda si i tråd med dei rettslege rammene som ligg til grunn. Fondet må for det første handle i samsvar med dei reglane som Stortinget har fastsett i «Reglement for Folketrygdfondet» av 20. juni 1997. For det andre er Folketrygdfondet også underlagt eventuelle nærare reglar og føresegner som er gitt av Kongen, med heimel i § 9 i reglementet. Denne kompetansen er i forskrift 17. januar 1992 og 21. juni 2002 delegert til Finansdepartementet. Av dette følgjer at Folketrygdfondet må handle innanfor dei rammene som både Stortinget og Finansdepartementet fastset.
6.2 Styre og administrasjon
I samsvar med regelverket for Folketrygdfondet forvaltar eit styre med ni medlemmer midlane til fondet. For kvar medlem skal det oppnemnast ein varamedlem. Samansetjinga av styret i 2005 er vist i boks 7.1.
Styremedlemmene og varamedlemmene blir oppnemnde av Kongen for fire år.
Boks 6.1 Styret i Folketrygdfondet i 2005
Rolf Sæther, Oslo (leiar) *
Varamedlem: Trine-Lise Wilhelmsen, Oslo *
Anne Breiby, Ålesund
Varamedlem: Ernst Wroldsen, Tønsberg
Harald Ellefsen, Trondheim*
Varamedlem: Monica Mæland, Bergen *
Vibecke Groth, Oslo *
Varamedlem: Karine Nyborg, Bærum*
Geir-Ketil Hansen, Narvik
Varamedlem: Sonja Tinnesand, Stavanger
Ingvild Myhre, Oslo
Varamedlem: Øyvind Bøhren, Bærum
Per Arne Olsen, Tønsberg
Varamedlem: Terje Søviknes, Os
Linda Orvedal, Flåm *
Varamedlem: Petter Bjerksund, Bergen *
Oddvar Skaiaa, Grimstad *
Varamedlem: Liv Skaaheim, Førde *
* Oppnemnd for perioden 15.05.2002 – 15.05.2006. Dei andre er oppnemnd for perioden 01.07.2004 – 30.06.2008. Geir-Ketil Hansen erstatta Roger H. Schjerva som i oktober 2005 tiltredde som statssekretær i Finansdepartementet.
Ved utgangen av 2005 hadde fondet 21 tilsette. Dei samla administrasjons- og forvaltningskostnadene til fondet, medrekna husleige, løn, styrehonorar o.a., utgjorde 38 millionar kroner i 2005, som er om lag 3 millionar kroner mindre enn i 2004.
6.3 Reglar for plasseringsverksemda
Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltinga av midlane til fondet. § 5 i reglementet omhandlar plasseringsrammene for fondet. Desse blei endra ved handsaminga av Nasjonalbudsjettet 2005 og lyder etter dette som følgjer:
«Styret har ansvaret for at fondets midler anbringes med sikte på best mulig avkastning under hensyntaken til betryggende sikkerhet og den nødvendige likviditet. Styret skal påse at det er etablert et betryggende risikostyringssystem for fondets forvaltning.
Fondets midler kan plasseres i norske ihendehaverobligasjoner og sertifikater, som kontolån til statskassen og som innskudd i forretnings- og sparebanker. Innenfor en ramme på 20 pst. av forvaltningskapitalen kan fondets midler plasseres i aksjer notert på norsk børs eller på børs i Danmark, Finland eller Sverige, og, etter godkjenning fra Finansdepartementet, i aksjer i norske selskaper ellers hvor aksjene er gjenstand for regelmessig og organisert omsetning, børsnoterte grunnfondsbevis i norske sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper, og børsnoterte konvertible obligasjoner og børsnoterte obligasjoner med kjøpsrett til aksjer i norske selskaper. Plassering i aksjer notert på børs i Danmark, Finland eller Sverige må samlet ikke overstige 20 pst. av Folketrygdfondets ramme for aksjeplasseringer. Innenfor rammen for aksjeplasseringer kan fondets midler plasseres i ikke-børsnoterte aksjer i norske selskaper som har søkt eller har konkrete planer om å søke børsnotering. Plassering i denne type aksjer kan ikke overstige 5 prosent av rammen for aksjeplasseringer.
Annet ledd er ikke til hinder for at Folketrygdfondet kan beholde aksjer i norsk selskap som i forbindelse med oppkjøp, fusjon el. endrer status til å bli utenlandsk selskap.
Fondet kan videre, innenfor den samlede rammen på 20 pst. av fondskapitalen, gå inn med egenkapitalinnskudd,fondet står i fare for å lide betydelige tap på plasseringer i obligasjoner. Dette må i så fall være ledd i en koordinert aksjon, hvor en dominerende gruppe av kreditorene deltar, og hvor siktemålet for fondet alene er å trygge fondets egne interesser.
Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 15 pst. av total aksjekapital eller grunnfondsbeviskapital i ett enkelt selskap i Norge. Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 3 pst. av total aksjekapital i ett enkelt selskap i Danmark, Finland og Sverige. Styret kan ta opp kortsiktige lån dersom dette finnes hensiktsmessig.
Folketrygdfondet kan, etter nærmere retningslinjer fastsatt av Finansdepartementet, inngå salgs- og gjenkjøpsavtaler knyttet til egenkapitalinstrumenter og rentebærende instrumenter der erververen av instrumentene etter avtalen har plikt til å tilbakeføre disse til selger.»
Med heimel i § 9 har Finansdepartementet årleg fastsett ramma for Folketrygdfondet sin auke i investeringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskot og aksjar. Denne ordninga er endra frå 2004, jf. omtale i Nasjonalbudsjettet 2004. Endringa inneber at den årlege beløpsramma vert erstatta med ei maksimalgrense for Folketrygdfondet sine plasseringar i ikkje-statlige papir. Føresetnadene er at rammene skal vare over fleire år. I brev frå Finansdepartementet av 26. mars 2004 blei den maksimale ramma for plasseringane i ikkje-statlege papir frå 2004 sett til 35 prosent av kapitalen til fondet målt til bokført verdi per 31.12.
Folketrygdfondet kan plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein samla portefølje på inntil 5 milliardar kroner. Reglane for plasseringane i statspapir blei fastsette i brev frå Finansdepartementet 15. desember 1992. Dei andre plasseringane i denne gruppa skal som hovudregel vere kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Etter kvart som den eksisterande porteføljen av statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir forfell, må den delen av denne porteføljen som overstig 5 milliardar kroner såleis replasserast som kontolån.
Styret i Folketrygdfondet har fastsett referanseporteføljar for renteporteføljen og for dei to aksjeporteføljane (Noreg og resten av Norden). Styret fastset årleg risikorammer for totalporteføljen og for dei tre delporteføljane.
I Ot.prp. nr. 2 (2005-2006) Om lov om Statens pensjonsfond vises det til at Finansdepartementet i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2006 vil utarbeide ei ny forskrift for Folketrygdfondet si forvaltning av Statens pensjonsfond – Noreg som skal erstatte gjeldande reglement.
6.4 Balansen til Folketrygdfondet i 2005
Kapitalen til Folketrygdfondet var på 191,3 milliardar kroner ved utgangen av 2005. Statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (medrekna kontolån til statskassa knytte til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 2005 var 105,4 milliardar kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna til kostpris og medrekna opptente, ikkje utbetalte renter ). Dette svara til 65,3 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 2004 var 98,6 milliardar kroner, eller 65,4 prosent av dei samla plasseringane. Bankinnskota var på 1 245 millionar kroner ved det siste årsskiftet. Marknadsverdien av dei samla renteplasseringane var 140,7 milliardar kroner pr. 31. desember 2005, og fondet hadde ein urealisert kursgevinst på dei rentebærande papira på 7,2 milliardar kroner.
Fondet sine plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat var om lag 27,0 milliardar kroner ved utgangen av 2005, mot 25,1 milliardar kroner ved utgangen av 2004 (kostpris og medrekna opptjente, ikkje utbetalte renter). Ved årsskifte svara dette til 16,7 prosent av dei samla plasseringane.
Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 2005 om lag 32 milliardar kroner rekna på grunnlag av fondskapitalen rekna til kostpris medrekna opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 27,7 milliardar kroner (kostpris) fordelte på 40 selskap i den norske aksjeporteføljen og 31 selskap noterte på børs i Danmark, Finland og Sverige. Eigenkapitalplasseringane svara til 17,2 prosent av dei samla plasseringane til fondet (rekna til kostpris). Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka med 1,6 milliardar kroner (rekna til kostpris) frå utgangen av 2004 til utgangen av 2005.
Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet var ved utgangen av 2005 på 50,6 milliardar kroner. Fondet hadde såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 22,8 milliardar kroner. Folketrygdfondet sine samla netto urealiserte kursvinstar og opptente, ikkje forfalne renter utgjorde 30 milliardar kroner ved utgangen av 2005.
6.5 Resultatet til Folketrygdfondet i 2005
Resultatet til Folketrygdfondet (medrekna endring i urealiserte vinstar) var på 15 861 millionar kroner i 2005. Dette svara til ein avkastingsrate på 9,0 prosent. Tilsvarande avkasting i 2004 var på 10,6 prosent. Avkastninga på plasseringane til fondet i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskot) var i 2005 2,8 prosent, medan avkastninga på norske aksjar og grunnfondsbevis var 31,9 prosent. Avkastning av aksjeplasseringar i resten av Norden var 25,1 prosent. Aksjeavkastninga i Noreg i 2005 var 8,6 prosentpoeng lågare enn avkastninga til referanseindeksen for aksjeinvesteringane som er hovudindeksen på Oslo Børs. Renteporteføljen hadde i same periode ei mindreavkastning på 0,9 pst. samanlikna med referanseindeksen, medan investeringane i Norden i 2005 gav ein meravkastning på 0,6 prosentpoeng i forhold til referanseindeksen som er FTSE NOREX 30. Samla renteinntekter i 2005 var 6 066 millionar kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 1 664 millionar kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på 5 764 millionar kroner. Endringa i urealiserte vinstar var delt i ein auke på 8 115 millionar kroner for aksjar og grunnfondsbevis og ein reduksjon på 2 351 millionar kroner for dei resterande verdipapira.
Folketrygdfondet har som forvaltar av Statens pensjonsfond – Noreg ein langsiktig investeringshorisont. Departementet legg difor i sin oppfølging av Folketrygdfondet vekt på resultatutviklinga i heile porteføljen over tid. Den siste femårsperioden (2001 - 2005) har den gjennomsnittlege avkastingsrata vore 8,2 prosent for Folketrygdfondet si totalportefølje, noko som er 0,8 prosentpoeng lågare enn avkastninga for referanseindeksen. Folketrygdfondet hadde i perioden 2001-2005 (5 år) ei gjennomsnittleg årleg avkasting på dei norske eigenkapitalplasseringane på 11,7 prosent, som er 0,7 prosentpoeng høgare enn referanseporteføljen. Renteporteføljen hadde i same periode ei gjennomsnittleg årlig mindreavkastning på 0,9 prosent. Investeringane i Norden hadde i perioden 2001-2005 ei avkastning på linje med referanseindeksen. Den norske aksjeporteføljen til Folketrygdfondet har over dei siste fem åra hatt ein relativ volatilitet i forhold til referanseindeksen på 3,8 prosent.
Historisk avkastning viser at det er ein tendens til at Folketrygdfondet si norske aksjeportefølje gjer det betre enn referanseindeksen i periodar med svak utvikling på Oslo Børs og noko svakare enn referanseindeksen i dei periodane då kursoppgangen er særleg sterk.